onsdag 14. februar 2024

Gustav frå Jøsenfjorden var med «Fisterfjord» til England!

Gustav Hauge var matros på "Fisterfjord"
på minst ein tur til England.

 



Der kom matrosen frå Jøsenfjorden endeleg seilande inn frå sidelinja. Her har eg skrive sida opp og sida ned om den eine ombobuen etter den andre som var matrosar om bord på «Fisterfjord» då båten var på bærturar til England to år på rad.


Dei er snare i snuen i fjorden når dei får tenkt seg om.


- Gustav Hauge var med på minst ein av turane til England, fortalde Andreas Hauge til meg for to-tre dagar sidan. Han hadde snakka med naboen, Endre Gjil som i sin barndom med eigne øyrer hadde høyrt gamle Gustav fortelja at han hadde vore heilt i England med den gamle fjordabåten som var ein fast gjest på Vadla-kaien heile 1960-åra til endes.


Guttungane i Jøsenfjorden var imponerte då dei fekk vita
at rutebåten deiras hadde gått til England.



Endre Gjil kunne ikkje hugsa at Gustav fortalde om kva han opplevde på turen, men i mange år var jo den tidlegare «Fisterfjord»-matrosen ein av dei mest vidreiste i bygda. - - Tenk heilt i England, sa folk. Og så med «Fisterfjord».


Gustav Hauge var fødd i 1894. Han hadde passert 30 år då «Fisterfjord» gjekk til England søkklasta med solbær og ripsbær frå Ryfylke, ein tur i 1924 og ein i 1925.


Seinare blei Gustav bonde på Hauge, eller Haua, som dei seier i Jøsenfjorden. Han var far til Olaus Hauge og bestefar til Gunnar Hauge som har garden i dag. Både bestefar og faren er borte. Gunnar veit ingen ting om turen over Nordsjøen, men han skaffa meg bildet av bestefaren.






Med litt flaks kunne eg kanskje finna ein avis-omtale der det sto at Gustav Hauge hadde vore med «Fisterfjord» til England. Før i tida skreiv avisene om all slags folk når dei hadde runde tal, 50. 60 eller 70 år. Eg skaut nesten blink. I 1964 skreiv Haugesunds Dagblad at 70 års-jubilanten i yngre år hadde vore ei tid om bord i «Fisterfjord». Men det sto ikkje at han hadde vore med til England.





Steinar Warland fann papirer på Arkivenes Hus der det går fram at Gustav Hauge var om bord i «Fisterfjord» heile sommaren i 1925. Det viser kost-regnskapet om bord. Ergo var han med til England.


Min tidlegare kollega, Toralf Sandø, skaffa meg diverse avis-meldingar om Gustav Hauge. Dei tek eg med som ein bonus til dei som greidde å lesa denne bloggen heilt til endes.


Denne notisen sto i Aftenbladet 8. august 1959. 



Gustav Hauge døydde i 1981. Han blei 86 år gammal. Viss nokon har opplysningar om hans tid som matros, tek eg mot dei med takk. 








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar