tirsdag 7. juni 2022

Ka med litt Kåre Palmer Holm-kunst på veggen?

 


Dette trollet var eit av motiva som Kåre Palmer Holm brukte i sine kopparstikk. Olav
Rolfsen har tatt vare på utstyret som blei brukt, både former og pressa. 



Har du ekta Kåre Palmer Holm-kunst på veggen? Etter at gentlemannsforbrytaren la sin karriere som skapsprengar og rømmingsekspert bak seg, laga han kopparstikk i stor stil i fleire år. Han kunne tilby fleire ulike motiv. Eit troll av den meir ufarlege typen og meir stikk med meir romantisk innhald.


Olav Rolfsen (81) har kopparstikk laga av Kåre Palmer Holm både heima i huset på Madla og på hytta si. Desse kopparstikka blei laga i Pedersgata 97 eller Båsahuset som folk i nabolaget kalla dette bygget.


Olav Rolfsen kjøpte Pedersgata 97, Båsahuset, i 1972. Då fekk han Kåre Palmer Holm med på 
kjøpet. Han hadde verksted i kjellaren og ein liten leilighet på loftet. 


Dette huset med åtte leiligheter kjøpte byggmeister Olav Rolfsen i 1972 for 100.000 kroner. Då fekk han Kåre Palmer Holm med på kjøpet. Han disponerte verkstedet i kjellaren og hadde ein liten leilighet heilt på loftet. Seljaren var Anton Holm, bror av Kåre Palmer.


- Eg kjende til leigetakaren frå før. Han dreiv jo som entreprenør på 1950-talet. Eg møtte han då han hadde eit oppdrag på Madla, fortel Olav Rolfsen.


Dei to kom godt ut av det med kvarandre som husvert og leigetakar. Kort tid etter eigarskiftet tok Kåre Palmer Holm kontakt med husverten sin. Han meinte husleiga var for låg. Dette blei ordna med ein gong.


På denne tida laga Holm kopparstikk. Pressa og formene som han brukte, er stadig å finna i Båsahuset. Men det er meir: Han laga også vernestøvlar. Han hadde to symaskiner som han brukte for å laga skotøy.


- Kåre Palmer Holm var ein kjekk kar. Eg var på besøk heime hjå han fleire gonger, fortel Olav Rolfsen.


Akkurat i desse dagar blir kjellarlokala i Båsahuset gjort om til leilighet. Dette arbeidet utfører Harald, sonen til Olav Rolfsen.


Kor hadde den mangfoldige Kåre Palmer Holm lært seg kopparstikk-kunsten og skomakarfaget?


Desse vernestøvlane produserte Holm her i verkstedet, fortel Olav Rolfsen. 



Dette var eit resultat av tre lange opphald bak fengselsmurane på 1950- og 1960-talet. I dei større fengsla fekk dei innsette tilbod om opplæring i å laga kopparstikk og det var også større "skomakar-avdelingar" i mange fengsel.


Då Kåre Palmer Holm seinare tok seg vidare inn i arbeidslivet og blei vaktmeister på jernbanestasjonen på 1970-talet, blei verkstaden ståande ubrukt. Nå står utstyret til Holm og støvar ned inne i Båsahuset saman med diverse saker og ting som Olav Rolfsen har teke vare på og ikkje har hjerta til å hiva.


Eg har nå laga 19 bloggar om Kåre Palmer Holm. Ein fantastisk spennande mann som det stadig er mange som hugsar med glede. Takk til alle som gitt meg tips. Ei spesiell takk til Johnny Emanuelsen i Storhaug historielag for verdifulle tips.


Framfor Båsahuset. Frå venstre: Harald Rolfsen, Olav
Rolfsen og Johnny Emanuelsen.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar