lørdag 25. april 2020

Ei iherdige humla og mange skamlause fluger



Humla er iherdig. Den freser rundt frå blom til blom heile dagen. 



Herligt å komma til Hjelmeland etter at hytteforbudet var oppheva og sjå at humla vår var i fullt arbeid. Ho freste over plommeblomen som sto klar til bestøvelse eller kva i all verda det heiter på fruktdyrkar-språk.

For det var akkurat den same humla som i fjor. Eg kjende den på lyden og på arbeidsmåten. For dette er ikkje ei metodiske humla. Den arbeider seg ikkje systematisk i veg frå tre til tre. Nei, den durar rundt i hytt og vêr. I det eine sekundet er ho på ein plommeblom, ei påskelilja får besøk i det neste. Slik fyk ho rundt hjå oss. Det virkar som ho trives. Heile dagen er ho i sving.

Humla har alt for små vinger til å kunna fyka, men likevel får ho det til.
Her lettar den etter å ha gjort nok ein plommblom klar som produksjon.


PR-kåt er ikkje denne humla. Omtrent heilt umulig å få tatt eit bilde av dette insektet. Det har ho felles med mange innante-folk. Dei spring og gøymer seg viss du vil ta bilde av dei. Kvar gong eg oppdaga humla rett ved sida av meg, tok eg etter mobilen for å fotografera, men vips der var humla over alle haugar. Men i går greidde eg til slutt å få tatt humla av, som dei seier her inne. Før i tida reiste dei til byen og tok seg av. Dei gjekk til fotografen i byen og tok bilde av seg sjølv i sin finaste stas.

Humla vår er mykje gildare enn dei fordervelege flugene som det er blitt så altfor mange av inne i hytta. Sjølv om eg spring rundt og slår etter dei, blir dei slett ikkje avskræmde. Og ut vil dei slett ikkje. Eg har prøvd å åpna eit glas for å jaga dei ut, men nei. Dei finta meg ut og forsvann inn i rommet igjen. Trur du ikkje eg kom over eit flugepar som hadde seg på baderomsgolvet. Fysj! Dei eig ikkje skamvet.

Eg var inne på wikipedia og les litt om humler. Viss eg skulle tru det som sto der, er det slett ikkje den same humla som kjem igjen til oss år etter år, men eg kjenner den jo igjen. Så det trur eg ikkje på.

Humlevingene er så små at det er eit mysterium at humlene greier å flyga rundt mellom alle plantene våre. Men dei lagar ein slags propell-rørsler med vingene og dermed fêr dei bortover og oppetter og nedetter så fort at dei er nesten umulige å fotografera.

Slik går nå dagane her på Hjelmeland. Nå får me håpa humla vår har gjort så grundig arbeid at det blir plomma av det ut på sommaren.

God helg! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar