«Haugesund» hentar påsketuristar på Mollatveit. Båten er på veg frå Sauda til Stavanger. Bildet er truleg tatt andre påskedag i 1948. Foto: Brynjulf Molla. |
- PLASK, sa det. Der låg den lystige
påsketuristen frå Stavanger i sjøen. Han hadde reist i festlig lag
innover i Ryfylkefjordane og skulle tilbringa påskaferien i Maldalsheia.
Ikkje var han klar over kor smal og liten kaien på Mollatveit var.
Han gjekk av landgangen og tok to-tre steg og der låg han i sjøen.
Ryggsekken, ski og stavar og ein dyvåt påskaturist blei fiska opp
or sjøen og sett om bord i båten igjen til tørk. Det blei bypåske på den karen,
Molla ligg på austsida av Saudafjorden mellom Sand og Sauda. |
For Stavanger-fiffen var Mollatveit eit
kjent navn i si tid. Dei visste slik omtrent kor det var og hadde
kanskje vore om bord i ein rutebåt som var innom der ein gong då
dei var på veg til eller frå påskeferie i Sauda-heiane. Du kan seia at på 1940-
og 1950-talet var Mollatveit like kjent for byfolk som Donsen i
Sirdal er det i dag.
I god tid før påske rykte
Stavangerske inn store annonser i Aftenbladet der dei forkynte at
forhåndssalget av billettar til ekstraturane til Sand, Mollaveit,
Saudasjøen og Sauda nå var i gang. Og båtane var søkklasta med
turistar då dei gjekk frå byen onsdag før påske. Påskeferiane
var kortare i den tida.
Avisene tok påskeutfarten på det
største alvor. Dei skreiv om alle som reiste til dei ulike
heiatraktene i Ryfylke og dei dekka like nøye heimturen på andre
påskedag.
«Fjorddrott » ein sommardag. Kaihuset står stadig på same plassen. Foto: Brynjulf Molla. |
Brynjulf Molla frå Sauda, far til Geir
Molla, hadde hytta der ute i Saudafjorden. Han fotograferte då dei
store båtane kom innom både påske og andre gonger.
Mange kjenner Geir Molla som
var møbelhandlar i Sauda i mange år. Nå har han pensjonert seg og
leigd ut butikken, men bur stadig i andre høgda på huset midt i
Sauda sentrum.
Frå Aftenbladet 1. mars 1938. |
Molla senior fotograferte både
«Haugesund», «Fjorddrott» og «Fjordsol» ved kaien på
Mollatveit. Etter å ha kikka på bildene er eg heilt sikker på at
dei er tekne på 1940-talet. «Fjordsol»-bildet kan vera av nyare
dato, men eg tvilar på det.
Eg tippar at bildet av «Haugesund» er
teke andre påskedag i 1948. Du ser at skorsteinen på båten er
svart. Den blei seinare malt gul. Det skjedde etter at nybygde «Fjordsol»
og systerskipet «Fjordbris» kom med gulmalte skorsteinar i 1948.
Dette likte sjefane i selskapet så godt at dei bestemte at alle
fjordabåtane skulle ha gule skorsteinar.
Aftenbladet skreiv før påske i 1948
at «Haugesund» på andre påskedag skulle gå frå¨Sauda klokka 10
på andre påskedag. Då skulle den innom Saudasjøen og så
Mollatveit før den gjekk rett til byen. Du ser turistane ventar på båten og slik sola står er det tidleg på dagen.
«Fjordsol» på veg til kai. Som bildet viser er kaien smal på Mollatveit. Ikkje rart at framandfolk kunne gå på sjøen. Foto: Brynjulf Molla. |
Det går jo også klart fram av bilda
at det ikkje berre var påske at fjordabåtane mellom Stavanger og Sauda var innom på Mollatveit. «Fjorddrott» er jo innom ein
sommardag med sin svarte skorstein. Den store bjørka er jo full av
lauv. Då «Fjorddrott» var ny i 1939, var skroget gulmalt. Eg skal ikkje
påstå at den er gul her, men i så tilfelle er dette bildet eldre
enn frå 1948.
Folka som står og ventar på
«Fjordsol», er heller ikkje påsketuristar. Kva dei er ute på, har
eg ikkje opplysningar om. Kan det vera folk på veg til eller frå
gravferd eller ei anna større hending?
Arnvid Lillehammer som er busett i
Stavanger og har hytte på Mollatveit, fortel at på 1970-talet hende
det at westamaranen gjekk innom med han og familien viss dei hadde
god tid på veg inn til Sauda. Dette blei slutt då vegen var ferdig
til Molla, Maldal og Vanvik.
Den vesle grenda Mollatveit fekk
offentleg kai i 1937. Då vedtok fylkestinget å gi tilskot til ein
15 meter lang betongkai som skulle kosta 17.000 kroner. Sauda kommune
fremja søknaden og ytte tilskot.Men også folk i grenda medverka til
at det kom kai. ( Siste avsnitt er henta frå Njål Tjeltveit si bok: «Bygda sitt hjarta»
Ein erfjordbu hadde vore på bytur, og kom til Vik med kveldsbåten. Han var nok ikkje heilt stø, for han tumla utfor landgangen og i sjøen. Då han fekk hovudet over vatnet igjen hadde han framleis pipa i munnen, og til dei som står på kaien og ser på ropar han: Har de fyr karar?
SvarSlettPåskebadinga frå Mollakaien er nok litt romslig fortalt i alle høve til det eg hugsar. Påskebåten frå Stavanger kom alltid seint på mørke kvelden.Dette var før me fekk elektrisk ljos.Som ein ser på bileta, går kaien i vinkel,og dersom du går av båten bak og går rett fram mot PAKKHUSET,spaserar du rett på sjøen.Det skjedde med eit par med bagasjen mellom seg og sikkert med skia på nakken.Ettet badet kom dei opp til garden Ytre Molla, der dei fekk på seg tørre klær før dei kunne halda fram turen oppover til Maldal. Etter denne hendinga blei nok påsketuristane åtvara mot å ta same turen då dei gjekk i land.
SvarSlett