«Solbakk» er døypt og gudmora Anne Margrethe Thoring har fått blomster av Rosenberg-direktør Hans Jørgen Frank til venstre. Ektemann Chr. Aug. Thoring til høgre. |
Koss i all vide verda kan
det ha skjedd? Anne
Margrethe Thoring døypte den nye ferja «Solbakk»
etter alle kunstens regler. Byens maritime fiff var frammøtte på
ærestribunen på Rosenberg: Havnesjef Oscar Smith-Jacobsen hadde
teke på seg si finaste uniform og ein heil gjeng med arbeidsfolk
omkransa nybygget og plattforma med dei inviterte gjestene.
Tenk
det: Ikkje eit ord i avisa. Kor var Aftenbladet fredag 28. juli 1978?
Hadde Aftenbladet sin ferje- og fjordabåt-journalist ferie? Eg
personleg var også journalist i avisa på den tida og skreiv ein del
om ferjer og fjordabåtar. Men eg hadde heilt sikkert ferie og var i
ferd med å slutta i hovedredaksjonen i Stavanger for å bli ny
Sauda-korrespondent i august 1978. Eg vil ikkje ta på meg skulda for
dette.
Gudmora,
Anne Margrethe Thoring, var gift med Arbeiderparti-politiker Chr.
Aug. Thoring. Han var styremedlem i Stavangerske som representant for
Rogaland fylkeskommune. Dei fleste gudmødrene blei på den tida som
oftast plukka ut mellom ektefellene til anten direktørane eller
styremedlemmene i rederiet.
Men
Anne Margrethe Thoring hadde Stavangerske i blodet. Far hennar,
Kristian Pallesen, var kaptein på Stavangerske sine kystskip i mange
år.
I
dag skal me ordna opp etter 40 år gamle fadesen. Dei som har gått
rundt i 40 år og venta på reportasjen frå «Solbakk»-dåpen,
skal nå få sjå bilete og lesa om ferjedåpen på Buøy fredag 28.
juli 1978.
«Solbakk» nydøypt og overteken av Stavangerske fredag 28. juli 1978. |
Vêret
var ikkje det beste på denne dagen. Det både regna og bles, men alt
gjekk av i likaste laget. Gudmora fekk blomster av av
Rosenberg-direktør Hans Jørgen Frank og eit armbånd i gull etter
dåpen. Deretter var det tid til ein tur på fjorden med den nye
ferja som nå blei overteken av Stavangerske.
Rosenberg
hadde hyra inn sin eigen fotograf til dåpen og gudmora fekk seinare
ein bilde-album som eit minne om ferjedåpen.
92-årige Anne Margrethe Thoring med bildealbumen frå 1978. |
Anne
Margrethe Thoring er fortsatt oppegåande og hugsar godt då ho
døypte «Solbakk».
Sonen Erik skanna bilda frå albumen og dermed kan me dokumentera kva
som skjedde. To dagar etter dåpen, søndag 30. juli, blei «Solbakk»
sett inn i Tau-sambandet.
Nesten
to veker seinare, 8. august 1978, hadde Rogalands Avis ein stor
bilde-reportasje om den nye ferja. Både dei reisande og mannskapet
var fulle av lovord om «Solbakk».
Er
det nokon som har tipsa avisa om at det hadde vore lite stoff om den
nye ferja? Mannen til gudmora, Chr. Aug. Thoring, hadde tidlegare
vore både styreformann og
styremedlem
i arbeiderparti-avisa Rogalands Avis. Er det han som har teke ein
telefon til avisa? Det får me ikkje noko svar på i dag. Uansett.
det står ingenting om dåpen eller navn på gudmora i Rogalands Avis
heller.
Litt
seint, men nå er alt sett på plass om ferjedåpen for 40 år sidan.
Fire
år blei «Solbakk»
gåande i mellom Tau og Stavanger. Frå 1982 gjekk den i
Midtsambandet mellom Stavanger, Finnøy og Nedstrand. I 2000 blei
ferja seld til Bjørklids ferjerederi i Troms og etterkvart omdøypt
til «Stallovarre».
Det
kjem meir «Solbakk»-stoff i neste veke.
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlettDet var på tide, unnskyld, Stavangerske. :-)
SvarSlettHerlof O.Lærdal frå Sandeid i kvit frakke bak gudmora. Lærdal representerte Rogaland Fylkeskommune.
SvarSlett