«Tau» som ny i 1961. Foto: Stavanger sjøfartsmuseum. |
- Hallo Vervik. Du skal komme til Stavanger og gå om bord i den nye «Tau» som ligger på Klasaskjæret.
Den legendariske mannskapssjefen på Stavangerske, Rasmus Kyvik, var alltid klar og kontant når han hadde nådd fram til den rette sjømannen i rikstelefonen.
- Ja, men....., innvende styrmann Kristian Vervik i den andre enden av telefonlinja inne på Strandalandet.
- Ikke noe ja, men. Kom til byen og gå om bord i «Tau», brumma Kyvik.
Kristian Vervik gjekk om bord i «Tau» i mars 1961. Foto. Else Vargervik. |
Dermed var det gjort. Medarbeidar-samtalane i Stavangerske og resten av arbeidslivet var korte og konsise i mars 1961.
Då «Tau» blei sett inn i ruta over Hidlefjorden mellom Tau og byen laurdag 25. mars 1961, hadde 29 år gamle Kristian Vervik vore 14 dagar om bord. Han var den fyrste styrmannen på Tau-ferjene.
I 1956 fekk han matros-jobb på fjordabåtane i Stavangerske. Då hadde han vore seks sesongar på fiske etter storsild og brisling saman med slektningane Karsten og Waldemar Vervik på skøyta «Mira». Han jobba også som murar og betongarbeidar når fiskebåten låg i ro.
Kystskipperskulen hadde han teke i 1955. Dermed gjekk det ikkje lenge før han vikarierte som styrmann på båtane når dei faste folka skulle ha fri og ferie. Frå 1959 var han fast styrmann på «Fjordbris» som gjekk på Tau og Jørpeland før ferja kom i 1961. For den unge styrmannen passa det godt å gå i denne ruta. Det var greie skift og kort veg heim til kona Målfrid og ungane på Tau.
Kristian Vervik |
- Alle talarane på turen sa at DSD hadde tatt godt i med den store ferja. Var den ikkje i største laget, men etter to-tre år var den for liten, seier Kristian Vervik som stadig er frisk og rask.
1. juni blir han 87 år gammal. Han og kona Målfrid bur i eige hus på Tau med flott utsyn over båthavna og fjorden. Dei kjem til å sakna ferjene på fjorden når dei sluttar å gå neste år.
Eg har vore på besøk hjå Kristian Vervik og snakka om ferjetrafikken og livet om bord. Han fortalde mykje av interesse. Det kjem meir. Fylg med!
Kommentar på Facebook:
Asbjørn Stensen Husker Kristian da han var på Tau. Han hadde alltid glimt i øynene også for oss unge. Alltid korrekt. Så vidt jeg husker ble han også skipper . Han var utrolig godt likt og ser han dette vil jeg gratulere han som en av de flotteste jeg kjenner.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar