Herbjørn Hansson hadde aldri blitt skipsredar i Sandefjord utan den grundige opplæringa han fekk på «Tau». |
Han gjekk på landsgymnaset på Bryne og handelshøgskulen i Bergen, men utan alle sine år som sommar-matros på «Tau» og andre DSD-båtar, hadde ikkje Herbjørn Hansson frå Hjelmeland vore shipping-milliardær i Sandefjord i dag.
70-åringen kom i si tid til Sandefjord for å bli finansdirektør i Kosmos-rederiet. Seinare starta han rederiet Nordic American Tanker Shipping (NAT) med hovedsete i Vestfold-byen med ferjeforbindelse til Strømstad i Sverige.
Styrmann Kristian Vervik |
Då skipsredar Hansson i ein oppheta debatt i Dagsnytt 18 på NRK sa følgjande til den norske skattedirektøren: - Jeg fraktet olje før du var begynt på skolen, var dette ein argumentasjonsteknikk han hadde lært på Tau-ferja. - Eg kunne spleisa vaier før du var fødde, sa dei til Hansson-jyplingen om bord i «Tau» viss han yppa seg.
Om bord i Tau fekk han straks navnet Stolemann av kaptein Scheldrup Johnsen. Forklaring: Faren, Aksel L. Hansson, hadde jærstolfabrikk på Hjelmeland. Lastebilen hans var eit kjent syn for ferjefolket og eigaren blei då sjølvsagt kalla Stolemann. Når sonen begynte om bord i ferja, var ikkje fantasien større. Han fekk same navnet.
Tau-ferja var ein flott arbeidsplass for dei som likar å komma i kontakt med folk. Her var det mange å ta av. |
Ferjefolka jobba to dagar og hadde fri to dagar. Viss du budde på Hjelmeland og jobba på Tau-ferja, blei det ein del reising. Den 18 år gamle skulegutten måtte skaffa seg ei kjøregreia for å komma seg raskt til og frå.
Han peila seg inn på ein brukt Puch-moped som var til salgs for 1300 kroner. Unge Hansson hadde berre 990 kroner, men avtala likevel eit møte med moped-seljaren utanfor Hotel Atlantic ved Breiavatnet i Stavanger. Før møtet hadde han veksla om sparepengane sine i blå femkrone-sedlar og kronestykke.
Matros Edvin Stava fotografert i matroslugaren i baugen på «Tau». |
Heilt frå den spede barndommen var Herbjørn Hansson for seg, utadvendt og sosial. Han kom lett i prat med folk. Desse eigenskapane blei vidareutvikla på Tau-ferja der han seilte saman med den legendariske matrosen, Edvin Stava frå Karmøy. Stava hadde eit ord til alle.
- Hei du, kan du løysa meg av i ferien, sa Stava til stålverksdirektør Osland som reiste dagleg med ferja.
- Trur du eg vil jobba for å så dårleg betaling, svara direktøren.
- Du kan ikkje venta å få matroshyra fyrste sommaren, svara Edvin Stava. Karmøybuen var ein fiks mann. Ein gong pløyde han ein åker med lastebil. Plogen hadde han montert bak lasteplanen.
Det var tre matrosar på «Tau» på den tida. Den eldste blei kalla rormann og hadde eigen lugar. Dei to andre delte lugaren i baugen. Hansson hugsar spesielt ein episode frå tida i to-mannslugar.
Matros Øystein Sandvik |
- Der datt han, sa han.
- Slo han seg, spurte eg.
- Ja. Ikkje lite heller, svara den sovande.
Herbjørn Hansson heldt det gåande som sommarmatros i DSD heilt fram til 1973. Han fekk med seg fleire båtar enn «Tau»: «Bokn», «Haugesund» og kystskipet «Rogaland» .Matros-karrieren avslutta han på «Tau» sommaren1973. Då havna «Tau» i Sand-Ropeid-sambandet. Storferja «Stavanger» skviste ut «Tau» i den gamle ruta.
I 1973 kjørte ikkje matrosen Puch-moped lenger. Nå hadde han skaffa seg bil. Ein Renault Dauphine frå 1964.
Kiosken om bord i «Tau» sto tom då ferja begynte å gå mellom Ropeid og Sand. Her såg kremmarsjela frå Hjelmeland sjansen til å tjena ekstra pengar. Saman med Sverre Underbakke frå Sand, også ein kremmar, starta han med kioskdrift om bord i «Tau».
- Det kan ikkje ha blitt nokon suksess. Då hadde eg hugsa dette, seier Herbjørn Hansson i dag.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar