mandag 8. august 2016

Den første "Veslestril" har mange gløymt

Aftenbladet presenterte "Veslestril" 27. juli 1977 på side 4. 


På leiting etter ei kuriøs sak i gamle Aftenbla i dag oppdaga eg plutseleg ein båt som eg først trudde var ei av dei kommunale ferjene som begynte å gå på byøyane i 1970-åra. Men det var den flunkande nye "Veslestril" som var omtala på side 4 i Aftenbladet 27. juli 1977.

Avisa skriv at den nye tilveksten til byens passasjerbåt-flåte er levert fra Fjellstrand Aluminium, Omastrand, Hardanger. Den er bygd i helaluminium og sertifisert for 95 passasjerar. - Den er således noe større en "Clipper", skreiv Aftenbladet.

Skipsredar Simon Møkster opplyste til avisa at dette ikkje var nokon arbeidsbåt. Den var for luksuriøst utstyrt til det. Rederiet ville heller satsa på turistar, forretnings- og selskapsreisande.

Møkster hadde nokon år  tidlegare hatt ein liknande båt som hadde navnet "Veslefrikk".

"Veslestril" med det blåmalte skroget blei vel ikkje den mest suksessombruste båten i Møksterflåten. Båten låg mykje ubrukt ved kai i Stavanger. Men eg hugsar at Aftenbladet brukte den som flytande Ryfylke-redaksjon sommaren 1980.

"Veslestril" var på tokt med Aftenbladets Ryfylke-redaksjon sommaren 1980. Dette er oppslaget mandag 7. juli 1980.
Jonas H. Friestad var fotograf. 


Same året blei båten seldt til svenske interessentar. Året etterpå kom den neste "Veslestril". Også den var bygd ved Fjellstrand-verftet i Hardanger. Den viste meir igjen langs kysten. Møkster starta mellom anna hurtigbåtrute mellom Sørlandet og Oslo om somrane med den nye båten. Den gjekk også som avløysarbåt i Sauda-ruta.

Det var ikkje så lett å finna fram til resten av historien til den første "Veslestril". Men på den svenske nettsida faktaomfartyg.se sto det som var verdt å vita.

Ockerø kommune på den svenske vestkysten var ny eigar. Båten skifta navn til "Polstjärnan" og sett inn i trafikk i Gøteborgs skjærgård.


Frå 2003 har navnet vore "Sladø". Fra 2010 har den gått mellom Vestervik og Idø på den svenske austkysten.

Då "Veslestril" var ny, var den utstyrt med to Caterpillar-maskiner med ein effekt på 404 kW. Farten var 15 knop. Desse maskinene blei skifta ut med to Volvo Penta med ein effekt på 588 kW. Nå blei toppfarten 20 knop.

Godt å få dette på plass i det sura vêret! Eg er sikker på at mange har gått rundt og lurt på kor det blei av denne båten.

Den tidlegare "Veslestril" går nå med svensk flagg og navnet "Sladø" på
den svenske austkysten ved Vestervik.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar