Sånne nymmotens komfyrar med raude tal er ingenting for mannfolk. |
Før var eg redd for døden. Nå får eg panikk med tanken på at det er sjølsagt er ein viss sjanse for at eg kan bli enkemann. Skrekk og gru. Kånå var ute og eg skulle stella meg sjøl i føremiddag. Det var så vidt eg greidde å steika to egg.
Viss eg hadde mista kånå, måtte eg flytta på hotell. Grusomt tanke i desse tider med hotellstreik og all slags. Og så dyrt. Etter eit halvt år ville eg ikkje hatt råd til å leva lenger.
Eg flytta på hybel som 15-åring. I alle år har eg kokt og steikt egg utan å ha fått tankar om at eg var i ferd med å gå ut på dato. Heilt til i dag.
Sarpsborgkomfyren var navnet på det svære. kvite monstrumet på kjøkkenet heime på mitt barndoms Laugaland. Denne komfyren var utstyrt med magasin og varmeskuffe. Før mor gjekk og la seg om kvelden, skrudde ho magasinet på tre, full pinne. Magasinet var ei svær tjukk kokeplate som blei varma opp i løpet av natta og heldt på varmen utover dagen. Så når straumen gjekk utpå morgonen var dei ikkje rådlause. Du ser at kraftverket stoppa rett som det var på Laugaland. Då kunne mor koka på magasinet. Kaffi til frokost og poteter til middag.
Då eg stifta familie og skulle kjøpa eigen komfyr, var ikkje komfyrar med magasin å oppdriva. Men kokegreiene var ikkje meir kompliserte å finna ut av enn at eg fekk maten på kok.
For ei tid sidan flytta me to gamle i blokk. Det sto ein komfyr i leiligheten då me overtok. Den var ikkje meir enn 15 år gammal. Eg ville lett ha beherska den. Den skulle sjølsagt ut. Kånå grein seg til ein ny. Slik nymotens med digitale raude tall på komfyrplata.
Etter at me flytta har eg konsentrert meg om mannating. Kånå har fått herja fritt på kjøkken heilt fram til i dag.
Eg sto tidlig opp og gjekk ut i dag. Då eg kom igjen, var kånå ute.
- Nå slår eg til og steike egg, tenkte eg. Det blei eit hekkan.
Omtrent ein halvtime gjekk før eg fekk margarinen på panna til å smelta. Det finst ikkje brytarar på moderne komfyrar. Du må leita deg fram med fingen på sjølve komfyrplata. Av og på-knapp var det fyrste. Eg brukte ikkje så veldig lenge før eg fant den. Men å få varme under steikepanna var ein prøvelse. Eg fekk liv i ei, men så begynte det å pipa og så gjekk den av. Slik heldt eg på. Smørstykket låg like kaldt og usmelta på steikepanna.
Kvifor skal alt forandrast heile vegen? Gammaldagse skruknottar virka jo enkelt og greit. Eg forstår jo at det er greit å ha komfyren innbygd i kjøkkenbenken slik at det ikkje blir så mye graps på golvet. Men når brytarane blir innebygd i komfyrplata har utviklinga gått altfor langt.
Til slutt hadde eg svidd av to egg. Og berre så det er heilt klart. Eg sokk ikkje så djupt at eg fjuska og fann fram bruksanvisning.
Komfyren er helt fantastisk, så kanskje du skulle forsøke med ferskere egg? :-)
SvarSlettHaha, tegn på at du ikkje bare e gammal, men at du har gått ut på dato, Jone! 😉
SvarSlett