søndag 12. juli 2015

Trådlaus gambling under dyna i båten

Her på Vadholmen kunne eg tippa trådlaust. Skremmande lettvint.

Slår opp auene og famlar etter padden ved sida av køya. Må finna ut kva klokka er. 8.33 står det svart på kvitt. Kanskje ein tanke å sjå kva det står i nettavisene i dag.

Slik er det å vera båt-turist nå for tida. Sjøl ein gammal bestefar som meg er blitt utstyrt med nymotens teknologi som gjer livet både papirlaust og trådlaust.

Dermed ligg du der under dyna og klikkar og les. Om krisa i Hellas og all slags anna sørgeleg eller viktig. Eg festa meg ved ei sak i Bergens Tidende. Ein 25-åring frå Os har vunne over 90 millionar kroner på nettgambling. Han må betala 25 millionar i skatt av gevinsten. Slik går  det når du sviktar Norsk Tipping og brukar utanlandske bettingselskap.

Sjøl har eg aldri betalt skatt av tippegevinstane mine, men eg har ikkje vunne noko særleg heller. Dessutan er eg trufast mot Norsk Tipping der alle gevinstane er skattefrie.

 - Men hallo. Det er lørdag. Eg må tippa, Kan like godt gjera det med ein gong, seier eg til meg sjøl. 

Så ligg eg altså der under dyna og klikkar meg inn på denne velsigna tippe-appen og leverer ein fem vekers lottokupong. I gamle dagar måtte eg gå ned til damene på Prixen på Randaberveien på Tasta for å gambla.

Nå kan du befinna deg i hytta-heiti, Vadholmen i Sandnes kommune i mitt tilfelle, og likevel ordna dine gamble-behov. Det einaste du treng, er mobildekning.  Utviklinga har gått så langt at det kan vera for langt. Lever me i dei siste tider eller?

Ein ting er i allfall sikkert. Du får ikkje meir flaks av all denne utanlandske elektronikken. Eg vann ikkje ein skit i lotto i går.

Meir teknologi. Barn og barnebarn har skaffa seg droner. Dei kan dei bruka til fotografering. Ta luftfoto. Dette er veldig in for tida. Eg klauv opp på ein knaus på Vadholmen og tok bilde av båtane ved Ryfylke friluftsråd si brygga. Bildet markedsførte eg som dronebilde både overfor familien og på facebook. Opptil fleire gjekk på bløffen.

Grensa for meg går lenge før drone. Eg hadde aldri fått ein slik tingest til å letta. Slett ikkje til å fotografera.

Ha ein strålande dag!
















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar