søndag 8. september 2019

Då ulvane herja i Ryfylke


Illurstrasjon til ulveartikkel i Aftenbladet i 1951.


Skrubbsvultne ulvar kom i flokkar nedover isen på Tysdalsvatnet og herja stygt i geitehusa i Bjørneheimsbygda. På Fogn kunne dei telja 16 ulvar på fjordisen mellom Strandalandet og Fogn på ein gong. Ikkje rart at husmannen Halvar frå Fogn var så redd at han sat og grein ein morgon han møtte på Trevland for å vera med på tresking.

Vintrane 1854 og 1855 var svinkalde. Då kom det så mykje ulv både til Fogn og Strand at det var farleg både for folk og husdyr.

Heilt tilfeldig datt eg oppi ein del ulvastoff. Eg tykte det var interessant og difor har eg laga ein blogg før eg gløymte desse ulvane ut igjen.

Det var ikkje berre husmannen Halvar som såg ulvar på kvar haug på Fogn. Mange svært truverdige folk har fortalt om denne ulvetida.

Jone Selvåg, fødd i 1839, fortalde at dei skaut etter ein ulv på Fiskå utan å treffa. Ulven fauk som ein strek over fjorden til Mosnes på Fister-sida. Det kom tre ulvar i land på Fogn. Der drap dei og åt opp tre geiter.

For å stoppa ulven fekk fognabuane tak i ei issag. Med saga klarte dei å laga dei råk langs land. Det hjelpte. Ulven våga seg ikkje ut på ny-isen.

Vinteren 1853 kom ulvane til Nerhus i Bjørheimsbygda. Der hadde bonden stengt døra til geitehuset med vidjer. Desse gnaga ulvane av og kom seg inn. Det blei eit svare leven. Åtte geiter greidde ulvane å drepa før dei fôr vidare.

Den 4. mars i 1854 måtte alle vaksne menn i Strand, Årdal, Fister og Hjelmeland vera med på å jaga ulven ved å gå manngard. Dei tok heile heiane for seg. For å skræma ulven gjekk dei og hoja, ropte skreik og skaut i lufta. Sidan har det vore lite ulv å sjå i desse bygdene.

Ole Songesand, betre kjend som Pilt-Ola, la ut gift i heiane for å ta knekken på ulven. Han søkte i 1847 både Strand herredstyre og amtstinget om støtte  til å kjøpa inn gift. Han fekk avslag begge stader.

Men amtstinget var positivt til eit framlegg frå Høle herredstyre om å heva rovdyr-premien. Premien for ein felt ulv blei heva frå to til fem spesiedalar. Bjørnepremien blei sett opp til 10 spesiedalar.

I Strand blei den siste bjørnen skoten i 1859 på Svines ved sjølvskot.

Kjelder: Avisartikkel av distriktsveterinær F. V. Holmboe i Aftenbladet 1951.
Nettsidene til  Strand historielag.


lørdag 7. september 2019

Stavangerske-flagget forsvinn frå fjordane



Dette kompani-flagget har Stavangerske brukt sidan 1903.


Stavangerske-flagget som har vaia i Ryfylke-fjordane i vêr og vind uavlateleg sidan 1903, er nå definitivt på veg ned. 1. januar skal eit nytt kompani-flagg, som det heiter på fagsspråket, vera på plass på Norled-båtane. Stavangerske (DSD) har seldt heile flåten av ferjer og hurtigbåtar til utanlandske eigarar.

Norled-navnet, ein snaut ti år gammal konstruksjon, får utlendingane med på kjøpet. Men kompani-flagget skal nå brukast på dei båtane Stavangerske måtte ha i fart ein eller annan stad langt vekke, der det ikkje finst ei sjel som har den minste sansen for tøystykket som mange av oss innante kan få nesten-klump i halsen av sjå på.

Kystruteskipet «Austri» med tradisjonsrike skorsteinen og kompaniflagget. i formasta. Dette maleriet tilhøyrer
Stavangerske. 

Då eg seilte som sommarmatros i Stavangerske i frå 1967 til 1970, var postflagget det einaste flagget som blei brukt til kvardags. Berre på søndagene blei kompani-flagget lufta. I dei siste åra er postflagget på Norled-båtane erstatta med eit vanleg norsk flagg. Kompaniflagget, derimot, blir brukt kvar dag.

Postflagget var vanleg på alle rutebåtar som førte post.
Eg reknar med at dei tre raude ringane på skorsteinane også forsvinn saman med flagget. Svart skorstein var det jo på alle dei gamle dampbåtane, men på Stavangerske sine skip var det tre raude ringar. Du var ikkje i tvil kor den båten var frå når du såg skorsteinsringane.

I 1948 skjedde det ein revolusjon då fjordbussane «Fjordsol» og «Fjordbris» blei sett inn i Ryfylke-trafikken. Dei fekk gule skorsteinar med tre raude ringar. Det same fekk alle rutebåtane i lokaltrafikken medan kystskipa og hurtigruta hadde den gamle Stavangerske-skorsteinen. Nå skapte ein omgrepet «Den hvite flåte». Stavangerske-båtane var kvite med gule skorsteinar. Punktum.


Den gule skorsteinen kom med «Fjordsol» og systerskipet «Fjordbris» i 1948. Foto: Leif Berge.


I nærare 50 år var det fred og ro rundt gule skorsteinar og tre raude ringar. Men då Folke Hermansen, mannen som hadde gjort seg søkkrik på å selja kjøleskap og vaskemaskiner, hadde kjøpt seg inn i Stavangerske og overteke styringa der, blei det plutseleg vill oppstandelse mellom oss museumsvaktarar.

Han, Folke Hermansen, ville skilja ut ferjer og rutebåtar i eit eige dotterselskap. Dei tre raude ringane sto i fare for å forsvinna frå Ryfylke. Det blei eit himla spetakkel. Kaspar Nilsen, den markante skipsredaren på Sand, hadde også aksjer i Stavangerske og var formann i bedriftsforsamlinga. Han gav klart uttrykk for sitt syn: Han ville ikkje ha nokon nyordning i selskapet. Styret sitt framlegg om å skilja ut lokaltrafikken i eit eige selskap, blei nedstemt i bedriftsforsamlinga. Dåverande styreformann i Stavangerke, Harald Johansen, tok sin hatt og gjekk etter nederlaget. Båtnostalgikarar som meg jubla.


Frå Aftenbladet 13. september 1986.


Men Folke Hermansen gav seg ikkje. I 1990 blei lokaltrafikken skild ut i eit eige selskap, Rogaland Trafikkselskap, med eigen logo og to ringar i skorsteinen. Eg trur ikkje nokon gong det blei den store begeistingen for denne nyskapinga. Då DSD feira 150 år i 2005, var Stavangerske-navnet og dei tre raude ringane på plass igjen.


I 1990 kom den nye Tau-ferja Stavanger» saman med det nye rederinavnet og to ringar i skotsteinar. Foto: Stavangerske.


Folke Hermansen kjøpte også opp ruteselskapet HSD med hovedkontor i Bergen og slo saman Stavangerske og HSD. Det nye selskapet fekk navnet Tide og alle båtar og ferjer blei samla i Tide Sjø. Ein ny inkjevetta skorstein og ditto kompaniflagg såg dagens lys. Det varte ikkje lenge.

«Melderskin»  blei bygd som Askøy-ferja «Herdla». Blei etterkvart HSD-ferje
og enda i Norled. Her med Stavangerske-flagg ved Fiskepiren.
Tide Sjø skifta så navn til Norled. Ikkje så forferdeleg spennande, det heller. Men då blei det gjort ein liten genistrekk, som me gamle, trebukkar ikkje kunne unngå å lika. Alle farty som nå gjekk inn i Norled-flåten, førte det gamle, gode kompaniflagget og fekk svart skorstein med tre raude ringar.

 Eg må vedgå at det var gildt for meg og mine sarte kjensler å reisa frå Aurland til Bergen med hurtigbåten «Vingtor» av Stavanger med Stavangerske-flagg. Sjølvsagt er det nok mange i Sogn og Fjordane som ikkje tenkjer som meg om akkurat dette.


Men frå nyttår er det slutt.

Sic transit gloria mundi, heiter det på latin.


«Vingtor» av Stavanger tok oss frå Aurland til Bergen i sommar.







onsdag 4. september 2019

Kven stakk av med fyrlykta til Syvert?


Hamborneset med fyrlykta intakt i 2008. Huset til Syvert og Maria ligg oppe
i lia til venstre. 


Kva i all verda har skjedd? Fyrlykta som Syvert på Hamborneset passa på i alle år, er fjerna og erstatta med ein liten, kjønnslaus stake med eit lysblink på. Er folk blitt aldeles historielause? Visste dei ikkje at Syvert blei engasjert alt i 1929 av Fyrvesenet for å passa på at sjøfarande hadde lys å styra etter når dei snirkla seg innetter den smale fjorden.

Årsløna var 120 kroner for å pussa glas og fylla opp olje. Dette var ikkje pengar å leva av, men eit tilskot til det ein fekk ut av jorda og skogen på det litle småbruket pluss fisket i fjorden. Sjølv om lykta fekk elektrisk lys, var det framleis Syvert som såg etter lykta så lenge han budde på neset.

- Kor i all verda er Hamborneset, spør du kanskje. For mange er det mykje nærare enn dei trur. All skipstrafikk ut og inn Sandsfjorden på veg til eller frå Sand stryk langs land kloss i neset. Syvert og Maria, dei siste fastbuande på veglause Hamborneset, hadde alle verdas reisande folk rekande forbi, rett utanfor stovedøra, men fekk ikkje besøk av dei.

I 2008 seilte eg forbi Hamborneset med eigen båt. Då la eg merke til den raude hytta som var til salgs rett ved sida av lykta. Spennande tenkte eg. - Hytta med eiga fyrlykt. Eg tok bilde og skreiv ein blogg etterpå der eg spant på dette med at kjøpte eg hytta og sat og vinka til forbi-passerande båtar.

Hamborsund i dag. Fyrlykta borte og brua over Sandsfjorden ser du rett ut i fjorden. 


Eg må vedgå at eg heilt sikkert har passert dette neset fleire gonger utan å leggja merke til det som har skjedd i åra etterpå. Men for eit par veker sidan var eg på veg inn fjorden. Då kom eg på bloggen eg skreiv og kikka etter innover. Planen var å samla litt saman om stadnavna her inne og blogga om det. Her heiter det Jårvik som dei med litt fantasi meiner er det same som York i England, du har Tyskaberget og Hamborsund eller Hamborgsund, begge variantane er i bruk. Her ville det vera råd til å spinna litt på Hamburg og tyskarar og vikingar frå Ryfylke som sette navn på plasser i England.

Hei! På Hamborneset var det inga raud hytte lenger. Den var blitt modernisert og kvit av farge. Og lykta var vekke og erstatta med den før omtala staken. Skipsleiene har gått gjennom ei omfattande modernisering dei seinare år.

Det elektroniske arkivet til Aftenbladet er ei skattkista for dei som er interessert i lokalhistoria. Eg logga meg inn og søkte på Hamborneset. Der les eg at neset lenge var aktuelt som plassen der brua over Sandsfjorden skulle kryssa over. Også høgspentledningar har gått her.


Men det gildaste var avisreportasjen frå Aftenbladet 10. april 1974. Journalist Einar Hauge Nilsen hadde vore på besøk hjå Syvert og Maria på Hamborneset og laga ein reportasje som det stadig er råd å få klump i halsen av. Eg greidde ikkje å få til ein så god kopi av artikkelen at eg kunne leggja den ved som bilde i bloggen. Derfor skreiv eg den av, ord for ord. Eg har var lærar i maskinskriving i Suldal, i si tid, og beherskar stadig touch-metoden.

Syvert og Maria Hamborgnes fotografert av Einar Hauge Nilsen i 1974.


Syvert og Maria på Hamborneset

- Det er minste føre nå med faste inntekt kvar månad,det er bra med noko fast, har ikkje alltid vore slik.

Syvert Hamborgnes tenkjer på trygda. Løna frå samfunnet etter eit langt arbeidsliv. Knapt til å bli feit av, men jamn og trygg utan omsyn til vær og vind. Noko nytt for ein som sidan gutedagane har slite inntekta si ut av jord og skog, som har streva i båten eller kava for løna som dreng og på fiske.

Du skal ikkje så langt av leid, opp i dalane eller inn i fjordane for å finna eit anna Rogaland enn det pressfylket du dagstøtt får høyra om.

Vegen er ikkje lang, korkje i mil frå tettstadene eller i år attende i tida,til eit anna Norge enn vekstsamfunnet som må vera varsam med oljemillionane som ikkje skal vera for brårike.

Dei hadde kontroll på trafikken på fjorden frå huset til Syvert og Maria. Foto: Einar Hauge Nilsen.


Hambornes  - ein liten grøn flekk ved Sandsfjorden kringsett av grøne lier. Ein liten flekk med ryggen mot fjellveggen, og fjorden som einaste ferdsleveg.

Sandsfjorden er framleis ein viktig veg for dei som skal langt av stad. Frå stoveglaset på Hamborneset ser ein rutebåtar som fær mellom Stavanger og Sauda. Hurtigbåtar som vaskar sjøen oppetter svaberga, trauste fjordabåtar og lasteruter som har betre tid.  Ofte kjem større skip på veg til eller frå smelteverket i Sauda. Dei er så nær at det er som å sitja i byen og sjå på trafikken i gata.

Når ein sit om bord i rutebåten og kastar eit blikk inn mot land, kan ein saktens undra på kva som fekk folk til å slå seg ned på Hamborneset og kva dei har levd av i alle år. Oppe i bakken ligg eit lite, kvitt hus og ei lita raud løe, nede ved fjorden eit naust, ei sommarhytte og endå eit lite hus, og fyrlykta ytst på pynten.

Ein lastebåt passerer Hamborneset på veg inn fjorden. Det fanst ikkje hytter på Hamborneset i den tida.
Bildet tilhøyrde Terje Åserød.


Så stig me sjølv i land etter ein tur frå Høyvik med skyssbåten til Jostein Lund, og ser at det er litt meir plass, litt meir grønt mellom knausane enn me trudde.

Syvert Hamborgnes er fødd her på neset og har budd her all sin dag. Og om bruket var aldri så lite, vart det rom for ein husmannsplass her og. Det er det vesle huset ned ved sjøkanten.

- Jordvegen har ikkje vore mykje å leva av, seier Syvert over kaffikoppen. Det meste me hadde var ei ku, tre-fire sauer og nokre høns. Ho mor var nøye med å ta vare på grastustene som fanst. Ho lauva og skar lyng.

Fisket har vore hovedsaka for Syvert. Han har lakserett og leigde rettar hjå andre. Elles tok han seg arbeid når det høvde seg slik.. Den siste tida han var slåttekar, var dagløna 4 kroner.

- Men det var billeg det bøndene selde og, seier han. Dei hadde ikkje så mykje å betala med.

Syvert var berre 18 år då han måtte overta bruket. Faren var blind dei 10 siste leveåra sine. Men 18-åringen var alt ein øvd arbeidskar, som ein vinter hadde slite fram bjørkeved til 18 kroner famnen, og som tykte han var rik då han eit anna år hadde tjent 50 kroner etter 6 månaders arbeid på gard. Attpå fekk han to tømmerstokkar som kunne selja for tre kroner.

Eit år var han på vintersildfisket, om sommaren var han på fjorden.

I den tida var det så mykje folk på gardane langs fjorden, der det nå berre er ein og annan huslyd og mange tomme hus, at det var skule på Åsarøy. Det var ikkje så lang veg over fjorden jamvel om det kunne vera bale nok i dårleg vær.

Det er stilt og fredeleg på Hamborneset nå.

- Overflødeg fredeleg, seier Maria. Men det var ei god hjelp å få telefon. Nå kan me snakka me kven me vil og me kan ringa etter varer som me får med postbåten tre gonger i veka.

For ikkje å snakka om den letten det var å få straum. Det er berre to år sidan dei kunne hiva ut vedkomfyren og parafinlampene. Overgangen var så stor at det mest ikkje var arbeid att å ta seg til ute i kjøkenet samanlikna med før. Maria fekk god tid til å sitja med handarbeid attmed vindauga der det både er lys og varme.

Ei tid var dei utan dyr, men det vart for keisamt. Så fekk dei seg tre sauer. - Det er likare enn inkje seier Maria, men ho saknar kua og hønsa. Det vert tungsamt om ein ikkje har noko å stella med.

- Det er ikkje å vanskeleg å få dagane til å gå med vedhogst og anna arbeid, seier Syvert som er 74 år. Dessutan har han fyrlykta å stella med. Henne har han hatt tilsynet med i 34 år. Då han byrja i 1929, var årsløna 120 kroner for å pussa glas og fylla opp olje. Nå er lykta elektrisk, men ho treng framleis tilsyn.

Syvert tykkjer han bur lageleg til. Det er så stutt og grei veg til fjorden. Men ein kjenner det godt likevel når ein har bore mjøl og ved og høy på ryggen opp bakken. Om det så var materialane til husmuren så har han drege dei opp på sin eigen rygg, om lag 12 tonn stein, sand og sement var det visst. Det vart i alle høve mange vender av det.

Mange tunge tak, men framleis er helsa god.

- Nei han feilar ingenting, seier Maria. Men du veit maskinen er sliten. Karen har arbeidd så hardt heilt sidan guttedagane.

- Nå er det på tide å få båten på sjøen att, seier Syvert og vil snakka om noko anna.

På Hamborneset går livet som før. Det er samfunnet elles som har endra seg så sterkt og sett andre mål på andre ting. ? Me har det slik me er vane med, seier Maria, men for andre å flytta hit? Det hadde vel ikkje gått an.

Avskrift slutt.



Syvert Hamborgnes døde i desember 1991. Han blei 91 år gammal. Syvert var den yngste av i alt åtte sysken. Maria som var fødd i 1912, døde i juli 2001. Syvert og Maria flytta på slutten av 1980-talet til Sand og budde i ein omsorgsbustad der. Dottera Olaug, fødd 1949, bur på Sand og brukar Hamborneset som ferieplass.

Hytta på neset som var raud og til salgs i 2008 er det Jørund Nilsen frå Sauda som eig nå. Han er andre eigar sidan 2008.

Det står eit lite eldre, hus litt lengre inne. Søskenbarnet til Olaug eig dette. Ho heiter Judith Hamborgnes og bur i USA. Marit Sunde Solland og familien hennar har leigd dette huset i mange år.

Den tradisjonsrike fyrlykta blei fjerna av Kystverket nå i sommar. Olaug Hamborgnes seier at dei kunne tenkt seg å ta vare på lykta, men før dei fekk sukk for seg, var den vekke. 







mandag 2. september 2019

- E du redde for smøret? Di pysa!



Redd for smøret? Nei, me har nøgda.


Barnebarna gjorde store auer då bestefaren sa han var redd for smøret. Var han blitt galen eller? Det siste sa dei ikkje, men dei tenkte det nok. Ikkje lett for småungar å forstå at bestefar kunne vera redd for smøret sitt. Han på si side ville berre gjera det klart at det var litt lite smør. Difor måtte ungane vera litt forsiktige når dei smurte på skjevene sine slik at det blei nok til alle.

Me sytti-åringar går rundt og vasar i den tru at i motsetning til fortidas gamlingar er me ungdommelege og up to date. Berre tull, spør du meg. Dei unge ser på oss som håplaust gamle slik me gjorde med våre gamlingar i 1950- og 1960-åra.

Sjøl har eg erta det ti år gamle barnebarnet mitt når eg har fylgt henne til tannlegen av og til. - Dei hjå tannlegen trur nok at eg er far din, har eg sagt. På utsøkt, høfleg vis har ho avvist den slags idear som tull. Nora er snill, men av og til ærlegare enn eg set pris på.

Eg har nettopp vore på sjukehus. Der låg eg nyoperert og litt maroder på seks-mannsrom og hadde nok med meg sjøl. Den godt vaksne pasienten på sida av meg var heller ikkje særleg sprek. Kona var på besøk og han hadde nettopp fått mat. Rett etter kom ein ung, omsorgsfull pleiar og spurte: -Smakte skjevene?

- Ja. Han åt dei med hugnad, svara kona.

???????. 

Den unge, omtenksomme pleiaren forsto ingenting. Kva var det kona hadde putta på skjevene?

Pasientkona gjentok svaret, men tok seg i det. Ho skjøna at den unge pleiaren ikkje forsto. ?Han åt skjevene med fornøyelse, svar kona.

Alt i orden. Situasjonen var avklart!

Koss er det med deg? Ligge du og lure på någe? Liggja har også blitt brukt mykje utan at ein har gått til sengs for det,

- Eg ligge på ei byreis, kunne folk seia før i tida utan at nokon undra seg over at ein kunne uttrykkja seg slik. Ein reiste ikkje til byen i hytt og vêr. Ærenda blei samla opp slik at ein fekk mykje igjen for pengane når ein endeleg tok ut til byen.

Verbet å liggja har blitt brukt i slike litt rare sammenhengar etter dagens normal. - Ka e det du ligge og løybe itte, kunne folk spørja. Dette var heller ikkje ein lokal talemåte. På gammaldags bokmål kunne dei skriva: Det var i den tid han lå ved universitetet og studerte.

- Fli meg flådet, sa dei på Jæren. - Fli meg hammaren var det ein vaksen mann som sa til meg ein gong hima i Vormedalen. Dei som ikkje veit kva fli betyr, har vel slutta å lesa for lenge sidan, men det betyr: Gi meg. 

Flådet er jærsk for fleska-fett.

Nå må eg skrua av pc'en og komma meg ut av det mørke arbeidsrommet. Forresten må eg sløkkja lyset også. Ein skal ikkje brenna hål i dagen, veit du!

lørdag 31. august 2019

Dei gjekk fånyttes til Setesdal for å gifta vekk systera, kom heim med kvige til trøyst



Setesdølane hadde kortaste veg til sjøen og omverda gjennom Suldal og
Hylsskardet. Dermed blei dei kjende og hadde kontakt mellom dalføra.
Foto: Odd Stråpa. 


Dei to sønnene gjekk gjennom isen og drukna. Den aldrande setesdalsbonden var enkemann og sat åleine igjen heime på garden. Han fann ut at han måtte gifta seg igjen for å føra slekta vidare. Og ordet gjekk i bygdene. Bonden var på utkikk etter eit passande kone-emne.

I Suldal fekk dei også høyra om drukningsulukka og om mannen som ville ha tak i ei kvinne å gifta seg med.

Denne historia må vera minst 150 år gammal. I den tida var det livleg kontakt mellom Suldal og Setesdal. Kortaste vegen til sjøen og sivilisasjonen frå øvre Setesdalen gjekk over heia til Suldal, over vatnet og ned til Hylsfjorden. Her var det livleg trafikk i hundrevis av år. Austmennene kjende suldølene og omvendt.

Ein stad i øvre Suldal budde det to brør og ei ugift syster. Kunne ho bli gardakjerring i Setesdal? Brørne blei enige om å gjera eit forsøk på å gifta vekk systera. Kor mykje ho sjølv fekk vera med i diskusjonen, veit eg ingenting om.

Dei to suldølene la i veg med systera over fjellet til Setesdalen. Vel framme på garden i Setesdal viste det seg at brura til den gamle bonden alt var klar. Dei var komne for seint over fjellet.

Albert Moe fortalde meg om brørne frå
Suldal som ville gifta vekk systera i
Setesdal. Foto: Anders Slagstad,
Setesdalsbonden var ikkje så veldig spretten. Han låg til sengs då suldølene kom til gards. Men han tykte det var ein fin tanke at dei to brørne ville tilby han systera som kone. Difor ba han tenestefolket om å gå i fjøset og finna ei kvige til suldølene. Dei skulle ikkje gå fram og tilbake over heia for ingenting.

Den gamle brudgommen var ikkje stort sprekare då han skulle gifta seg. Han måtte sitja på ein skammel inn med alteret i kyrkja då brureparet skulle viast.

Suldølene kom vel heim med systera og ei ny kvige. Kva som skjedde vidare veit eg ikkje. Er dette ei kjend historie i Suldal? Det lurer eg på.

Eg blei fortalt dette for 40 års tid sidan. Då reiste eg frå Sauda til byen med hurtigbåten. Frå Sand og utover sat eg og prata med Albert Moe, bror til Aftenblad-mannen Jon Moe, og ein eldre mann frå Suldalsosen. Det var dei som fortalde om brørne frå Suldal som ville gifta vekk systera si. På den tida var eg Aftenblad-journalist i Sauda. Det var heilt utenkeleg for meg å notera ned dette med tanke på nokon gong å laga ein artikkel i Aftenbladet. Dermed har eg ikkje navn på folka som det blei fortald om på hurtigbåten frå Sand til byen denne morgonen i 1979.

Dei siste dagane har eg ringt til ein del folk i Suldal og spurt om dei har høyrt om dei to brørne og systera deira. Ingen kjenner til dette slik eg fortel dette, men det er liknande soger om kvinner som ikkje blei gifte i desse traktene.

Kan nokon hjelpa meg med fleire detaljer i historia som eg høyrde?

Kolbein Bakka har skrive denne kommentaren på Facebook:

Denne soga er nok ein variant av "Soga om Radle-Gyri", nedteikna i Suldalsposten 17. januar 1997 og forfatta av Daniel Hoftun. Seinare kom soga med i boka "De e så monge lesn", ei bok Suldal Mållag gav ut i 1999 med samling av mange av Daniel Hoftun sine soger

Bjørn Magne Bringeland har skrive dette på Facebook. Her har me truleg svar på det meste som eg ikkje visste:

Bjørn Magne Bringeland Jone Laugaland, jeg er medlem i Setesdal Sogelag. Jeg har undersøkt litt rundt historien over her. Man er selvsagt ikke sikker men flere mener historien du skriver om må være en noe omskrevet versjon av historien om gamle setesdølen Hallvor Bjåii. Det står i segnet om ham at ordet (om nytt giftermål) gikk bygdene rundt, etter hvert helt til Suldal og Mo. I denne soga navngis gifteklare Gyrid Blesjestad (Radle Gyrid) fra Suldal og de to brødrene hennes Torjus Belsjastad og T. Kaldhagen. Ikke ei kvige, men ei ku nevnes også, ei ku som Hallvor B gav fra seg i takknemlighet over at de to brødrene i alle fall hadde prøvd å skaffe ham kone og også hatt en lang (mislykket) tur fra Suldal. Det står om Hallvor B både i Gamalt or Sætesdal og i Norsk Folkediktning 3, soga om Hallvor Bjå.

torsdag 29. august 2019

Slo i hel ein bjørn på veg til barnedåp!



Med berre hendene drap lysebuane bjørnen då dei skulle til kyrkja
for å døypa eit barn. Teikning: Kåre Eikeland.


Folka som budde heilt inne i Lysebotn var tøffare enn dei fleste. Ein gong drap dei ein bjørn med berre hendene på veg til kyrkja, mennene frå Lysebotn.


I dag kan du reisa frå Lysebotn til Forsand på ein times tid med hurtigbåten «Lysefjord». For 150 år sidan brukte lysebuane seks timar på å ro til kyrkja på Forsand. Dei sette i veg på fjorden for å døypa ungane sine slik skikken var, men var ikkje alltid klar over om det blei gudsteneste på søndagen. Og i fjellsidene lurte rovdyra, både ulv og bjørn. 
Hurtigbåten «Lysefjord» ved Oanes vinteren 2013. Forsand i bakgrunnen.

Onsdag 11. september skal eg til Forsand og snakka om gamle rutebåtar og ferjer. For moro skuld har eg rota fram litt stoff om koss det var å bu der inne i fjorden i gamle dagar då korkje mobiltelefon eller internett var oppfunne. Dei fekk nok post av og til og det gjekk rutebåt heilt til endes i fjorden somme gonger. 

Det blei ein dramatisk tur då 18 menneske drog frå Lysebotn laurdag 10.oktober 1885 i ein åttringsbåt. Eit tre veker gammalt jentebarn, dotter til Siri og Halvard Auklend, skulle døypast i kyrkja på Forsand neste dag. Folk frå Lyse bruka to dagar når dei skulle til kyrkje. Dei skulle overnatta på Bergevik på Forsand natt til søndag.

I Håhellerlia gjekk det ein bjørn berre eit steinkast frå sjøen. Mennen i båten var rask til å bestemma seg. Dei ville ta bjørnen. Etter ein dramatisk kamp enda bjørnen i fjorden og blei drepen etterkvart. På laurdagskvelden kom kyrkjefolket til Forsand med dåpsbarnet og den daude bjørnen som seinare blei kalla Ingerbjørnen etter dåpsbarnet. 

Bjørnejakta laga reine sensasjonsstemninga på kyrkjebakken på Forsand dagen etterpå. Det blei reine valfarten ned til sjøhuset der bjørneskinnet hang på veggen.

Bildet er henta frå boka «Båten og bygda».
Dei var gode kyrkjefolk i Lyse, men dei hadde ein hardfør kyrkjeveg. Når dei gamle lysebuane rodde til kyrkje på Forsand, med to mann med kvar sitt årepar, rekna dei vanlegvis at det tok seks timars tid frå båtstøa i Lyse til støa på Forsand.

Lysebuane brukte både kykja på Forsand og på Høle. Sommarsdagen kunne det bli ei stråland ferd på fjorden, men det var ikkje berre om sommaren dei skulle til kyrkje eller byen.

Vêret og vindkasta kunne vera livsfarlege mellom fjella i Lysefjorden.

I boka «Båten og bygda», skriven av Jon Bergsåker, blir det fortalt om Marta Lyse, fødd i 1860-åra, som døypte alle dei 12 borna sine i kyrkja på Forsand eller på Høle.

Opptil fleire gonger hadde kyrkjefolket måtta snu då dei kom til Songesand, halvvegs ute i fjorden. Fyrst der fekk dei vita at det ikkje var preik på søndagen, korkje på Forsand eller på Høle. Då var det berre å snu og ro heim igjen med det udøypte barnet.

Det var så ruskut vêr at Tarald Songesand ikkje trudde det ville komma kyrkjefolk innante Lyselandet. Hadde han visst det, ville han rodd inn og varsla om messefallet. Det ville ha vorte i alt fire mils roveg inn og heim for å varsla.

I all si einfelde er det ein stordom frå det gamle grannelaget ein møte i dette kvardagsbilet av den gamle lysebuen, skriv Jon Bergsåker.

Kjelder: Bjørnedrapet skreiv eg sjølv om i ein artikkel i Aftenbladet 5. oktober 2008. Teikninga av Kåre Eikeland sto også der.
Boka «Båten og bygda» er skriven av Jon Bergsåker og utgitt av Høgsfjord Rutelag i 1977.

onsdag 21. august 2019

Hei Donald! Sjå vårt Grønland!


Grønland ligg midt i bildet, rett nord for
Line. Foto: Google.

Hei Donald!
Det er fleire Grønland å sjå på, Donald Trump.
Ikkje bry deg om dei arrogante danskane som ikkje vil selja Grønland til USA. Det er fleire Grønland å sjå på. 
Trur ikkje du er klar over at me har eit hendig lite Grønland her på våre kantar i Rogaland også. Ta deg ein tur nedom Sola når du fyke heim frå Polen i september. Så skal du få ein omvisning både på Grønland og dei andre Lineholmane som ligg rett over Byfj0rden frå oljebasen i Dusavik. Oljebasen har du som amerikanar sikkert høyrt om før. 
På Grønland fanga dei hare i fiskegarn i 1967.

På Grønland er det råd å driva forretning. For 50 års tid sidan blei det drive oppdrett av jærhare på denne øya. Kvar vår blei det sett i land hare her som fekk formeira seg fritt. Vinteren etterpå blei harane fanga inn med fiskegarn og sendte rundt heile landet til ivrige jegrar som var i beit for harar å jakta på. Det skal ha vore ein suksess. 
Det er berre å setja i gang hareproduksjon, Donald. Verda ventar på haren frå Grønland.
Eg har ikkje båt liggjande i Dusavik lenger, men du, Donald, finn heilt sikkert folk her som vil skyssa deg. Difor tek eg med litt opplysningar om Lineholmane og Grønland som du kan visa til dei  som vil skyssa deg. 
På Line har friluftsrådet laga ei god brygge. Eit godt utgangspunkt når ein skal utforska Grønland og dei andre øyane.

Lineholmane kallar ein mylderet av store og små holmar mellom Bru, Sokn og Åmøy. Uansett vindretning er det råd  å finna seg ei lun havn her i ei vik eller bak ein holme.
Då Rennfast-forbindelsen blei åpna i 1992, forsvann ferjene og hurtigbåtane frå dette farvatnet. Dermed er det ingen store og plagsomme sjøar fra rutebåtar å ta hensyn til når dreggen skal i sjøen.
Line er den største holmen og den mest populære. Skålavika er mykje brukt i nordavind. Her er det lunt og godt å bada.
Hvis vinden snur, er Jubavika og Linehavn best. Der får ikkje sønnavinden tak. Begge stader er det varierande dybder. Dermed kan både store og små båtar komma like inn til berget med baugen.
Grønland er også mykje brukt av småbåter. Før var det spesielt på austsida båtene lå. På andre sida var det for mykje ferjesjø. Men nå ligg båtane rundt hele holmen. Også Lineholmen og Lamholmen blir brukt av båtfolk.
Dei fleste småbåtar kjem til Lineholmane sørfrå, fleirtalet frå Stavanger. Frå nord stenger Åmøybrua for dei seilbåtane som treng ein fri høgde på meir enn 16 meter. Brua over Soknasundet er lågare, her er seilingshøgden 6,5 meter.
Krabbeteinene står tett rundt holmane. Det skulle tyda på at det er mykje krabbe. For dei som ikkje er interessert i krabbe, er det viktig å halda aua med teine-tauene. Dei kan lett enda i propellen.
Det meste av skogen på holmane blei planta av skuleungane frå Bru, Sokn og Åmøy i mellomkrigstida.
Line-navnet har eit usikker opphav. Det er lite truleg at det har samanhang med planteslaget lin som i gardsnavnet Line i Time. Kanskje er det noko som er beint, eit sund eller leia. Det kan også ha bakgrunn i fiske med line.
Navn som Grønland, Island og England blir av og til brukt på mindre holmar både i sjøen og innsjøar. Grønland kan også sikta til frodig vegetasjon.
Dette skulle vera nok både for Donald og andre lesarar som er opptekne av både små og store Grønland,