mandag 12. desember 2022

Jagarfly gjennom Suldalsporten!

 



Henry Imsland-teikning i Aftenbladet august 1955.



Dumdristige jagarfly-pilotar stasjonerte på Sola kunne vera til plage for folk rundt om i fylket i 1950-åra. Jagarflyet som flaug under Karmsund-brua i august var ikkje det einaste tilfellet av slik villmannsflyging.


Omtrent på same tida hadde Suldal besøk av ein liknande luftakrobat, går det fram av eit lesarbrev frå Nils G. Steinbru i Aftenbladet i august 1955. Flyet kom i låg høgde nedover Suldalsvatnet. Folk trudde kanskje at flygaren ville sjå litt på slåttekarane i Hamrabø og Kvilldal. Dei var i full sving på bøane akkurat då.  Deretter ville flyet stiga til vêrs igjen.


Men nei. Dette flyet heldt stø kurs med litt skrå vinkel – og rett gjennom Suldalsporten.


?Jau då, om porten heiter å vera trong, så går det fint, endå til med god fart. Det vil helst gå godt, skreiv Nils G. Steinbru.



Bernt J. Høie frå Kvitsøy opplevde også nærkontakt med jagarflya i sin oppvekst på Kvitsøy:


Pappa og eg opplevde å bli målskive for ein jetjagar då me låg og drog opp trollgarna innani Kvitsøyholmane.


Først såg me berre silhuetten framanfrå og høyrde mest ikkje ein lyd. Det såg ut som om dei skulle skyta på oss. Då det var 50 - 100 m ovanom oss,  snudde det oppover i sirkelen dei fulgte. Det vart eit forferdeleg spetakkel.


Me vinka og knytte nevane. Men dei fortsette i minst fem minutt med sirkelbevegelsane!


Kvifor var det slik på denne tida?


"På 1950-tallet foreberedte Luftforsvaret seg på en krig som kunne komme når som helst. Øvelser og beredskap førte til en meget hektisk aktivitet ved de norske skvadronene. De norske militærflygerne var innforstått med at de når som helst måtte ofre alt – hvilket mange også gjorde. Fra 1950 til 1959 fant det sted 95 fatale flyulykker i det norsk luftforsvaret, inkludert fly ført av nordmenn under utdanning i Canada og USA. Disse ulykkene kostet 116 militærflygere livet."


Minnehøgtid for to norske flygarar som omkom utanfor Utsira i 1955. Dette er frå Rogalands
Avis i november 1955.

Dette skriv Sondre B. Hvam i ein artikkel om norske militærfly-ulukker under den kalde krigen. Heile artikkelen kan lesast på nettstaden idunn.no.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar