fredag 9. desember 2022

Jetfly under Karmsund-brua!

 

Frå fyrstesida på Aftenbladet 11. august 1955

Jetflyet kom susande i låg høgde sørover i Karmsundet med ein fart på 600 – 700 kilometer i timen. Byggearbeidet på Karmsund Bru pågjekk for fullt denne flotte august-dagen i 1955. Det var to månader før brua blei åpna. Rutebåten "Haugesund" var på veg i si vanlege rute nordover frå Stavanger med fleire hundre passasjerar om bord. Båten skulle snart passera brua. Då skjedde det som var heilt uventa:


Den unge piloten svinga ikkje unna. Tvertimot. Han flaug under brua og så steig han rett opp. Folka i styrehuset på "Haugesund" trudde knapt sine eigne auer og arbeidsfolka på brua var både sjokkert og sinte. Under brua var det ein klaring på 46 meter. Viss piloten hadde vore litt uheldig, kunne han forårsaka ein katastrofe.


Fyrstesida på Aftenbladet fredag 12. august 1955.


Villmannsflyginga som skjedde ved 12-tida onsdag 10. august fekk stort oppslag i avisene både i Stavanger og Haugesund. - Jetflygaren som er den fyrste som har prøvd seg på dette vågestykket. Ein håpar han blir den siste. Piloten kan venta seg eit alvorleg oppgjer med sine overordna. Han risikerer å bli stilt for krigsrett, skreiv Haugesunds Avis. Arbeidarane på brua var dei som reagerte sterkast på villmannsflyginga. Dei hadde eit arbeid som var nervepirrande nok om ikkje unge pilotar skulle leika seg omkring dei med livet som innsats, sto det vidare i avisa.


Kven var denne galningen som var ute med dette jetflyet? På flystasjonen på Sola kom denne meldinga uventa. Det hadde vore både norske og amerikanske fly i lufta denne dagen. Og det var grunn til å tru at det flyet kom frå Sola.


Sjefen for Luftkommando Vestlandet, oberst Erling Munthe Dahl, sa at denne flyginga var heilt ureglementert og skulle etterforskast. Han etterlyste også folk som kunne ha sett flyet og som eventuelt hadde sette kjenningsteikna på flyet.


Lågtflygande jetfly var ei plage for mange på 1950-talet, går det fram av ein artikkel i Haugesunds Dagblad. Jetflya fauk ofte lågt over tettbygde strøk og gjorde halsbrekkande manøvrer som sjokkerte folk. Det var tydeleg at pilotane ikkje respekterte forbod mot å flyga altfor lågt. Ikkje minst var pelsdyr-oppdrettarane plaga av denne aktiviteten.


Det var stor militær aktivitet på flyplassen på Sola i 1950-åra. Luftforsvaret hadde opptil 200 fly og det var ein bemanning på opptil 1200 mann ved Sola flystasjon.   


Blei galningen tatt?


"Den amerikanske flygeren som fløy under Karmsund bru i forrige uke, ble sendt ut av landet og tilbake til stasjonen i Tyskland en time etter at han hadde tilstått, får Aftenbladet vite i Luftkommando Vestlandet. Hans overordnede vil få full rapport, og her har man fått beskjed om at amerikanerne ser svært strengt på slik vettlaus flyging."


Dette skreiv Aftenbladet 19. august 1955. Eg har ikkje funne meir i arkiva kva som skjedde med denne piloten seinare. 


Oberst E. Munthe-Dahl sa vidare til Aftenbladet at det var utenkeleg at nokon liknande ville gjenta seg.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar