søndag 3. oktober 2021

Bestemor la ned veto: Harry skulle ikkje bu på Waisenhuset!

 

Til Gåsdalen kom Harry Breiland som fire-åring i 1953. Her voks han opp hjå besteforeldra saman
ein onkel og to tanter.



- Harry skal ikkje tilbake til Waisenhuset! Han skal bu her. I Gåsdalen!


Det fire år gamle barnebarnet sette følelsane i sving hjå den elles fredelege Kjersti Breiland. Harry hadde vore på sommarferie hjå besteforeldra og bestemora i Hjelmeland. Kjersti orka ikkje tanken på at barnebarnet skulle veksa opp på barneheim i Stavanger. Og slik blei det.


17. juli 1949 blei 26-årige Jenny Breiland mor til ein velskapt gutt. Det sto ingen stolt far klar til å ta seg av mor og barn. Jenny som var døv og arbeidde som syerske på Consul konfeksjonsfabrikk, blei nå einsleg mor.


Det blei ei vanskeleg tid. Ingen ville ta på seg farskapet. Etter ei bitter rettssak blei ein mann dømt til å betala bidrag for gutten og dermed var han ute av soga.


Ein blid Harry hjå fotografen.



Kor skulle Jenny nå gjera av seg? Ho var frå Hjelmeland og nummer fire av sju sysken. Fem av syskena var døve. Det kan henda at Jenny ikkje følte at ho hadde fått god støtte frå familien i denne vanskelege situasjonen. Det er det ingen som veit sikkert i dag.


Ho reiste ikkje heim til foreldra i Hjelmeland.


Men ho hadde andre venner. For både Jenny og dei andre døve syskena hadde som sju-åringar blitt sende vekk på døveskule i Oslo i sju år. Dei var berre heime i Gåsdalen på jule- og sommarferie. I dette skulemiljøet fekk både Jenny og dei andre syskena venner for livet.


Jenny tok med seg vesle Harry og reiste til Oslo.


?Eg har aldri greidd å finna ut nokon ting om kor me budde i Oslo eller korleis mor greidde å skaffa pengar til å overleva her. Sjølv hugsar eg naturleg nok ingenting av opphaldet i hovudstaden.


Men Harry har dåpsattesten. Der står det at han blei døypt i Vestre Aker kirke i 1951.


Seinare samme året kom mor og barn tilbake til Stavanger. Jenny fekk jobb igjen på Consul konfeksjonsfabrikk.


Ein sein kveld i 1951 oppsøkte Jenny Breiland barneheimen Waisenhuset i Stavanger. Ho spurte om dei hadde plass til Harry. Der fekk to-åringen plass.


Sommaren 1953 kom Harry til Gåsdalen på sommarferie. Der blei han verande.


Besteforeldra til Harry, Kjersti og Tore Breiland, med sine sju barn. Framme frå
venstre: Karen, Kjersti, Bertha, Tore og Jenny. Bak frå venstre: Johan, Karl Teodor,
Trygve og Egil.



Fire-åringen fekk rikeleg med vaksne folk rundt seg. Bestemor Kjersti (1890), bestefar Tore 1892, tante Karen (1916), onkel Trygve (1918) og tante Bertha (1921). Onkel og tantene var døve.


- Eg hugsar ingenting frå Oslo-tida eller Waisenhuset. Mitt fyrste minne er at eg sat på hesteryggen då me kjørte inn høyet i Gåsdalen, fortel Harry.


Guttungen lærte ikkje berre å snakka. Teiknspråket blei også ein naturleg del av læringsprosessen. Det muntlege språket til dei døve var ikkje akkurat heilt korrekt hjelmelandsdialekt. Fyrsteklassingen måtte "rydda opp" i talespråket sitt. Harry sleit med norsken dei fyrste åra då på skulen.


Dette er fyrste avsnittet i historien om Harry og oppveksten hans. Eg bloggar vidare i dagane som kjem.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar