Før i tida blei turistar frakta med karjol gjennom Brattlandsdalen. Me tek buss. Postkort frå 1907 henta frå boka "Helsing frå Suldal" utgjeven av Suldal sogelag. |
Før andre ferierande har fått auer i
morgon, sit me og gyngar i ein buss på veg inn i det innerste
Ryfylke der folk gjekk i bunad og kjørte karjol til kvardags for
over 100 år sidan. Brattlandsdalen! Here we come!
Fleire dagar har gått med til å hamra
på PC'en og knotta på mobilen før me la ut på ekspedisjonen som
har fått det krevande navnet "Southern Norway in a nutshell". Dette
siste er engelsk og betyr skistav, som dei fleste veit.
Bunadsjenter og utanlandske turistar i Bratlandsdalen. Ventar ikkje å sjå slike jenter nå. Postkort frå M. M. Lohne, Christiansand. |
Døme på Kolumbus-buss. |
Der opplyser internett at det skal stå
ein grøn rutebuss frå Kolumbus og venta på båten. Denne bussen
skal ta oss over Sandsfjorden til Sand og vidare til Suldalsosen.
Den første store testen på
reiseførebuingane våre ventar på Osen. Herfrå går det ein
bestillingsbuss langs Suldalsvatnet, forbi alle bunadsjentene i
Bratlandsdalen, til Røldal. Eg har personleg ringt til eit
busskontor i Suldal og snakka med ein mann som forsikra meg om at
denne bussen går så sant dei har fått bestilling. I tillegg har eg
sendt ein mail, eller e-brev som naboen min seier, til Kolumbus og
bestilt bussen. Kolumbus har svara meg og lova at det blir skyss.
Men du veit jo aldri. Eg trur ingenting
før bussen er på veg mot Røldal.
I Røldal går det andre bussar. Har du
høyrt om Haukeli-ekspressen? Det har me og, men aldri reist med den.
Den ambisiøse planen omfattar fleire
bussar og rutegåande kollektivmidler. Eg vil ikkje røpa meir. For
alt kan gå gale før me kjem til Bratlandsdalen. Bunadsjenter har me
ikkje bestilt.
Men viss alt funkar, blir det ikkje
lenge til neste blogg. Hald ut!
God tur...men for all del: ikkje forlang at bussen skal ta deg over Sandsfjorden på veg frå Jelsa til Sand for Ropeidferja har slutta å gå :-)
SvarSlettUff!
Slett