tirsdag 6. september 2016

Flybensin-drama i Åmøyfjorden!



Aftenbladet lørdag 26. oktober 1957.

- Alarm i Åmøyfjorden, melder Aftenbladet med store bokstavar på fyrstesida lørdag 26. oktober 1957. Flybensinen flyt i fjorden etter at den britiske tankbåten "British Drummer" har gått på Klovningen i Åmøyfjorden ved midnattstider. Det er forbud mot bruk av åpen eld på Åmøy og Rennesøy.

"British Drummer", tilhøyrande British Petroleum, kom frå Grangemouth i Skottland  og var lasta med 5000 tonn bensin som skulle lossast ved tankanlegget til Norsk Brændselsolje på Lurahammaren. Skipet med ein besetning på 35 - 40 mann hadde vore på Lurahammaren mange gonger før. Skipet tok norsk los ved Feistein seint på fredagskvelden. Han var på brua då skipet grunnstøytte i regntjukne.

Grunnstøytinga var så kraftig at braket kunne høyrast på Åmøy. "British Drummer" blei ståande med baugen oppå holmen i kurs mot fyrlykta.

Årsaka til at eg bloggar om dette: Det finst folk på Strandalandet som trur at dei berre kan ta ein telefon til meg viss dei lurer på noko med ein gammal båt. - Eg hugsar ein svær båt som sto på land ved Klovningane. Me såg den frå Tau då me gjekk heim frå skulen. Trur det var ein Stavangerske-båt. Finn det ut for meg, kommanderte den pensjonerte skipperen. Etter å ha snakk med ein del folk som veit meir enn meg om ulike dramastiske hendingar i fjordane vår, fann eg fram til denne hendinga i Aftenblad-arkivet som er ei gullgruve for alle som er interesserte i gamle dar. Det var Per Heng frå Tau som hugsa navnet på "British Drummer"  og dermed var det berre å søka i veg.

Det var nok "British Drummer"  fyrsteklassingane på Tau, Helge Strand, Hogne Fjellanger og dei andre småungane såg då dei gjekk heim frå skulen i oktober 1957.

Dei britiske sjøfolka blei om bord i det grunnstøytte tankskipet heile tida. Heile området blei sperra av politi og brannvesenet på grunn av eksplosjonsfaren. Folk var varsla over NRK om den dramatiske situasjonen.


Aftenbladet 28-10-1957.

Slepebåten "Rosenberg V" låg saman med andra båtar klar på god avstand for å trekkja havaristen av grunnen når det blei gitt klarsignal.

- Det er stritt ikkje å få seg ein røyk, sa ein Åmøy-mann som Aftenbladet sin utsende møtte laurdag formiddag. Men Åmøy-mannen håpa at alle tok forbodet mot åpen eld alvorleg så lenge det var eksplosjonsfare. Og tenk så godt det blir med ein røyk når faren er over, sa mannen. Forbodet blei ståande over helga. Om Åmøy-mannen greidde å avstå for røyking så lenge, veit eg ingenting om.

"British Drummer" sto godt på Klovningen. Det blei gjort fleire forsøk på å dra havaristen av på lørdagen. Men fyrste etter at 300 tonn med bensin var lasta over i tankskipet "Banco", greidde "Rosenberg V" å trekkja tankskipet av grunnen natt til søndag.

"British Drummer" blei ankra opp i Åmøyfjorden. Etter kort tid kom tankskipet "British Bugler" til Åmøyfjorden og henta 4200 tonn bensin som blei ført til Trondheim. "British Drummer" blei liggjande ei tid ved BP-anlegget på Lurahammaren for å lufta ut tankane. Deretter gjekk skipet til Rosenberg for å bli reparert.

Då tankskipet gjekk ut av dokka på Rosenberg var det blitt norsk. Oslo-rederiet Ruud Pedersen var ny eigar. "Anella" blei det nye navnet. Året etterpå overtok Butcha Godager og nå blei navnet "Norse Commander". Tankskipet var i drift fram til 1966.

28. november 1957 melde Aftenbladet at det hadde vore nye sjøforklaring etter "British Drummer".
Det var Rosenberg Mek. Verksted som hadde begjært sjøforklaring. Dei ville ha avklart om "Rosenberg V" hadde berga "British Drummer" eller berre gitt assistanse. Spørsmålet var nok om kor stort beløp Rosenberg hadde krav på etter dramaet på Åmøyfjorden. Svaret har eg ikkje funne i avisa.
















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar