torsdag 20. juni 2024

Fargerike Olav Erfjord er død

 

Olav Erfjord i sitt rette element heime på Erøy.



Olav Erfjord frå Erfjord er død, 77 år gammal. Den fargerike erfjordbuen er det mange som vil hugsa med glede. Han likte folk og kom i kontakt med mange opp gjennom åra.


Som dei fleste andre unge ryfylkingar drog også Olav Erfjord til byen for å få seg arbeid. Olav fekk etterkvart jobb som bybuss-sjåfør og blei fast mann på rute 11 mellom Tasta og Åsen. I byen møtte han Annelise som blei kona hans.


Olav Erfjord, framme til venstre, saman med sjåførkolleger i Stavanger. Foto frå 
Rogalands Avis.



Ekteparet flytta seinare til Erfjord og busette seg på farsgarden som Olav seinare overtok.


Olav Erfjord likte å vera på farten. I 1982 blei han skipper på Vegvesenet sin båt «Vølaren». Dei tre karane om bord i denne båten tok seg av vedlikehaldet av alle ferjekaiane i Rogaland, frå Skudenes i vest til Sand i aust. Mange hugsar nok ennå båten i gult og svart som låg ved ferjekaiane av og til.


Olav Erfjord, her til høgre, var skipper på "Vølaren i mange år. Bilde frå Suldalsposten. 




Melkebåten «Kløver», bygd i 1955, hadde Olav Erfjord eit godt auga til. Han kunne aldri gløyma denne båten som var bygd på Erøy og som frakta melk og passasjerar mellom Erfjord og Sand fram til Ryfylkevegen gjorde båten overflødig i 1965. Båten havna etterkvart i Sverige.


For 25 år sidan blei det laga ei arbeidsgruppe med Olav Erfjord som primus motor. Dei jobba for å få «Kløver» heim til Erfjord igjen. Dette blei ikkje realisert. «Kløver» blei liggjande og forfalla i Sverige.


Då sambygdingen Paul Sverre Fyljesvoll tok opp igjen ideen om å få «Kløver» tilbake i 2016, var Olav Erfjord ein heilhjerta støttespelar. Han var med til Sverige og deltok i arbeidet med å få båten såpass i stand at dei kunne setja kursen for gamlelandet igjen. I 2016 var båten trygt heime på Erøy.


Blide karar, Paul Sverre Fyljesvoll og Olav Erfjord, pustar ut i Tananger i 2016. Vel i havn 
med "Kløver" etter overfarten frå Sverige. 



Ikkje nok med det. «Kløver» fekk plass ved Olav Erfjord si bryggje og han hadde plass slik at det kunne lagast ein slipp for båten der den kunne tilbakeførast til fordums glans. Tømmeret som gjekk med til å setja det gamle treskroget i stand, blei henta frå Olav Erfjord sin skog.


Annelise og Olav fekk tre barn. Men Olav Erfjord blei enkemann i 1995.

Nå var han sambuar med Signe Karin Natland Larsen. 

Olav Erfjord har 10 barnebarn.


Han blir gravlagt frå Erfjord kyrkje fredag 21. juni.


"Kløver" i fordums glans. 





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar