tirsdag 31. juli 2018

«Stordøy» forsvinn frå Erfjord til Irland

I 30 år gjekk «Stordøy» med panner frå Årdal. Nå
forsvinn den til irsk kystfart. 


Lastebåten «Stordøy» er ute av Erfjord-soga. Bøen-brørne Edvard og Kjell har seldt båten til irske eigarar som skal setja inn båten i lasterute på vestkysten av Irland. Nå ligg båten på verkstad i Egersund der den skal skifta navn og flagg før den forlet gamlelandet.

«Stordøy» har vore eit fast innslag i dagleglivet i Erfjord i 70 år. I 1948 kom den 52 år gamle fiskebåten «Stordøy» dampande inn fjorden og klappa til kai på Erøy. Den fjerde «Stordøy» gjekk sin siste tur med betongpanner frå Årdal til Sandnes, Haugesund og Bergen i begynnelsen av juli.


Brørne Kjell og Edvard Bøen i styrehuset på «Stordøy» i 2011. 

- Me har hatt kontakt med dei irske kjøparane sidan november i fjor, fortel Kjell Bøen som saman med broren Edvard og Joar Skjerahaug har vore fast inventar på «Stordøy» i alle år.

Heile besetninga har alderen inne for å kunna heva pensjon. Skipper Edvard er 71 år, maskinist Kjell er 67 år og den kokekyndige matrosen Joar Skjerahaug er 60 år.

I nesten 30 år har dei tre karane farta med denne båten langs Vestlandskysten med base på Erøy i Erfjord. Omtrent kvar einaste helg har båten vore på sin faste plass. Dei seinare åra har helgene til dels blitt ganske lange. Onsdag eller torsdag har dei teke helg. 


Joar Skjerahaug, i trucken, har seilt med Bøarane i heile sitt vaksne liv. 

«Stordøy» har henta betongpannene like ved fabrikkveggen i Årdal og frakta dei vidare til byggefirma med lager ved sjøkanten i Sandnes, Haugesund og Bergen. Tidlegare gjekk dei ein rundtur på vinterstid og to i sommarhalvåret når byggjeaktiviteten tok seg opp. I den seinare tid har det ikkje vore like travelt. 

- Trailerane klarte ikkje å konkurrera oss ut. 450 tonn eller 15 trailerlass kunne me ta med oss. Dermed var det plass til oss. Men det virka ikkje som om det er andre båtar som er klar til å overta denne farten. Nå går pannene frå Årdal på trailer. 

Sjølv om «Stordøy» er 38 år gammal, er den i god stand. Bøarane er kjende for å sjå godt etter båtane dei har hatt. Dei har ikkje hatt alvorlege uhell på dei åra dei har slingra seg langs kysten. 

«Stordøy» den fjerde blei bygd som «Fagerfjord» i Rognan ved Bodø. 

Bøen-familien eller Bøarane som dei sa i Ryfylke, har vore kjende fiskarar i fleire generasjonar. Gamle Edvard Bøen, bestefar til Edvard og Kjell, hadde skøyta «Forglemigei» og hadde med seg sønnene Ola, Erling, Bjørn (Bjødne) og Magnus på fiskeria. Seinare kjøpte dei dampsnurparen «Stordøy» og bygde også «Bøen senior».


Mange hugsar den fyrste «Stordøy» som lastebåt i
Sauda-ruta fram til 1978. 


Den fyrste «Stordøy» som fekk dieselmotor i 1951, gjekk over i lastefart då islandsfisket og storsildfisket svikta på slutten av 1950-talet. Den gjekk i mange år som lastebåt for Stavangerske mellom Stavanger og Sauda. 

Fiskeritradisjonane til Bøarane blir i dag ført vidare av Einar Bøen, sonen til Bjørn. Han er stadig aktiv med kystfiske båten «Bøen». 

Sonen til Edvard, Erling, er overstyrmann i eit havfiske-rederi frå Austevoll.

(Bilda til denne bloggen tok eg i 2011 då eg laga ein reportasje om «Stordøy». Den sto på trykk i Aftenbladet 1. mars 2011.)




  







søndag 1. juli 2018

Falma flagg og ei full do-bøtta!


Falma flagg på seilbåt i Tananger.


Med den fulle do-bøtta i handa sto familiefaren klar til å tømme innholdet over båtrekka og ut i sjøen i den danske gjestehavna utan at nokon såg det. Båttoalettet hadde svikta. Familien på seks måtte bruka ei bøtte som reserve-løysing. Lite kjekk situasjon, forstår du.

Båteigaren gjorde ein tabbe. Han sto klar og skulle tømma bøtta akkurat klokka ni då alle tyskarane sprang opp or kahytta og skulle ta ned flagget sitt.

Du ser det for deg: Den stakkars nordmannen ved rekka med dobøtta og alle dei tyske båteigarane som står og tek ned sitt dyrebare, tyske flagg. - Ordnung muss sein, seier tyskarane og dermed trur me enkle nordmenn at slik er det. Du ser aldri ein tysk seilbåt der flagget heng ute og dinglar heile natta.

Slik var det kanskje før. Men sjøl tyskarane har blitt slurvete med båtflagga sine. Det finst ikkje greia med dei heller i dag!

Postflagget skulle ein ikkje tulla med. Slik er det vel ennå?


Eg er verken pedant eller flagg-fanatiker. Men eg sommarjobba som matros i min ungdom. Då var dette med å få opp postflagget om morgonen klokka åtte og ned om kvelden til rett tid klokka ni ein del av den daglege rutinen. Viss du såg eit flagg som hang ute midt på natta, var dette eit bevis på at dette var ein båt totalt utan style eller stail som me sa i den tida.

Kjeft av skipperen for å ha gløymt flagget, har eg også fått.

Å ha flagg oppe og lanterner tente, var også feil, blei det sagt om bord. Og så hadde du desse festdagane då alle signalflagga skulle heisast opp i alle master. Ei sann plaga. Dei gamle matrosane banna stygt viss det kom regn og flagga var klissblaute når dei blei dregne inn. Flagga måtte hengjast opp og tørkast rundt forbi i gangane om bord.

Det er lenge sidan min ungdom. Sonja Haraldsen var verken blitt kronprinsesse eller dronning då eg
begynte på båtane. Trur du ikkje at ho påførte oss om bord ein flaggdag til i juli. Der hadde jo Kong Olav i frå før, 2. juli. Trur du ikkje ho hadde 4. juli. Nei og nei.

På grunn av mi fortid på ferjer og fjordabåter har eg passa på at flagget er blitt sett på plass når det skulle.

Eit falma flagg som eg oppdag på ein seilbåt i Tananger for ein månads tid sidan, fekk meg til å sjå meg rundt.

Midnattsflagging i Motala.


I gjestehavnene i Gøta Kanal heng åtte-ti flagg, det norske inklusive, oppe døgnet rundt. Eit svært svensk flagg på hekken på kanabåten «Wasa Lejon» hang oppe døgnet rundt. Berre eit fåtal av lystbåtane tek inn flagga om kveldane. Slik er det blitt.

"Wasa Lejon" har det svenske flagget oppe døgnet rundt. 


Me som var på båtane i den tida då den legendariske Rasmus Kyvik var mannskapssjef  i Stavangerske, tykker dette er eit forfall.

Kor skal dette enda henne?

Internett var også bedre før. Det høyrte eg mann som sa på svensk radio her ein dag.



lørdag 23. juni 2018

Gammal bergenser i skilsmisse-diket!


«Wasa Lejon» er ein gammal kjenning for bergensarar.
I mange år hadde den navnet «Herdla» og seinare «Manger».


Kan ein motorbåt på over 30 fot forlisa i ei slusa i Gøte Kanal? Eg kjenner damer som trur det. Sjølv er eg fødd livredd, men prøver å skjula det så godt eg kan. Men ho som eg er gift med  er ekspert i å ta sorgene på forskudd. Det var ho som hadde lyst til å ta ein ny tur til kanalen som går tvers gjennom Sverige. Har gleda seg eit heilt år. Men ho angra då slusinga starta.

Er tauene våre lange nok? Du må ikkje gløyma redningsvesten. Stopp motoren, du er inne i slusa, ropar ho frå fordekket. Ikkje nok med at eg skal passa på båten. Kånå må også roast ned.

Det rare er at at det går godt. Når alt er i gang, greier ho ordna opp. Men hjelpe meg på forhånd.

For 17 år sidan gjekk med rundt heile Sør-Sverige. Rundt dette Skåneneset og inn i Østersjøen. I Kalmar var me inne i ein båtutstyrsbutikk. Ho du vett, ville ha sånne strømper til å tre utapå fendrane.

- Veit du kva dei kallar Gøta Kanal her i Sverige, spurte butikkmannen.

- Nei?

- Skilsmissediket.

Nifst høge sluser i Trollhättekanalen mellom Gøteborg
og Vänern.


Mange svenske ekteskap har tydelegvis forlist i kanalen. Du ser det for deg. Brølande, nervøse båteigarar som stressar kånene gjennom 58 sluser mellon Vänern og Østersjøen. Viss ekteskapet skranta før turen, gjekk det i knas viss slusinga gjekk i dass.

Ho som eg er gift med, blei nervøs då ho høyrde om desse skilsmisse-greiene. Men det gjekk etter måten greit heile turen over til Vänern. Men du slette tid då me skulle ned dei siste seks slusene frå Vänern til Gøteborg. Der gjekk kånå i fistel! Desse slusene er mykje større. Her går det lastebåtar og dei treng større sluser. Det var himmelhøgt når du såg opp til slusekanten når frå botnen.

Me overlevde det og. Kom oss vel heim. Forresten hadde me berre fint vêr og traff mange kjekke folk.  Begge ville  prøva ein gong til før me gjekk i frø.


Berit feiraslusinga  med bobler i Vänersborg. 
I år starta med frå andre sida. Begynte med dei store slusene opp til Vänern. Klorte oss fast i sluseveggen så godt me klarte. Og feira med bobler i Vänersborg.

Det var kanskje i tidlegaste laget.

For  båten vår er blitt større nå. Det blei litt trangare om saligheta i eit par sluser. Ein svær svensk kabinkruser på over 40 fot sluste saman med oss.
 Pluss ein trøttande vind som herja litt med båten når me skulle setja fast inn i slusene. Nå har me vore i Kanalen i seks dagar. Humøret er stadig til å leva med og i går kveld møtte med ein gammal bergenser som eg kjente igjen frå mi studietid i Bergen.


Gammal kjenning frå Bergen. 

«Wasa Lejon» var navnet på båten som me traff i går i kanalen mellom Motala og innsjøen Roxen fullstappa med turistar.  Syns eg hadde sett den før og var rask til å googla då det blei kveld. 



Denne turistbåten var bergenser i over 30 år. Den starta karrieren i 1946 med navnet «Fjordbussto». Eit år seinare skifta den navn til «Manger». I 1979 kjøpte Nils Agasøster på Bømlo båten. Det gjekk ikkje meir enn eit år før den gjorde svenske av seg. Den har vore turistbåt på kanalen i alle år etterpå. Først med navnet «Lejon» og 1993 som «Wasa Lejon». Den ligg midt i Berg-slusene om nettene i turist-sesongen. Den har travle dagar nå. 

Om eit par-tre dagar er me ute i Østersjøen viss alt går etter planen. Håpar at me ikkje får større utfordringar enn at det går bra med oss. 

God jonsok og helg!




torsdag 21. juni 2018

Frå strålande sol til silregn på den siste, lange båtferien

Sola går ned over Bru 26. mai. Flott natt ved Line.


Ingenting varer evig. Ikkje ein gong strålande sommarvêr gjer det. Den lange båtsommaren vår starta som eit langt solbad. Nå ligg me i Motala, midt i Sverige og ville blitt pissevåte viss me hadde våga oss ut av båten. Slik var det ikkje før. I 2001. Då gjekk med heile Gøta Kanal, frå Østersjøen til Kattegatt. Ikkje ein regndrope!

Heilt sidan påske har den store båtturen stått i fokus. Me var i Bergen hjå båtfabrikanten Viknes for å få motor-service og få ordna ein del andre småting. Gasslangen blei skifta. Den var altfor gammal!

Gjestehavna på Tau med internett og gamle "Idsal" som dekorasjon i bakgrunnen.


For å sjekka at alt var OK i båten før me flytta om bord, er det blitt gjennomført to prøvetokt med innlagt overnatting. Ei natt i båthavna på Tau og ein flott solnedgang med følgjande fredeleg natt ved Lineholmane.

Gustav Tveit på Vikevåg har slipp. Rett etter pinse gjekk båten opp for å bli vaska og smurt etter alle kunstens regler. Alt gjekk som planlagt. Men då eg pussa propellen oppdaga eg at det var komme ein gummi-ring ut frå hylsa og låg rundt akslingen bakover mot propellen.

Eg tok bilde og sendte det til Bo Andrè på Viknes. - Kan eg dra på langtur med dette? Nei, svara Bo Andrè. Skulle me berre avlysa heile turen?

- Viss eg kjem til Bergen neste veke. Kan du hjelpa oss?

- Me hjelper alltid deg. Men ikkje på mandagen, svara Bo Andrè.

Fyrste helga på turen skulle me liggja i ein sjarmerande. sørlandsby. Me
enda i Strusshamn på Askøy. Sjarmerande der også.


Fredag 1. juni var det planen å begynna på turen sørover mot Gøta Kanal. I staden gjekk me til Røvær. Flott fredagskveld.  Resten av helga låg Sverige-fararane i Strusshamn på Askøy og venta på at det skulle bli tirsdag.

Mandag ettermiddag gjekk me til Viknes-anlegget i Bakarvågen for å vera klar til neste morgon. Der hadde dei ikkje tatt kvelden slik me trudde. Då Piddien, assistenten til Bo Andrè, såg oss, blei båten løfta på land før me visste ordet av det.

Min sjokkerte ektefelle hadde ikkje tenkt seg å overnatta
i båt på land.


Båtfolk har me vore i 30 år, men for fyrste gong på desse åra har me overnatta i ein båt som sto på land. I denne bransjen er det betre å krypa i det sure eplet enn å hoppa i det. Båten lea seg ikkje.

Cutless-lageret var navnet på dette hylse-greiene som blei skifta ut. Klokka sju om morgonen var Piddien i sving med å skifta ut lageret. Klokka 10 gjekk båten på sjøen igjen. Me var klar for å dra sørover igjen.

Planen var å skriva ein og annan blogg på vegen, men det har ikkje vore lett å få tak i nett. I gjestehavna på Tau var det flott opplegg med gjestenett. Etterpå har eg ikkje funne den slags i båthavnene. Eg har vel ikkje hatt så mykje tid til å skriva heller. I dag har me lagt oss i ro i Motala.

I går kveld var me på Hamnkrogen som ligg heilt ute på kaikanten her. Eg spurte om dei hadde wifi for gjestene. Så klart. Dermed hadde eg pin-koden og var eg inne. I dag har eg brukt PC'en i fleire timar.

Viss eg få nett-tilgang seinare i sommar, kjem det kanskje meir opplysande stoff om turen.

- Trevlig midtsommar, seier dei her i Sverige i dag. Hei og hå!

Hamnkrogen, Motala, blei Jonebloggens fyrste sponsor.
Eg brukte nettet frå krogen til å få dette ut. Spurte ikkje, men.







onsdag 23. mai 2018

Svær fjordabåt gjennom smalt sund i Ryfylke




Djupasund ligg midt i leia mellom Finnøy og Hjelmeland. Foto: Bloggaren.

Viss du er på båttur med eigen båt i Ryfylke, er det kjekt å ha ein del godbitar på lur når du har invitert folk med deg og vil imponera gjestene. 

Fisterøyane ligg midt i smøraua viss du er på fjordatur. Her er det vakkert og passeleg tronge farvatn til at du kjem nær holmar og skjer utan at det utartar  til nokon sjanseseilas. Sjå på kartet og følg nøye med fyrste gongen du ferdast her, så veit du kor du er neste gong du går same leia. 
Her finn du Børøy i Hjelmeland kommune. Kart: Google.

Djupasund finn du mellom Børøy og Børøyholmane i Hjelmeland kommune. Det er djupt som navnet fortel, men ganske smalt. Viss du skal frå Finnøy til Hjelmeland/Fister eller omvendt, kan det vera ein snarveg å gå gjennom dette sundet. 

Når du går inn i sundet, ser du fort staken som visar kor du skal gå. Det er djupast på Børøy-sida. Viss det ikkje er møtande trafikk, kan du berre peisa gjennom sundet. 

Viss gjestene dine gjer store auer og er usikre på om du har kontrollen, kan du berre slå ut med handa og seia som eg pleier: 

- Ikkje farleg å gå her med den litle båten vår. Her gjekk «Hjelmelandsfjord» si tid. 

Og det er ikkje tull. Dette kan eg dokumentera:


Onsdag 20. juli 1960 var «Hjelmelandsfjord» på ekstratur med Aftenblad-lesarar.  Då gjekk den gjennom Djupasund.

Nesten 300 passasjerar var om bord i båten denne kvelden. Djupasund var eit høgdepunkt på turen. Ifølge avisa var det ein ferierande skipskaptein i utanriksfart med på turen. Han sendte helsing til kaptein Johan Warland på tur og gratulerte med godt sjømannskap. Om alle andre skipskapteinar ville vore like begeistra for slike oppvisningar, er eg slett ikkje sikker på. Den var jo litt dristig med den svære båten.


Men nå har du iallfall fått tipset om eit kjekt, smalt, men djupt sund i idylliske Ryfylke. Du treng ikkje vera redd for å gå på grunn her.

Ryfylke friluftsråd har laga ei 18 meter lang brygge på den søre Børøyholmen. Fin plass å liggja viss det ikkje er nordavind. Favorittplassen min i dette området er steinbrygga på Fårøy tvers overfor Børøy. Flott plass, der det fort blir opptatt.

 Men på dei flotte sommardagane me har nå, er det nok lett å finna plass for dei som har fri og kan nyta den tidlege sommaren. Det blir meir kamp om plassen når skuleferien startar. God tur!

Føler det heilt naudsynt med et bilde av «Hjelmelandsfjord» til slutt i denne bloggen:

«Hjelmelandsfjord» på veg frå byen. «Fjorddrott» til venstre. Foto: Stein Erik Gilje.

Arild Hansson Då eg sommarjobba på Hjelmelandsfjord va eg me fleire gonger gjønå der. På 60-talet ein gong styrte eg og.

Helge Salte Begynte i «selskapet» på Hjelmelandfjord, 17.03.1978 som styrmann under Johan Warland. (Er der forsatt, når de ringer og eg har lyst) Gikk gjennom Djupasundet flere ganger med han, og senere med Tor Halsne, som kaptein,men da med Hidle, ex»Rennesøy». Mener og vi gikk gjenom med Ternøy, ex»Skudenes», med Jon  Meland som kaptein. Etter det har eg gått gjenom sundet med de fleste hurtigbåter som eg har ført i Hjelmelandsruta. Men dette var før vi fikk anbefalte (pålagte rute-traseer) fra rederiet i 1993. Dette ble gjort fordi fritidsbåter skulle vite hvor hurtigbåter hadde sine rute-traseer. For å kunne fortøye trygt og nyte holmer og skjær, uten å frykte bølger fra en hurtigbåt som plutseligt rundet en holme. Rutene ble publiser til båtforeningene i Rogaland.





torsdag 10. mai 2018

Skandale-ferja «Tau» blei hata frå fyrste dag

«Tau» fekk motorstopp midt på Hidlefjorden og blei liggjande og driva i
to timar til ein taubåt fekk buksert ferja til kai på Tau. Foto: Aftenbladet.


Pendelferja «Tau» som blei sett inn i Tau-sambandet 24. januar 1977 var både forakta og hata mellom dei reisande. Fleire opprivande hendelsar med denne ferja førte til at gleda var stor den dagen då  den forsvann til Nord-Norge. Den gjekk på grunn to gonger og verst av alt: 5. juli 1978 blei «Tau» liggjande og driva med motorstopp midt på Hidlefjorden i to timar. Det var fullt av pendlarar og bilar om bord.  

Den flunkande nye ferja var ikkje ein gong velkommen då den kom til Stavanger for å bli sett inn i Tau-ruta. Lokalpolitikarar og reisande ville ikkje ha ei åpen pendelferje. Dei var meir kravstore enn som så. Fire år tidlegare kom fjordferja «Stavanger». Det er det flottaste og mest eksklusive fartyet som nokon gong har gått i rutefart i Ryfylke. Salongane var heilt eineståande for passasjerane og bildekket var innelukka og skjerma bilane for øydeleggjande sjøskvett og ekkel måkaskit. 

I staden for å skaffa ei ny ferje lik den flotte «Stavanger», bestilte  Stavangerske ei åpen pendelferje som ingen av brukarane ville ha. 
Pendelferja «Tau» gjekk fyrste tur i Tau-sambandet 24. januar 1977. Foto: Aftenbladet. 



Radioen i styrehuset på den flunkande nye ferja var innstilt på NRK Rogaland  då «Tau»  kom sørover i Karmsundet på veg mot Stavanger i januar 1977. I radioen kom det klart fram at dette ikkje var ein ferjetype folk ville ha i Tau-sambandet. 

- Me er ikkje velkomne her sør. Eg trur det er betre å snu og gå tilbake til verftet i Ulsteinvik igjen, sa kaptein Esra Olsen. 

Den kjende forsvarsadvokaten Atle Helljesen var den fyrste som gjekk til angrep på nye «Tau». Han budde på Strandalandet på den tida. Helljesen nekta å betala på ferja på grunn av maskinstøyen i nedre salong. Propellakslingen som gjekk under golvet i salongen var ikkje støyskjerma godt nok.

 I eit lesarbrev i Rogalands Avis kalla Helljesen «Tau» for slaveskipet sidan fleirtalet av dei reisande var henvist til å bruka den store salongen under bildekket. Salongen på øvre dekk var altfor liten på turar med mange reisande. 

«Tau» gjekk ut av ferjeleiet på Tau og rett på Sagholmen i tjukk skodde søndag 13. mars 1977.


Søndag 13. mars 1977 gjekk «Tau» i tjukk skodde rett på Sagholmen ved utløpet av Tauvågen, fullasta med bilar og passasjerar. Neste dag prega grunnstøytinga fyrstesida på Aftenbladet. Kapteinen skulle ha svinga hardt til styrbord i det ferja gjekk frå kaien på Tau. Men ferja gjekk rett fram og traff holmen. «Tau» blei ståande i vel 10 minutt på grunn før den kom seg av for eigen maskin. 

Då hadde folka om bord sjekka at det ikkje var lekkasjar om bord. Ferja gjekk deretter til Stavanger for eigen maskin. Dermed var punktum sett for ei problematisk helg. På fredagen hadde ferja hatt maskinproblem, på laurdagen hang den fast i ferjelemmen i Stavanger og på søndagen altså på grunn på Tau.
Aftenbladet 16. august 1978.

Samme ferja gikk også på land ei nattt ved fyrlykta ved innseilinga til Tau. Då hadde «Tau» gått ein ekstratur på natta med ein ambulansebil. Det var tjukk skodde og kapteinen sakka på og mista styrefarten og havna i strandsteinane.

 Men motorstoppen midt på Hidlefjorden på ettermiddagen 5. juli 1978 var den store skandalen som «Tau» blei hugsa for lenge etter at den forsvann til Nord-Norge.  

Fullasta med pendlarar låg ferja og dreiv midt på fjorden i to timar før ein taubåt kom og bukserte ferja til lands. 

Vatn i drivstoffet var årsaka til motorstoppen. For å spara pengar var det ikkje montert brennolje-separator. Dermed gjekk vatnet rett i motoren. 

«Tau» fekk så dårleg rykte at den fekk skulda for alt som gjekk gale i Tau-ruta. Då den nye ferja «Solbakk» kom i 1978, hadde den ein samanstøyt med «Finnøy» omtrent ved Bybrua. For Aftenblad-journalisten som skreiv om denne saka blei dette forvirrande. Vedkommande begynte å skriva «Solbakk», men i slutten av artikkelen var det blitt «Tau» her også.

I 1982 blei «Tau» seld til Nord-Norge og skifta navn til «Røsund». Her skal den visstnok vera i bruk ennå. 

«Solbakk» var ei forbetra utgåve av «Tau». Bortsett frå uhell under Bybrua i 1978, gjekk den utan uhell av betydning fram til den blei seldt i 2000. I dei siste åra har «Solbakk» vore tilbake i Ryfylke som reserverferje med navnet «Stallovarre».



«Tau» 1977 - fakta: Bygd ved Ulstein-Hatlø Mekaniske Verksted i Ulsteinvik. Som ny sertifisert 388 passasjerar. Den hadde plass for 50 bilar. Lengde: 80,29 meter. Bredde: 11,26 meter. Ferja blei forlenga med 16 meter i 1987. Då fekk den hengedekk også.



onsdag 2. mai 2018

«Tau»-styrmann hoppa på sjøen for å redda mann frå å drukna


Styrmann Kristian Vervik på «Tau». Bildet tilhøyrer Else
Vargervik.


- Mannen i sjøen reagerte ikkje då eg kasta ei kastelina til han. Han var i ferd med å gå under.  Eg hoppa i sjøen etter han, fortel Kristian Vervik som var styrmann på «Tau» denne dramatiske natta i april 1968.  

Ferja hadde lagt seg til ro for natta på den faste plassen ved Jorenholmskaien i Stavanger. Styrmannen hadde gått til køys i lugaren sin, men blei vekka av skriking. På den tida var det ein maskinist om bord som hadde ei fortid som krigsseilar. Han var plaga av mareritt av og til.

 
Fyrstesida i Aftenbladet 28. april 1968.
Vervik sto opp for å hjelpa han til å få ro. Men ropa kom ikkje frå maskinist-lugaren. Oppe på bildekket traff han maskinisten. - Mann overbord, ropa han.


- Han hadde  rett. Eg såg mannen som låg i sjøen. Då han ikkje reagerte, fekk eg maskinisten til å springa og vekka dei andre om bord. Sjølv hoppa eg sjøen. Eg fekk tak i beina på mannen som var i ferd med å forsvinna i djupet. 

Styrmannen fekk dradd med seg mannen bort til skutesida på ferja. Der hadde dei andre om bord fått ut ein ein leider og dermed fekk dei tak i mannen og drog han om bord. Kort tid etter kom det ein ambulanse og henta han. Det viste seg at dette var ein mann med psykiske problemer. 

Kristian Vervik greidde å karra seg om bord ved eiga hjelp. 

Neste dag, 26. april 1968  skreiv Aftenbladet om det nattlege dramaet på Jorenholmskaien i Stavanger. 

Koss hadde Aftenbladet fått vita om denne hendinga?

Eg kom ikkje på å spørja Kristian Vervik om dette, men eg trur eg veit svaret likevel. Eg var matros på Tau-ferjene fire somrar på rad frå 1967 til 1970.  Aftenblad-journalist Johan Lundbø var fast gjest om bord i Tau-ferja kvar morgon. Lundbø hadde eit spesielt ansvar i avisa for å skriva om ferjer og fjordabåtar. 
Journalist Johan Lundbø i Aftenbladet.
Bildet er henta frå boka Avisen og
menneskene.

 
Når ferja kom frå Tau til Stavanger klokka 7.15 kvar morgon sto Lundbø og venta på kaien. Han gjekk straks om bord og ned i messa der han drakk kaffi saman med kapteinen som var på jobb. Rett før ferja skulle gå, steig journalisten i land og gjekk på jobb i Aftenbladet. På den tida starta arbeidsdagen for journalistane med morgonmøte klokka 7.45. Då kunne Lundbø melda inn dagens nyhet frå Tau-ferja. 

Då avis-pressa begynte å sviva klokka 12, var Tauferje-dramaet plassert på fyrstesida.

Johan Lundbø var den fyrste journalisten eg visste om. Men han var gått av med pensjon då eg kom inn i Aftenbladet som sommarvikar i redaksjonen sommaren 1976. Lundbø hadde hytta i Alsvik ved Årdalsfjorden. Saman med buhunden sin, Bamse, hadde han fast plass på styrbord bruving på Tau-ferja når han reiste til og frå hytta på fine sommardagar.