Styrmann Kristian Vervik på «Tau». Bildet tilhøyrer Else Vargervik. |
- Mannen i sjøen reagerte ikkje då eg kasta ei kastelina til han. Han var i ferd med å gå under. Eg hoppa i sjøen etter han, fortel Kristian Vervik som var styrmann på «Tau» denne dramatiske natta i april 1968.
Ferja hadde lagt seg til ro for natta på den faste plassen ved Jorenholmskaien i Stavanger. Styrmannen hadde gått til køys i lugaren sin, men blei vekka av skriking. På den tida var det ein maskinist om bord som hadde ei fortid som krigsseilar. Han var plaga av mareritt av og til.
Fyrstesida i Aftenbladet 28. april 1968. |
- Han hadde rett. Eg såg mannen som låg i sjøen. Då han ikkje reagerte, fekk eg maskinisten til å springa og vekka dei andre om bord. Sjølv hoppa eg sjøen. Eg fekk tak i beina på mannen som var i ferd med å forsvinna i djupet.
Styrmannen fekk dradd med seg mannen bort til skutesida på ferja. Der hadde dei andre om bord fått ut ein ein leider og dermed fekk dei tak i mannen og drog han om bord. Kort tid etter kom det ein ambulanse og henta han. Det viste seg at dette var ein mann med psykiske problemer.
Kristian Vervik greidde å karra seg om bord ved eiga hjelp.
Neste dag, 26. april 1968 skreiv Aftenbladet om det nattlege dramaet på Jorenholmskaien i Stavanger.
Koss hadde Aftenbladet fått vita om denne hendinga?
Eg kom ikkje på å spørja Kristian Vervik om dette, men eg trur eg veit svaret likevel. Eg var matros på Tau-ferjene fire somrar på rad frå 1967 til 1970. Aftenblad-journalist Johan Lundbø var fast gjest om bord i Tau-ferja kvar morgon. Lundbø hadde eit spesielt ansvar i avisa for å skriva om ferjer og fjordabåtar.
Journalist Johan Lundbø i Aftenbladet. Bildet er henta frå boka Avisen og menneskene. |
Då avis-pressa begynte å sviva klokka 12, var Tauferje-dramaet plassert på fyrstesida.
Johan Lundbø var den fyrste journalisten eg visste om. Men han var gått av med pensjon då eg kom inn i Aftenbladet som sommarvikar i redaksjonen sommaren 1976. Lundbø hadde hytta i Alsvik ved Årdalsfjorden. Saman med buhunden sin, Bamse, hadde han fast plass på styrbord bruving på Tau-ferja når han reiste til og frå hytta på fine sommardagar.
Hello my name is Gro and Johan Lundbø was my father.As I have lived in England for many years, it was lovely to read your story involving my father - a real blast from the past! Thank you so much.
SvarSlett