onsdag 29. juni 2016

Møbelhandlaren som elska gamle fjordabåtar og damplokomotiv

Møbelhandlar og dampentusiast Johannes Østvold er død.
 Foto: Sandnes Historie- og Ættesogelag.


Ein av dei flottaste originalane som har vandra rundt i Sandnes, er nå blitt ein del av historia sjøl. Nå er han død. Han blei 86 år. Men navnet til Johannes Østvold vil leva lenge. Du kan ikkje åpna bok som handlar om lokale båtar og skipstrafikk eller den lokale jernbane-historia  utan å finna bilda som han tok gjennom eit langt liv.

 Fotoapparatet hadde han i alle år med seg overalt der han farta for å dyrka sine kjæraste interesser. Samlinga hans var stor, men han hugsa kvar ein einaste båt og alle lokomotiv, ver sikker.

Den fabelaktige interessa for båtar fekk han som som fire-åring i 1933. Då gjekk han hånd i hånd med farfaren rundt havna i Sandnes. Årstalet var han sikker på sidan farfaren døde dette året.

- Det må ha vore ein tirsdag for både "Sandnæs" og "Jadarland" låg inne og lasta, fortalde han i eit intervju som er publisert av Sandnes Historie og Ættesogelag.

Dei to gamle nattruteskipa "Kong Sverre" og "Soma" var Johannes Østvold
oppteken av og fotografert ofte. Dei dampa mellom Sandnes, Stavanger og Bergen som
"Stavanger 1" og "Sandnæs" i fleire mannsaldrar. 


Sin andre store lidenskap pådrog han seg sommaren 1938. Han hadde vore på besøk hos mostrene sine i Austråttbakken. På vegen heim fann han jernbanegrinda i Olav Kyrres gate stengt. Då såg han det gamle damplokomotivet "Hugin" på nært hold. Han blei begeistra for det flotte lokomotivet. Begeistringa bli ikkje mindre då denne veteranen frå Jærbanen blei plassert som pynt inne i ventehallen på jernbanestasjonen i Stavanger 1973. Kvar gong Sandnes-mannen var i Stavanger, var han innom på stasjonen og helste på sin barndomsvenn. I 2014 forsvann lokomotivet til jernbanemuseet på Hamar.

Men rutebåtane og damplokomotiva blei aldri meir enn ei stor interesse. I heile sitt yrkesliv var han møbelhandlar. Saman med broren dreiv han møbelbutikken Ernst Østvold i Langgata i Sandnes. Han budde oppe på butikken like til han blei sjukeleg og havna på sjukeheim for eit halvt års tid sidan. Nevøane driv nå familiebedrifta vidare. Berre så det også er nevnt: Johannes Østvold interesserte seg for gamle møbler også. Og han var totalist. Avholdsmann på sin hals.

Sjølv blei eg kjend med Johannes Østvold då eg laga boka "Fjordabåtene" i 2004 og 2005. Det var naturleg for meg å oppsøka mannen personleg og snakka med han etter at han hadde sagt at eg kunne få låna dei bilda eg trong av han.

 Då eg kom, hadde han rigga opp lysbilde-framvisar og lerret i stova. I timesvis fortalde han og viste på ein mengde med dias. Eg trur han arrangerte tre slike lysbildekveldar for meg. Eg er jo båtnerd sjøl, men møtte min overmann i Langgata i Sandnes. Han hadde tusenvis av dias med båtar på.

Johannes Østvold stilte alle sine bilde gratis til disposisjon for boka mi. Men han sette pris på at lesarane fekk vita kven som var fotografen.

Etter dette tok han kontakt med Stavanger Sjøfartsmuseum og let dei få kopiera alt bildematerialet som han hadde samla gjennom mange år.

Alt på det første besøket hos Østvold oppdaga eg sjølvsagt modelltoga hans. Han hadde laga seg ein tro kopi av Sandnes stasjon i stova si. Eg filma togentusiasten med mobiltelefonen og la dette ut på youtube. Klikk på vidoen under så får du oppleva togentusiasten:


Neste gong du ser eit gammalt bilde av ein gammal fjordabåt eller eit damplokomotiv frå farne tider, send ein vennleg tanke til den avdøde møbelhandlaren frå Sandnes som tok sin bilde med glød og interesse. Ein hedersmann har gått bort.

















tirsdag 14. juni 2016

Då kong Olav og naboen min åpna Randøybrua

et var kongen som klipte snora, men ordførar Arne Hetlelid var ikkje
 langt unna. Tenk at det er 40 år sidan. (Foto: Aftenbladets arkiv)

Dette skjedde i den tida då Olav var konge i Norge og Arne Hetlelid var ordførar i Hjelmeland. Randøybrua blei åpna med all den pomp og prakt Hjelmeland kunne oppdriva onsdag 16. juni 1976. På torsdag er det 40 år sidan denne dagen då bygda sto på håvet og westamaranen "Mayflower" gjekk eins ærend frå byen til Hjelmeland med kongen.

Eg skriv ikkje dette fordi eg var involvert i det som skjedde på nokon måte. Men eg hugsar dagen godt og synes det er forferdeleg så fort tida har gått. Det er på høg tid å mimra litt.

Heila Hjelmeland var ute og gjekk på Randøybrua
for 40 år sidan. (Foto: Aftenbladets arkiv)


Omlag ti år tidlegare var bru til Randøy kasta inn som eit tema i valkampen før eit kommuneval i Hjelmeland. Visstnok var det ordførar Jone Vadla som gjekk inn for dette. Dei fleste karakteriserte dette som valgflesk. Men det gjekk troll i ord. Bru blei bygd og åpna denne vakre junidagen for 40 år sidan.

Kor eg var då kongen åpna Randøybrua? Eg hadde mi første veke som sommarvikar i Aftenbladet og var altfor fersk og urøynd til å bli involvert i eit såpass krevande oppdrag som avisa satsa skikkeleg på.

Fyrsteutgava av Aftenbladet onsdag 16. juni 1976. Seinare kom det eit
rykande ferskt bildet av kongen då han klippte snora.


På den tida var Aftenbladet ei ekta middagsvis med trykketid klokka 12. For å visa kor aktuelle dei kunne vera, starta avis-trykkinga med stort bilde av kong Olav på Strandkaien i Stavanger før han steig om bord i ein flaggsmykka "Mayflower".

I Aftenbladet hadde dei planen klar for å skifta ut forsida når Randøybrua var åpna. Fotograf Leif Berge var send til Hjelmeland med eit einaste fotooppdrag denne dagen. Utstyrt med polaroidkamera knipsa Leif Berge kongen då han klipte snora og åpna brua.

Etter knipset kom Berge seg lynraskt inn til Hjelmeland der han hadde rigga opp telefotosendar. Ved hjelp av denne toppmoderne innretninga fekk han overført bildet til redaksjonen i Stavanger. Vips var bildet lagt inn på ei ny førsteside som prega resten av avisopplaget 16. juni. Denne avisa kom vel rett nok ikkje til Hjelmeland, men der hadde dei sett kongen in natura klippa snora. I Aftenbladet var dei krye over å vera så aktuelle denne dagen.

Og det var jo masse stoff i avisa desse dagane frå Randøy og Hjelmeland. Dette skreiv Borghild Fiskå medan Leif Sirevåg fotograferte.

Det var strålande at det var naboen min, jærstolfabrikant Arne Hetlelid frå Laugaland som var ordførar då kongen kom til Hjelmeland. Han var ein kjekk mann. Du trong ikkje vera konge for å bli godt motteken av han. Kom du til han og spurde om hjelp, blei du ikkje avvist. Men det gjekk ofte fort. Han sa ikkje nei til å frisera ein guttalugg viss det var behov for det. Han snauklipte meg ein gong. Det tok ikkje stort meir enn eit halvt minutt.

Etter at snora på brua var kutta av etter alle kunstens regler drog prominensane til Hovda Gård på Randøy der middagen venta. Og då hadde kongen Margit Hetlelid, kona til Arne, som borddama.

Ein strålande dag. Og brua har vore til glede for randøybuar og alle andre buar i alle år etterpå.





lørdag 11. juni 2016

Den gamle mannen og natta

Nå brukar eg mobilen som vekkeklokka på nattbordet. Men den
er uskarp før eg får på meg brillene.


Koss greier du å stiltra deg ut på badet, finna klosettet, utretta ditt nødvendige ærend og så komma deg inn i senga og smyga under dyna utan å vekkja seg sjøl? Av og til klarer eg nesten. Då kan eg sovna igjen etter relativt kort tid og drøyma om diverse praktiske gjeremål som alltid endar opp i meir eller mindre totalt kaos. På morgonkvisten i dag drøymde eg frå meg både eit flott armbåndsur og ein reiseradio. Det var eit overkommeleg tap!

Som ung kunne eg sova til middag og kvila til nons. I dag ser eg alltid på klokka i seks-tida. På ein heldig lørdag kan eg sova til klokka åtta. Då står eg opp og lagar frokost mens eg høyrer på NRK 1 som er sprikkfull av natur-propaganda på den tida.

Men kven i svartaste har ansvaret for at det festlige salmeprogrammet på søndagsmorgonen er fjerna. Det likte eg svært godt! Eg song med i dei gamle tekstane som me måtte læra utanåt då eg gjekk på skulen og for presten. "Kjæreste venn, du som vandrer omkring, søker din glede i jordiske ting". Slikt gløymer eg aldri.

Før, i mine yngre dagar, kunne eg lesa halve bøker før eg sovna. Nå, som gammal, veltar eg meg opp i senga, finn ein god stilling på håveputa og klemmer igjen auene og sovnar. Men så søv eg altså lettare og lettare utover natta.

Mine kroppslege behov er ikkje påtrengjande. Likevel vaknar eg og tek eit ærend på badet. Drikk eit halvt glas vatn og legg meg igjen.

Eg kan vera yrkesskada. Då eg jobba i Aftenbladet, sto eg ofte opp klokka fem og var på arbeid klokka seks. Det blei ein vane. Etter ei slik veke vakna eg klokka sju og følte det var langt på dag.

Nå for tida kjører eg flybuss. Då står eg opp klokka halv fire av og til og møter opp på jobb halv fem.

- Er ikkje det forferdeleg å stå opp så tidleg, spør folk.

- Nei, seier eg. - Eg er som regel på veg ut på badet på den tida. Då kan eg jo berre bestemma meg for å vakna skikkeleg og få på seg  sjåfør-kostymet og komma seg på jobb.

Eg lurer på om den gammeldags søvnen kunne komma tilbake om eg forandra på mine daglege vanar. Kunne det vera ein idé?  Ein rask gå-tur rett før leggetid var kanskje ein tanke. Og denne kaffien er vel reine gifta etter klokka fem om ettermiddagen.

Kvar alder har sine eksistensielle spørsmål. Dette er mine.




tirsdag 7. juni 2016

Kjempar mot latskapen med kvitmaling

Hagagjerdet skal malast i sommar. Håpar å vera ferdig
før moltå er blaute.

Heile mitt liv har eg ført ein evige kamp mot min eigen latskap.
Dei fleste gongene har eg tapt. Eg er ingen vinnarskalle, som dei seier så kjekt i dag.

Kvitmaling av stakittgjerdet på hytta på Hjelmeland er eit av mine etterkvart mange ufullendte prosjekt. Eg malar litt, men så blir eg lei. Så stoppar eg for å tenkja litt. Eg tenkjer mykje, men tankane gir meg sjelden meir energi og arbeidslyst. 

Nå sist søndag reiste eg frå kånå i byen. Det var jo flott malevêr. Viss eg peiste på med penselen på søndag kveld og måndag føremiddag, ville vel det mesta av hagagjerdet vera påført eit strøk maling før juni er forbi.

Det var eit strålande malevêr. Eg begynte å gjera meg klar. Skifta til malarbuksa og ei malingstilgrisa t-skjorte. Malingsspannet og kosten sto klar i kjellaren. Men eg hadde gløymt å ringja til kånå og seia at eg var kommen velberga fram til Hjelmeland.

- Du skal vel ikkje begynna å mala i det fina solskinnet. Nyt sommaren, sa kånå.

Slik kan ei tankelause kåna øydeleggja alt. Kaffor skulle eg svetta og mala på denne varme, fine søndagen? Av prinsipp er eg for å halda kviledagen heilag. Og når eg frå hagastolen på hyttå ser rett bort på kyrkja der eg er både døypt og konfirmert, kan eg jo vera litt finslege og andektige av og til. Eg sat i sola og tenkte på kvitmaling til sola forsvann bak Ombo. 

Mandag morgon tok eg meg sjøl i nakken. Tidleg på føremiddagen var eg i sving. Arbeidet gjekk lett. Eg tenkte på navngjetne kunstmalarar mens eg klinte maling på trefjølene. Det såg lovande ut.

Men så kom Einar Helgaland. Han ville drøsa. Og han gav klart uttrykk for at han tykte det var totalt meiningslaust å laga seg til med kvitt hagagjerde. Han om det. Men me drøste om allslags gammalt og nytt. 

Etterkvart begynte eg å mala medan samtalen gjekk. Eit spørsmål gjekk me nøye inn  i. Bestefaren til Einar vaks opp på fjellgarden Helgaland mellom Kleivaland og Trodla-Tysdal. Han hadde litt av ein veg når han skulle til Hjelmelandsvågen for å gå for presten. - Eg trur han sto opp yrtidleg og gjekk til Tøtlandsvik og rodde derfrå til Hjelmelandsvågen og var der i ni-tida på dagen. Eg trudde han gjekk over heia til Hjelmeland. Me drøfta dette spørsmålet fram og tilbake medan eg malte. 

Hagagjerdet vårt ligg ut mot Burmaveien. Her er det ein viss trafikk på ein måndag føremiddag. Ikkje alle bilførarane har det like travelt. 

Der kom han Jone K. Kvame og kona Kari kjørande. Han stoppa då han såg meg. Han smilte og skein som ei sol. - Nå blømme moltå i heiå, sa Jone K. 

Eg har sju år gammale molta i fryseboksen. Resten av familien min er heller lunka til dette moltestyret. Likevel må eg av garde på moltå uansett.  

Om seks-sju veker kan det vera blaute molta i heiå. Viss eg ikkje er ferdig å mala hagagjerdet til den tid, spørst det koss det går med malingsarbeidet. Neste år kan eg ha to år gammale maling i kjellaren.

Eg missunner alle folk som boblar av arbeidslyst!












tirsdag 3. mai 2016

Den app-kyndige pakistaner-dama og dei usynlege bussane

Dette med appar egnar seg best for oss
 datakyndige mannfolk.

- Eg kan ta 28. Då har eg ti minutt på meg, sa den pakistanske dama. Ho såg opp frå mobiltelefonen og smilte til meg. Ho skulle ta bussen frå Tasta til Hundvåg.

- Nei. Då har du lita tid. Klokka er snart fem på halv, sa eg og prøvde å hjelpa den arme dama som hadde flytta frå den varme jungelen i Pakistan og opp her til dette kalde, forblåste kystlandskapet der det utelukkande burde vore ein vaktmeister på post i vinterhalvåret.

- Sjå her. Buss nr. 28 passerer her om ni minutt. Eg ser på sanntidsappen til Kolumbus, sa dama, stadige like smilande då ho viste meg mobilen sin.

Eg har ikkje vet nok til å føla meg dum så ofta, men akkurat då eg fekk denne sanntidsappen demonstrert av ei dama med hijab, var det heilt på grensa.

Dei siste fem åra har eg kjørt buss, rett nok ikkje dei grønne til Kolumbus. Men ligavel. Litt pinleg å bli spela utover sidelinja på den måten.

Same dag lasta eg ned denne sanntidsappen til Kolumbus og starta straks å visa venner og bekjente koss god den var for oss progressive og kollektiv-vennlige og er innehavar av Kolumbus-kortet.

- Her leitar du berre opp holdeplassen din og så ser du straks koss lenge det er til bussen din går, forklarte eg skråsikkert utan å seia eit einaste ord om kor eg hadde fått inspirasjonen frå til å bli så allvitande.

Appen stolte eg blindt på. Den blei omtrent som ei ny barnetru for meg. Eg stilte meg opp på busstopppet mitt ved Tasta Sykehjem med mobilen i handa og hadde stor glede av å sjå koss tida minka til bussen kom.

- Dei måtte ha sett ein eller anna slags dibbedutt i bussen som fortel appen koss transportmidlet bevegar seg gjennom ruta si, tenkte eg då.

Dei usynlege bussane oppdaga eg først etter ei tid som app-brukar.  Bussen skulle komma om to minutt, les eg på telefonen min. Litt seinare blei det meldt at bussen var her NÅ! Eg såg den ikkje. Så var den passert. Den var verken å sjå eller høyra. Bussen din kjem om 15 minutt, fortalte appen meg deretter. Appen laug for meg, fann eg ut til slutt.

For å vera heilt ærleg: Denne sanntidsappen har lurt meg to-tre gonger. Men som regel er den til å stola på. Eg har hatt glede av den. Spesielt har det vore kjekt at ein heil del folk har blitt imponert over at eg, gamle mannen, er så flink med appar og smarttelefonar.

Slik er det å vera kvit, klok, norsk mann. 






onsdag 27. april 2016

Digital-helvete på kjøkkenet

Sånne nymmotens komfyrar med raude tal
 er ingenting for mannfolk.


Før var eg redd for døden. Nå får eg panikk med tanken på at det er sjølsagt er ein viss sjanse for at eg kan bli enkemann. Skrekk og gru. Kånå var ute og eg skulle stella meg sjøl i føremiddag. Det var så vidt eg greidde å steika to egg.

Viss eg hadde mista kånå, måtte eg flytta på hotell. Grusomt tanke i desse tider med hotellstreik og all slags. Og så dyrt. Etter eit halvt år ville eg ikkje hatt råd til å leva lenger.

Eg flytta på hybel som 15-åring. I alle år har eg kokt og steikt egg utan å ha fått tankar om at eg var i ferd med å gå ut på dato. Heilt til i dag.

Sarpsborgkomfyren var navnet på det svære. kvite monstrumet på kjøkkenet heime på mitt barndoms Laugaland. Denne komfyren var utstyrt med magasin og varmeskuffe. Før mor gjekk og la seg om kvelden, skrudde ho magasinet på tre, full pinne. Magasinet var ei svær tjukk kokeplate som blei varma opp i løpet av natta og heldt på varmen utover dagen. Så når straumen gjekk utpå morgonen  var dei ikkje rådlause. Du ser at kraftverket stoppa rett som det var på Laugaland. Då kunne mor koka på magasinet. Kaffi til frokost og poteter til middag.

Då eg stifta familie og skulle kjøpa eigen komfyr, var ikkje komfyrar med magasin å oppdriva. Men kokegreiene var ikkje meir kompliserte å finna ut av enn at eg fekk maten på kok.

For ei tid sidan flytta me to gamle i blokk. Det sto ein komfyr i leiligheten då me overtok. Den var ikkje meir enn 15 år gammal. Eg ville lett ha beherska den. Den skulle sjølsagt ut. Kånå grein seg til ein ny. Slik nymotens med digitale raude tall på komfyrplata.

Etter at me flytta har eg konsentrert meg om mannating. Kånå har fått herja fritt på kjøkken heilt fram til i dag.

Eg sto tidlig opp og gjekk ut i dag. Då eg kom igjen, var kånå ute.

- Nå slår eg til og steike egg, tenkte eg. Det blei eit hekkan.

Omtrent ein halvtime gjekk før eg fekk margarinen på panna til å smelta. Det finst ikkje brytarar på moderne komfyrar. Du må leita deg fram med fingen på sjølve komfyrplata. Av og på-knapp var det fyrste. Eg brukte ikkje så veldig lenge før eg fant den. Men å få varme under steikepanna var ein prøvelse. Eg fekk liv i ei, men så begynte det å pipa og så gjekk den av. Slik heldt eg på.  Smørstykket låg like kaldt og usmelta på steikepanna.

Kvifor skal alt forandrast heile vegen? Gammaldagse skruknottar virka jo enkelt og greit. Eg forstår jo at det er greit å ha komfyren innbygd i kjøkkenbenken slik at det ikkje blir så mye graps på golvet. Men når brytarane blir innebygd i komfyrplata har utviklinga gått altfor langt.

Til slutt hadde eg svidd av to egg. Og berre så det er heilt klart. Eg sokk ikkje så djupt at eg fjuska og fann fram bruksanvisning.








mandag 4. april 2016

Petter Dass - både ferja og prest i kamp med Styggen sjøl



Ei lita ferje - oppkalla etter ein stor mann. 

                                           Herre Gud, ditt dyre navn og ære
                                           over verden høyt i akt skal være,
                                           og alle sjele, de trette træle,
                                           alt som har mæle,
                                           de skal fortelle din ære.


Petter Dass - myteomspurren prest.
Koss kan ei ferja som ser ut som ein tresko og kryssar fjorden mellom Hjelmeland, Ombo og Jøsneset heile dagen få meg til å nynna på ei av salmene som me song på Vormedalen to-delte skule den gongen i steinalderen då eg gjekk der. Jo, for tenk det at denne ferja er oppkalt etter presten og salmediktaren Petter Dass. Prelaten frå Alstahaug på Helgeland som truleg er den mest myteomspunne prest som nokon gong har eksistert i Norge. Han var fødd i 1647 og døydde i 1707.

Visste du at Petter Dass ikkje kasta skugge då han gjekk rundt på jorda på 1600-talet? Han mista sin eigen skugge då han gjekk ut av presteskulen i Wittenberg. Det var djevelen sjølv som var rektor på denne presteskulen og han forlanga ein av dei ferdig utdanna prestane som sin. På dette kullet blei Petter Dass trukken ut som djevelen sin kandidat. Men Petter Dass var ikkje for katten. Han lurte styggingen. - Ikkje ta meg. Ta heller han som kjem bak meg, sa Petter Dass. Djevelen så gjorde, men då var det skuggen til Dass han fekk tak i. 

Ein annan gong hadde Petter Dass djevelen sjøl til skysskar då han drog frå Alstahaug på Helgeland til København på første juledag for å preika for den dansk-norske kongen. 

Nå vil eg på ingen måte garantera at desse sogene om Petter Dass er sanne, men mange har trudd på dei før i tida. Så sjøl om ferja ikkje er all verden å sjå til er det litt av ein mann ho er oppkalla etter. Om si eiga framtoning skreiv han fylgjande:  «Jeg er Sakkeus, som ikke når opp, forkortet i veksten, forkortet i kropp - forkortet i middel og evne.»[

Facebook og mail var ikkje funne opp på 1600-talet. Det hindra ikkje ein diktande prest på Helgeland frå å komma i kontakt med kvinnelege diktarar i samtida. I Bergen budde  Dorothea Engelbrets-Datter som skreiv dikt.

Då eg studerte norsk i Bergen tidleg på 1970-talet blei det opplyst at Petter Dass oppsøkte sin kvinnelege kollega i hennar heimby. Eg ser for meg han kom reisande med ei av sine Nordlandsjekter som skulle levera fisk til hanseatane i Bergen. På netter les eg berre at han skreiv brev til dama. Kanskje ikkje nokon lovestory, men likevel.

I ein kort blogg kan eg ikkje få med meg all verda om presten Dass. Men eg må ta med at mannen hadde greie på fisk og visste å setja pris på den.  Eg tek med eit vers til frå åpningssalma som viser hans kunnskaper om fisk:

                                  Ja før Gud sin Ære skal forlise,
                                  Før skal Hav og grommen Hval ham prise,
                                  Samt og Tanteyen, som løber Leyen,
                                  Steenbid og Seyen og Torsk og Skreyen.
                                  Og Niise.

Dei kunne kalla opp eit hurtigruteskip etter ein slik mann, meiner eg.