fredag 28. februar 2025

Statsråden som blei fjordabåten «Sand»

 

Dampbåten "Sand" var ein feiande flott rutebåt.


- Gamle, gode «Sand» med den fine gallionsfiguren og klipperbaugen – før ombyggingen – dampet av gårde i Stavangerskes eie i 54 år, Magnus skreiv Magnus Torgersen i boka «Fjordabådane» som kom ut i 1981.


Planen min nå er å blogga om dei fjordabåtane og ferjene med navnet «Sand» som har seilt i Ryfylke. Eg reknar med at det ikkje kjem fleire slike farkostar med dette navnet etter at Sandsfjordbrua nå er bygd og fjordabåtar og ferjer nå er ute av soga i indre Ryfylke. Nå er det berre hurtigbåtar igjen. Dei får ikkje slike navn, ser det ut til.


"Sand" før ombygging i 1930.



Stavangerske bygde ikkje denne båten sjøl. Men den var ikkje meir enn eit år då selskapet fekk kjøpa den vinteren 1899. Rederiet med navnet Søndre Bergenhus Dampskibsselskab bygde den på Fevig Jernskibsbyggeri i Grimstad. Den blei levert i mai 1898 og fekk navnet «Statsraad Haugland». Denne båten blei sett inn i ruter frå Bergen til Samnanger, Kvinnherad og Midtre Hardanger. Båten var så dyr at rederiet måtte gi opp etter kort tid.


Stavangerske fekk kjøpa båten for 102.000 kroner vinteren 1899. Nå fekk den navnet «Sand». Med dette navnet dampa den rundt i Stavangerske sine ruter heilt fram til 1953 då det kom ein heilt ny og moderne fjordabåt og fekk dette navnet. Nå fekk den gamle dampen navnet «Haukelid». I desember 1953 blei den seldt til Brdr. Anda for å hoggast opp.


Frå hausten 1899 var «Sand» å finna i Stavangerske sine rutehefte. Den gjekk mellom anna frå Stavanger om "Nærstrand" til "Saude". Avgang frå byen klokka ett og den var framme sju timar seinare. Men den var også å sjå i Årdal, på Fister og Hjelmeland. Hålandsosen, Vikedal og Åmsosen hadde anløp av «Sand» av og til.


"Sand" teikna av Oscar Gjemre i 1902.



Bortsett frå ein periode i krigsåra, dampa «Sand» rundt i Ryfylkefjordane. Då krigen kom, blei nattruta mellom Stavanger og Bergen omgjort til dagrute. Då gjekk «Sand» i fleire periodar mellom Stavanger, Haugesund og Bergen.


Her "Sand" på stevne på Hjelmeland.



Denne historien om den fyrste «Sand» er meir eller mindre avskrift av det som sto i Magnus Torgersen si bok frå 1981. I dag er det knapt nok folk igjen som kan hugsa denne båten. Eg har leita litt i gamle aviser og i jubileumsbøkene til Stavangerske utan å finna noko særleg.


I Stavangerske si jubileumsbok frå 1955 står det ei liste over kapteinar i selskapet dei fyrste hundre åra. Her kan eg finna mange av kapteinane som har vore om bord i «Sand»: A. Mortensen, Fasting Wathne, I. Jacobsen, Johan Nilsen, Nic. Johnsen, H. Gjerde, Jonas Andersen, Anstein Moe, Chr. Langaker, Peder Hovland og Lars Hegre.


Kaptein Anstein Moe.




Kaptein Anstein Moe sto om bord i «Sand» i 12 år. Han var tydelegvis ein markant mann i si tid. Det var eit stort intervju med han i Aftenbladet sitt julenummer i 1965. Då gjekk «Sand» i Sauda-ruta saman med «Saude». Den eine båten gjekk frå Sauda til byen. Den andre gjekk motsatt veg. Slik var det i dampatida. På søndagane gjekk «Sand» til Åmsosen.


"At folk står på land og plystrer etter båten er vel heller sjeldsynt. Men en gang «Sand» gikk forbi en brygge et stykke ute i fjorden (den var bygget for å ta i land materialer til Dollarveien), sto det en mann og en eldre kone på bryggen. Mannen plystret på oss, og jeg syntes vi måtte gå innom, det kunne jo være noe presserende. Jeg spurte hva som sto på og sa at jeg minst trodde de skulle til jordmoren.


- Høyre du det kåna! Sa mannen.


- Ja, og så eg så e 70 år"


«Haugesund» var den siste båten der Anstein Moe var kaptein før han blei pensjonist. Intervjuet var laga av journalist Johan Lundbø.


Anstein Moe blei 89 år gammal. Han døydde i 1978. 

 Maskinmesteren, Nils Pedersen, var einaste maskinmannen eg fann  i boka. Han begynte i selskapet i 1889.





Bilde av båten har eg nok av.


Viss det finst lesarar som har opplysningar eller spennande bilde som kan utfylla denne historien, vil eg gjerne ha kontakt. Då kan eg leggja det inn i bloggen og gjera den meir spennande.


Eg kjem med fleire «Sand»-farkostar etter kvart.

søndag 23. februar 2025

«Jøsenfjord» frå Norheimsund til byen i juli

 

"Jøsenfjord" som Stavangerske-båt i 1978. Foto: Aftenbladet.



Veteranbåten «Jøsenfjord» kastar fortøyningane i Norheimsund i juli. Då skal den tauast til Stavanger og visast fram på den store veteranbåt-samlinga Fjordsteam 2025 som blir arrangert frå 30. juli til 3. august.


Den 139 år gamle fjordabåten som nå blir pussa opp til fordums glans ved fartøyvernsenteret i Norheimsund, er ennå ikkje ferdig til å gå for eigen maskin Den blir taua tilbake til Hardanger etter Fjordsteam.

Det gjenstår ennå ein del av arbeidet med å setja overbygget i stand. Mesteparten av arbeidet i salong, mannskapslugarar og messe er ferdig.


Hoveddekk, salongdekk og dekket på bakken er ferdige. Bru-dekket er ennå ikkje påbegynt.


Her blir dekket under bakken nata. Foto: Lars Randa.



- Trearbeidet i Norheimsund kan bli ferdig til neste år dersom ein får pengar nok av Riksantikvaren. Det trengst meir enn ti millionar kroner til før ein er ferdig, seier formannen i Jøsenfjord Rutelag, Lars Randa.


Til denne tid har det gått med nærare 50 millionar kroner til å setja «Jøsenfjord» i stand. Stålskroget er fornya og sett i stand ved fartøyvernsenteret Bredalsholmen i Kristiansand. I 2023 blei «Jøsenfjord»  taua frå Kristiansand til Norheimsund. På vegen nordover var det ein stopp i Stavanger der båten blei vist fram på Fjordsteam 2023. Utgiftene med å taua «Jøsenfjord» til Fjordsteam blir dekka av arrangørane.



 Då «Jøsenfjord» kom heim frå Nederland i 2011, gjekk den for eigen maskin. Nå blir den gamle og trufaste Wichmann-maskinen sett i stand etter alle kunstens reglar. Denne maskinen blei sett om bord i 1934 og erstatta den originale dampmaskinen.


Det er ein del av entusiastane i Jøsenfjord Rutelag som har gjort dette arbeidet på dugnad. Maskinen på 20 tonn er løfta opp 40 centimeter, slik at ein kunne komma til og reingjera bånnpanna og kanalane under maskinen. Nå skal maskinen setjast på plass igjen.


Vegard Hegg frå Engøyholmen i arbeid med å gjera reint under
maskinen. Foto: Lars Randa.



Ny propellaksling er laga på Fjelde mekaniske verksted på Jørpeland. Det er også støypt fire nye maskintoppar. Støypinga skjedde i Danmark. Modellane som blei brukte, var også laga av Arvid Langeland frå Jørpeland.


Når «Jøsenfjord» er ferdig i Norheimsund, blir neste stopp Dåfjorden på Stord. Der skal båten på slipp for å få den nye propellakslingen montert.


Fyrst då kan «Jøsenfjord» gå for eigen maskin igjen.


"Jøsenfjord" er godt innpakka i Norheimsund. Foto: Vidar Hauge.



Før veteranbåten kjem til Stavanger i sommar, blir den vist fram på Trebåtfestivalen i Norheimsund frå 13. til 15. juli.


Det var stor interesse for «Jøsenfjord» etter at entusiastane hadde fått båten tilbake til Norge i 2011. Men på grunn av at båten har vore så lenge borte frå heimtraktene, har interessa dabba av. I dag er det 140 aktive andelseigarar. Dei som vil vera med i Jøsenfjord Rutelag er hjerteleg vekomne, forsikrar Lars Randa.


19. mars har rutelaget årsmøte om bord i «Sandnes» ved kai i Stavanger. Der kan du kjøpa andel for 500 kroner og bli med.


onsdag 19. februar 2025

«Ropeid», ferja som fekk kjælenavnet «Blomsterkorjå»

 

I 19 år seilte denne ferja på Sandsfjorden med navnet "Ropeid". Fotograf ukjent.


"Rutebåten «Hylsfjord» utførte den gamle Ropeid-ferjas rute mellom Sand og Ropeid torsdag, mens ferjen - «Bru», som den nå heter – lå ved kai på Sand til maskinettersyn. Skipper Jonassen er reist av gårde for å følge innspurten på arbeidet med den nye Ropeid-ferja og seile den hjem. Og nå synger den gamle ferja sin svanesang."


Annonse i Aftenbladet mai 1964.



Eg fann dette ytterst interessante avsnittet under vignetten «Fjord og Fjell» i Aftenbladet for 22. mai 1965. Tenk at den over 50 år gamle ferja var ferdig i Ropeid-sambandet der den hadde gått dei siste 19 åra. Sjøl om det offisielle navnet var «Ropeid», hadde ho også fått kjælenavnet «Blomsterkorjå» av dei mest interesserte. 1 juni 1965 blei den nye ferja «Ropeid» med plass til 12 bilar og 125 passasjerar sett inn i ruta. Den gamle blei arbeidsledig og reserve-ferja. Den låg for det meste på Stavangerske-verkstedet på Klasaskjæret.


Den gamle ferja kom til Sandsfjorden i 1946 etter mange års seilas i danske farvatn med navnet «Inger». Den var bygd i 1912 ved Marstal Staalskibsværft på Ærø for Middelfart Dampskibsselskab på Fyn. Ferja blei sett inn i rute mellom Middelfart på Fyn og Snoghøj på Jylland. Dette blei den seinare lukrative ruta til Jylland som eksisterte heilt fram til brua over Lillebelt var ferdig midt på 1930-talet. Seinare gjekk «Inger» mellom Bogø og Stubbekøbing på Falster.


I 1946 kjøpte Stavangerske ferja og gav den navnet «Ropeid». Nå blei arbeidsplassen Sandsfjorden. Ferja hadde plass til åtte bilar og kunne ta 40 passasjerar i kahytta. Mannskapet besto av to mann. Skipper og billettør.


Åtte turar til dagen skulle ferja gå etter ruta i 1962. Men dei gjekk mange ekstraturar. Dei hadde ofte turar med pasientar som skulle på sjukehuset i Sauda. Då måtte dei venta på Ropeid til sjukebilen kom igjen. Det var så billig at mange kosta på seg ein ekstratur for å sleppa å venta så lenge på kaien.


Skipper Johannes Jonassen og billettør Olav Marvik på
Ropeid-ferja i 1962. Bildet frå Aftenbladet.



I oktober 1962 laga Aftenblad-journalist Oddvar Lavold reportasje om ferja. Den dagen var Johannes Jonassen skipper og Olav Marvik var billettør. Jonassen hadde då vore over 11 år om bord og journalisten rekna ut at han då hadde gjort minst 70 000 turar over fjorden dersom ein rekna ein tur for kvar gong ferja kryssa fjorden.

Bror til Jonassen var skipper på rutebåten «Hylsfjord», går det fram av Aftenbladet.

Bjarne Grønnevik og Einar Halvorsen heitte dei to andre som var mannskap om bord. Dei jobba to dagar og hadde to fri.

"Karane har ein utruleg rutine. Kvart handgrep, kvar manøvre av skuta blir gjort mest automatisk av dei. Ingen treng å kommandera, ingen spør om noko. Skiprar er dei alle. For alle kan med ror og motor, trosser og bom", sto det i reportasjen i Aftenbladet.


Ferja full av folk. Fotograf ukjent.



Seinare blei «Bru»  reservebåt i Ropeid-sambandet når det var mykje trafikk og når den faste ferja var på verksted. Aftenbladet skreiv ein gong at vegsjef Trygve Gimnes foreslo å bruka den som reserveferje i Høgsfjord-sambandet. Eg veit ikkje om den blei brukt der nokon gong.


Men i 1975 var det slutt for "Blomsterkorjå". Den blei seld til firmaet Protan og Fagertun i Drammen og brukt som losji og verkstedskip for tarehausting. 


søndag 16. februar 2025

Skryt på overlevering, maskinskade på jomfruturen

 

Mangla ikkje på lovord då "Høgsfjord" blei overlevert 18. mai 1962.


Det mangla ikkje på skrøyd då den nye «Høgsfjord-ferja» blei overlevert til Høgsfjord rutelag 18. mai 1962:


- Det var berre vellæte over den nye ferja frå dei som var med på overleveringsturen. Ferja er så praktisk og grei som ho kan vera. Utanom dei 14-15 bilane som ho kan ta, har ho plass til 100 passasjerar, og dei er det sytt godt for. Det er ein stor og fin salong under dekk og ein på øvre dekk også. Elles er det gild bysse og messe for mannskapet og romslege lugarar for dei. Overalt er det levert framifrå godt handverksarbeid. Ferja har kosta 700 000 kroner, skreiv Aftenbladet.


Bikde frå Aftenbladet 19. mai 1962.



Ryfylkevegen, som hadde vore under planlegging og bygging i aldri så mange år, var nå i ferd med å bli realisert.Tre år seinare kom ferja over Jøsenfjorden. Då kunne ein endeleg seia at dette vegprosjektet var realisert, 30 år etter det var vedteke av Stortinget.


Stor stas då denne delen av Ryfylkevegen som nå var ferdig i 1962, men den  var ein del provisoriske bygdevegar mellom Oanes og Jørpeland. Men vegsjef Trygve Gimnes vona at farten i vegbygginga nå ville auka framover.


Det var bygd tri ferjestøer og planert eller utbetra 20 kilometer veg for å få i stand dette ferjesambandet. Dei samla kostnadene for prosjektet var på 2,9 millionar kroner.


Vegsjef Gimnes lurte på om dei hadde vore for lite framsynte og ikkje å ha bygd stort nok, men han hadde sjølv tilrådd varsemd.


Det mangla ikkje på lovord i omtalen, men på same sida i avisa blir det meldt at den nye ferja fekk maskintrøbbel på jomfruturen neste dag.


Frå Aftenbladet 19. nai 1962.



«Høgsfjord» var bygd ved Skaalurens Skipsbyggeri i Rosendal. Hovedmotoren var ein 280 hk semidiesel frå Bergens Mekaniske Verksteder som gav ein fart på 9-10 knop. Ferja var 26 meter lang og 7,7 meter brei.


«Høgsfjord» gjekk i dette sambandet fram til 1968. Det viste seg ganske raskt at denne ferja blei alt for liten i helgetrafikken. Det blei lange køar når byfolk skulle på hyttetur.


Kommentar påFacebook:

Torstein Randa

Det var nå meste ei gru at ikkje dei bergensarane kunne laga ein motor så ikkje reiv seg på fyste turen i ruta!
Det var ein 4 sylindra Normo. Et samarbeid mydlå 5 motorfabrikkar, så sko visa at semidieselen hadde framtidå for seg. Og det var i groen fine motorar. Innkapsla, så ein slapp oljesøl, hydraulisk reversering og kobling. Men ytelsen sto ikkje forhold te "malmhaugen" i "hesthuset". Og så var det dette med spredarar då. Stadig meir å velikeholda, og ein hendel meir å passa på i styrehuset.
Eg snakte med ein i fra Rubbestadeset, han arbedde som konstruktør på BMV, og fekk i oppdrag å konstruera denne motoren. "Å konstruera noke så e gått ut på dato? tenkte eg! Nei, eg slutta, og reiste heim, og begyndte på Wichmann. Så konstruerte eg DC motoren. Da va møkje kjekkare" sa han.