fredag 5. april 2024

John Christiansen – kvalfangar, hydrofoil-pioner og ferjeskipper

 



Kapein John Christiansen. også kjent som Kristian Kval, var ein av
hydrofoil-pionerane i Stavangerske.  Foto: Jonas Haarr Friestad.





Den eine prominensen etter den andre reiste med hydrofoilane mellom Bergen og Stavanger. Ein av dei fyrste var visestatsminister Anastan Mikojan frå Sovjetsamveldet i juni 1960.


Den flunkande nye «Vingtor» med sin marsjfart på 35 knop hadde då snudd opp ned på alt som heitte reisetider med båt mellom Stavanger og Bergen. Litt over tre timar frå by til by.


Komforten om bord var også storarta. Flotte flyseter, restaurant og tre stewardesser til å servera. Dette var den obligatoriske servicen om bord. Mikojan falt visstnok pladask for den eine stewardessa, fortalde kaptein John Christiansen til Aftenbladet 20 år seinare.


Dei to fyrste kapteinane på "Vingtor", Fred. Petterson, til venstre, og John 
Christiansen i flunkande, nye uniformer då hydrofoilen blei presentert i 
Stavanger i juni 1960. Foto frå bildebladet "NÅ"



Christiansen var ein av hydrofoil-pionerane i Stavangerske. Han og Fred. Petterson var dei fyrste kapteinane på «Vingtor». Då den neste hydrofoilen «Sleipner» kom, året etterpå, overtok Christiansen som kaptein der.


John Christiansen frå Feøy helsar på president Bourguiba
frå Tunis. Fyrstesida i Haugesund Dagblad i 1963.



Det fortel vel litt om kor stor stas det var med desse nye båtane og folka om bord, at Haugesunds Dagblad hadde bilde på fyrstesida i 1963 då presidenten i Tunis, Habib Bourguiba, var på Norgesbesøk og reiste med hydrofoilen. Bildeteksten fortel at presidenten takkar kaptein John Christiansen på «Sleipner» for turen. Kapteinen var frå Feøy, står det i avisa.


Aftenbladet var med kaptein Christiansen og «Sleipner» på ein tur til Haugesund i november 1962. Eg fann ein stor reportasje med tittelen "Til Haugesund på stylter" frå turen. Den sto i avisa 24.november. Forfattaren hadde signaturen "Stylo". Eg veit ikkje kven det var. Her er eit par-tre avsnitt frå reportasjen.


"Han var ruskut og leggja utpå, men kaptein Christiansen justerte flegmatisk med den ene hånd, rullet en røyk med den annen og flerret Boknafjorden i 32 mils fart så kjølvannstripen åpnet og lukket seg som en gigantisk glidelås etter foilene.



Kaptein John Christiansen og maskinsjef Odd Håvik gjer klar for "landing" i 
Haugesund. Foto frå artikkelen i Aftenbladet.


Bjørnsons ord om å kjøre langsomt ti vi kommer tidsnok frem, vinner lite gehør hos hydrofoilkapteiner. Så hadde Bjørnson også bare en gamp foran kjerren. Kaptein Christiansen på «Sleipner» har innpå 3000.


Ankomst Haugesund: Christiansen tråkler seg nedetter Karmsundet og messer et litani som han iallfall ikke har lært på søndagskolen over en fisker som uforstyrrelig legger seg mellom kaien og «Sleipner». En av dem må stoppe, og Christiansen vet så inderlig godt at det ikke blir fiskeren. Han eier både hav og havn og stopper ikke under noen omstendigheter for et misfoster av en farkost som er så forkrøplet at den må bruke krykker." Sitat slutt.


John Christiansen blei kaptein på den nye ferja «Finnøy» i Midtsabandet i 1971. Der var han til han blei pensjonist i januar 1979. I fleire år etter at han gjekk i land, gjekk han som bud i Stavangerske.


«Kristian Kval» blei kaptein John Christiansen kalla av mange på bådane i Stavangerske. Grunnen? I sine yngre dagar hadde han vore på kvalfangst som kaptein på ein kvalbåt.


John Haugvaldstad frå Mosterøy seilte saman med Christiansen på «Finnøy» og har mange gilde minne etter kapteinen som han hugsar som ein blid og gild mann. Her er eit:


- Ein sommar kom det ein ny styrmannsvikar om bord i «Finnøy». Det viste seg at styrmannen hadde alkohol-problemer  Han var berusa på jobb. Kaptein Christiansen gav han advarsel og ein sjanse til. Men styrmannen sprakk og blei kalla opp på brua og sagt opp.


- Dokke har ein gilde skipper. Han grein meir enn meg då eg fekk sparken, sa han til dei andre om bord då han gjekk i land.


Viss du har kjekke minne om Kristian Kval eller gode, skarpe bilde tek eg mot med takk. Det er ingen problem med å leggja meir inn i ein blogg sjølv om den er lagt ut på nettet.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar