søndag 14. april 2024

Då «Sleipner» kom til Stord

 


"Sleipner" kjem til Leirvik for fyrste gong. Foto frå Aftenbladet.


Sju år gjekk hydrofoilbåtane mellom Stavanger, Haugesund og Bergen. Til stor irritasjon for mange på Stord som berre såg desse flygebåtane sveva forbi ute i fjorden. Nattrute-selskapa Stavangerske og Sandnes Damp hadde ikkje lov til å gå innom Leirvik på Stord.


Frå fredag 5. april 1968 begynte «Vingtor» og «Sleipner» å gå innom Leirvik. Men det gjekk ikkje an å reisa frå Stord til Bergen med desse båtane. Tilbodet gjaldt berre for reisande mellom Stord og stoppestadene i Haugesund og Stavanger.


Fyrstesida på Haugesunds Dagblad 4.april 1968.



For på denne tida ville ikkje nattruteselskapa, som dei blei kalla i Sunnhordland, ha med seg Hardanger Sunnhordlandske Damskipsselskap på å driva hydrofoilruta mellom Stavanger og Bergen. HSD frykta at hydrofoilane ville ta for mange passasjerar frå dei andre rutebåtane på denne strekninga.


Men dei reisande i Sunnhordland fekk eit plaster på såret då hydrofoilbåten «Teisten» blei sett i drift på ettersommaren 1961. Hydrofoilbåten gjekk frå Bergen til Skånevik med mellomstadene Leirvik, Tittelsnes og Ølen.


Hydrofoilbåten "Teisten" kom i 1961.Teikningen er frå HSD
 si jubileumsbok frå 1980.



Fyrst i 1968 fekk Sunnhordland sin andre hydrofoilbåt: «Tjelden».


Det var ei viktig sak for avisene at Leirvik nå kom med i denne hydrofoilruta. Mandag 1. april 1968 kom hydrofoilbåten «Sleipner» for fyrste gong innom Leirvik. Der blei maritim inspektør i Stavangerske, Johs. Hidle, sett i land. Han skulle sjå på tilhøva på Leirvik saman med sjefane på kaien og ekspeditøren på staden.


Hydrofoilane sørfrå kunne ikkje bruka HSD-hydrofoilane sin kai. Der var det ikkje djupt nok. Det måtte lagast ein eigen plass for dei nye båtane. Før denne var ferdig, skulle dei bruka ein landgang som var der frå før.


"Flaggruten" mellom Stavanger og Bergen med alle mellomstader kom fyrst i gang i 1974. Dette tilbodet var eit samarbeisprosjekt mellom Stavangerske, Sandnes Damp og HSD.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar