fredag 8. mars 2024

Milde Marie og bromlebassen Andreas

 

Marie og Andreas Sømme med hunden Hektor var eit kjent syn på Hjelmeland.
Bildet står i Njål Tjeltveit si bok om Hjelmelandsvågen.


Telefonistinne Marie Kloppen og meierist Andreas Sømme, begge Hjelmeland, sto det i Norsk Lysingsblad då dei skulle gifta seg hausten 1930. Du får straks inntrykket: Ei snill og stillferdig telefon-dama og ein myndig meierist. Han var til og med meieribestyrar på den tida, på Hjelmeland meieri.


Lett å hoppa på dette som sanninga, men me kjøper ikkje den slags på kvinnedagen.


Det var Marie (fødd 1894) som styrte. Då jelsabuen Andreas (fødd 1888) kom til Hjelmeland som ein godt vaksen mann, hadde Marie frå Hjelmelandsvågen alt etablert seg som ei viktig kvinne på heimstaden. Ho hadde overteke som styrar av telefonstasjonen og var også blitt poståpnar, to viktige jobbar i bygda.


Marie Sømme, nummer to frå venstre, fotografert i Hjelmelandsvågen
på 17.mai.



Sjølv om Sømmen, som dei sa på Hjelmeland, både hadde meieriutdanning frå Danmark og hadde jobba som meierist og meieribestyrar både her og der, fekk han ikkje særleg sving på meieridrifta på Hjelmeland. Det var dårleg butikk. Bøndene valde å levera mjølka si til konkurrerande meieri. Dermed gjekk det dårleg. Meieri-drifta blei nedlagt og bygget blei til slutt teke av den svære flaumen i 1940.


Marie hadde meir enn nok å ta seg av. Telefonstasjonen krevde sitt. Fleire kvinner var tilsett på stasjonen der det var døgnvakt. Og så posten i tillegg. Masse brev og aviser som skulle sorterast og utleverast kvar einast ettermiddag etter at rutebåten kom frå byen. Seks dagar i veka.


Dermed tok Marie inn mannen som hjelpesmann.Han tok seg av posten. Etterkvart trudde vel dei fleste i bygda at det var han som var sjølvaste poståpnaren, men det blei han aldri. Marie var sjefen for post og telefon i Hjelmelandsvågen like til ho blei pensjonist i 1959. Ho var medlem i Rogaland poståpnarlag i alle år.


På den tida heldt post og telefon til i eit tilbygg til Hjelmeland handelslag.


Ungane i Hjelmelandsvågen heldt ofte ein fæl sjau når dei venta på at posten skulle bli sortert og utlevert. Då kom Sømmen ut og kjefta på dei rett som det var. Tilbake på kontoret etter ei slik utblåssing kunne han le godt av dette.


- Ein må kjenna Sømme skal ein få det rette biletet av han. Temperamentsfull som han er, kan han stundom verka noko barsk og avvisande, men innanfor er han berre goa godt, og godluna med lått og løgje ligg ikkje langt unna, skreiv Aftenbladet då han var 70 år i 1958.


Ekteparet Sømme budde i sitt eige hus i Vågen like til det fôr i flaumen. Deretter budde dei i Handelslagsbygget ein del år før dei bygde sitt eige hus på Prestagarden.


Dei fekk ikkje eigne barn, men alle gamle hjelmelandsbuar hugsar den skotske fårahunden Hektor som dei alltid hadde med seg når dei var ute og gjekk tur.


Marie slutta ikkje med å ta ansvar og passa på mannen sin sjølv om dei blei gamle. Ifølge ei slåsa som gjekk på bygda, drog Marie ut kontakten på fjernsynet viss ho gjekk på møte på bedehuset. Ho ville ikkje at Andreas skulle sjå upassande program på svart-kvitt-TV. Det var så mange lettkledde sparkepiker på NRK i den tida.


Andreas Sømme døydde i 1968. Marie levde døydde 27. juli 1971.


Kommentar på Facebook.

Nils Viga Hausken

Marie Sømme og mora Jensine Kloppen er både to eksempeler på kvinneskjebner i ei barsk samtid.
Jensine Kloppen var einsleg mor, Marie var født utanfor ekteskap. Men Jensine var respektert, kva ho ernærte seg ved veit eg ikkje. Ho var agta og klarte seg rimeleg godt.

 Å vera barn født utanfor ekteskap var i utgangspunktet ikkje ein styrke mht karriere og giftarmål. Der var t.d. dei som ikkje ville hyre tjenesjenter som var født utanfor ekteskap av religiøse grunnar.
Men Marie fekk gode stillingsr, både postopnar og telefonbestyrarposten medvirka til at ein kom mykje høgare opp i det sosiale hierakiet.

Marie Sømme foretok ei klassereise på bakgrunn av eigen fortjeneste og i eigen rett!
Eg har minne etter henne frå kyrkja og frå Solvang skule når ho gjekk fram og tilbake frå Hagahaugen og Vågen. Der var noko fornemt over henne. Minnest ho hadde veldig slanke legger og meinar å huske at ho hadde pels.

2 kommentarer: