torsdag 26. oktober 2023

«Jøsenfjord-ferjen» - frå ferjetrafikk til dykkar-eventyr i Indonesia

 

"Cehili" var navnet då den tidlegare "Jøsenfjord-ferjen" var innom på Hjelmeland i 2005.
Foto: Magnar Riveland.



Kanskje ikkje den flottaste ferja i verda, men den var jo spesiell. Det var fyrst då den blei sett i fart over Jøsenfjorden, at Ryfylkevegen var ein realitet. Då kunne du kjøra bil frå Sandnes til Sauda. Berre tre ferjer skulle til: Over Høgsfjorden, Jøsenfjorden og Sandsfjorden. Og så, vips, Sauda låg der og venta heilt inne i fjordabotnen viss du hadde ærend dit.


14.juli 1965 var merkedagen. Då begynte «Jøsenfjord-ferjen» å gå i ruta. Strålande for oss som budde i nabolaget oppe i Vormedalen. Me kunne sykla ned til Tøtlandsvik, eller sjøen som me sa til dagleg, og sjå ferja komma og gå full av fremmande biler og turistar. Og fine jenter. Dei kom, me såg dei før dei forsvann i ein fei over fjorden.


"Cehili"-redaren Tore Thorsen frå Grimstad, nummer to frå venstre, viste rundt på ferja som 
nå var dykkarskip. Malvin Viga, til venstre, Gulleiv Norheim, i midten, og så Sverre Norheim.
Foto: Magnar Riveland.


Ferja var flott for Erfjord også. Dei fekk jobbane om bord. I styrehuset, på dekket og i maskinen. Frå før kjende med dei som mannskap på fjordabåtane. Nå overtok dei ferja også. For oss frå "rette" sida av Jøsenfjorden var jo erfjordbuar litt eksotiske, dei også.


For dei snakka jo litt rart. Dei sa ikkje kaga og mad, slik som oss. Mat og kaka, takk. Det gjekk ei viktig dialekt-grensa mellom oss. Når du kjørte i land på Vindsvik var konsonanten stadig blaude og fine. Men når du hadde kjørt over høgdedraget mellom Jøsenfjorden og Erfjord og passert den nye kommunegrensa mellom Hjelmeland og Suldal, rådde dei harde konsonantane grunnen.


- Store forandringar på vår gamle arbeidsplass, fastslo ferjeveteranane Gulleiv Norheim, Kåre 
Vågane og Sverre Norheim. Foto: Magnar Riveland.


Men erfjordbuane hadde klare, menneskelege trekk. Dei var jo innante som oss. Dei sa him og himante og var greie å forstå. Du måtte berre venja deg til dei.


«Jøsenfjord-ferjen» kom og gjekk. År ut og år inn. Full av turistar og andre reisande i helgene og i sommarferien. Andre tider var det lite og ingen trafikk. Og folka om bord var navngjetne for sin omtanke for kundene. Viss ein bil kom litt for seint, snudde ferja om kom inn igjen og henta dei stakkarane. Forresten må me ikkje gløyma ertersuppa.


"Jøsenfjord-ferjen" i fordums glans.



Men ein dag var det slutt på Tøtlandsvik – Vindsvik-dansen. Ferja var for liten for trafikken på Ryfylkevegen. Den blei erstatta av ei større ferja og forvist til eit mindre trafikkert samband. Nedstrand – Hebnes – Foldøy – Jelsa. Ikkje berre kos der og slett ikkje ertersuppa. Nedstrandsfjorden kunne vera tøff nok den når hauststormane herja.


Bastardnavnet, «Jøsenfjord-ferjen», blei borte. Nynorsk-forkjemparen Johan Veka gjekk heilt i spinn då han fekk høyra kva navnet skulle vera. Ein mengde bokstavar blei fjerna frå skutesida. «Ferjen» blei borte. Nå blei det berre «Jøsenfjord».


I 1991 var det slutt på ferjelivet. Kroken Fisk på Hjelmeland kjøpte ferja. Nå skulle den brukast til base for eit fiskeoppdrett på Jøsneset. Her blei ferja liggjande pal til 1999.


Men så kom oppturen. For den gamle ferja blei verken opphogd eller utsett for andre sorter elendighet. Eit firma med navnet Cehili Expeditions i Grimstad kjøpte den gamle «Jøsenfjord-ferjen» og døypte den «Cehili» og flagga den ut til Belize.


«Cehili» skulle bli dykkarskip. Den blei ombygd til det ukjennelege. Flott baug og soldekk framfor styrehuset. Nå drog båten til Sør-Kinahavet til eit prosjekt som handla om marin-arkeologi. Her hadde eit skip, lasta med 350 000 porselenstallerkar forlist. Dykkarane henta opp 200 000 av dei.


Deretter sette «Cehili» kursen mot Europa. Det blei fleire oppdrag i Middelhavet. Deretter kom den tidlegare ferja til Norge igjen i 2004. I Hustadvika på Romsdalskysten venta det neste oppdraget for dykkarskipet.


Norsk Hydro skulle legga røyrleidning frå gassfeltet Ormen Lange og inn til land. Eit ukjent vrak, truleg frå 1700-talet, var oppdaga på 200 meters djup. Dette var truleg eit hollandsk handelskip. Ved hjelp av avanserte undervass-robotar blei det henta opp mange flasker med fransk vin, engelsk gin, keramikk, porselen og sølv.


Då oppdraget på Hustadvika var avslutta sommaren 2005, sette «Cehili» kursen sørover igjen. Grimstad-mannen Tore Thorsen, primus motor for «Cehili»-prosjektet, hadde ikkje gløymt kor han henta den tidlegare ferja. Ein av dei fyrste dagane i august låg dykkarskipet ved kai på Hundsnes i Hjelmeland.


Her var viktige erfjordbuar inviterte for å sjå den gamle ferja si igjen. Utanfrå var den ugjenkjenneleg. Ingen kunne tru at den var den tidlegare «Jøsenfjord-ferjen».


Då Kåre Vågane, Sverre og Gulleiv Norheim kom om bord kjende dei både det eine og andre igjen. Rattet sto på same plass og kassen med kikkerten hang slik som før. Ellers var det svært forandra. Unntaket var maskinrommet. Ingenting nytt der.


Malvin Viga som hadde hatt den gamle ferja som arbeidsplass då den låg ved fiskeoppdrettet på Jøsneset var også med på omvisninga.


Det var gildt å sjå den gamle arbeidsplassen sin igjen.


Journalist Magnar Riveland skildra gjensynet med tidlegare «Jøsenfjord-ferjen» i ein stor reportasje i Bygdaposten.


Seinare same hausten sette «Cehili» kursen mot Indonesia igjen. Nå var det turistdykking som sto på programmet. Hobbydykkarane skulle få det godt om bord. Kurs, dykking og fotografering under vatn sto på planen. Passasjerlugararen heldt høg standard. Det same gjaldt for restauranten og kokken om bord, sto det i Bygdaposten.


Eit kjapt søk på nettet viser at tidlegare «Jøsenfjord-ferjen» og«Cehili» stadig er flytande. Nå med navnet «Voyager».

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar