 |
"Cehili" var navnet då den tidlegare "Jøsenfjord-ferjen" var innom på Hjelmeland i 2005. Foto: Magnar Riveland. |
Kanskje
ikkje den flottaste ferja i verda, men den var jo spesiell. Det
var fyrst då den blei sett i fart over Jøsenfjorden, at
Ryfylkevegen var ein realitet. Då kunne du kjøra bil frå Sandnes
til Sauda. Berre tre ferjer skulle til: Over Høgsfjorden,
Jøsenfjorden og Sandsfjorden. Og så, vips, Sauda låg der og venta
heilt inne i fjordabotnen viss du hadde ærend dit.
14.juli
1965 var merkedagen. Då begynte «Jøsenfjord-ferjen» å gå i
ruta. Strålande for oss som budde i nabolaget oppe i Vormedalen. Me
kunne sykla ned til Tøtlandsvik, eller sjøen som me sa til dagleg,
og sjå ferja komma og gå full av fremmande biler og turistar. Og
fine jenter. Dei kom, me såg dei før dei forsvann i ein fei over
fjorden.
 |
"Cehili"-redaren Tore Thorsen frå Grimstad, nummer to frå venstre, viste rundt på ferja som nå var dykkarskip. Malvin Viga, til venstre, Gulleiv Norheim, i midten, og så Sverre Norheim. Foto: Magnar Riveland. |
Ferja
var flott for Erfjord også. Dei fekk jobbane om bord. I styrehuset,
på dekket og i maskinen. Frå før kjende med dei som mannskap på
fjordabåtane. Nå overtok dei ferja også. For oss frå "rette"
sida av Jøsenfjorden var jo erfjordbuar litt eksotiske, dei også.
For
dei snakka jo litt rart. Dei sa ikkje kaga og mad, slik som oss. Mat
og kaka, takk. Det gjekk ei viktig dialekt-grensa mellom oss. Når du
kjørte i land på Vindsvik var konsonanten stadig blaude og fine.
Men når du hadde kjørt over høgdedraget mellom Jøsenfjorden og
Erfjord og passert den nye kommunegrensa mellom Hjelmeland og Suldal,
rådde dei harde konsonantane grunnen.
 |
- Store forandringar på vår gamle arbeidsplass, fastslo ferjeveteranane Gulleiv Norheim, Kåre Vågane og Sverre Norheim. Foto: Magnar Riveland. |
Men
erfjordbuane hadde klare, menneskelege trekk. Dei var jo innante som
oss. Dei sa him og himante og var greie å forstå. Du måtte berre
venja deg til dei.
«Jøsenfjord-ferjen»
kom og gjekk. År ut og år inn. Full av turistar og andre reisande i
helgene og i sommarferien. Andre tider var det lite og ingen trafikk.
Og folka om bord var navngjetne for sin omtanke for kundene. Viss ein
bil kom litt for seint, snudde ferja om kom inn igjen og henta dei
stakkarane. Forresten må me ikkje gløyma ertersuppa.
 |
"Jøsenfjord-ferjen" i fordums glans. |
Men
ein dag var det slutt på Tøtlandsvik – Vindsvik-dansen. Ferja var
for liten for trafikken på Ryfylkevegen. Den blei erstatta av ei
større ferja og forvist til eit mindre trafikkert samband. Nedstrand –
Hebnes – Foldøy – Jelsa. Ikkje berre kos der og slett ikkje
ertersuppa. Nedstrandsfjorden kunne vera tøff nok den når
hauststormane herja.
Bastardnavnet,
«Jøsenfjord-ferjen», blei borte. Nynorsk-forkjemparen Johan Veka
gjekk heilt i spinn då han fekk høyra kva navnet skulle vera. Ein
mengde bokstavar blei fjerna frå skutesida. «Ferjen» blei borte.
Nå blei det berre «Jøsenfjord».
I
1991 var det slutt på ferjelivet. Kroken Fisk på Hjelmeland kjøpte
ferja. Nå skulle den brukast til base for eit fiskeoppdrett på
Jøsneset. Her blei ferja liggjande pal til 1999.
Men
så kom oppturen. For den gamle ferja blei verken opphogd eller
utsett for andre sorter elendighet. Eit firma med navnet Cehili
Expeditions i Grimstad kjøpte den gamle «Jøsenfjord-ferjen» og
døypte den «Cehili» og flagga den ut til Belize.
«Cehili»
skulle bli dykkarskip. Den blei ombygd til det ukjennelege. Flott
baug og soldekk framfor styrehuset. Nå drog båten til Sør-Kinahavet
til eit prosjekt som handla om marin-arkeologi. Her hadde eit skip,
lasta med 350 000 porselenstallerkar forlist. Dykkarane henta opp 200
000 av dei.
Deretter
sette «Cehili» kursen mot Europa. Det blei fleire oppdrag i
Middelhavet. Deretter kom den tidlegare ferja til Norge igjen i 2004.
I Hustadvika på Romsdalskysten venta det neste oppdraget for
dykkarskipet.
Norsk
Hydro skulle legga røyrleidning frå gassfeltet Ormen Lange og inn
til land. Eit ukjent vrak, truleg frå 1700-talet, var oppdaga på
200 meters djup. Dette var truleg eit hollandsk handelskip. Ved hjelp
av avanserte undervass-robotar blei det henta opp mange flasker med
fransk vin, engelsk gin, keramikk, porselen og sølv.
Då
oppdraget på Hustadvika var avslutta sommaren 2005, sette «Cehili»
kursen sørover igjen. Grimstad-mannen Tore Thorsen, primus motor
for «Cehili»-prosjektet, hadde ikkje gløymt kor han henta den
tidlegare ferja. Ein av dei fyrste dagane i august låg dykkarskipet
ved kai på Hundsnes i Hjelmeland.
Her
var viktige erfjordbuar inviterte for å sjå den gamle ferja si
igjen. Utanfrå var den ugjenkjenneleg. Ingen kunne tru at den var
den tidlegare «Jøsenfjord-ferjen».
Då
Kåre Vågane, Sverre og Gulleiv Norheim kom om bord kjende dei både
det eine og andre igjen. Rattet sto på same plass og kassen med kikkerten hang slik som før. Ellers var det
svært forandra. Unntaket var maskinrommet. Ingenting nytt der.
Malvin
Viga som hadde hatt den gamle ferja som arbeidsplass då den låg ved
fiskeoppdrettet på Jøsneset var også med på omvisninga.
Det
var gildt å sjå den gamle arbeidsplassen sin igjen.
Journalist
Magnar Riveland skildra gjensynet med tidlegare «Jøsenfjord-ferjen»
i ein stor reportasje i Bygdaposten.
Seinare
same hausten sette «Cehili» kursen mot Indonesia igjen. Nå var det
turistdykking som sto på programmet. Hobbydykkarane skulle få det
godt om bord. Kurs, dykking og fotografering under vatn sto på
planen. Passasjerlugararen heldt høg standard. Det same gjaldt for
restauranten og kokken om bord, sto det i Bygdaposten.
Eit
kjapt søk på nettet viser at tidlegare «Jøsenfjord-ferjen»
og«Cehili» stadig er flytande. Nå med navnet «Voyager».