 |
Her budde Hjemlyen eller Johannes J. Kvame i alle år. |
Han
kjørte likkister i byen. Dette er den einaste jobben han skal ha
hatt i si tid. Men mora, Rakel, var bekymra for koss det skulle gå
med sonen i byen. Han kunne bli lokka av låke venner til å drikka
og driva dank. Derfor tok ho båten til byen og fekk sin einaste son
med seg heim til eit trygt tilvære på Hjelmeland. Der blei han
buande heilt til han blei så gammal og skrøpeleg at han måtte
flytta på sjukeheimen i Årdal.
 |
Rakel og Johannes J. Kvame heime i Hjemly. Bildet tilhøyrer Lasse Kvame. |
Hjemlyen
blei han kalla av folka i bygda. Hjemly var navnet på eigedommen på
Kvame i Hjelmeland der han og mora budde. Men hans fulle navn var
Johannes J. Kvame.
Grunnen
til at eg skriv dette? På siste søndagsturen passerte eg plassen
der han budde. Huset og uthuset står der ennå. Mest av gammal vane
såg det ut til. Fleire tre er i ferd med å trengja seg inn mellom
tak og vegger og det meste av takskiferen klamrar seg fast som best
den kan inntil vidare.
 |
Nekrolog i Aftenbladet 1. desember 1952. |
Eg
stoppa ikkje lenge, men nok til å sjå at dette har vore ein fin
buplass i si tid med vidt utsyn over Kvame-gardane og
Steinslandsvatnet. Her hadde Hjemlyen god oversikt og fekk med seg
det meste som rørte seg i bygda.
Denne
mannen kjente eg ikkje. Men me såg han av og til på vegen til eller
frå Hjelmelandsvågen dragande på ei handkjerre. Hjemlyen var eit
trufast medlem i Handelslaget i all si tid. På tide å skriva litt
av historia om mannen medan det ennå er folk som lever og kan
fortelja om han.
Hjemlyen
eller Johannes om du vil, blei fødd i 1895 på garden Røgjelstad i
Hjelmeland. Far hans var død då han blei fødd. Mora, Rakel, fann
ut at ho ikkje kunne sitja med garden etter at mannen var død.
Dermed flytta ho til Kvame der ho kom frå og kjøpte eigedommen som
ho kalla Hjemly. Der blei ho og sonen buande i all si tid.
- To
gonger i veka kom Johannes til oss for å kjøpa melk. Då mora
døydde i 1952, kjøpte han mjølk berre ein gong i veka, fortel Jone
A. Kvame som er fødd i 1933 og har mange minne både etter mannen og
mora hans.
Han
var ein grundig avislesar og fast abonnent på Aftenbladet. Dette var
ei avis som blei stifta av presten Lars Oftedal og dermed følte han
seg sikker på at det ikkje fanst løgn der.
Me
kunne stå i timasvis og diskutera politikk, innanriks og utanriks.
Det kunne bli oppheta diskusjonar.
Nei,
nå må eg gå før eg blir sint, kunne eg seia av og til.
Det
er godt for helsa å bli sint av og til. Det friskar på levra, svara
han då, fortel Jone A. Kvame.
Ungdommane
dreiv og erta på han og ville vita koss mykje pengar han hadde i
banken. 10 000 kroner har du på bok, sa ein. Då trudde Hjemlyen at
folk i banken hadde vore lausmunna. Han gjekk til Hjelmelandsvågen
neste dag og tok ut pengane or Hjelmeland sparebank.
 |
Mykje folk på auksjonen etter Johannes J. Kvame 23. mai 1992. Lensmann Arne Haga er auksjonarius. Foto: Bygdaposten. |
Den
gamle ungkaren var redd jentene noko som dei sjølvsagt la merke til.
Det hende dei erta han med å stilla seg opp heilt inntil han, noko
som han mislikte sterkt.
Men
denne mannen hadde eit godt hovud. Han les mykje og skreiv dikt og
prologar.
- På
søndagskveldane når ungdommane i Hjelmelandsbygda ovanom Krofjellet
samla seg hende det av og til at me fekk overtala Johannes til å
lesa sjølvskrivne dikt og prologar. Han hadde ein skarp penn og det
hende at enkelte i bygda kunne få passe påskrive i versa hans,
fortel Harry Breiland som fryktar at papira og dikta til Johannes J.
Kvame er borte i dag.
Hjemly-eigedommen
var på fire dekar. Her hadde dei to-tre sauer og frukttre. Johannes
kjøpte kraftfor på handelslaget i Hjelmelandsvågen. Dette drog han
heim til Kvame med handkjerra si. Då kreftene minka dei siste åra,
greidde han ikkje å dra 50-kilo-sekken opp den siste bakken. Han
måtte dela opp innhaldet i fleire sekker slik han greidde å baksa
med det. Sønnene til Per Kvame hjelpte også til med å få
mjølsekkene heim.
Mora,
Rakel, døydde i 1952, 87 år gammal. Etter den tid blei sonen buande
åleine. Han stelte seg sjølv, på ungkars vis. Sjølv om husstellet
ikkje var heilt patent, greidde han seg godt og overlevde dei fleste
sambygdingane sine. Dei siste åra budde han på sjukeheimen i Årdal.
Der døydde han i desember 1991, 96 år gammal. Sidan han ikkje hadde
nære slektningar, blei det halde dødsboauksjon etter han i mai
1992. Hjemly-eigdommen tilhøyrer i dag gardsbruket til Silje
Jørmeland.
Hjemlyen
er snart plassert i gløymeboka, men me er ein del gamlingar som
hugsar han som eit originalt innslag i bygda med hatt og handkjerre
på vegen til eller frå Hjelmelandsvågen.
(Per
Kvame, Jone A. Kvame og Harry Breiland har hjelpt meg med
opplysningar om Johannes J. Kvame. Viss nokon har opplysningar av
interesse, kan dei ta kontakt med meg.)
 |
Hjemly sett frå Hagali-vegen. |
På Facebook er det fleire som har komme med kommentarer etter å ha lese denne bloggen omHjemlyen. Eg legg inn ein del av desse her:Karl Einar KleppaEi tante av meg fortalde om at dei unge i bygda samlast ovanom Krofjedle i Råså. Hjemlyen heldt tale og innleia med « Kvinder og menn utav bygden i dag!».
Magnhild Meltveit KleppaEr kje dette etter Hjemlyen: No kjem Fjellbuen! Eg seier frå meg alt ansvar!
Kanskje han var vakt på Losjehuset eller på Ungdomshuset?
Borghild DaleDet vert sagt at han bar førningsskrin dersom han ikkje nytta kjerre. Fint førningsskrin. Eller førningskorg?
Odd Steinar EideOg melkekjerra hans mangla fett i navå . Høyrde Ann godt når han var på tur til Vågen.
Sigrun KvammeEg hugsar godt Hjemlyen. Han var jevnleg innom besta og besten, Sigrid og Erling Kvame.
Då eg var lita jente fekk eg ein nydeleg oransj kattunge av han.
Han hadde mange kattar og det lukta sterkt kattelukt både inne i huset og utanfor. Me ungar synes han var litt skummel. Men det var og spanande å lure seg forbi huset hans, utforske Hagen og smake på eit eple eller ei pære.