mandag 25. februar 2019

Kristian Vervik - ein ung styrmann-sjarmør på «Tau»


Kristian Vervik var den fyrste styrmannen på «Tau»
i 1961.  Bilde: Else Vargervik.


Då den nye, flotte ferja «Tau» kom seilande i 1961, var styremaen, som me sa, intakt. Akkurat som på dei skikkelege fjordabåtane som gjekk i fjordane på den tida. 

Kristian Vervik som var den fyrste styrmannen på «Tau», selde billettar, passa på last og post og hadde eit oppsyn når matrosane dirigerte bilar og styrte på med det vanlege arbeidet på dekk. På den nye Tau-ferja var der stail, må vita. Styrmannen hadde flott uniform med to stjerner på jakkeslaga og hendene i lommane. Han gjorde ikkje manuelt arbeid. Det skulle matrosane ta seg av.

Jan Eie med DSD-jumper og matros-hus til rors på
«Strand» i 1968.
Matrosane hadde blå genserar. På brystet sto det DSD med store, raude bokstavar. Dei hadde runde marinegast-huer på håvet, kjekt på snei.

Du ser det sikkert levande for deg, Ei strålande tid.

Å ringja med skipsklokka var ein viktig del av pliktene på dekk. Fem minutt før avgang frå Stavanger slo ein av matrosane to slag i klokka. To fine slag, så ei masse tingeling før ein avslutta med to slag til slutt. Då ferja skulle gå, slo den same matrosen tre slag og ferja bakka ut frå kaien.

På Tau var dei tre matrosane opptekne med viktigare oppgaver enn å ringja i skipsklokka. Ein var rormann og hjelpte skipperen på brua. Han sto til rors og styrte til kai. Neste matros sto framme med kastelina og fekk baugtauet i land. Bak sto den tredje matrosen for å ta seg av aktertauet og åpna portane slik at bilane kunne kjøra i land når ferja låg i ferjestøa.

Så forsvann bilar og last på land og ny forsyning av same sort kom om bord. Når ferja var klar til avgang, ringde styrmannen i skipsklokka og drog opp ei fløyte or lommen og bles. Kapteinen sto på bruvingen og høyrde fløyta. Ferja kunne gå.


Styrmann Olav Foss Berentsen i full sving med billettmaskinen i salongen på «Solbakk» i juni 1986.
Foto: Morten Jørgensen.


Etter avgang gjekk styrmannen til billettkontoret og henta pengetaska og brettet med gule og blå billettar. Gule billettar for passasjerane og blå for bilane. Deretter gjekk han gjennom salongane og selde billettane.

Matros Inge Eiane samlar inn billettar på «Solbakk» i august 1978. Bilde tilhøyrer Stavanger byarkiv.
Den gongen var det relativt dyrt å reisa med ferjene. Desse inntektene skulle dekka omkostningane med å driva ferja og vel så det. Så vidt som eg hugsar, fekk ikkje Stavangerske statstilskot for å driva Tau-ferja på den tida.

Då styrmannen var ferdig med sin billettrunde, gjekk ein av matrosane same ruta og samla inn passasjerbillettane. Han skulle passa på at alle hadde fått billettar. Viss han kom over folk utan billett, måtte han ledsaga dei til billettkontoret slik at dei fekk ordna opp. Det hende at enkelte reisande prøvde å reisa på gamle billettar. Då blei det oppstyr viss dei blei oppdaga.

På den tida var det ingen i Stavangerske, verken overordna på kontoret eller folk om bord, som drøymde om å bruka ferje-matrosar som billettørar. På dagar med ekstra mange reisande, kom det folk frå Stavangerske-kontoret i byen om bord og hjelpte styrmannen med å selja billettar. Matrosar dreiv ikkje med den slags. Dei skulle styra og samla billettar. Kunne dei stella med penger?

Neste blogg handlar om revolusjonen som gjekk føre seg på 1990-talet på ferjene. Då blei styremaen til styrmann. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar