Hurtigferja «Stavanger» blei bygd på Oma i Hardanger. Her på prøvetur utanfor verftet. Foto: Jon Ingemundsen |
Hurtigferja «Stavanger» var ein katamaran med to skrog og gjekk nesten dobbelt så fort som dei gamle Tau-ferjene. 22-23 minutt brukte den nye ferja på overfarten når dei raskaste folka var om bord. Ikkje rart at den blei svært populær blant
dei reisande. Tekniske problem var det nesten ikkje så lenge den gjekk på Tau.
1. juni 2003 blei den sett inn i ruta mellom Stavanger og Tau. Ferja var eit
prøveprosjekt. Dersom eksperimentet blei vellukka, skulle det
byggjast ei systerferje året etterpå. Ein såg for seg to slike
raske ferjer som suste fram og tilbake over Hidlefjorden.
Gudmor Anne Selnes greidde å knusa champagne-flaska på det |
Men
kven kom på at det skulle byggjast ei hurtigferje til Tau-sambandet?
Hurtigbåtverftet Fjellstrand i Hardanger mangla arbeid. Det var fare for permitteringar. Framtida var usikker. Men verftet hadde utvikla ei hurtigferje som dei presenterte for styresmaktene. Den kunne dei byggja viss nokon var interessert i å setja ei slik ferje i fart.
- Vegdirektoratet kontakta oss og lurte på om me kunne vera interessert i ei slik ferje i Tau-sambandet, fortel Egil Nylund som var direktør for Stavangerske sine ferje- og hurtigbåtruter.

Nylund la fram forslaget med toppsjef Folke Hermansen som var positiv til nye ideen.
Hurtigferja
hadde aluminiumsskrog og kosta omlag 200 millionar kroner. Dette var nesten det doble av prisen for ei vanleg ferje. Det var
plass til 119 bilar fordelt på sju rekker om bord i den 80 meter
lange ferja.
Statens vegvesen var også positiv til dette ferjeeksperimentet. Dei lova at ferjestøene både i Stavanger og på Tau skulle byggjast ut
slik at dei var like breie som bildekket på ferja. Ferja hadde
kjørelem på 17 meters bredde. Ferjelemmen var ni meter.
Den nye ferja blei sett i drift i 2003.
Og prøvedrifta var vellukka. Men ferje nummer to blei aldri bygd.
Tida arbeidde mot den raske ferja.
- Strandalandet kjem til å få
fastlandsforbindelse i nær framtid, sa styresmaktene. Me vil ikkje bruka pengar på
breiare ferjestøer når det er så usikkert kor lenge dei skal brukast, sa Vegvesenet.
Hurtigferja
brukte mykje drivstoff samanlikna med ei konvensjonell ferje. Dette
var dyrt og lite naturvennleg. Gassferjene kom seilande og blei plutseleg mykje gjevare.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar