«Stavanger» på veg inn til Haugesund som ny i mars 1950. Eg var matros der 20 år etterpå. |
- Du er ein forveten, frekke tosk. Det er ei skam at du har fått matroshyra. Du kan ikkje ein knute ein gong.
Det var
litt av ein attest eg fekk av ein gammal, sur karmøybu som var matros
om bord i nattruteskipet «Stavanger» i 1970. Eg hadde
latt meg lokka til å gå om bord i nattruta 15.mai for å vera
matros der. Mannskapsavdelinga til Stavangerske mangla folk og dermed
blei eg sendt om bord i den svarte, nokså fallerte båten. I 20 år
hadde den gått trufast fram og tilbake mellom Stavanger og
Bergen då eg fekk min ilddåp der.
Mikal Våge frå Bokn var båtsmann på «Stavanger» då eg jobba der. i 1970. Ein flott mann som kom på eit firmerke i 1970. |
Eg må også få med at i 2010 kom det ut ein serie frimerke med sjømannsmotiv i forbindelse med at Sjømannsforbundet var 100 år. Der var det eit bilde av båtsmannen på «Stavanger», Mikal Våge frå Bokn. Ein flotte mann som seilte på nattruta i aldri så mange år.
På
dei andre båtane hadde
eg vore saman med folk som hadde jobba om bord i nattruta. Ut frå
det dei hadde sagt, burde eg styrt unna. Men det var ein fristelse eg
ikkje kunne stå i mot. I ein alder av 21 år hadde eg aldri vore i
Bergen. Kommande haust hadde eg planar om å reisa til Bergen for å
studera. Det kunne jo vore spennande å sjå byen mellom dei sju
fjell før eg reiste av garde dit med mitt beskjedne
flyttelass.
Eg sov
ikkje mykje natta til 16. mai 1970 og eg var tidleg ute og studerte
innseilinga til Bergen. Kvarven, Puddefjorden, Laksevåg og Askøy.
You name it. På mi frivakt klappa «Stavanger» til kaien på
Bradbenken i Vågen i Bergen.
«Stavanger»
blei sett i fart 19.mars 1950. Etter
den dag blei det ikkje forandra mykje på arbeidsordningar og rutiner
der om bord. 20 år seinare var det stadig folk som hadde seilt der
sidan båten var ny. Det var ikkje heilt enkelt å finna ut kor ein
skulle gjera av seg alltid.
På dei
fleste båtar var det slik at viss du var på vakt og sto til
rors på brua inn til kai, gjekk du bak på hekken og sette fast
aktertauet før det blei slått stopp i maskinen. Slik var det ikkje
på nattruta.
Ein gong
hadde eg styrt til kai på Sandnes og gjekk bak for å fortøya
der. Men der var det alt ein mann i arbeid. Han berre flirte hånleg
av meg: – På fredagar på Sandnes skal rormannen ta tauen på
baugen, sa han.
«Stavanger» gjekk frå Sandnes på ettermiddagen etter å ha lasta der. Klokka 21 gjekk den frå Stavanger til Bergen. Foto: Johannes Østvold. |
«Stavanger»
var ein komplisert båt med mange trapper og gangar. Den første veka
var det lett å gå feil i den flytande labyrinten.
Og
så mykje folk som jobba om bord: Kaptein,
to styrmenn, to losar, båtsmann, dagmann, seks matrosar, tre
maskinistar, tre motormenn, restauratør, kokk, byssegutt pluss
pikene som serverte og heldt lugarane i orden. I tillegg var det
alltid postfolk om bord når båten gjekk i ruta.
Johannes Fagerli, til venstre, og Mons Loftnes var begge styrmenn på «Stavanger» i 1970. Foto. Leif Berge. |
I
Stavanger var ikkje dagane like. Nattruta kom til byen mellom åtte
og halv ni på morgonen. Som oftast gjekk turen vidare til Sandnes.
Var det ledig kai ved BP sitt tankanlegg ved Lurahammaren, blei
det bunkra drivstoff.
I
Sandnes havn skulle det
lossast og lastast. Nattruta hadde i si glanstid alltid med seg både
landbruksprodukter og diverse landbruksmaskiner til Bergen. Ei blå
høykanon på fordekket var omtrent eit fast innslag om bord i
nattruta på veg nordover.
I mi tid
gjekk «Stavanger» frå heimbyen søndag, onsdag og fredag. Frå
Bergen mandag, torsdag og lørdag. På tysdagskveldane låg
«Stavanger» i ro. Viss det var last til Sandnes, overnatta
nattruteskipet der. Var det tombola, var skipet forvist til Kålatomta
på Sølyst, rett over Skjeret. Ein bakvendt plass. Du måtte
ta byferjene til byen.
Min
første rundtur som nattrute-matros var litt spesiell. Det var 17.
mai, første pinsedag og full fest i byen då «Stavanger» klappa
til kai. Då passasjerar og aldri så lite last var på land,
forhalte me til «Haugesund» sin faste plass på Strandkaien. Medan
barnetoget samla seg på land, begynte festen om bord. Ein musikalsk
motormann med trekkspel samla lugaren full av feststemte vaskekåner
– det blei sagt så då. Då eg kom om bord igjen forholdsvis seint
på kvelden, var vaskedamene stadig på post. Det var mykje
uskuldig moro i gamle dagar!
Neste
morgon var det andre pinsedag og oppseiling til Bergen. Turen
nordover gjekk i dagslys. Same kveld var det retur sørover.
En meget, meget velskrevet artikkel om et kapittel i norsk kysthistorie som er i ferd med å svinne bort ...
SvarSlettLeses med interesse og ettertanke!