Den tidlegare «Stavanger» blei omdøypt til «Saude» i 1914. Her på Jørpeland under andre verdenskrig. Bildet er henta frå DSD si jubileumsbok frå 2005. |
Ein
aprilmorgon i 1906 gleid nattruteskipet «Stavanger» inn Byfjorden
forbi Tjuvholmen med kurs for Vågen. Kista til byens store diktar,
Alexander Lange Kielland, var om bord. På brua sto kaptein Petter
Lange, fetter til diktaren. «Stavanger» passerte det store
dampskipet «Else» på vegen inn i havna. Skipet låg for anker med
flagget på halv stang. Skipperen sto akterut ved flaggstanga med
«blottet hode». Navnet hans var Worse.
Kielland
døde på Bergen sykehus, men blei gravlagd frå domkyrkja i
Stavanger.
På
denne tida var nattruta den viktigaste ferdselsåra mellom Stavanger
og Bergen. Kvar natt gjekk det eit skip i kvar retning. Og
trafikktala gjekk jamt og trutt oppover. Bergensbanen var under
bygging. Den ville gi ytterlegare trafikkauke på ruta mellom dei
største byane på Vestlandet. Bergensbanen blei åpna 27. november
1909.
Dampskipet
«Stavanger» som frakta kista til Alexander Kielland heim frå
Bergen, var bygd ved Stavanger Støberi & Dok i 1897. Skipet
skulle brukast i Bergensruta og fjordafarten og skulle erstatta
«Ryfylke»som
var overført til kystruta. Stavanger Støberi & Dok fekk 119.000
kroner for byggeoppdraget.
Nattruta
Stavanger – Bergen blei innarbeidd i løpet av 1890-åra. Sandnæs
Damp var fyrst ute med dampskipet «Sandnæs». I 1897 sette DSD inn
«Stavanger» i Nattruta i samseiling med «Sandnæs». «Stavanger»
gjekk til Bergen mandag og onsdag kveld. «Haukelid» gjekk på
fredagskveldane. «Sandnæs» gjekk tysdag, torsdag og lørdag. Ein
kort periode overtok Hardanger-Søndhordlandske (HSD) ein av turane,
men det varte ikkje lenge.
Nattruta
blei raskt innarbeidd og fekk ry for sin presisjon. Skipa kom og
gjekk i rute uansett vêr. Det blei sagt at folk kunne stilla klokka
etter Nattruta.
Maleriet av «Stavanger», bygd i 1897, tilhøyrer Stavangerske. |
Folk
fortalde at ei eldre kvinne spurte den legendariske kaptein Peter
Lange:
- Går
nattruta klokka halv ni hvis Gud vil?
- Nattruta
går halv ni anten Gud vil eller ikkje, skal kapteinen ha svara.
«Stavanger»
blei for liten for nattruta. I 1914 var det slutt. Då blei den
omdøypt til «Saude» og nå gjekk den for det meste i fjordafart.
Men i
krigsåra blei «Saude» brukt i bergensruta igjen. Nattruta var
innstilt. Under krigen gjekk rutebåtane mellom Stavanger og Bergen på dagtid.
«Saude»
forliste på veg til Bergen 13. november 1944. I Vatlestraumen rett
sør for Bergen ble skipet rent i senk av ein tysk ubåt. Det var 30
passasjerar og eit mannskap på 21 om bord. Alle blei berga sjølv om
fleire havna i sjøen. Det gjekk berre seks- sju minutt frå
kollisjonen til skipet gjekk ned på 30 famnars djup.
Dermed
var den andre «Stavanger» ute av soga. Den blei sletta i
skipsregisteret i januar 1945.
(Kjelde:
Magnus Torgersen sin bok «Fjordabådane» som blei utgitt av
Aftenbladet i 1981.)
Det forbauser meg at en tysk ubåt sto for torpedering i Vatlestraumen. Bergen ble stort sett bombet av britene, og de stod bak når hurtigruteskip ble senket, om de ikke gikk på miner eller liknende faenskap.
SvarSlettDet var ingen torpedering, men en ulykke.
Slett