torsdag 9. mars 2017

Fyrstereisgutten styrte "Stordøy" til kai på Erøy


Søkklasta "Stordøy"i 1954. Dette bildet er teke i Florø under vintersildfisket.
Bildet tilhøyrer Ryfylkemuseet.


Skipperen, Erling Bøen, reiste seg frå krakken i styrehuset og drog i skipsfløyta så det kunne høyrast i heile Erfjord.  Deretter drog han i hendelen for å sakta på farten på "Stordøy" som låg i sving inn mot den faste liggjeplassen i Erøyvik. Det hadde ikkje vore nødvendig å blåsa i fløyta. Heila Erfjord var på beina og var møtt fram i Erøyvik. Kunne tru det skulle vera sjøsetjing på Varven.

Men nei. Det var "Stordøy" som kom tilbake frå sin første tur til Island som Erfjord-båt og motorskip søndag 9. september 1951. Folk var forvetne og ville snakka med kjenningane som kom heim. - Koss gjekk det? Blei det mykje sild?

Skipperen snudde seg brått mot yngstemann om bord, 15-årige Torstein Stensland. Han smilte. - Nå styrer du inn til land og manøvrer og styrer med fortøying. Eg står bak deg, klar til hjelp viss det blir problem.

Det sto i Aftenbladet, sjølvsagt, at "Stordøy" var kommen vel heim
til Erfjord igjen. 


- Der sto kameratane mine på land og såg at eg skipra "Stordøy" til kai etter åtte veker på islandsfiske. Eg dirigerte då fiskarkameratane sørga for å få tauene i land og setja fast. Eit stort øyeblikk som eg aldri vil gløyma, seier Torstein Stensland i dag.

Sommaren 1951 representerte det store skiftet både for den 55 år gamle snurparen"Stordøy" og Torstein Stensland som fylte 16 år på Island. Fyrst var han med til Flekkefjord der den gamle dampmaskinen blei riven ut. Deretter blei "Stordøy" taua til Fredrikshavn i Danmark der den nye dieselmotoren blei sett på plass. Ein flunkande ny Alpha på 340 hestar skulle nå sørga for framdrifta om bord.

Søster til Torstein på besøk om bord før "Stordøy" gjekk til Island i 1953. Framme frå venstre: Torstein, Anders Vaage, Astrid Stensland, Trygve Høivik. Bak: Torkel Egeland, Nils Helgeland, Normann Blenes, Johan Knutsvik og Kolle Gjerdahaugen (Kornelius Eskedal). Bildet tilhøyrer Anna Vaage.

Deretter gjekk erfjordbuane heim til Erfjord og rusta ut "Stordøy" til sildefisket rundt Island. 80 garn og 1100 tomtønner i rommet og på galgedekket bak styrehuset, var berre litt av det dei 11 om bord skulle ha med seg på turen. Tenk kva dei trong av proviant til en slik tur som kunne vara i mange veker før dei hadde last og kunne dra heim. "Stordøy" låg nesten like lågt i sjøen då ho gjekk til Island som då ho kom heim igjen.

Du kan seia mykje om erfjordbuar og mange gjer sikkert det, men det ville vera feil å kalla dei for røynde havfiskarar, etter gammalt. Dei hadde fiska brisling i fjordane og sild på norskekysten. Men dei hadde aldri drege av garde til havs, hundrevis av nautiske mil for å fiska. For å bøta på manglande erfaring hadde dei hyrt karmøybuen Knut Svendsen som skipper på fyrste turen. Dessutan hadde dei med strilen Normann Bleness frå Bekkjarvik som bestmann. Oskar Drivenes, Bekkjarvik, var også med på "Stordøy" i 1951.

Klokka halv fire om morgonen tørna fiskarane ut om morgonen. Dei fekk tid til ein kopp kaffi før dei starta arbeidet med å trekkja garna. I halv åtte-tida var garna om bord. Då var det tid for frokost.

Då maten var fortært, skulle garna gjerast opp slik at dei var klar til å gå i sjøen kommande natt.

Lange dagar på islandsfiske. Her blir silda gjort opp, salta, krydra og lagti tønner. Bildet teke av Anders Vaage i 1953.


Så sto sildefangsten for tur. Trente fiskarnevar gjorde sildene håvelause og fri for innvollar. Deretter blei silda salta eller krydra og lagt i tønner. 1100 tønner skulle fyllast med sild før "Stordøy" kunne setja kursen heim igjen.

Dei av fiskarane som hadde koner og ungar og andre plikter heime, var dei som talde og heldt mest greie på kor mange tomtønner som var igjen. Ingen var ivrigare enn dei på å komma seg heim igjen.


MEN SLAPP AV. Det er mange bloggar igjen før "Stordøy" dreg heim igjen frå Island. Ikkje gå glipp av den neste bloggen om to-tre dagar.

Min facebook-venn Jan Høie skreiv denne kommentaren på fb. Han voks opp som fiskarson på Kvitsøy og har meir greie på ekta fiskerier enn det eg nokon gong har hatt. Eg limer den inn her slik at alle kan få meir å tenkja på:

Islandsfisket, ja.

 Hugsar at eg som gutunge var mektig imponert av alle tønnene ombord i fartya som skulle av stad. Og synet av salta islandssild. Det var sais det. Trur denne silda også gjekk til produksjon av kryddersild.

 Å dra garn (ikkje trekkje) med handamakt fulle av sild var tungt arbeid. Verst var det om det var stilt. Då kunne ein ikkje bruke sjøgangen til å lette draginga. Teknikken var å vente til fartyet gjekk "ned". Då blei det slakk i garnet og ein måtte vere raske å hale inn slakken, feste garnet på rekka og vente til fartyet gjekk oppatt. Dette har eg vore med på når me drog tråla ombord. Nå er kraftblokk og liknande standard sjølv for ein amatør.













  

1 kommentar: