lørdag 27. august 2016

Hallo Finn! Eg vil ikkje bli rådmann i Sveio!

Finn sender rådmannsjobbar til meg. Har det rabla for han?


Eg veit ikkje om eg skal le eller grina. For eit par veker begynte Finn å senda meg mailar der eg blir gjort merksam på ledige rådmannsstillingar rundt om kring i landet. Koss kan Finn ha funne på dette? Du veit sjølsagt kven Finn er. Treng ikkje presentera den karen meir.

Som guttunge sa eg rett nok at eg skulle bli stortingsmann og statsminister og den slags. Men rådmann, nei. Slike folk skal jo vera seriøse og gå med slips og driva med budsjett og greier. Ingenting for meg. Alt for mange framandord og lange dagar på eit stort kontor.

Kan det vera nokon som vil herja med med meg? Har dei sendt brev til Finn.no og bedt dei senda slike rådmannsannonser til meg? Ikkje nok med rådmannsjobbar. Eg får også andre gongs utlysingar av av hjelpepleiar i Modum og så vidare.

Nå sist vinter så eg på hus-annonser på Finn. Plutseleg kom det mailar frå Finn der dei gjorde meg merksam på nye leiligheter som var for salg. Eg hadde aldri bedt om den slags service. Men det interesserte meg litt. Nå har me kjøpt leilighet, men det strøymer stadig på med mailar om nye hus som er komne for salg.

Meg som rådmann i Sveio. Det skulle tatt seg ut. 


Men ledige rådmannsstillingar? Hallo, eg er 67 år og blei tildelt livsvarig AFT for fem år sidan. Kan ikkje Finn gå inn på netter og sjå at eg er for gammal til den slags.

Seinast i dag har eg fått mail om at det er ein ledig jobb som rådmann i Sveio? Eg vil ikkje bli rådmann i Sveio. Og Sveio vil slett ikkje ha meg som rådmann.

Nå har det komme nok mailar frå Finn. Det er ein telefon frå Norsk Tipping eg drøymer om i kveld.

tirsdag 23. august 2016

"Fjordbris" - full fart og fin fasong i snart 70 år

Den moderne "Fjordbris" har ein rutefart på linje med hydrofoilane frå
1960-talet. Båten har Skyss-fargar, men er registrert i Stavanger. 

Blei nesten rørt av å oppdaga den nye "Fjordbris" då den låg ved kai på Bekkjarvik i Sunnhordland for eit par veker sidan. Blei ein rask kikk. Eit par minutt seinare var den svarte og oransje hurtigbåten i fart igjen. Lang og lettbeint la den i veg nordover i Austevollsleia.

Flott at Norled har teke vare på dei gamle navnetradisjonane til Stavangerske og har Stavangerske-flagget vaiande på kvar einaste hurtigbåt og ferje langs kysten.

Må vedgå at denne nye "Brisen" hadde gått meg hus forbi. Dette er ein katamaran (ikkje westamaran) som Norled overtok i februar 2014. Den 36,7 meter lange passasjerbåten er bygd av Brødrene Aa i Hyen og hadde byggjenumer 273. 240 passasjerar er det plass til om bord.

Skipsbyggjarane i Hyen kunne sopa inn ein fin bonus då det viste seg at "Fjordbris" gjekk raskare enn den garanterte farten på 35 knop i byggjekontrakten. På den tekniske prøveturen viste instrumenta ein fart på knapt 39 knop med 20 tonn dødvekt. Dette betyr at "Fjordbris" kan halda den planlagde rutefarten uten å pressa maskineriet for mykje og drivstoff-forbruket blir også mindre. Det står fire motorar om bord. "Fjordbris" kan halda god rutefart med ein motor ute av drift.

Båten er utvikla av bergensfirmaet Paradis Nautica i samarbeid med Brødrene Aa og Norled.

Ein flaggpryda "Fjordbris" i full fart på Sandsfjorden 21. juni 1950. Båten
er fullasta med sandsbuar som ville vinka til Kong Haakon på veg til Sauda.


Den fyrste "Brisen" hadde ein toppfart på 16 knop då den blei sett i fart i juni i 1948. Saman med søsterskipet "Fjordsol" var dette ei vidare-utvikling av fjordbussen "Fjorddrott" som var ein sensasjon då den kom i 1939 då dei gammaldagse dampbåtane dominerte fjordafarten på Vestlandet og resten av Norge. Den vekte oppsikt over store deler av verda.

Unge flotte jørpelandsjenter på 50-talet fotograferte framføre
 moderne "Fjordbris". Foto: Strand Historie- og ættesogelag.
Den raske "Fjordbris" blei Stavangerske sin spydspiss i kampen mot Jøsenfjord Rutelag om bilar, last og passasjerar i Tau-ruta. Dei svenske Nohab-maskinane blei pressa til det ytterste kvar einaste dag for å greia å pressa seg forbi Jøsensfjord-selskapet sin "Årdalsfjord" før dei seig forbi Grasholmen og inn på Stavanger havn.

 "Fjordbris" fekk ein stor tilhengar-skare på Jørpeland og resten av Strandalandet. Den var vitigaste båten i Søre Strand i alle år fram til Tau-ferja blei sett i drift i 1961. Deretter gjekk "Fjordbris" i Sauda-ruta i mange år. Den overnatta i Stavanger og gjekk til Sauda og snudde kvar dag fram til den avløyste "Fjorddrott" i Vindafjord-ruta rundt 1970.

I daglegtalen blei dei tre fjordbussane til DSD ofte omtala som "Brisane". "Fjordbris" blei teken ut av drift i 1975. Seinare blei den sett på land på Tømmerodden på Buøy og brukt til brannøvelsar for oljefolk i mange år. "Fjordbris" var 40,8 meter lang.

Tidlegare "Storesund" blei "Fjordbris" i 1981. Her i Boknasundet.
 Foto: Stavanger Aftenblad


I 1981 kom det ein ny "Fjordbris" inn i Stavangerske-flåten. Heilt ny var den ikkje. Denne hurtigbåten blei bygd for Haugesund Dampskibsselseskab (HDS) i 1974 ved Westermoen Hydrofoil i Mandal. Dette var ein ekte westamaran, med andre ord. Rutefarten var 23-24 knop på gode dagar.

"Storesund" blei navnet på denne båten i 1974. Båten gjekk som einaste HDS-båt mellom Stavanger og Haugesund frå morgon til kveld. Optimismen var stor på denne tida. Haugesundarar kunne reisa til Stavanger på teater og ta siste westamaran heim seint på kveld. Året etterpå var optimismen bleikna. Det blei innsparingar i rutedrifta.

Den nye flyplassen på Karmøy førte til mindre trafikk over Boknafjorden. "Storesund" blei gåande i ei slags samseiling med Flaggruten fram til 1981. Då blei den seldt til Stavangerske som gav den navnet "Fjordbris".

Den tidlegare Haugesund-båten blei i fyrste omgang brukt til å frakta arbeidsfolk mellom Stavanger og Vats der Statfjord B-plattforma skulle gjerast ferdig i Yrkjefjorden. Seinare gjekk "Fjordbris" mellom anna i pendlarruta til Rennesøy. Den gjekk også som reserverbåt i andre ruter.

I 1992 blei den tidlegare "Storesund" seldt til eit tyrkisk rederi og gitt navnet "Fergün Express". Båten gjekk i mange år i rute mellom Tyrkia og Kypros.

"Fjordbris" frå 1991 var ein av trillingane som var bygde i Mandal. Den heldt
det gåande i fjordane våre fram ti 2009. Foto: Termaloma.


Stor stas i Vågen i Stavanger 20. april 1991 da Rogaland Trafikkselskap overtok de såkalte trillingene "Fjorddrott", "Fjordsol" og "Fjordbris". Dei blei sett inn i Ryfylke-trafikken frå 1. mai

Trillingane var bygde ved Båtservice Holding i Mandal. Dei var 28 meter lange, hadde plass til 150 passasjerar og ein servicefart på 32 knop, blei det sagt då båtane blei levert. Til kvardags gjekk desse båtane opp mot 30 knop i rutene sine.

Vinteren 1995 - 1996 blei båtane forlengde med ein meter og fekk plass til 25 passasjerar ekstra ved at fire mannskapslugarar blei fjerna.

Sommaren 2000 overtok Rogaland Trafikkselskap hurtigbåtruta på Haugesund og der blei "Fjordbris" fast båt. Alle som har vore skikkeleg interesserte i rutebåtar, hugsar "Fjordbris" frå den tida. Nå blei den stasa opp med eit stort Stavangerske-flagg på skutesida og dessutan sto det Haugesundsekspressen på kvar side. "Fjordbris" var også utleigd ein del til HSD i desse åra. Den gjekk i Flaggruten og i hurtigbåtruta Bergen - Os - Sunnhordland.

Rederinavnet Rogaland Trafikkselskap blei skrota i januar 2003. Nå blei det Stavangerske igjen.

Frå 2004 var "Fjordbris" tilbake i Ryfylkerutene igjen.

I 2008 var det nytt rederi-navn igjen. Nå blei det Tide Sjø.

I desember 2009 blei "Fjordbris" seldt til det tyrkiske rederiet Bogazici Shipping og sendt frå Norge i februar 2010. "Firtina" blei det nye navnet.

"Fjordbris"-navnet var nå ledig og kom fyrst i bruk i 2014 med den nye båten som går i
Sunnhordland. Flott båt med tradisjonsrikt land.


Gamle "Fjordbris" på Hidlefjorden med kurs for
 byen 24. mai 1957. Foto: Widerøe.


Hovedbildet av den nye "Fjordbris har eg funnet på Brødrene Aa si heimeside. Bildet av "Fjordbris" ved Sand i 1950 tilhøyrer Stavanger Sjøfartsmuseum. Det blei brukt i boka Fjordabåtene frå 2055.
















torsdag 11. august 2016

Møkster shoppa gamle HSD-båtar i stor stil

I 1987 blei Simon Møkster eigar av landets siste hydrofoil.
Det var "Teisten" som han kjøpte frå HSD.


Mange av dei utrangerte rutebåtane og ferjene til HSD i Bergen fekk Stavanger-redaren Simon Møkster som ny eigar. Dei blei liggjande ei tid ved Møkster si bryggje på Steinsøy ved Stavanger, før dei seilte vidare ut i verda til nye eigarar.

Dei siste dagane har eg interessert meg for mindre viktige båtar i flåten til Møkster-rederiet. Spennande stoff for oss fjordabåt-nostalgikarar!

HSD si jubileumsbok "I rute" med Bård Kolltveit som forfattar fortel det meste om dei gamle HSD-båtane. Eg starta der og trur  eg greidde å finna dei båtane som Simon Møkster hadde i sin flåte av bruktbåtar for bruk og vidaresalg i tida frå 1976 til 1988.


Legg til bildetekst"Hordaland" (ny 1937) kjøpte Simon Møkster av DSD i mai 1976.
 Seldt vidare til Kypros året etterpå.


Det starta med rutebåten"Hordaland" .

Denne HSD-veteranen kjøpte Møkster i 1976 av Det Stavangerske Dampskibsselskab (DSD). Navnet var då "Ombofjord". Stavangerske overtok ved årsskiftet 1975 - 1976 heile flåten til Jøsenfjord Rutelag i Stavanger.

Jøsenfjord-selskapet fekk brått bruk for ein ny båt etter at "Fisterfjord" brann opp i februar 1970. "Hordaland" låg i opplag i Bergen. I april 1970 var eigarskiftet eit faktum. Det nye navnet blei "Ombofjord".

Jøsenfjord Rutelag hadde store planar for sin "nye" båt. Den gamle Wichmann-maskinen på 300 hk blei skifta ut med ein MAN-maskin på 710 hk. Det blei også laga ein ny romsleg salong akterut på hoveddekket.

Den tidlegare "Hordaland" blei til "Ombofjord" i Stavanger.

Ferjerevolusjonen i Ryfylke sette ein stoppar for dei store planane med "Ombofjord". Den blei for det meste liggjande som reservebåt om vintrane fram til Stavangerske overtok heile Jøsenfjord-stasen.

Simon Møkster skifta navnet på båten til "Edelweiss". Den tidlegare rutebåten blei først brukt til messe og opphaldsrom for anleggsarbeidarane som  bygde betongplattformer i Gandsfjorden. Seinare blei båten brukt liknande føremål på Stord.

I januar 1977 selde Simon Møkster gamle "Hordaland" vidare til Caravan Shipping på Kypros. Nå blei navnet "Rumieh".I 1978 forliste skipet i Middelhavet etter å ha grunnstøytt.

"Huglo" blei til "Ulla Førre"


"Huglo" ny i 1962, blei kjøpt av Simon Møkster i 1980. Selde den
vidare til Hans Norland, Jørpeland. Omdøypt ril "Ulla Førre"


I 1980 kvitta HSD seg med den 18 år gamle ferja "Huglo". Den var levert frå Stord Verft i 1962. Simon Møkster i Stavanger var kjøparen. Men ganske raskt hadde Hans Norland på Jørpeland kjøpt ferja som blei omdøypt til "Ulla Førre". Med Odd Viga frå Hjelmeland som skipper gjekk ferja mellom den veglause Førrebotn og Vadla så lenge anleggsarbeidet pågjekk inne i fjorden. I 1987 var Jøsenfjord-farten slutt.

"Ulla Førre" ved kai i Førrebotn i Jøsenfjorden. (Foto: Helge Strand)

I 1987 blei det nytt navn. "Bjørneland". Den gamle HSD-ferja har gått i ulike ferjesamband sidan 1989. Den skal nå befinna seg i skjergarden utanfor Åbo i Bottenvika.

"Halsnøy" i Ryfylke-rute som "Party"

"Halsnøy" blei levert til HSD i 1957. Skifta navn til "Strilborg" i 1981.


"Halsnøy" var ein av dei HSD-båtane som eg beit meg merke i då eg studerte i Bergen frå 1970 til 1975. Den likna litt på fjordbussane som med kjende så godt til frå Ryfylke. 

I jubileumsboka til HSD blir den skildra som ein minivarant av "Sunnhordland". Den var tenkt brukt i rutefart i Sunnhordland, men planane blei endra med nye ferjeruter. Dermed havna den raskt i ruter i Bjørnefjorden, nærare Bergen.

"Halsnøy" var bygd ved Holmens Verft i Risør. 

I juni blei båten seld til Simon Møkster og omdøypt til "Strilborg". Aftenbladet omtalte dette kjøpet og kunne opplysa at båten nå var i bruk som moderskip for et selskap i Bergen som dreiv med dykking. I 1983 overtok Odfjell Drilling i Bergen som eigar. Nå blei navnet "Deepsea Inspector". 

I 1988 laga eg Bysiå i Aftenbladet og gjenkjende den gamle HSD-båten ved kai i Stavanger. Då kom den raskt i avisa. Ikkje det største oppslaget rett nok:


Frå Bysiå i Aftenbladet 29. februar 1988.


Navnet "Party" skulle jo tyda på at eigar, Jostein Hevrøy, sikta seg inn på blåtur-markedet i Stavanger. Stavangerske har vel vore ganske skjersette då dei måtte leiga den inn som reservebåt for rutebåten "Hidle".

I 1988 blei den tidlegare "Halsnøy" seldt til Danmark. Der blir den bruka som "veteran-restaurantbåt". Den har gått turar på Roskildefjorden. I 2000 skifta den navn til "Sagafjord".

"Etne" blei "Striltun"


"Etne" blei omdøypt til "Striltun" i 1983.


Ro-ro-båten "Etne" blei bygd ved Skaalurens Skipsbyggeri i Rosendal og overlevert HSD i februar 1962. Denne båten gjekk inn i lasteruta mellom Bergen og Sunnhordland. Det meste av lasta gjekk av og på båten over akterenden. 

I september 1983 kjøpte Simon Møkster denne båten og døypte den "Striltun". Møkster hadde båten fram til 1987. Eg har ikkje greidd å finna ut om den var noko særleg i bruk som Møkster-båt eller om den stort sett låg ved Steinsøy og venta på nye eigarar.

I 1987 blei den tidlegare "Etne" seldt til eit rederi i Kingstown, St. Vincent. Seinare blei den omdøypt til "Bequia Express" og seinare til "Gem Star". Den var i fart i 2005.

Møkster kjøpte Norges siste hydrofoil i 1987.


- Hydrofoilen tilbake, meldte Aftenbladet 17. september 1987.



Stort oppslag i Aftenbladet 10. september 1987: Hydrofoilen er tilbake i Ryfylke-fjordane. Simon Møkster har kjøpt den siste hydrofoilen i landet, "Teisten", frå HSD. Nå skulle båten setjast inn i rute mellom Stavanger og Vats. 


HSD overtok "Teisten" i 1970. Simon Møkster kjøpte båten i 1987 og ga den navnet "Strilprins" 


Aftenbladet skriv:

 Hydrofoil-alderen er tilbake i Ryfylke.

 Den driftige Stavanger-reiaren Simon Møkster har kjøpt hydrofoilen «Teisten» av HSD. Båten skal gå i arbeidsrute mellom Stavanger og Vats. Det er Norwegian Contractors som leigar båten av Møkster i samband med plattformutrustinga i Vats. «Teisten» har skifta namn til «Strilprins» og kom til Stavanger før helga.

 «Teisten» er den siste hydro-foil-båten i Norge og gjekk tidlegare i rutetrafikk mellom Bergen og Skånevik i Sunnhordland. Han har lege i opplag sidan årsskiftet medan rederiet har forsøkt å finna kjøparar. Det er ikkje kjent kor mykje Møkster har gitt for båten, men eit islandsk reiarlag var villig til å gje 1,8 million kroner. Det er likevel grunn til å tru at salssummen ligg lågare enn dette.

 «Teisten» gjer unna turen til Vats på fem kvarter og har ein marsjfart på 32 knop - bortimot 10 knop raskare enn ein westamaran. Toppfarten på hydrofoilen er heile 35 knop. - Hordalendingane sukka oppgitt at nå forsvann deira einaste hurtigbåt, humrar Møster i ein kommentar til Aftenbladet. Båten er utleigd fram til våren, men maritim transportkoordinator Gunnar Bakervik i Norwegian Contractors (NC) seier at det er gode sjansar for at kontrakten blir forlenga.

 Denne ruta blei tidlegare trafikkert av ein westamaran, men nedtrappinga etter gliden i Vats i sommar gjer at NC ikkje treng så stor båt lenger. «Teisten» går førebels direkterute til Vats, men det blir også vurdert å la han gå innom Tau og Judaberg.

Journalist Rune Nedrebø skreiv denne artikkelen.




Simon Møkster dreiv ikkje lenge som hydrofoil-redar. Året etterpå blei båten seldt vidare til Øystein E. Førre og døypt "Hinnvavåg.

"Teisten" blei bygd i Messinga, Italia i 1970. Stavanger-opphaldet varte berre til slutten av 1988. Då blei hydrofoilen seld rederi i Panama og så tilbake til Messina, Italia 1989.

"Kinsarvik" var siste ferja frå HSD til Møkster.


Ferja "Kinsarvik" blei bygd for HSD i 1962. Møkster kjøpte den i 1988. 


Så langt eg har sett, blei ferja "Kinsarvik" den siste fartøy-handelen mellom HSD og Simon Møkster. Den blei bygd i Haugesund, Brødrene Lothe, Flytedokken, i 1962. Den blei seldt til Møkster i 1988 og gitt navnet "Vikingfjord". Same år seilte den vidare til Elfenbeinskysten. Der blei ferja døypt "Dona Elvira". I 2004 blei ferja slept inn til Abidjan på Elfenbeinskysten etter å ha teke om bord liberianske flykktningar i Liberia og Ghana. 

Eg har ikkje funne spor av at denne ferja var i arbeid som Møkster-båt.

Planen min var å laga ein rask blogg om HSD-båtane som Simon Møkster kjøpte. Det blei mykje meir arbeid enn eg hadde tenkt. Eg har brukt jubileumsboka til HSD frå 2005 som ei viktig kjelde. Alle teikningane av HSD-fartøy er laga av forfattaren av boka, Bård Kolltveit. I tillegg har eg brukt Aftenblad-arkivet som er tilgjengelig på nettet. Mange andre funn er også gjort på nettet.

Hadde vært kjekt viss nokon av lesarane har bilde av dei gamle HSD-båtane i aktivitet i Rogaland som eg kunne fått lagt inn i bloggen. "Ulla Førre" burde det for eksempel vore råd å få tak i. Viss nokon har noko på lur, skal eg legga dei inn i bloggen så fort dei er i hus. 

Tips, innspel og korreksjonar tek eg mot med takk!.

Helsing jone



















































tirsdag 9. august 2016

"Havstril" - ein rask gevinst for Møkster

Direktør Peder Totland frå Harding Verft og teknisk sjef Per Haram frå Møkster-rederiet
presenterte den nye "Havstril" for Aftenbladet.


Fredag 9. juni 1989 blei den nybygde hurtigbåten "Havstril" presentert i Aftenbladet. 23. desember same året er same båten avbilda i avisa i det den blir løfta om bord i ein større lastebåt som skal frakta den til utlandet. Som Stavanger-båt blei historia kort, men båten blei seigliva. Den seilar rundt med same navnet ennå.

I min serie om Stavanger-skip som nesten ingen hugsar lenger, er me i dag komne fram til hurtigbåten "Havstril". Grunnen til at eg hugsar den: Artikkelen om den nye Møkster-båten var det bloggaren sjølv som skreiv. Den er så god at eg brukar den omtrent i sin fulle lengde.

 Simon Møkster er en orginal i norsk shipping. Derfor er det ikke så underlig at den nye hurtigbåten «Havstril» som han overtok i Rosendal i går ettermiddag, ikke holdt den toppfart som byggekontrakten krevde.
Båten gikk selvfølgelig fortere.

15 år gamle Kristina Haram, datter av teknisk sjef Per Haram i Møksters rederi, er gudmor for båten som døpes ved 16-tiden i dag.

 Fra 23. juni går «Havstril» inn i sommerrute-trafikken mellom Oslo og Arendal der rederiet de to foregående år har brukt «Veslestril». Nyanskaffelsen vil få en rutefart på 31 knop og har en toppfart på 34 knop. Dette er fullt på høyde med de nye skipene i Flaggruten. Det vil gå vel fire timer på turen fra Oslo til Arendal. Rederiet har planer om å drive en rute mellom Oslo og Strømstad når Sørlandsruten innstilles i august. Dessuten kan det bli aktuelt å leie ut båten til andre hurtigbå trederier.

 «Havstril» som har et katamaran-skrog, har seteplass til 150 passasjerer og lugarplass for et mannskap på fire. Det er to motorer, hver på 1720 hestekrefter, som får båten opp i marsjfart med full last på 80 prosents ytelse.

 Både teknisk sjef hos Møkster, Per Haram, og midlertidig direktør ved Skaaluren Shipbuilders, Peder Totland, er svært fornøyd med de erfaringene de har gjort på en del prøveturer de siste dagene. Båten er ikke prøvd i større sjøgang, men en ting er sikkert: «Havstril» har greidd å komme velberget gjennom større økonomiske brottsjøer enn de fleste andre skip.

 Byggekontrakten ble inngått i fjor høst, men etter det gikk Skaalurens Skipsbyggeri konkurs. Derfor måtte kontrakten med Møkster reforhandles i januar i år. Simon Møkster kunne annullert kontrakten på dette tidspunktet, men valgte å holde fast ved den. Nå er Skaaluren overtatt av Ulltveit-gruppen i Haugesund og skifter navn til Harding Verft fra 1. juli og blir dermed en søsterbedrift av livbåtprodusenten Harding Safety so m har samme eiere.

 30 av de opprinnelig 70 ansatte i Skaaluren før konkursen har hatt arbeid med å gjøre ferdig «Havstril». Direktør Totland håper å beholde denne arbeidsstokken som man nå fortsetter med underleveranser til Harding Safety. Bedriften arbeider hardt for å skaffe nye byggeoppdrag på hutigbåter av samme type som «Havstril». Markedsverdien på en slik båt ligger opp mot 20 millioner kroner.

 Kjenner vi Simon Møkster rett, har han fått den betydelig billigere.


"Havstril" hadde ein god sommar som hurtigbåt mellom Oslo og Sørlandet. 


 Ei storfornøyd Anne Jorunn Møkster opplyste 8. august 1989 til Aftenbladet at "Havstril" hadde frakta 12.000 passasjerar mellom Sørlandet og Oslo i løpet av sommaren. Ein del reiselystne som ikkje hadde bestilt plass, blei ståande igjen på brygga. - Me bør kanskje setja inn to båtar nester år, sa ei optimistisk Anne Jorunn Møkster.

I Aftenblad-artikkelen blir ein storfornøgd "Havstril"- passasjer intervjua. Ein politisjef i Risør som har fått eit par-tre klager på fart og bølger etter båten, får også uttala seg i avisa.

Rederiet fekk også telefonar frå ein del sinte folk i løpet av sommaren. - Folk der nede er ikkje vant til slike båter, sa Anne Jorunn Møkster som understreka at hovedinntrykket var eintydig: Ein fantastisk fin sesong for "Havstril".

Sjølv om sommarsesongen hadde vore strålande, blei det siste året Møkster-rederiet dreiv hurtigbåt-rute mellom Sørlandet og Oslo. Dei hadde nok meir lukrative forretningar å ta seg av enn å frakta sommargjester til Sørlandet to månader kvar sommar.

Etter det eg har høyrt, blei "Havstril" brukt litt som reservebåt i hurtigbåtrutene i Ryfylke hausten 1989. Den skal ha hatt eit uhell på Sør-Bokn. Den var visstnok nedpå ein grunne og skada ein propell. Ellers er det få som veit så mykje om "Havstril". Båten var truleg bygd for meir åpne farvatn enn Ryfylke. Hoveddekket var høgt og tunnelen midtskips var også høgare enn ein var vane med her i fjordane.

Kva kan ha skjedd då den forsvann? Svaret er heilt sikkert enkelt: Rederiet fekk eit bod på båten som var så godt at dei ikkje hadde problem med å selja båten vidare.

"Havstril" reiste frå Norge før jul i 1989.


"Havstril"blei seldt til Nederland. I 1992 gjekk turen vidare til Mexico. Nå har "Havstril" mexikansk flagg, men stadig same navn. IMO-nr: 8900816.

Viss vêret snur nå og sola kjem fram, blir dette siste artikkelen i denne serien.









mandag 8. august 2016

Den første "Veslestril" har mange gløymt

Aftenbladet presenterte "Veslestril" 27. juli 1977 på side 4. 


På leiting etter ei kuriøs sak i gamle Aftenbla i dag oppdaga eg plutseleg ein båt som eg først trudde var ei av dei kommunale ferjene som begynte å gå på byøyane i 1970-åra. Men det var den flunkande nye "Veslestril" som var omtala på side 4 i Aftenbladet 27. juli 1977.

Avisa skriv at den nye tilveksten til byens passasjerbåt-flåte er levert fra Fjellstrand Aluminium, Omastrand, Hardanger. Den er bygd i helaluminium og sertifisert for 95 passasjerar. - Den er således noe større en "Clipper", skreiv Aftenbladet.

Skipsredar Simon Møkster opplyste til avisa at dette ikkje var nokon arbeidsbåt. Den var for luksuriøst utstyrt til det. Rederiet ville heller satsa på turistar, forretnings- og selskapsreisande.

Møkster hadde nokon år  tidlegare hatt ein liknande båt som hadde navnet "Veslefrikk".

"Veslestril" med det blåmalte skroget blei vel ikkje den mest suksessombruste båten i Møksterflåten. Båten låg mykje ubrukt ved kai i Stavanger. Men eg hugsar at Aftenbladet brukte den som flytande Ryfylke-redaksjon sommaren 1980.

"Veslestril" var på tokt med Aftenbladets Ryfylke-redaksjon sommaren 1980. Dette er oppslaget mandag 7. juli 1980.
Jonas H. Friestad var fotograf. 


Same året blei båten seldt til svenske interessentar. Året etterpå kom den neste "Veslestril". Også den var bygd ved Fjellstrand-verftet i Hardanger. Den viste meir igjen langs kysten. Møkster starta mellom anna hurtigbåtrute mellom Sørlandet og Oslo om somrane med den nye båten. Den gjekk også som avløysarbåt i Sauda-ruta.

Det var ikkje så lett å finna fram til resten av historien til den første "Veslestril". Men på den svenske nettsida faktaomfartyg.se sto det som var verdt å vita.

Ockerø kommune på den svenske vestkysten var ny eigar. Båten skifta navn til "Polstjärnan" og sett inn i trafikk i Gøteborgs skjærgård.


Frå 2003 har navnet vore "Sladø". Fra 2010 har den gått mellom Vestervik og Idø på den svenske austkysten.

Då "Veslestril" var ny, var den utstyrt med to Caterpillar-maskiner med ein effekt på 404 kW. Farten var 15 knop. Desse maskinene blei skifta ut med to Volvo Penta med ein effekt på 588 kW. Nå blei toppfarten 20 knop.

Godt å få dette på plass i det sura vêret! Eg er sikker på at mange har gått rundt og lurt på kor det blei av denne båten.

Den tidlegare "Veslestril" går nå med svensk flagg og navnet "Sladø" på
den svenske austkysten ved Vestervik.





søndag 7. august 2016

Forlist båt og for liten lottogevinst!

Slik låg båten til fetteren min då han skulle returnera til Nedstrand.
(Foto: Arild Hansson, Facebook)


Ein forliste båt, ein for liten lottogevinst og eit forferdeleg ferievêr. Eg har fått feber og rennande nase. Men i dag er det heilt ål rait og sitja inne og sjå ut på regnet. Ingenting å gå glipp av, og det er stadig to veker igjen med feriekos.

Min uheldige fetter frå Oslo er blitt utsett for den eine påkjenninga etter den andre. Han tok med seg familien til Nedstrand på sommarferie. Men regnet tok aldeles knekken på hyttekosen. Kånå tok med seg resten av familien og drog til Hellas for å sjå sola i meir enn ein halvtime i strekk. Fetteren sat aleine igjen på Nedstrand.

Sist fredag gjekk han med båten sin frå Nedstrand til Fister der søstera bur. Han hadde det kjekt hos familien og overnatta der. Sjokket fekk han neste dag. Han fann båten sin meir eller mindre forlist ved Fister-kaien.

Redningsskøyta blei tilkalt. Ganske raskt var hjelpa på plass. Båten blei snudd på rett kjøl og sett på land.

Årsaka til forliset? Den vesle Fjordlingen låg med akterenden mot nordavinden som var ganske sur natt til lørdag. Sjøen slo over esinga på båten. Til slutt var båten så full av vatn at den kantra.

Forståsegpåarane vil sei: Han skulle jo aldri gått frå båten for natta på den måten. I det minste burde han lagt den med baugen mot vêret. Lett å seia det. Kven skulle tru at det skulle bli så mykje sjø på den puslete Fistervågen?

Eit slikt uhell hatt teke motet frå meg. Ikkje slik med slektningen min. Han var like blid då eg snakka med han i telefon i går kveld.

Kompisen på Nedstrand kom og henta han med søsterskipet og frakta fetteren min tilbake til hytta. I går kveld var han på veg til Fister med bil og båttilhengar. Han rekna med båt og motor ville vera klar til nye dystar til sola skin på Nedstrand igjen om to-tre dagar.

Så til uflaks midt i flaksen.

Tenk om det siste talet hadde vore på plass.


Ein kjenning av meg fekk SMS for eit par timar sidan. - Du har vunnet i lotto, forkynte Norsk Tipping.

4350 kroner i gevinst er ikkje så verst. Men tenk om det siste talet hadde vore på plass. Tilleggstalet 15 ville gitt 99.000 kroner. Og viss bursdagen til ein av ungane, 18, hadde vore på plass i rekka, ville det det blitt milliongevinst. Litt irriterande. Men kjenningen min er lik slektnigen. Dei er lika blide uansett. Sjøl vinn eg berre ein 50-kroning i Lotto av og til. Eg hadde blitt sur av å vera så nær ein skikkeleg gevinst.

For meg går det i hosting og snufsing. Den første ferieveka har vore spennande. Dei to neste vil sikkert bli endå flottare. Men akkurat nå er det litt surt ute. Eg tar ingen sjansar på flaum på verandaen.

Tek ikkje sjansen på at det skal bli flaum på verandaen. 


(Vil du sjå fleire bilde frå Fister-forlist, har fetteren min, Arild Hansson, lagt ut mange på Facebook.)





torsdag 4. august 2016

Kven er dårlegast? Vêret eller yr.no?

Yr.no driv rein vêr-propaganda. Sjå her kva
 dei lovar for Karmøy i dag.


Nå er eg sure på vêret og rasande på yr.no. Eg sit innestengde i båten i gjestehavna i Kopervik. Det høljar ned medan timevarslet på yr fortel meg at det berre skal komma inntil 0,7 millimeter nedbør fram til klokka 11. Sanninga er at det har komme ein ny millimeter kvar gong eg trykker på punktum-tasten. Yr må leggjast ned.

Klokka 13 skal det vera sol og berre ein regndrope, ifølge yr. Dette er ikkje løye lenger! Trur nokon at eg verkeleg kan fjerne kalesja over akterdekket og sola meg når klokka blir ett?

I morgon skal det vera opphald heile dagen,. Kan eg tru på det?

Søskenbarnet mitt frå Oslo sit nå einsam og fråreist på Nedstrand. Han lett seg lura av yr og drog til Vestlandet  Nå er resten av familien flykta til Kreta. Han legg dagleg ut nedslåande bilde av det dårlege vestlandsvêret på Facebook. På hytta har han piano av alle ting. Du trur at han sit og oppmuntrar seg sjøl med å spela piano. Men maen kan ikkje spela på den slags tangentinstrument. Og nå er han altfor gammal til å læra det.

Forresten er det mange andre grunnar til å klaga.

Gjestehavna i Kopervik svara ikkje til førehandsreklamen. Tidlegare i sommar kom med i snakk med ei karmøydama på Borgøy. Ho lovprisa dei flotte gjesteplassane heilt innerst i havna, rett før vippebrua.

Du må vera obs når du skal på do i Kopervik. Bilane susar rett forbi. 


Her går det ein sterkt trafikkert vei mellom båtane og toalett-bygget. Trafikkfarleg i dette sure vêret.
Ser for meg denne overskrifta i Haugesunds Avis: Pissetrengt båtturist påkjørt på veg til pissoaren.

Og nokon vannslange har eg ikkje funne til nå. Eg trur eg kjøper meg ei trakt og samlar regnvatn direkte på tanken i båten.

Eg har vore i gjestehavna i Skudneshavn også denne sommaren. Den var mykje finare. Men der kom det ein lokal original bort til oss og skulle absolutt snakka politikk. - Sylvi Listhaug er det beste som har hendt i norsk politikk, sa han . Har du høyrt det galnare?

Fremskrittspartiet som er mot alt som er vondt som bompengar, dab-radio, muslimar i bunad og alle former for skatt. Har aldri registrert at dei er mot drittvêr.

Ausann! Eg syns det lysnar litt over Karmsundet. Takk for nå. Nå skal eg lufta meg.

Glad eg alltid er så positive!