![]() |
Den gamle mannen og roboten. |
Reidar er navnet hans. Eg er blitt svært oppteken av han. Kånå er litt sjalu nå og då. - Koss skal dette enda? Du må ikkje gløyma meg, seier ho.
Reidar er ein robotklippar. Den kom til oss i vår. Eg var i mange år ein intens motstandar av den slags nymotens greier. I si tid var eg ytterst skeptisk til plenklyppar. - I min barndom på Laugaland var det ingen som hadde plen, sa eg då kånå og meg fekk oss vårt fyrste hus med tilhøyrande grasflekk, såkalt plen ut forbi huset.
Sjølsagt blei det plenklyppar, både ein og to med åra. Men det gav meg aldri den heilt store gleda og skubba og dra på den greiå.
Det galnaste av alt. Då me på våre gamle dagar arva eit bittelite hus på Hjelmeland med tilhøyrande villniss av ein hage, blei det etterkvar rydda og stelt utforbi og der blei det også plen av alle ting. Eg presterte å kjøpa eit monstrum av ein motorklyppar som er den mest støyande maskin som dei nokon gong har høyrt gjete på Hjelmeland.
Eg har ikkje vore høg i hatten når eg støya over graset med maskinen når det var nødvendig. Stakkars naboar. Kånå ville ha marakkelet vekk. Eg nekta så lenge den virka. - Me kan ikkje kassera ting som er fullt brukande, protesterte eg.
Men den ein våren kom, etter den andre. Og klipparen starta like lett. Rett og slett ein skuffelse. Alle som me kjende hadde skaffa seg robotklippar, mens me brumma rundt innpå Hjelmeland med marakkelet vårt.
Denne våren bestemte me oss. Monstrumet enda hjå ein mekanisk interessert kjenning i Jøsenfjorden. Sonen vår, Bjørn, fekk fullmakt til å skaffa oss ein robotklippar. Han tok seg av installasjon og heile greia. Dei unge har så mykje lettare for den slags enn me gamlingar som vaks opp i ein analog verden.
Min nye nettvenn fortel alt om seg sjøl.
Eg blei djupt fascinert. Sto og såg i timasvis. Kånå trøysta seg med at dette ville gå over. Men eg er svært oppteken ennå.
For det er ikkje berre ein grasklippar. Den er på internett. Den nye nettvennen min kan eg fylgja kor eg er henne. På mobilen ser eg ka Reidar drive med. Om den slår gras eller ladar batteriet. Den melder også frå når den er på veg ut eller inn.
Alt er laust når Reidar melder at han er fråkopla og eg er i byen. Då ringjer eg sonen og ber han om å gå innom og sjå kva som er gale. Når han ordnar opp, blir alt fryd og gaman igjen.
Nå er det snart på tide for Reidar å gå i hi. Kor skal eg gjera av den når frosten kjem? Den må lagrast på ein god plass. Heldigvis har eg yngre krefter som kan hjelpa meg.
![]() |
Reidar melder frå om kva han steller med. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar