torsdag 30. januar 2025

Postbudet på spark i Sauda-snøen

 

Postbudet på spark, Helene Bråthen frå Sauda, var første-sidestoff
i Aftenbladet 13. februar 1980.




Sjølv om ho måtte vassa i djup snø til langt oppå låra for å komma seg fram til ein del av postkassane, var ikkje dette  nok til å stoppa postbud Helene Bråthen frå å fullføra ruta si i Sauda.


Dette skreiv eg i ein reportasje i Aftenbladet i februar 1980. Det kom ein mengde snø på den tida. Dermed kunne det vera vanskeleg å ta seg fram i indre deler av Ryfylke. Men dei innfødde var vane med snøvintrar og tilpassa seg forholda. Slik kunne ein laga avisstoff av.


For nokre dagar sidan blogga eg om landpostbudet frå Hylsfjorden som brukte traktor med firehjulstrekk for å levera posten til "kundene" sine. Helene Bråthen var gåande og syklande postbud i Sauda på sommarføre, men brukte sparkstøtting når snøen kom. Den var obligatorisk på vinterføre. Men postkassane var ikkje like tilgjengelege. Derfor måtte ho ut i den djupe snøen for å levera posten i mange av dei grøne postkassane. Ho måtte også vera obs på at det kunne komma takras.


Til vanleg brukte ho tre timar på ruta si frå Sauda sentrum over Fløgstad til Tråsavika mellom Sauda og Saudasjøen. Det blei to timar ekstra i desse dagane med all snøen og tungt føre. Men ho fekk ikkje overtidsbetaling fordi om ho blei forsinka. Ikkje var det noko Sauda-tillegg heller.


Helene Bråthen måtte vassa i snø til låra for å komma fram til ein del av postkassane. 



Den dagen då eg var med henne på ruta, var sekkene fulle av "uvelkommen" post. Bileigarane fekk krav på årsavgift. I tillegg tok kooperasjonen sitt medlemsblad, "Vårt blad", mykje plass i postveskene.


Helene Bråthen hadde gjerne sett at det var betre brøyta på ruta hennar, men det var fleire enn henne som trong brøyting. Dei mindre vegane måtte venta til slutt, sa ho, og ville heller ikkje klaga på huseigarane som ikkje rydda vekk meir snø. Dei skulle jo på arbeid på morgonen og hadde andre ting å tenkja på. Ho trøsta seg med at det blei betre for kvar dag som gjekk etter snøfallet. Det var meir irriterande at snøen hindra postgangen til Sauda. Dermed gjekk det lenger tid før buda kunne starta på rutene sine.


- Jobben min er fin den. Eg får vera mykje ute og får frisk luft og trim  gratis, sa  ei smilande Helene Bråthen som aldri hadde blitt alvorleg skada på jobben sjøl om det hadde vore nokon fall av og til. 


Slik gjekk dagane for postbudet i Sauda på vinterstid for 45 år sidan. Heilt forandra i dag når folk har fått e-mail og internett. Det hadde me ikkje høyrt om i 1980.




mandag 27. januar 2025

Postbudet på traktor med firahjulstrekk

 

Landpostbud Martin Bakken brukte traktoren med firahjulstrekk då snøen gjorde vegane 
uframkommelege.



Ka gjorde landpostbudet i Hylsfjorden, Martin Bakken, då han ikkje kom fram med personbilen på alle sidevegane på ruta si på grunn av all snøen? Enkelt for han som hadde ein traktor med firahjulstrekk. Han kjørte frå Vanvik til Sauda med traktoren med kjettingar på fira hjul. Dermed kom han seg fram og alle "kundene" fekk posten kvar dag slik dei skulle.


For ein enkel journalist på Aftenbladet sitt Ryfylkekontor i Sauda var det ikkje alltid like lett å finna på kva ein skulle skriva om når dagane blei korte og mørknå seig på. Stilt og roleg, ingen dramatikk.


Men så kom det snø, vind, vêromslag, mildt og så snø igjen og glatt og uframkommeleg. Eg var to år i Sauda, frå 1978 til 1980, og fekk med meg min del av dette. Kjekt stoff. Ikkje minst nå, 45 år seinare.


I februar 1980 var det snø, flaum og snøras og mykje å gjera for Vegvesen-folka. Eg hadde daglege samtalar med vegmeister Gederø på Sand. Han rapporterte om strevsame dagar for folka hans. Han fortalde om maskinkjørar Alfred Jensen som rydda opp etter snøras på Lovraeidet. Plutseleg kom det eit nytt ras og la seg over vegen og rundt gravemaskinen.



Risikabelt å rydda snø på Lovra.



Postbudet på traktor oppdaga eg sjøl frå kontorvinduet då han brumma ned over gata i Sauda med kurs for skipsekspedisjonen. På den tida kom det westamaran frå Stavanger slik i to-tre-tida. Då kom det ferske aviser til abonnentane i Hylsfjorden. Desse avisene skulle Martin Bakken ha med seg. Abonnentane i slike utkantar fekk spesialservise med ferske aviser. Abonnentane i Sauda måtte venta eit par timar til før dei fekk avisene sine som kom med bil via Suldal og Ropeid.


Eg fekk praia traktor-budet på kaien og var med han utover på ruta for å få eit kjekt bilde som eg kunne bruka i avis-reportasjen. Bildet ved postkassen i Maldal blei ganske bra og slått opp på fire spalter i avisa neste dag. Fire spalter var store bilder i den tida.


Det var spesielt på sidevegane i Vanvik-krinsen det var vanskeleg å komma seg fram gjennom snøfennene. På den tida var det 64 husstandar på ruta til postbudet frå Hylsfjorden. På sommarstid brukte han to timar på ruta si. På desse snødagane brukte han dobbel så lang tid.


Men han klaga ikkje. I førarhuset på traktoren var det like varmt som i bilen. Og når han bruka øyreklokker merka han ikkje mykje til motorduren helller.


lørdag 18. januar 2025

Gyngestol-snikkeren i Hylsfjorden

 


Bjarne Valskår og gyngestolane hans blei vidgjetne og
omtalte i Aftenbladet både nå og då. Foto: Christian
Fougner.




Bjarne Valskår heitte ein mann. Han budde på ein avsidesliggjande gard i Suldal kommune høgt oppe i ei li med panorama-utsikt over Hylsfjorden. Småbrukar og arbeidsmann. I yngre dagar hadde han farta rundt både her og der og teke seg arbeid. Både snikker og slåttekar hadde han vore.


I ein god del år jobba han på eit båtbyggjeri på Hundvåg utanfor Stavanger. Ein hendte mann som kunne laga både det ein og det andre.


På sine eldre dagar begynte han å putla med finare snikkeri. Visstnok var det ein nabo som spurte om han kunne laga ein gyngestol til han. Jo, det kunne han godt. Han bruka ein gammal gyngestol heime i si eiga stove som model og kopierte så godt han kunne. Det blei ein rektigt fine stol. Fleire ville ha slike gromme stolar. Bestillingane kom i tur orden.



Før Bjarne visste ordet av det, var det lang venteliste. På gyngestolar. Og ventelista ville ingen ende ta då avisene begynte å skriva om gyngestolane frå Hylsfjorden.


Reportasjen i RA i juli 1977.


Når det blir fellesferie og agurktid i avisene, veit ikkje journalistane si arme råd.  - Ka skal me skriva om i dag? Alle er på ferie, ingen tek telefonen når me ringjer?


Då må journalistane løfta bakstussen opp av kontorstolen og finna folk som dei kan snakka med. Ka drive du med her? Kan dei spørja og dermed kan det kanskje dukka opp eit eller anna å skriva om.


Børge Knutsen, Rogalands Avis sin lausmedarbeidar på Strandalandet, hadde høyrt om dei billege gyngestolane som blei laga langt inni fjordane ein plass. Valskår? Kor i all verda er det? Slik tenkte han sikkert. Før han tok ut på reportasje-ferda.


Då gyngestol-reportasjen kom på trykk i RA i juli 1977, sto det ikkje berre om Bjarne og stolane hans. Det sto ganske mykje om vegen til Valskår også.


"Vegen fram til Valskår er et kapitel for seg, vi kjørte i det lange og brede på grusvei og det siste stykket var det helst nifst og samtidig fascinerende. Veien går høyt oppe i fjellsiden uten noen som helst form for sikring og det må vel være flere hundre meter ned til Hylsfjorden. Det er ingen vei for vinterkjøring. Vel framme spurte vi hvorden noen kunne finne på å bosette seg så langt fra allfarvei og vi fikk svaret. I gammel tid var det sjøveien folk benyttet og da var Suldal mer en utkant enn Valskårs eiendom er i dag", skreiv Børge Knutsen i RA.


Grunnen til at stolane blei så billige: Han henta materiale i eigen skog og fraktutgifter fanst det ikkje. Folk kom og henta stolane når dei var ferdige. Han laga forresten meir enn stolar. Her kunne slåttekarane få seg både langorv og stuttorv. Dessutan laga han kassar for golvklokker.



RA-reportasjen blei nok lesen i Aftenbladet. Det blei nok notert at der fanst ein gyngestol-original i Hylsfjorden. Men det kom ingenting i avisa før 2. juli 1985. På den tida hadde Aftenbladet ei eiga side for agurktida: Sommartorget var navnet. Det var journalist Eva Eriksen og fotograf Christian Fougner som drog til Valskår.


Stort oppslag med tittelen: Hobbysnekker med suksess. I denne reportasjen blir også den smale vegen til Valskår skildra. "Men verken direktører fra hovedstaden eller dongeri-kledd ungdom lar seg skremme av dyr eller krasse svinger på smal bygdevei. Valskår er populær og stadig kommer det fremmede på døren. Noen skal hente en gyngestol, andre vil kjøpe en utskåret bolle. På lageret har han rundt 30 stoler som er bortbestilt og klar til henting."


Bjrne i Aftenbladet juli 1985.





I 1985 budde det folk i tre hus på Valskår, står i det i reportasjen. Vegen kom på 1960-talet. Før det måtte dei gå opp den bratte vegen frå fjorden, men dei hadde taubane som tok dei tyngste børene.


Sommaren 1991 kom Geir Sveen frå Aftenbladet til Valskår. Han gjekk rett på sak og ville vita kva den nå 76 år gamle Bjarne skulle ha for ein slik gyngestol. Prisen var 350 kroner. Han hadde ingen planar om å auka prisen sjøl om kundane sto i kø.


Bjarne i Aftenbladet 1991.



Det sto 12 stolar klar til levering. Journalisten slo fram på om å få kjøpa ein stol. Men det gjekk ikkje. Alle var bortbestilte.


"Men kan vi få bestille en stol?


Ja, vi får vel snakkes om det en gang, sier Bjarne Valskår som ikke lar seg stresse. Heller ikke med bestillingene ....".


To år seinare, 13. juni 1993, var gyngestol-snikkeren på Valskår fyrsteside-stoff i Aftenbladet. Nå var han 78 år og gyngestolane var blitt tidtrøyte.


Fyrstesidestoff i juli 1993.



- Eg tek ikkje mot bestillingar på fleire stolar, sa Bjarne nå med trykk. Han ville ikkje ha press på seg.


Reportasjeteamet, journalist Leif Amund Håland og fotograf Egil Eriksson, fekk med seg at då Bjarne var guttunge, var det omgangskule her. Læraren underviste i stova og var der i 14 dagar før han flytta seg til Suldalseid og underviste der.


Småbruket på Valskår var nå overteke av Tor Inge Bråtveit og Gerd Helen Bø.


Her er det kommuneval på Suldalseid i 1979.



Sjølv var eg journalist ved Aftenbladet sitt Ryfylke-kontor frå 1978 til 1980. Eg må vedgå at eg aldri skreiv om gyngestolane til Bjarne Valskår. Men eg skreiv om han og sambygdingane då dei møtte opp for å røysta ved kommunevalet i 1979.


Dessutan har eg ein slik gyngestol som eg arva etter far min. Der sit eg og gyngar kvar dag. Nå på mine gamle dagar.


Bjarne Valskår døyde i 1992. Han blei 82 år gammal.




mandag 6. januar 2025

Gabbi si støtte står på den mest vêrharde plassen på kyrkjegarden

 

Gabbi Sømme si urne på kyrkjegarden på Fister.



På den mest vêrharde plassen på kyrkjegarden på Fister står gravsteinen til Gabbi Sømme. Plasseringa er etter hennar eige ynskje. Gabrielle Sømme Dreyer står det på minnesteinen.


Aska av Gabbi ligg i urna som er plassert på toppen av steinen.


Gabbi Sømme var ateist, står det om henne i fleire omtalar. Men ho hadde likevel eit nært forhold til kyrkja på Fister. Her tjenestegjorde ho i periodar som organist. Ho spela både i gudstenester og gravferder. Og sokneprest Sigurd Langeland involverte ho også i sitt motstandsarbeid når ho hadde bruk for det.


I kyrkjetårnet hadde ho rigga seg til med utstyr slik at der blei det laga illegale aviser som blei spreidde rundt i distriktet.


Grosserar Jacob Holst frå Stavanger hadde bygd seg sommarhus på Fister mange år før krigen. Her budde familien med fire ungar, tre jenter og ein gutt i lange feriar. Dei blei på mange måtar ein del av bygda. Folk såg på dei som sambygdingar, sjølv om dei var frå finaste Egenes i byen.


Men desse byfolka blei aldri som bygdefolk. Kan tru det vekte oppsikt på Fister då Gabbi og mannen Axel Sømme blei skilde i 1939 etter 12 års ekteskap. Dei hadde dottera Lise som var fødd i 1933.


Då krigen kom til Norge, sette mange motstandskampen over ulike livssyn. Indremisjonens ungdomskule på Tjensvoll i Stavanger overtok tyskarane og kasta ut lærarar og elevar frå desse bygningane.


Solborg-lærar Brigt Aksnes flytta med familien sin til Fister og fekk husvære hjå Einar Thomsen.


Her sette han i gong med det som blei kalla Fister Ungdomsskule. Hausten 1941 gjekk det 30 elevar på skulen. På skulebildet med alle elevar og lærarar er også Gabbi Sømme med. Ateisten var lærar på indremisjonsskulen som Brigt Aksnes hadde starta.


Elevar og lærarar ved Fister ungdomsskule 1941.



Ikkje rart likevel. To av sønene til Aksnes, Knut og Øyvind, samarbeidde tett med Gabbi Sømme i spionorganisasjonen XU. Øyvind Aksnes flykta frå Fister saman med Gabbi Sømme i 1944. Han var med på den dramatiske flukta via Bergen og Øygarden over Nordsjøen til Shetland.


Den alltid engasjerte Gabbi Sømme drog til Finnmark i 1946 og busette seg i Alta. Då ho blei alvorleg sjuk i 1952, reiste ho heim til Stavanger der ho døydde i mars. Ho sa klart frå at ho ville gravleggjast på den mest vérharde plassen på kyrkjegarden på sitt kjære Fister.


Ho døydd i mars, blei bisatt i Stavanger og kremert. Urna med aska blei plassert på Fister. Gabbi Sømme fornekta seg ikkje då heller. Dette var den fyrste urna med aska av ein avdød på kyrkjegarden på Fister.


Her er Aftenbladet sin omtale av minnemarkeringa for Gabbi Sømme på kyrkjegarden på Fister søndag 28.juli 1952:


"Etter at gudstenesta i Fisterkyrkja var slutt i går, samlast folket på kyrkjegarden der minnet til fru Gabbi Sømme vart heidra. Mykje folk var møtt fram frå Fister og bygdene ikring. Fleire av dei som arbeidde saman med fru Sømme i krigsåra var komne til høgtida, mange av dei langvegs frå.


Sokneprest Sigurd Langeland mintest fru Sømme som ein heilstøypt personlegdom som sette alt inn på å gjera det ho såg som si plikt. Ho vil alltid stå som noko gjevt i minnet til dei som kjente henne. Med takk for innsatsen hennar la soknepresten ned ein krans ved urna.


Så bar det til ungdomshuset. Det vart servert kaffi og mat. Kjøpmann Sophus Thomsen var vert.


Johs. Skei heldt ein stutt andakt. Seinare skifta det med song, talar, opplesing og deklamasjon. Agent Ingvald M. Iversen, distriktsveterinær F. V. Holmboe og gardbrukar Jone Førre tala om fru Sømme og arbeidet hennar i krigstida. Fengselsbetjent Hjalmar Midtholm deklamerte.


Til slutt takka ordførar D. Sørhus dei som hadde stått for tilskipinga."


Gabbi Sømme si støtte står på kyrkjegarden på Fister som eit minne om den spesielle kvinna. Den er over 70 år og det viser på steinen. Så vidt eg veit er dette einaste minnesmerket etter henne. Ingen gater eller vegar ber hennar navn. Lite truleg at det finst andre minne etter henne heller.


Snart er Gabbi, heltinna i krig og fred, heilt gløymd!


lørdag 4. januar 2025

Gabbi blei finnmarking og gift på ny!



Gabbi Sømme. Ho var krigshelt i Ryfylke og
 Finnmark-forkjempar då freden kom.



 


Gabbi blei finnmarking med hud og hår hausten 1946. Nå gjekk ho inn for gjenreisinga av Finnmark med same engasjement og intensitet som i sine tidlegare roller i livet.


Her møtte ho også den nye mannen i sitt liv, Leif Andreas Dreyer. Dei blei gift i 1950. Han hadde vore bildekunstnar i sin ungdom, men gav opp kunstnarlivet og var seinare forretningsførar i forsyningsnemnda i Skjervøy.  Gabbi Sømme levde sine lukkelegaste dagar i Finnmark saman med Leif Dreyer.


Nå hadde Gabbi slått seg ned i Alta og fått ein stilling i Sosialdepartementet som sosialsekretær. Ho sorterte nå direkte under statsråd Aaslaug Aasland.


I februar 1947 var ho ein tur tilbake i Stavanger og blei intervjua i "1. mai" under tittelen "Fra vinterkulde i Alta til Middelhavsklima i Stavanger."


I intervjuet langar ho ut i kjent stil: "Gjenreisinga i Nord-Norge er uten sidestykke i Europa, hevder fru Gabbi Sømme. Og går sterkt i rette mot den vettløse kritikken som ikke har noe med virkeligheten å gjøre.


Hun har hatt mye å stå i i den korte tiden hun er heime, men et intervju lar hun seg villig avpresse.


Gabbi Sømme har nå vært sosialsekretær i Alta siden november i fjor og driver sin virksomhet vesentlig på samme basis som før, om hun nå har skiftet fra Forsvarsdepartementet til Sosialdepartementet og sorterer nå direkte under statsråd Aaslaug Aasland.


Hennes virksomhet er høyst allsidig og hun nyter en nesten grenseløs popularitet i befolkningen i det høye nord. Nå som før kan vi tenke oss at der står oppslått plakater som den i Hammerfest: - Hu Gabbi spiller fiolin på kaia -----."


Ei hovudoppgåvene til Gabbi Sømme var å få reist samfunnshus og dermed får kulturlivet på fote igjen. Eit av dei største problema i Nord-Norge på den tida var mangelen på elektrisitet. Dei fleste måtte nøya seg med parafinlampe, fortel ho i dette interjuet som er laga av signaturen O – l. 


I desse bloggane har eg i stor grad brukt avisartiklar og bøker som kjeldegrunnlag. Gabbi Sømme blei mykje omtalt i avisene i si samtid. Eg har ikkje hatt kontakt med folk som kjente henne personleg. Eg har heller ikkje greidd å finna bilde-materiale av betydning. Men eg fann ei flott skildrinng av henne i denne avisa  "Finnmarken" mandag 5. mars 2001:


Gabbi Sømme, musiker, kunstner og partisan kjent for sin motstandskamp under krigen og den eventyrlige flukten i Rogalandsheiene. Husmor for "Sørøy-folket" i Skottland mm meldte seg til tjeneste hos Peder Holt i 1945. Hun ble ansatt som sosialsekretær i Alta og siden deltok hun i boligundersøkelsen på Sørøya.


Så skulle det holdes en stor en stor forestilling i Konserthuset i Stockholm hvor våre frihetskjempere skulle hylles. Man mente at Gabbi burde være med, men det var vanskelig å få henne plassert i programmet. Det endte med at hun skulle stå på scenen og vende notebladene når en av våre spilte.


Det uunngåelige spørsmålet dukket opp: "Hva skal jeg ha på meg?" Gabbi la seg ned og de streket opp konturene, og så begynte de å klippe.


Hun havnet på podiet i Konserthuset og gjennomførte sin rolle perfekt. Med sin høyreiste, slanke skikkelse, med sitt lange utslåtte, ravnsvarte hår og folderike grønne silkekjole gjorde hun sterkt inntrykk. 

Hun stjal showet!


(Dette inngjekk i ein artikkelserie av arkitekt Trond M. E. Dancke om gjenreisinga av Finnmark) 


Dette var den niande bloggen om Gabbi Sømme. Eg kjem med ein siste tiande blogg om kort tid.



 




onsdag 1. januar 2025

Gabbi drog i trådane då Sørøy-barna fekk fyrsteplass i 17. mai-toget i Stavanger

 

Sørøy-barna stiller seg opp for å gå i spissen for barnetoget i Stavanger 17. mai1946.



Gabbi Sømme tok med all sin energi og entusiasme frå krigstida inn i freden. Nå skulle ho ta seg av flyktningane frå Finnmark som kom fra Skottland i september 1945 og blei plasserte i ein ny leir på Nærland på Jæren. Dei kunne ikkje reisa heim til Sørøya. Tyskarane hadde jamna alt som fanst av bygningar på øya før dei rømde sørover i 1944.


Sørøy-barn på veg til Norge igjen. Bildet sto i "1. Mai" 20 september 1945.



Sørøy-folka hadde gøymt seg for tyskarane og blei seinare berga av allierte krigsskip. Dei blei fyrst med på ein rask tur til Murmansk før dei havna i Skottland etterkvart. Med freden kom dei til Norge og Jæren i 1945. Der blei dei verande eit års tid før dei kunne venda heim til Sørøya igjen.


Eg har ikkje funne beviset, men eg er likevel heilt sikker på at når Sørøy-barna fekk gå fyrst i 17.mai-toget i Stavanger, hadde Gabbi Sømme hatt ein finger med i spelet. Ho hadde mange kontakter i Stavanger og var aldri redd for å bruka dei. Viss du ser på bildet av barna som gjer seg klar til å gå i toget, står det ei kvinne på høgre sida av dei. Det er sikkert Gabbi.


Det var kaffi-rasjonering i Norge i 1946.



I det snaue året som hadde gått sidan flyktningane kom til Jæren, hadde det strøymt på med ulike slags gåver både frå Stavanger og resten av området sjølv om folk ikkje sat i overflod i dette fyrste fredsåret. Sjølv reiste Gabbi Sømme rundt i lag og foreningar og fortalde om livet i leiren, og det som venta flyktningane når dei kom heim til Sørøya. 


Mange av desse barna var våren 1946,  rett før 17. mai, komne tilbake etter eit par vekers "feitekur" i Danmark. Der hadde det ikkje mangla på mat.


Tidlegare Aftenblad-journalist, Bjørn Aage Krane, som er fødd og oppvaksen på Sørøya, laga i 1994 ein reportasje i Aftenbladet der to av Sørøy-barna, kom tilbake til Nærland og fortalde om sine opplevingar der 50 år tidlegare. Du kan sjå reportasjen hans nederst i bloggen.


Eg har også vore så heldig å få tilgang til eit brev som Gabbi Sømme sende til Flyktnings- og Fangedirektoratet 12. november 1945 der ho greier ut om sitt arbeid for å gjera leiren på Nærland klar for å ta mot flyktningane på Nærland: 


"I september sist år ble jeg ansatt i arbeidet med Nærlandsleiren, og allerede noe tidligere var jeg flyttet dit ut for å få skikk på alt rotet etter tyskerne. Det så helt forferdelig ut. Så å si alle vinduene var ute eller så var det brist i dem. Elektrisiteten var i uorden, vannverket var ute av funksjon, ellers var det hærverk på dørlåser, elektriske bryterer etc. Likeledes var badekar og WC ute av stand.


Til første opprydding fikk jeg av kaptein Ueland, hvis uttalelser om leiren jeg vedlegger, låne 50 soldater som på en fremragende måte ryddet opp etter tyskerne, samtidig som de brakte alt utstyr på plass. En del Røde Kors-søstre fra Rogaland sykehus ydet frivillig sin hjelp den siste uka før de evakuerte Sørøy-folk kom fra Skottland 23. september 1945. "


Reportasje i "1. Mai 1945" om livet i leiren. 20. oktober 1945.



Til velferd er det ennå ikke brukt ekstra midler så vi har fått tilbud om midler fra ulike organisasjoner om hjelp. Vi har hatt en filmforestilling i leiren, en stor fest holdt av husmorlaget i Nærbø, det samme blir nå snart gjort av husmorlaget på Bryne. Flere religiøse møter, delvis med musikk, har leirens innbyggere gjerne villet ha. Stavanger teater har lovet å sende noen skuespillere til å underholde, likeså er par av musikerne i Stavanger symfoniorkester.


24 ds skal det være underholdning med fest på Nærbø til inntekt for Sørøy-folket. Damer fra Stavanger høyere skole har sendt ut wienerbrød til lørdags ettermiddags kaffe. Pakker kommer med klær og en del leketøy til barna. En del brukte møbler av alle sorter har vi fått fra Stavanger. De er fordelt på dem som skulle reise nordover.


Det kom inn 300 kroner etter et foredrag om Sørøyleiren holdt av meg. De skal også gå til møbler."


Gabbi Sømme utnytta også sine kjenningar i Ryfylke. Ein liten gutt blei sendt til sognepresten på Hjelmleland etter at mor hans havna på Rogaland sjukehus. Ei jente blei plassert i Jøsenfjorden ein periode for å komma seg etter sjukdom.


Det finst mykje meir å finna om all hjelp som flyktningane på Nærland fekk frå Stavanger og Jæren. I denne bloggen er det ikkje plass til meir.


Reportasjen i Aftenbladet 24. desember 1994.