"Viervåg" blei liggjande som vrak på Vier etter at den sleit seg i den fæle stormen hausten 1969. Året etterpå blei den senka ved Steinsøy. Foto: Johannes Østvold. |
Den svære stormen hausten 1969 tok knekken på «Viervåg 1». Då rek den gamle rutebåten på land og havarerte. I nesten eit år blei den liggjande i strandsteinane på Vier. I august 1970 blei vraket henta av slepebåtane «Jolu» og «Stilu» og taua til Steinsøy-havet og senka på 200 famnars djup.
«Viervåg 1» hadde ein lang historie i desse farvatna. Dette var den fyrste «Riskafjord».
Nybygget frå 1913. Illustrasjon frå Erik Thorings bok: "Riskafjord kom seilande" |
Båten blei bygd i 1913 ved Ottesens Skibsbyggeri i Sagvåg på Stord for Ole G. Usken og Tobias Hogstad. Den fekk navnet «Ly». Eit snaut år seinare blei den kjøpt av AS Riskafjord og gitt navnet «Riskafjord». Kjøpesummen var 11 000 kroner. Våren 1914 blei båten sett inn i trafikk. Den hadde plass til 70 passasjerar.
Denne båten var den fyrste av i alt fem rutebåter som gjekk over Riskahavet med navnet «Riskafjord» med eller utan eit romertal i tillegg.
Etter 17 år blei båten seldt til Askje i 1930 for 6300 kroner og fekk nå navnet «Askøy». Kjøparane var far og son med samme navn: Arne Aske. I ruta mellom Askje, Åmøy, Sokn, Bru og Stavanger blei båten fort for liten. Nå overok Knut Vier og Andreas Naustervik. Nå fekk den navnet «Viervåg 1». Dei betalte 10.000 kroner. Ikkje lenge etter overtok Knut Vier Naustervik sin part i båten.
Nå gjekk den følgjande ruta: Vier, Stølsvik, Lauvåsvåg, Rosenvik, Uskekalven, Stavanger.
Knut Vier heldt det gåande med «Viervåg 1» like fram til 1963. Då selde han til Sverre Haga. Drifta stoppa to-tre år seinare. Ruta gjekk med tap og «Viervåg 1» blei liggjande ubrukt . Båten rek på land i stormen i 1969. Året etterpå blei «Viervåg 1» senka.
Maskin: Som ny hadde båten ein maskin frå Lysekil mek. verksted på 15 bhk. I 1931 fekk den ny maskin frå Jønkøping Motorfabrik.
Denne bloggen er basert på opplysningar og bilde eg har funne i bøkene «Fjordabådane» av Magnus Torgersen og «Riskafjord kom seilande» av Erik Thoring. Pluss ein del opplysningar frå Aftenblad-arkivet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar