søndag 21. juli 2024

Norsklæraren min kurerte sjøsjuka med kunst i Kristiansand

 

Gustav Vigeland si statue av Henrik Wergeland blei
avduka i 1907.



Kunstopplevinga i Kristiansand var ei trøyst og eit høgdepunkt for bondestudenten frå Madla som måtte kjempa mot sjøsjuke og anna elende på sine sjøreiser til og frå studier i Oslo i dei harde 1930-åra. Kystruteskipa mellom Oslo og Stavanger hadde så pass liggjetid i sørlandshovedstaden at Sigurd Refheim kunne gå ein tur i land.


Då gjekk han rett opp til parken ved domkyrkja for å beundra Gustav Vigeland si statue av Henrik Wergeland. Den sette mot i den sjøsjuke rogalendingen og var ei trøyst på resten av reisa langs sørlandskysten.


Lektor Sigurd Refheim var min norsklærar på Bryne gymnas frå 1966 til 1969. Han var ein stor beundrar av diktaren frå Kristiansand og Eidsvoll. Eg må vedgå at eg ikkje hugsar så veldig mykje frå norsktimane med Refheim, men hans skildring av Wergeland-statua har eg aldri gløymd.


Aftenbladet sin omtale av Sigurd Refheim i 1987.



Kanskje hadde det å gjera med at han snakka om ei båtreise mellom Stavanger og Oslo. Eg har jo alltid vore veldig interessert i gamle rutebåtar. Tenk på den tida kunne dei ikkje ta toget frå Stavanger til Oslo.


Anten måtte du reisa med nattruta til Bergen og ta toget derifrå til Oslo eller så måtte du ta kystruta. Dei som frykta storm, slingring og sjøsjuke aller mest, kunne korta ned turen og unngå reisa rundt Jæren ved å ta toget mellom Egersund og Stavanger. Nok om det.


Kystruteskipet "Rogaland" i førkrigsversjon.



Me tok ein kjapp kunst-tur til Kristiansand for ei lita veke sidan. Den mykje omtalte, nye kunstsiloen i sørlandsbyen var målet. Det blei ei vandring i timasvis for å sjå på kunst av nyare dato. Det fortel sikkert mest om meg at eg ikkje kjende særleg til hverken kunsten eller kunstnarane som var utstilt der. Men bygget var flott og imponerande og eg vil anbefala alle å ta seg ein tur for å sjå på dette.


Etter silo-besøket og samtidskunsten i mange etasjar, tok eg ein tur opp til Wergeland-statua og tok eit bilde med mobilen. Tenk at eg har lektor Refheim med meg i bakhåvet endå. Etter snart 60 år.


Refheim var klasseforstandar for latinklassen vår. Eg trur ikkje me sleit han ut eller sette så mange grå hår i håvet hans. Men han gjekk av med pensjon i 1969 då me var ferdige på gymnaset. Han var fødd i 1902 og hadde oppnådd pensjonsalderen.

mandag 8. juli 2024

«Viervåg 1» var den fyrste «Riskafjord»

 

"Viervåg" blei liggjande som vrak på Vier etter at den sleit seg i den  fæle stormen hausten 1969.
 Året etterpå blei den senka ved Steinsøy. Foto: Johannes Østvold.



Den svære stormen hausten 1969 tok knekken på «Viervåg 1». Då rek den gamle rutebåten på land og havarerte. I nesten eit år blei den liggjande i strandsteinane på Vier. I august 1970 blei vraket henta av slepebåtane «Jolu» og «Stilu» og taua til Steinsøy-havet og senka på 200 famnars djup.


«Viervåg 1» hadde ein lang historie i desse farvatna. Dette var den fyrste «Riskafjord».


Nybygget frå 1913. Illustrasjon frå Erik Thorings bok: "Riskafjord kom seilande"



Båten blei bygd i 1913 ved Ottesens Skibsbyggeri i Sagvåg på Stord for Ole G. Usken og Tobias Hogstad. Den fekk navnet «Ly». Eit snaut år seinare blei den kjøpt av AS Riskafjord og gitt navnet «Riskafjord». Kjøpesummen var 11 000 kroner. Våren 1914 blei båten sett inn i trafikk. Den hadde plass til 70 passasjerar.


Denne båten var den fyrste av i alt fem rutebåter som gjekk over Riskahavet med navnet «Riskafjord» med eller utan eit romertal i tillegg.


Etter 17 år blei båten seldt til Askje i 1930 for 6300 kroner og fekk nå navnet «Askøy». Kjøparane var far og son med samme navn: Arne Aske. I ruta mellom Askje, Åmøy, Sokn, Bru og Stavanger blei båten fort for liten. Nå overok Knut Vier og Andreas Naustervik. Nå fekk den navnet «Viervåg 1». Dei betalte 10.000 kroner. Ikkje lenge etter overtok Knut Vier Naustervik sin part i båten.


Nå gjekk den følgjande ruta: Vier, Stølsvik, Lauvåsvåg, Rosenvik, Uskekalven, Stavanger.


Knut Vier heldt det gåande med «Viervåg 1» like fram til 1963. Då selde han til Sverre Haga. Drifta stoppa to-tre år seinare. Ruta gjekk med tap og «Viervåg 1» blei liggjande ubrukt . Båten rek på land i stormen i 1969. Året etterpå blei «Viervåg 1» senka.


Maskin: Som ny hadde båten ein maskin frå Lysekil mek. verksted på 15 bhk. I 1931 fekk den ny maskin frå Jønkøping Motorfabrik.


Denne bloggen er basert på opplysningar og bilde eg har funne i bøkene «Fjordabådane» av Magnus Torgersen og «Riskafjord kom seilande» av Erik Thoring. Pluss ein del opplysningar frå Aftenblad-arkivet.


søndag 7. juli 2024

Verre på Uskekalven enn på Jan Mayen, meinte husmødrene på øya!

 

Dei sinte husmødrene frå Uskekalven. Frå venstre: Klara Olsen Usken, Bertha Amaliksen,
Aud Sivertsen, Ada Sivertsen og Tove Sivertsen. Ungane fekk ikkje navnet i avisa.



Fem rasande husmødre frå Uskekalven inntok biblioteket i Aftenbladet og blei fyrstesidestoff i oktober 1965. Nå var det på høg tid at avisa skreiv om det elendige rutebåt-tilbodet dei hadde. På Uskekalven hadde dei dårlegare samband med omverda enn på Jan Mayen, meinte dei. For å komma seg til byen hadde dei leigd ein skyssbåt.


Ein einaste gong i veka var «Viervåg» innom Uskekalven sjølv om det budde ni familiar her, 30 menneske med stort og smått. Melka blei sur, avisa hadde dei sagt opp og posten kom i ei svær bunke ein dag i veka.


"Viervåg" sto ikkje høgt i kurs på Uskekalven i 1965. 



På Jan Mayen hadde dei det forresten betre. Der fekk dei oftare post. Sjølv om Uskekalven ikkje låg lenger unna Stavanger sentrum enn Hinna!

Sidan nyttår i 1965 hadde Uskekalven tilhøyrt Sandnes kommune. Tidlegare var desse øyan pluss Riska ein del av Hetland kommune. I Sandnes var dei blitt heilt akterutseilt. Ikkje hadde kommunen gjort noko med rutebåt-tilbodet og heller ikkje sørga for betre veg mellom Uskekalven og Usken.


Fem familiar hadde flytta frå Uskekalven på grunn av dei dårlege rutene. Håplaust å bu her for dei som skulle av gårde på arbeid kvar dag. Fleire av ektemennene som budde igjen var sjøfolk. Dei andre som gjekk på arbeid måtte setjast over til Hommersåk med båt.


Viss dei skulle til lege eller tannlege, måtte dei leiga fløttbåt. Dei pengane fekk dei heldigvis refundert av trygdekassen. Verre var det med maten som måtte kjøpast for ei veke om gongen.


Kart i Aftenbladet.



Aftenbladet konfronterte teknisk rådmann i Sandnes, H. Hagen, med klagene frå husmødrene på Uskekalven. Han forsikra at dei tok dette på alvor. Men det hadde jo berre gått tre-kvart år sidan Sandnes overtok Usken og Uskekalven, og dei fem familiane hadde flytta før den tid. Dessutan ville det kosta 200 000 kroner å gjera ferdig vegen mellom Usken og Uskekalven, og det var mange pengar i 1965.


Sandnes kommune ville hjelpa dei med båt-tilbodet ved å gi tilskot til båtruta slik Hetland kommune tidlegare hadde gjort.


Eit par dagar seinare var Riskafjord-rederiet ute i Aftenbladet og sa at dei kunne gå innom Uskekalven fleire gonger til dagen viss Samferdselsnemda i fylket ynskte det.


Disponent Gabriel Haga i busselskapet Sverre Haga som også var eigar av «Viervåg», meinte at husmødrene frå Uskekalven overdreiv kritikken når dei påsto at det berre var eit anløp i veka. For «Viervåg» gjekk frå Stavanger halv seks på fredagskveldane. Dessutan var båten innom to gonger både lørdag og søndag. Viss folk ynskte det kunne det også bli eit anløp på fredag ettermiddag.


Men då måtte folk også bruka båten og ikkje bruka eigne motorbåtar. Året før hadde dei opplevd at folk frå Uskekalven kjørte med sine båtar på sida av rutebåten, sa Gabriel Haga.


Akkurat på denne tida var motoren på «Viervåg» så skrøpeleg at den måtte på verksted frå mandag til torsdag. Ny motor var for kostbart, men dei hadde nå kjøpt for 3000 kroner i deler til motoren. Med delene på plass, kunne Sverre Haga søka om kommunalt tilskot og tilby fleire avgangar.


Tøffe tider på Uskekalven hausten 1965.


Koss gjekk det med rutebåten «Viervåg»? Du får soga om båten i neste blogg. Den kan komma allerede i morgon viss vêret er like surt som i dag.

tirsdag 2. juli 2024

Dei ville dra ein baby med seg til fjells i ei korg!

 


Mor og far med meg i midten. Her er dei på hyttebesøk på Meland og viser fram 
babyen. Foto: Ella Iversen.



Mor og far hadde ikkje vore lenge nygifte før dei oppdaga at eg var underveis. Dei gifta seg 8 mai 1948. Dette er jo ein offisiell flaggdag. Rørande at det alltid blir flagga på denne dagen sjølv om dei begge er ute av tida nå.


Far var ungkar, men ikkje heilt spelemann, sjølv om han beherska munnspel og litt piano med ei hand. Etter krigen hadde far min fått bygd seg ei lita hytta ved Storsteinsvatnet som ligg i hima-heiå i Hjelmeland. Hytta blei bygd på fjellgarden Helgaland sin grunn, heilt på grensa til Laugalandsgardane si beitemark.


Mor og far på hyttetur før dei blei gifte.



Som hytte-eigar kom han i lag med mor mi. Om det var mannen eller hyttå ho fall for, veit eg ikkje, men det blei nå dei to. Ingen tvil om at dei kosa seg på heiaturar både til Storsteinshyttå og andre hytter. Så gifta dei seg og hyttelivet var stadig ein viktig del av fritida.


Ut over sommaren i 1948 fall nok far min i tankar. Koss skulle det gå med hyttelivet med ein nyfødd unge i heimen? Det var to timars gange frå huset på Laugaland til hyttå ved Storsteinsvatnet.


Storsteinshytta ein vinterdag. Storstein i bakgrunnen til venstre.



Men han fann løysinga. Sambygdingen Mikkel Hetlelid var i alle år ein mykje brukt emmissær. Han reiste over heile Sør-Norge med det gode budskap. Han var til og med på Finnskogen og prøvde å frelsa folket der. Mikkel var ingen lathans. Når han kom heim til Vormedalen for å pusta ut og samla krefter til nye turnear til møtetelt og bedehus, då jobba han som korgmakar på sin eigen verkstad i uthuset.


Mikkel var ikkje for ingenting sonen til den vidgjetne korgmakaren og jærstolprodusenten Johannes Hetlelid. Slike folk tvinna ikkje vindskit.


Mikkel utvikla sin eigen spesialtet: Babykorga. Dei sa forresten ikkje baby i Vormedalen på den tida. Dei sa babby. Nok om det.


Dette er babykorga som Mikkel Hetlelid laga på bestilling frå far min.



Far min gjekk derfor til Mikkel Hetlelid og la fram problemet. Han ville ha ei babykorg som mor og far kunne bera mellom seg til fjells. Kven som fann løysinga veit eg ikkje, men det var sikkert Mikkel. Kort tid seinare kunne far min henta korga med to gode håndtak, eit på kvar side, slik at dei ferske småbarnsforeldra kunne dra med seg litle meg til hytta ved Storsteinsvatnet.


Dei fekk meg på siste søndagen i februar 1949. Og eg blei plassert i den nya og spesiallaga korga. Om mor og far nokon gong realiserte planen om å dra meg med til hytta som liten blei-unge, er eg ikkje sikker på. Ikkje lett å dra med seg blei-barn på ei enkel heia-hytta.


Mikkel Hetlelid som 80-åring. Bildet sto på fyrstesida på
Aftenbladet.



Det var mor mi som fortalde at korga var laga slik med tanke på fjellturar, men eg kan ikkje hugsa at ho sa at dei tok den med meg oppi til fjells nokon gong.


Denne korga som eg nå har greidd å skriva så mykje om, kan du få sjå nå i sommar viss du ser innom flettverk-utstillinga i Spinneriet på Hjelmeland. Der er korga mi utstilt saman med mange andre flotte produkt frå lokale korgmakarar.


Ein interessant utstilling laga til av Nils Viga Hausken.


Og ein ting til: Ikkje gløym kafeen i rommet ved sida av utstillinga.