søndag 9. oktober 2022

Jord- og stein-ras i Jøsenfjorden

Raset reiv med seg mange tre og mykje jord på veg ned mot fjorden.
Staden heite Geitakvile og ligg litt innanfor Gåsnes i Jøsenfjorden.
Foto: Andreas Hauge.

 

Store steinar losna og dundra nedover fjellsida og reiv med seg jord og mange tre på veg ned mot Jøsenfjorden. Folk på andre sida av fjorden vakna av dunder og brak ved 6.30-tida tidleg søndag morgon. Men då var det for mørkt til at ein kunne sjå omfanget av raset.


Rasstaden ligg omtrent tvers over for Vadla-kaien.  Dette er innanfor Gåsnes på ein stad som dei skikkeleg lokalkjende kallar Geitakvile.


?Raset har starta omlag 150 meter oppe i fjellsida. Det blei ikkje noka flodbølge av raset, men dersom det sto fiskereidskapar som garn eller teiner i området, kan dei reknast som tapte, seier Andreas Hauge som har vore over fjorden og studert omfanget av raset og fotografert.


Ras er ikkje uvanleg i fjorden. Det skjer frå tid til anna, men dette var større enn det som vanlegvis kjem.


Andreas Hauge er ikkje overraska at det rasa i fjorden nå. Det har regna mykje dei siste dagane. Akkurat på denne staden er det ein flaumbekk som kan bli ganske stor. Det er nok den som har rive med seg steinane og utløyst raset.


?Overraskande stort ras, seier Helge Hjorteland frå Jøsenfjorden. Han er for tida på haustferie i Spania, men har fått bilete tilsendt heimanfrå. Det er lenge sidan han har sett så store ras på denne strekninga av Jøsenfjorden.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar