tirsdag 25. oktober 2022

Basarane på bedehuset var reine bygdefestane!

Kø for å kjøpa lodd. Kvinnene som skriv i basarbøkene frå venstre: Liv Berit Moen,
 Ingrid Skjølingstad og Helga Hjorteland. Dei to fyrste loddkjøparane er ukjente, Mette Berge, 
Nina Skjølingstad, Terje Skjølingstad, Laila Abotnes med Tomas på armen, Bjørg Grete Solheim og Haldis Steinsland.



Finnabasaren var den gjevaste av alle basarane på bedehuset i Jøsenfjorden. I 1977 var det 12 kvinner i bygda som dreiv kvinneforeninga som støtta opp om arbeidet til Samemisjonen. Desse kvnnene strikka, hekla og sydde i eit heilt år for å skaffa nok gevinstar til å halda basar.

 Det var tre dominerande kvinneforeningar i Jøsenfjorden på den tida. Foreninga som laga basar der pengane gjekk til Misjonsselskapet, blei kalla kånene. Indremisjonsforeninga heitte jentene i daglegtalen og kvinnene bak Finnabasaren var finnane. Ei mindre kvinnegruppe  støtta arbeidet til Misjonssambandet som tidlegare hadde navnet Kinamisjonen.

 I tillegg til desse basarane var det to årlege bedeshus-basarar som heile bygda støtte opp om. Inntektene her frå gjekk til bedehuset som ikkje berre var ein samlingsplass for dei truande, men også blei bruka som kapell for bygda. Her var det både gudstenester og gravferder.

 Dei gamle kvinneforeningane, foreningskvinnene og basarane deira er berre minne nå. I dag er det berre bedehus-basaren som er igjen. Denne basaren foregår på skjærtorsdag. Dessuten er det ein haustmarknad med loppemarked. Inntektene her frå går også til bedehuset.

Basar-reportasjen i Aftenbladet laurdag 19. november 1977.



 Det var eit klar skilje mellom bedehus-gjengarane, dei kristne, og resten av bygdefolket. Dei kristne gjekk på bedehuset når det kom emmisærar som heldt oppbyggjelege møte. Dei andre heldt seg stort sett heime då. Men på basarane gjekk alle. Basarane fungerte som bygdefestar der til og med dei som skjenkte seg var velkomne når det leid så langt på kvelden at det nærma seg trekning. Desse som hadde fått seg ein dram, var ofte rause når dei kjøpte lodd, ser du.

 Fyrste året eg arbeidde som journalist laga eg basar-reportasje frå Finnabasaren i Jøsenfjorden saman med fotograf Jonas Haarr Friestad. Denne sto på trykk i Aftenbladet laurdag 19. november 1977. Basaren gjekk av stabelen laurdagen før.

Det kjem fleire basar-bloggar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar