fredag 9. september 2022

Ola enda som einebuar i Segadal

 


Ola Segadal budde åleine i Segadal frå 1987. Bildet
er henta frå Aftenbladet.


Flotte planar om bru over Jøsenfjorden og veg langs fjorden ut til Hauge og Vadla, blei aldri realiserte. Men som 78-åring opplevde Ola Segadal å bli plaga med ei grusom asfaltlukt. Då Vegvesenet starta asfaltverk på Hauge i Jøsenfjorden, blei asfaltlukta så plagsom i Segadal at Ola fekk pustevanskar når vinden bles inn fjorden. Han måtte halda seg inne til det gav seg.


Aftenbladet sende journalist Rune Nedrebø og fotograf Knut S. Vindfallet til Segadal for å snakka med Ola om den plagsomme asfalt-røyken. Dette blei til ei heilside i avisa laurdag 30. juni 1990. Fleire flotte foto frå den veglause garden langt inne i Jøsenfjorden kom på trykk og ein beklagelse frå Vegvesenet som forsikra at asfaltlukta skulle forsvinna når asfaltverket blei innkjørt.


Vegvesenet hadde planar om ein ferjefri veg gjennom Ryfylke. Jøsenfjorden skulle kryssast
med bru ved Segadal. Men dette blei aldri realisert. Bildet frå Aftenbladet i 1975.


Då den tre år yngre broren Jakob og kona Ruth kjøpte seg hus på Hjelmeland og flytta frå Segadal, blei Ola einebuar i Segadal. Tenk det du! Segadal song på siste verset som buplass.


Dei hadde alltid vore for seg i Segadal. Fyrste motorbåten i Jøsenfjorden, kraftverk alt i 1922, telefon og taubane frå fjorden opp til garden. Faren Jone og sønnene Ola og Jakob var på farten på reinsdyrjakt i heia og fiske etter brisling og ferdatorsk i fjorden. I tillegg dreiv dei det stort med sylvrev.


Då ferja begynte å kryssa Jøsenfjorden mellom Tøtlandsvik og Vindsvik i 1965, dukka det fort om planar om ein ferjefri veg gjennom Ryfylke: Ein veg frå Tytlandsvik innover langs fjorden, bru over til Segadal og veg ut til Hauge og Vadla. Mange let seg riva med av dei flotte teikningane i avisa.


Det blei med draumen. Dei gamle, Marta og Jone, døydde. Det var naturens gang. Så fôr døtrene til Ruth og Jakob, Marit, Reidun og Einy Jorunn ut fjorden for å skula seg og skaffa seg arbeid. Så drog Jakob og Ruth også. Ola blei åleine i Segadal!


Ikkje tale om at han skulle flytta, sa Ola til Aftenblad-karane i 1990. Her var han oppvaksen og her ville han bu så lenge han kunne klara seg sjøl.


Det var ikkje einsamt her. Folk var innom rett som det var. Til og med om vinteren. Dessutan hadde Ola telefon og den visste han å bruka. På kveldane ringde han til slekt og venner og prata om laust og fast. Mange gilde samtalar! Far min på Laugaland hadde telefon frå Segadal rett som det var. Drøset gjekk om reinsdyrjakt og heiatrakter. Ola hadde bore tal-lause børar med reinsdyrkjøt ned frå heia.


Ola forsto at dei unge ikkje ville busetja seg på den veglause garden. Det ville bli for tungvint. Han ville bli den siste fastbuande her inne der det hadde budd folk i minst 400 år.


To år seinare var det slutt. I 1992 måtte Ola flytta til Hauge i Jøsenfjorden. I mars 1993 døydde han. Då var han 80 år gammal.


- Ola Segadal var ein omtykt og gild mann som mange vil minnast med glede, skreiv Jakob Krumshagen i nekrologen i Aftenbladet.


Ola Segadal på Brurasteinen sommaren 1990. Fotograf: Knut S. Vindfallet.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar