onsdag 3. april 2019

Frå kvit skorstein til svart med tre raude ringar



«Eidfjord» med kvit skorstein. Teikninga er henta frå HSD si
jubileumsbok.

Visste du at ferja «Utstein» har skifta fargar og dekor på skorsteinen fem gonger sidan den var nybygd i 1975 og hadde kvit skorstein og navnet «Eidfjord»?

I dag føler eg at tida er inne for å gå grundig inn i denne skorsteinsproblematikken. Du treng ikkje å vera nerd for å interessera deg for utsjånad på ferjeskorsteinar. Berre ein heilt normalt interessert observatør.

Midt på 1970-talet fekk HSD fleire nye pendelferjer som alle hadde kvit skorstein: «Eidfjord», «Jondal», «Fusa», «Tysnes» og så vidare. HSD-rosetten var plassert midt på den kvite overbygninga.

«Utstein» har seilt rund med gul skorstein og tre raude ringar i to periodar.
Foto: Kåre Haga.


Slik som eg har forstått det seilte «Eidfjord» rundt i Sunnhordland i alle år med kvit skorstein. Fyrst då Stavangerske overtok i 1986 fekk den gule skorstein med tre raude ringar på, slik det var på alle ferjene og fjordabåtane til Stavangerske på den tida.

Det kan vel forresten diskuterast om desse ferjene hadde skorsteinar. Kanskje det hadde vore rettare å kalla dei for eksosrøyr.

«Utstein» med to raude ringar i 1991. Foto: Steinar Warland.
Men skorsteinen fekk ikkje fred meir enn i fire år. Då omorganiserte Stavangerske. Dei laga eit eige dotterselskap for lokaltrafikken. Dette selskapet fekk navnet Rogaland Trafikkselskap. Og for å markera at det var nye tider, mista alle desse fartya den midterste ringen i skorsteinen som fekk behalda gulfargen.

I 2003 ble det omorgansering igjen. Rogaland Trafikkselskap forsvann. Nå skulle det vera Stavangerske som dreiv lokaltrafikken i Rogaland. Dette blei markert ved å få den midterste ringen på plass igjen. Slik blei det i fire år.

For det skjedde store endringar både for Stavangerske og HSD. Stavanger-mannen Folke Hermansen som hadde slått seg opp opp på å selja fryseboksar og komfyrar, kjøpte fyrst opp det gamle, ærverdige Stavangerske på 1980-talet. Seinare kjøpte han seg opp i HSD også. Til slutt var dette selskapet også hans.

«Utstein» med Tide-skorstein i 2008. Foto: Kåre Haga.

Selskapet Tide såg dagens lys i 2008. Her blei det både Tide Buss og Tide Sjø. Dermed måtte ein fram med malarkostane igjen og få Tide-logoen på plass. Trur ikkje eg skal prøva å skildra den. Fann heldigvis eit bilde som viser korleis «Utstein» såg ut i 2008.

Det blei også innført ein ny navnepraksis på hurtigbåtar og ferjer. Nå skulle alle båtnavn starta med «Tide». Dermed fekk me «Tidesund» og «Tide-admiral» og så vidare. Ikkje særleg populært blant museumsvaktarane.

I 2012 var det slutt for Tide Sjø. Nå var dette blitt eit stor selskap som konkurrerte om å driva hurtigbåt- og ferjeruter over heile landet og skulle ha nytt navn igjen. Det skulle ikkje vera stavangerske eller noko anne provinsielt.

Norled blei det. Men til trøyst for oss nostalgikarar: Svart skorstein og tre raude ringar. Dette var den opprinnelege Stavangerske-skorsteinen med tradisjonar heilt tilbake til 1855 og hjulbåten «Ryfylke».

 «Utstein» ved Skjeltene ferjekai  i på Møre 14. juli 2018. Nå med tre raude ringar på svart skorstein.
 Foto: Sindre Furuli.

Viss «Eidfjord» hadde blitt verande «Eidfjord» og aldri rota seg ned til Stavanger, hadde ferja sluppa unna denne gul-malinga, men ellers hadde det blitt det same skorsteinsrotet. Men navnet hadde jo vore der heile vegen.

Forresten. Bare så du vett det. «Utstein» fekk hengedekk i 1990. Det blei fjerna i 2011.

Det var alt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar