I 12 år gjekk "Øybuen" på byøyane. |
Vil "Kontrari", tidlegare "Øybuen", "Riskafjord", "Schleswig Holstein", enda sine dagar som dykkarmål for Egersund Dykkeklubb? Spørsmålet er brennande aktuelt nå etter at Dalane Tidende hadde ei to siders oppslag om saka sist fredag.
Egersunderen Henrik Einar Seglem har vore eigar av den tidlegare rutebåten sidan 1999. Han har brukt "Kontrari" som turbåt i mange år. Men nå er ikkje dette aktuelt lenger, seier Seglem til Dalane Tidende.
"Kontrari" slik den ser ut i dag. (Foto: Johan Aakre) |
Tor Inge Leidland, leiar i dykkeklubben, lanserte forslaget om å bruka "Kontrari" som dykkarmål. Klubben ynskjer å senka eit farty på 20 - 25 meters djup mellom Skarvøy og Auglend rett utanfor Egersund.
- Eit kjekt prosjekt, seier Henrik Einar Seglem til Dalane Tidende. Han steila rett nok då han fyrst blei spurt om han kunne tenka seg å senka "Kontrari", men etter å ha tenkt seg om, har han skifta meining. Nå stiller han skuta til disposisjon for dykkarklubben. Nå blir det ein lang prosessen med å få løyve til å senka båten. Mange i Stavanger hugsar den som byferja "Øybuen". Den gjekk i rute mellom byøyane som var ein del av Hetland kommune fram til 1965.
- Viss seriøse folk fra Stavanger-området tek kontakt med tanke på å ta vare på "Kontrari", må vi tenka oss om, seier Johan Aakre som også har vore med på planane om å senka veteranbåten.
Oppslaget i Dalane Tidende sist fredag. |
"Kontrari" blei bygd i Danzig som slepebåt i 1933. Fram til andre verdenskrig blei den brukt som slepebåt i Kielkanalen med navnet "Schleswig Holstein". Den kom til Norge under krigen. I 1949 blei den kjøpt av AS Riskafjord som krigsbytte for 50.000 kroner. På Sigurd Sagens båtbyggeri på Hommersåk blei den ombygd til rutebåt og fekk navnet "Riskafjord".
Berre for ordens skuld: Den forrektige "Riskafjord" har i alle år hatt navnet "Riskafjord II". Den seilte på Riskahavet i mange år både før og etter den litle "Riskafjord".
Sommaren 1950 blei "Riskafjord" sett inn i rutefarten mellom Hommersåk og Stavanger. Den tok 120 passasjerar. Ein tysk dieselmotor gav båten ein topp-fart på 11 knop.
1. april 1963 blei AS Øyane ny eigar av "Riskafjord" som nå fekk eit nytt tradisjonsrikt navn: "Øybuen". Nå var det tid for ny ombygging og nytt styrehus. Denne gongen ved Brødrene Bjørnevik. Den gamle dieselmotoren blei erstatta av ein tre-sylindra 150 hestars Wichmann som gav 10 knops fart.
Eg har eit personleg minne frå den perioden. Sommaren 1966 var eg sommarmatros på "Hjelmelandsfjord". Då sto me og beundra "Øybuen" som snudde på femøringen etter å ha bakka ut frå sin faste plass innerst ved Steinkarkaien. Den snudde innerst i hålet og dunka ut mellom Høgsfjord-båtar ved Steinkarkaien og Jøsenfjord-båtar ved Jorenholmskaien. Gløymer aldri det flotte ekkoet av Wichmann-lyden frå veggen på det kommunale fryseanlegget.
"Øybuen" heldt det gåande som øyaferja fram til 1975 då den blei erstatta av dei nybygde båtane "Vassøy" og "Roaldsøy". Den gamle slitaren gjekk i opplag.
Styrehuset fra fiskebåten "Sola" står i dag på "Kontrari". Kilde: Hans Georg Knutsvik. |
I 1978 kjøpte Stavanger-mannen Reidar Christensen båten og gav den navnet "Primavera". Seinare blei den seldt til Masfjorden og vidare til Trondheim før den enda opp i Egersund. Etter "Øybuen"-epoken er styrehuset skifta ut. Dette sto, ifølge Hans Georg Knutsvik, tidlegare på fiskebåten "Sola" som tilhøyrte Christian Bjelland.
Eg skreiv om "Kontrari", tidlegare "Øybuen", "Riskafjord", "Schleswig Holstein" i boka Fjordabåtene som kom ut i 2005. Har du boka kan du slå opp på side 60.
Båten må bevares som veteranbåt og må tilbakeføres til Riskafjord 1950. båten har stor historisk verdi bla. som "krigsbytte" som ble ombygd til passasjerbåt på Riskahavet på 50 tallet. Det er blit senket nok gamle fjordabåter i fylke.
SvarSlettRiskabuer m båtbygger Sagen her er en jobb å gjøre
Eg stiller meg tvilande til å redda denne "Riskafjord" som veteranbåt. For det første er den opprinnelege og langt meir tradisjonsrike "Riskafjord" alt ein verdig veteranbåt på Riskahavet. For det andre skal det mykje idealisme, pengar og ikkje minst arbeid og entusiasme til for å gå i gang med eit slikt prosjekt. Men for all del: Eg har ingenting i mot det.
SvarSlettTror en burde se skuta før en uttaler seg. Noe nytt kan en ikke få ut av den men den kan settes I god stand utenfor måtte rive alt ned til kjølen
SvarSlettTror en burde se skuta før en uttaler seg. Noe nytt kan en ikke få ut av den men den kan settes I god stand utenfor måtte rive alt ned til kjølen
SvarSlettkjørte gjennom Egersund i påsken så ikke noe til Kontrari
SvarSletter det noen som vet hvordan det har gått med den.
Ein interessant båt på mange måtar, deriblant at den har vore i privat eige i mitt nærområde nord for Bergen. Er det mogleg å komma i kontakt med Jone på ein eller annan måte, dersom det er interessant med litt informasjon frå den tida? Den tidlegare redaren sitt på eit kontor rett borti gangen her :-)
SvarSlettNår far var ombord på Bjelland sine båter var han også ombord på Sola en liten tid, for det meste på Stavangeren som gikk ned i Ryfylke bassenget den 15 okt. 1957 heldigvis ble far og alle de andre reddet da de gikk på land og sank på 2 minutt, ja jeg minnes å jeg minnes det gikk mange timer før mor fikk telefonen som hun måtte gå langt til naboen for å få beskjeden at far og de andre var kommet til rette, jeg huske veldig gått om morgenen da vi ble vekket og hun måtte gå til naboen kl.06 for å ringe Bjelland og da hun kom tilbake da gråt hun, noe som hun aldri pleide gjøre da hun fortalte at båten var savnet.
SvarSlett