torsdag 16. april 2015

Folk gløymte at raske Jakob mangla ein arm




Jakob Heggland mista høgrearmen som 12-åring.  Med pågangsmot og jernvilje
 klarte  han seg godt likevel. Foto: Jon Ingemundsen.


  
Som 12-åring mista Jakob Heggland frå Hjelmeland høgrearmen. Den blei kutta av like under albuen. Ulukka skjedde då han var med faren i løa og hakka halm som skulle brukast som fôr. Det var gutten som ikkje mista motet av den grunn. Som vaksen mann greidde han seg svært godt likevel. Sambygdingane var imponert av han. Til dagleg kom ikkje folk på at Jakob mangla høgre hand og arm. Ein glimrande skyttar og ivrig jeger var han også.

Ganske illustrerande at då Aftenbladet laga ein heilsides laurdagsreportasje om Jakob i november 1986, blei den manglande armen bare omtala ganske kort langt  nede i artikkelen. Det var den ivrige jegeren Aftenbladet skreiv om. 63-åringen hadde nyss sendt rev nummer 100 til dei evige jaktmarker.

Gjennom 40 år hadde han jakta på elg, hjort, mår, røysekatt og ryper står det i avisartikkelen. Reinsdyr er ikkje opprekna i stykket, men eg er sikker på at Jakob også var på dyrajakt. Det har aldri eksistert ekta jaktinteresserte hjelmelandsbuar som ikkje har vore minst ein gong etter reinsdyra.

Eg har tenkt ein del på Jakob dei siste dagane når eg som slagpasient  har trent for å få venstrehanda mi i form igjen. Utfordringa mi er mikroskopisk i forhold til den 12 år gamle Jakob fekk i fanget.

Han levde heile sitt liv på Fjellet, bygda mellom Hjelmelandsvågen og Vormedalen. På denne strekninga kjørte far min rutebuss. Eg var ofte med far i bussen for å hjelpa til med å fylla postkassane langs ruta med aviser og brev. Dermed var eg ikkje store karen før eg hadde lagt merke til mannen som mangla eine armen.

Jakob sto ofte saman med tre-fire andre mannfolk i Breilandslenninga i kveldinga når bussen kom frå Hjelmelandsvågen med dagens post og passasjerar som hadde vore på bytur. Dei fleste som sokna til denne postkassen, budde på veglause gardar ved Breilandsvatnet.

 Til lenninga der bussen stoppa, kom dei med robåt. Men Jakob hadde motor i sin båt. Som båtinteressert hadde eg merka meg båten med motor.

- Det er 'an Jakob som har båt med motor. Han står omtrent aldri fast sjølv om han manglar ein arm. Men han kan ikkje ro, forklarte far min ein gong.

I mange år arbeidde fjellbuen på jærstol-verkstaden til Arne Hetlelid på Laugaland. Det gjekk godt å laga stolar.   Han kjørte motorsykkel til og frå jobb. Med ei spak tilkopla gasshåndtaket kjørte han problemfritt på smale grusvegar.

Dei var kreative og oppfinnsame, både jærstolarbeidaren og sjefen. Arne Hetlelid hugsar mange som jærstolfabrikant og mangeårig ordførar i Hjelmeland. Som nabo med Hetlelien hugsar eg han for mykje meir enn det. Sjølv om Jakob og Arne laga stoler, var dei stadig på utkikk etter andre slags alternative inntektskjelder.

Ein vakker dag kom det ein raud, dieselbrummande bulldoser til Laugaland. International sto det på panseret. Kven andre enn Jakob Heggland sat bak spakene på det amerikansk-produserte uhyret. Ikkje noko problem for han ta å seg fram med ei hand i terrenget på larveføter. Og jærstolfabrikant Arne Hetlelid var plutseleg også blitt entreprenør og bulldoser-eigar.

Bulldoser-eventyret varde ikkje så lenge. Men det var ei stor oppleving for oss som fekk det med.

Seinare blei Jakob bonde og familiemann med gardsbruk sauer og kyr i Vigane ved Breilandsvatnet. Ved sida av gardsdrifta hadde han ansvaret for vedlikehaldet av ein del av vegnettet på Fjellet. Grusing, skraping og snøbrøyting tok han seg av.

Nå var jammen så vidt eg ikkje gløymde å fortelja at Jakob i mange år var ein glødande ivrig laksefiskar i den vidgjetne lakseelva Vorma som renn ut i sjøen i Tøtlandsvik.

Klart det var ein del praktiske småting som ikkje var så lette med berre ein arm. Joggesko med borrelås var ei eineståande, god oppfinning, meinte bonden ved Breilandsvatnet.

- 4. april var det tre år sidan Jakob blei gravlagd. Han blei nesten 90 år gammal, seier Kjell Johan Vigane. - Jakob er sakneleg. Han var ein sutalaus og gild nabo.

Til slutt det som Jakob Heggland sa til Aftenbladet i 1986:

- Det var hardt å trena seg opp til å nytta berre ei hand. Meir enn ein gong var eg på nippet til gje opp. Nå kjem eg ikkje på at eg berre brukar ei hand. Det går like raskt å få børsa på plass med ei hand.

Aftenbladet lørdag 22. november 1986.









 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar