mandag 24. oktober 2016

"Fisterfjord" gjekk til England med bær!


"Fisterfjord" slik den såg ut som ny i 1921. Her på Sand. Bildet tilhøyrer
Vidar Hauge. 


- "Fisterfjord" gjekk til England med bær. Ingen andre fjordabåtar har gjort det, sa dei vaksne med eit smil om munnen.

- Fisterløå, få den vekk, fnyste ungane.

Dei vaksne blei aldri med i hylekoret. Dei hadde sett båten i fjorden som ungar, halvstyvingar og ungdommar. Sett båten seila i krig og fred. Den var jo ein jamaldring og kompis. Generasjonsmotsetningar var det i fjordbygdene også, forstår du. Dei unge fekk ynskjet sitt oppfylt.

"Fisterfjord" er vekke. Den skal aldri restaurerast og seila vidare som veteranbåt. Dei sørgelege, utbrende restane av båten blei senka på 713 meters djup i Nedstrandsfjorden 1. mai 1970. "Fisterfjord" blei øydelagd av brann natt til 16. februar 1970 då den låg ved kai på Foreneset.

Så me gamlingane som var ungar på 1960-talet, får leva med at me ikkje hadde heilt sansen for båten sm var eit syn som ny i 1921. Hjelpe meg, det er 95 år sidan!

"Fisterfjord" slik den såg ut i nyare tid. Her på Vadla-kaien.
 Foto: Olav R. Hauge. 


Eg skal ikkje dra heile "Fisterfjord"-historien her og nå. Akkurat i denne bloggen er det englandsfarten som er interessant.

I boka "Fjordabådane" som Magnus Torgersen og Aftenbladet gav ut i 1981, står det at "Fisterfjord" gjorde eit par turar til England med bær i 1920-åra. Det var ikkje nytt å eksportera bær til England. For det meste blei bæra sende med Bergenske-båten "Venus", men i Ryfylke fann ein ut at ein kunne få bæra raskare og billigare fram ved å leiga "Fisterfjord" til å gå over Nordsjøen. Det blei lasta tusenvis av korger med rips, solbær og litt blåbær. I Hjelmeland og bygdene rundt dyrka dei bær som aldri før.

I England kunne dei få kr. 1,20 for ei fem-liters korg. På Torget i Stavanger måtte dei vera sjeleglad for å få 25 øre for det same kvantumet bær.  Men suksessen varte ikkje evig. Engelskmennene begynte å ta 90 øre i toll for kvar korg. Då minka fortenesta. Då reiv folk opp bærbuskane og planta plommetre i plassen.

"Fisterfjord" skal ha gjort to turar med bær og hadde kol som returlast.

Så skriv Magnus Torgersen vidare:  Det har ikke lykkes å få tak i det nøyaktige årstallet for disse turene. Noen mener det gikk en tur i 1923 og en året etter, mens andre mener det må ha vært i 1926 og 1927. Noen mener båten hadde 7000-8000 korger på en tur, andre holder på 20.000-30.000.

Nå kan du søka i dei gamle Aftenblad-årgangane. Dermed fann eg lett denne meldinga frå 5. august 1924. Her går det jo klart fram at "Fisterfjord" er leiga inn for å gå med  bær over Nordsjøen. Eg fann ikkje fleire avis-meldingar i Aftenbladet om saka.

Aftenbladet 5. august 1924.





I februar 1970, etter den sørgjelege "Fisterfjord"-brannen intervjua redaktør Per Surnervik den legendariske Jøsenfjord Rutelag-disponenten Magnus Kalheim om "Fisterfjord". Her skriv eg av følgjande:

- Alle eldre ryfylkingar hugsar då "Fisterfjord" gjekk inn i Nordsjø-fart?

- Ja, det var Ryfylke-solbær som la grunnlaget for det. I den tid var det ei kollosal solbærdyrking i Ryfylke. Å selja solbær i Stavanger, var ikkje greit, men England var ein stor marknad. Willliam Bullman heitte endåtil grossisten som var mottakar i Newcastle. Englandsbåten "Venus" transporterte bæra, dels var det norske grossistar, dels bøndene sjølv som sende til Bullman. Farbror min, Johan Kilane i Erfjord var bonde, men samstundes den største solbæreksportøren den tid.

Av ein eller annan grunn var det vanskeleg å få senda med "Venus", og me fann då ut at me ville lasta "Fisterfjord" og gå over med bæra. Me henta bærsendingane på kaiane innover i Ryfylke, var innom Stavanger og fekk om bord noko der, og så bar det over.

Første året var eg sjølv skipper, andre året var eg og kona med som passasjerar. Me gjekk endåtil i land i Newcastle og ville vera over ei veke til "Fisterfjord" skulle komma tilbake med sending nr. to, men då hadde rederiet Brødrene Olsen sett inn i ei frakterute over Nordsjøen som gjorde at me måtte avvikla Englandsfarten, og eg og kona måtte ta rutebåt heimatt.

I Aftenbladet 15. juli 1925 blir "Fisterfjord"s englandsrute avertert. Då
var Magnus Kalheim og kona passasjerar. 


- Ingen fare med å gå over Nordsjøen med  "Fisterfjord"?

- Å nei, den flaut som ein måke på dønningen, Det var ein makelause båt, ein trong aldri å vera redd vêret med den.

Dette fortalde Magnus Kalheim til Per Surnevik i 1970.

Magnus Kalheim var både teknisk konsulent, arkitekt og konstruktør då "Fisterfjord" blei bygd hjå Gravdal i Sunnhordland i 1921 etter hans idear. Han fekk høyra mykje frå røynde sjøfolk for desse ideane sine, går det fram av eit større intervju med Jøsenfjord-sjefen i Aftenbladet 31. juli 1954.

Magnus Kalheim teikna av Henry Imsland. 
Båten var så høg - samanlikna med samtidige fjordabåtar, at den såg rar ut. Sjøfolk spådde den ein dårleg skjebne. Den ville bli umulig å manøvrera til kai, Dermed våga ikkje Kalheimen å gjera heilt slik han hadde tenkt. Han ville utnytta promenade-dekket, men venta med det til det viste seg at båten klarte seg bra. Fyrst kom lugarane akter og seinare glassalongen midtskips. Desse forbetringane gjorde "Fisterfjord" til ein svært populær båt blant dei reisande med kaffilukt i gangane, messingklinging og sprø lampaglas i salongane. Farten var ikke stor og motoren rista, men folk var ikkje utskjemde på den tida. Dei tykte "Fisterfjord" var eit stort framskritt.

- Båtbyggjaren rømde til skogs då "Fisterfjord" var sjøsett. Den låg skeiv på sjøen, blei det sagt. Alle som har interessert seg for gamle fjordabåtar har høyrt det. Om det er like sant som dette om Nordsjø-turane, tvilar eg på.













lørdag 22. oktober 2016

Nå står "Kløver" på land!

Båteigar Paul Sverre Fyljesvoll og svigerson Helge Hjorteland lurer på koss
dei skal få "Kløver" heilt opp på land.


Ei 61 år gammal dama er ikkje alltid lett å rikka. List, lempe og litt lokking er ikkje alltid nok. Ei dame med vekt mellom 20 og 30 tonn kan slå seg heilt vrang.  Då er det rå kraft som må til og litt praktisk mannfolk-vet.

"Kløver" var på god veg opp av sjøen fredag ettermiddag då alt stoppa bom opp. Den 61-årige melkeskøyta eller melkebåten om du vil, hadde oppført seg eksemplarisk heilt frå ho kom heim frå Sverige for ein månads tid sidan og fram til ho nå skulle opp på slippen.

Mange forståsegpåarar var møtte fram. Alle drøfta kva som skulle gjerast.


Nå skulle ho på land for å restaurerast etter alle kunstens regler av den nye eigaren Paul Sverre Fyljesvoll. Han fekk den ganske forfalne båten i Lysekil i Sverige. Nå er det tid for å få fram fordums glans i fartyet', som i si tid var heile Erfjord sin stolthet. Slippen der ho nå skulle opp, ligg omtrent på same staden der båten blei bygd og hadde si heimehavn i over ti år. "Kløver" frakta mjølkespann mellom Erfjord og Sand i mange år.

Sjølv er eg ein klossmajor og klamphoggar av fyrste klasse. Kanskje er det derfor eg let meg imponera av hendte mannfolk med teknisk innsikt og pågangsmot.

Båteigar Paul Sverre hadde bygd slippvogna sjølv saman med barnebarnet, André Hjorteland. Den tålte båten. Men den gamle elektriske vinsjen som dei hadde vekt opp frå det daude etter fleire år, den greidde ikkje å dra "Kløver" over ein sveiseskøyt i slippskinnene.

Det var mange forståsegpåarar på plass rundt slippen. Dei diskuterte og drøfta. Båten var godt oppe or sjøen. Nå måtte ikkje slippvogna få ein sjanse til å renna tilbake i sjøen. - Hadde nokon kraftig kjetting. Nei. Ingen visste om det her på minuttet. Men Kjell Bøen, han du veit på "Stordøy", tilbaud seg å henta ti-tonns jekkestropper.

 Du lurer kanskje på kva jekkestropper er. Ikkje lett for meg å forklara. Men dei surra fast stroppene i slippvogna og prøvde gong etter gong å  få vinsjen til å dra "Kløver" over den litle humpen i skinna.

- Eg kjører heim og henta hjullastaren. Den kan ordna biffen, sa Olav Erfjord.

Heilt sidan eg var liten gutunge, har eg oppfatta erfjordbuar som litt eksotiske. Sjølv om Erfjord ikkje er så langt unna Vormedalen i Hjelmeland der eg sjølv vaks opp, var det mangt som var ulikt. Ikkje berre var alle menn i Erfjord i kortare eller lengre tid styrmenn eller matrosar på fjordabåtene. Dei snakka også rart. Dei sa båten og gryta, ikkje båden og gryda som var normalt i Vormedalen. Og nå altså: Alle erfjordbuar har ein hjullastar bak uthuset. Heilt vanleg der inne.

- Me fekk det til, sa dei nå. Heile båten er på land. 


Eg kjørte mannen etter hjullastaren. Då me kom fram til løa hans, ringde det i brystlommen på den oransje kjeladressen til Erfjorden. - Gløym hjullastaren. "Kløver" er oppe, var meldinga.

Då me kom ned til sjøen igjen, sto den gamle melkebåten, drypande våt, med baugen kloss i den gamle, kortpusta vinsjen.

Karane med innsikt i praktiske problem hadde ordna opp. "Kløver" står nå på land på Erøy. Nå skal det byggjast eit provisorisk hus over båten.

Deretter skal Paul Sverre Fyljesvoll og heile den nevenyttige familien pussa opp båten. Har vel kanskje fortalt før at han har ei dotter og to svigersønner som er utdanna møbelsnikrar. Resten av slekta er også flinke med nevane. Dei står ikkje fast nokon gong. Sjølv ikkje når dei skal lura 20-30 tonn over ein hump i ei slippskinne. Flinke folk.

Nå lovar eg at det blir lenge til neste "Kløver"-blogg.


onsdag 28. september 2016

Nå skal "Kløver" på land og restaurerast!

Paul Sverre Fyljesvoll i full sving med å
laga slipptralle. Foto: André Hjorteland.


Frå strålande heimkomst til hardt arbeid. Sist måndag var heile Erfjord på beina for å ta mot den bortkomne melkebåten "Kløver" som alle hadde snakka om, men aldri trudde dei skulle sjå igjen etter at den gjorde svenske av seg for nesten 50 år sidan. Brått låg han der ferdig fortøyd på Erøy, medteken, men stadig flytande.

- Me gjekk frå Stavanger i 12-tida sist måndag for ei god veke sidan. Ved Fogn låg den fyrste båten og venta på oss. Sidan hadde me fylgje av fleire båtar innover. I Erfjord-kjeften låg det endå fleire båtar som ville ta mot oss. I Bogsfjorden tok me om bord familiemedlemmer som var med på den siste etappen inn til Erøy, fortel den nye "Kløver"-eigaren, Paul Sverre Fylgjesvoll. Han trur aldri han har blitt fotografert så mykje i heile sitt liv som denne dagen.

Det var mykje folk på Erøy på mandagskvelden og interessa var stor. To av dei som var med på å byggja "Kløver", Kåre og Torkel Erfjord, var om bord same kvelden.  Eit eldre ektepar kom reisande, eins ærend, frå Stavanger for å sjå på den gamle melkebåten. Mannen skal ha vore med på jomfruturen med båten.

Det var Olav Erfjord og Paul Sverre Fyljesvoll som tok båten heim til Erfjord frå Lysekil i Sverige. Men nå er det  Paul Sverre Fyljesvoll som står som eigar og er den som må sørga for arbeidet vidare med å føra "Kløver" tilbake til fordums glans. Olav Erfjord har stilt sin gamle slipp til disposisjon. Slippen blir neste stopp for melkebåten. Der kan den bli ståande ei god stund. Tvilsamt om den kjem på sjøen alt neste år.


"Kløver" slik den såg ut som ny i 1955. Bildet tilhøyrer Thomas
Fuglastein Bog.


- Dette har vore ei storarta oppleving. Eg har ikkje angra eit minutt til denne tid, seier Paul Sverre Fyljesvoll.

- Med god hjelp frå barnebarnet mitt, André Hjorteland, har eg laga ny slipptralle. Den skal vera ferdig til fredag. Då skal tralla fraktast til slippen på Erfjord. Deretter skal me ordna med ein vinsj. Akkurat kva dag  "Kløver" blir dregen på land, er ikkje fastsett ennå. Det blir vel ein dag i oktober, seier "Kløver"-eigaren som ikkje føler på noko tidspress.

- "Kløver" skal visstnok vega 25-30 tonn. Tåler tralla det?

- Eg er sikker på tralla tåler 125 tonn, ler Paul Sverre.

Eit provisorisk hus vil bli bygd over båten når den kjem på land. Paul Sverre Fyljesvoll er velsigna med mange hendte folk i familien. Han har ikkje berre ein dotterson som kan sveisa. I tillegg har han ei dotter og to svigersønner som er utdanna møbelsnikrar.  Viss dei engasjerer seg, vil nok "Kløver" skina som ein ny kommode når den er ferdig. Ver du sikker!

Det blir sagt at "Kløver" blei bygd utan arbeidsteikningar. Båtbyggjarane på Erøy gjekk opp i skråningen ovanfor slippen og la hovudet på skakke og studerte bygget og planla vidare etterkvart. Sluttresultatet blei vakkert. Det er alle skøyte-entusiastar samde om.

«Kløver»:
Historikk: Bygd i 1954- 1955 som byggenr. 2 ved Erøyvik båtbyggeri i Erfjord for Magnus Fuglestein.


Navn: «Kløver». Ble satt inn i den kombinerte melke- og passasjerruta mellom Erfjord og Sand. Sluttet i ruta 6. juli 1966. Da gikk melke- transporten fra Erfjord til Sand med bil. Båten ble senere solgt til Rudolf Stangeland, Forsand. Senere solgt til nordmann bosatt i Sverige. Skiftet eier flere ganger. I 1993 ble båten kjøpt på tvangsauksjon i Lysekil for 90.000 svenske kroner av Bjarne Isaksen, opprinnelig norsk. Han eier fortsatt båten som nå heter «Vågen». Ligger fortsatt i Lysekil. 

Nå har Paul Sverre Fyljesvoll overtatt båten som nå er trygt heime i Erfjord igjen. 
Maskineri: Hovedmotor som ny. Finnøy tosylindret semidiesel- motor på 60 HK. Motoren ble skiftet ut av de nye svenske eierne i 1972 med en Volvo Penta MD 100 B på 150 HK. 


Marsjfart: 8 knop.

Kapasitet: Som ny passasjer-sertifikat for 11 passasjerer. Mål: Lengde: 15,25 meter. Bredde: 3,97 meter. Dybtgående: 2 meter.





mandag 19. september 2016

Hallo Erfjord! "Kløver" kjem heim i dag!

Paul Sverre Fyljesvoll og Olav Erfjord hadde sin siste pølsemiddag i Tananger
i går kveld. Dei ventar seg ein festmiddag i Erfjord i kveld. Og ein god dusj. 
Hald utkikk etter ein gammal kjenning i fjordane i dag. Etter 50 år i utlendighet kjem den gamle melkebåten "Kløver" endeleg heim til Erfjord i ettermiddag. Ein gong etter klokka 16 vil den klappa til kai på Erøy der båten hadde heimehavn frå 1955 til 1966. På den siste delen av ferda inn Erfjorden skal "Kløver" eskorterast av skøyta "Gerda Olava". Alt ligg til rette for ein storstilt gjensynsfest i Erfjord i kveld.

"Kløver" blei bygd i Erfjord i 1955. I 10 år frakta den mjølk, varer og folk mellom Erfjord, Jelsa og Sand. I 1966 var Ryfylkevegen ferdig. Då blei melkebåten"Kløver" arbeidslaus. Sjølv om den blei seldt til Sverige, har den aldri blitt gløymd i heimbygda. Nå er "Kløver" snart heime igjen.   

Det er to veker sidan erfjordbuane Paul Sverre Fyljesvoll, Olav Erfjord og Tor Olav Følgesvold drog til Lysekil på den svenske vestkysten for å henta båten som Olav Erfjord hadde fått tilbod om å overta vederlagsfritt frå den nåverande eigaren Bjarne Isaksen. Han er den fjerde eigaren av "Kløver" sidan den forlet Norge for 50 år sidan. Erfjord hadde ei skøyte frå før. Difor let han "Kløver" gå vidare til Paul Sverre Fyljesvoll som nå er blitt båteigar. Det er desse to karane som nå har segla "Kløver" heim til Norge igjen. Assistent Tor Olav Følgesvold fungerte som sjåfør og returnerte heim med bil då dei to andre kasta loss etter ei vekes jobbing for å få ting til å fungera. 

Dette er ikkje dagen for ein grundig gjennomgang av den tekniske tilstanden til "Kløver". Men erfjordbuane har teke seg av vatn i olja på motoren, ein lekkasje i baugen og diverse anna førefallande småreparasjonar før dei kunne setja kursen vestover med båten som måtte handterast med stor forsiktighet. 

Planen om å gå frå Lysekil direkte til Risør blei raskt skringlagt. Dermed gjekk fyrste etappe frå Lysekil til Nord-Koster utanfor Strømstad tysdag for ei veke sidan. Dagen etterpå styrte dei mot Norge, men kom ikkje lenger enn til Sandefjord på grunn av tjukk skodd. Neste stopp var rett utanfor Kragerø. Då var det sjøgang som tvinga dei til å stoppa. Grimstad blei neste havn før Mandal utpå søndagen.

"Kløver" vel i havn i Tananger i går kveld. Den gamle Lyse-båten er næraste nabo. I dag går turen heim til Erfjord. 


Klokka halv seks mandag morgon heiv dei laust i Mandal og gjekk i eitt fram til Tananger der dei fortøyde rett ved den tidlegare skyssbåten til Lyse Kraft ved 19-tida i går kveld. 

Det var to smørblide karar bloggaren møtte der. Då var middagen akkurat klar. - Kosten har vore variert, Eine dagen har det vore pølser og bacon, neste dag har det vore bacon og pølser. Pluss ein dag med fiskepinnar, fortel redar og kokk Paul Sverre. 

- Kva planar har du for "Kløver"?

- Me får sjå. Eg fekk tilbod om å overta båten gratis. Far min hadde fiskeskøyta "Ragnhild" i mange år. Nå får eg ein liknande båt sjøl. Det er mykje arbeid som må gjerast før den er ship shape, men eg er så heldig å ha ei dotter og to svigersønner som er utdanna møbelsnikrar, seier redaren med eit smil. Sjølv er Paul Sverre Fyljesvoll (68) utdanna maskinist. Han har fleire års fartstid på gamle "Jøsenfjord". Olav Erfjord (69) var i 28 år skipper på "Vølaren" som tilhøyrde Statens Vegvesen. Han har også fartstid på melkebåten "Kløver".

"Kløver" på veg inn i Tananger havn i går.
 (Foto: Stig Erfjord)
"Når "Kløver" nå er vel heime og godt fortøyd, skal det byggjast ei solid slippvogn før båten blir dregen opp på land på eigedommen til Olav Erfjord. Dei to karane reknar med at "Kløver" veg 25 - 30 tonn når den blir dregen på land. Der står det mykje arbeid for tur før båten kjem på sjøen igjen. Kva tid det blir, er det ingen som vil meina noko sikkert om i dag. 

Tippar det blir mange godt vaksne erfjordbuar å sjå på Erøy i kveld etter klokka 17. "Kløver" har mange venner i den fjorden.

"Kløver"-interesserte i Stavanger må vera på vakt i føremiddag. Båten kan plutseleg liggja i Børevika eller ein annan stad sentralt i Stavanger. Dei to erfjord-buane planlegg ein liten stopp i byen før heimturen.

Eg skreiv den fyrste bloggen om "Kløver" 30. august. Den finn du ved klikka deg tilbake nokre får hakk her på bloggen min.

"Kløver"-karane i båtprat i Børevigå i Stavanger i dag. Frå venstre: Paul Sverre Fyljesvoll, Olav Erfjord, Jan Skaar,
Hans Petter Dyrseth og Jørgen Dyrseth. 





  







fredag 9. september 2016

Ka med kanalferie på Bømlo?

Idyllisk i Røyksundkanalen på Bømlo. (Eige foto)


Lever eg til neste år og har helså og ikkje har seldt båten, skal eg ta med meg kånå og dra på kanalferie til Bømlo. Nå har det vore fleire sure somrar på rad. Alt ligg til rette for at sommaren 2017 skal bli strålande. Det har me vestlendingar verkeleg fortjent.

Bømlo har alt som båtfolk vil ha. Store og små øyar, holmar i alle storleikar. All slags løgne navn i desse traktene. Her finn du øyane Aga og Agasøster, Vidare har du Fattigmannsvika, Svelto, Matløyso, Olvondo, Fleskøyno og Dørastokken.

 Du kan velja og vraka i naturhavner der du kan kasta dreggen og legga baugen mot land. Her er det nymotens gjestehavner og gamle handelsstader som Brandasund og Skjeret der Nillo regjerte i si tid.

Du kan lett bruka ei veka på å utforska Bømlo.

Me greidde å klora oss heilt opp til Bergen med båten på vår seine sommarferie i august. Fekk oss fin plass på Zakken innerst i Vågen på ein mandag og eit vindusbord på Holbergstuen med strålande utsyn over Torgalmenningen.

Neste dag var det strålande vêr. Eit raskt besøk i Mariakirken før me sette kursen sørover. Tenk der gifta me oss i 1972. Og kavar framleis med kvarandre etter snart 44 år.

Så gjekk turen sørover i sol. Forbi Flesland og Sotra og gjennom Austevoll. Me passerte Bekkjarvik og styrte mot Bømlo. Sørover gjennom Engesund har me gått mange gonger. Der er det så grunt at dei gamle fiskaskøytene skrapte nedi botnen når dei var lasta. Men botnen var så fin at det gjekk godt kvar einaste gong, har eg høyrt.

"Tonjer" gjekk mange år i rute på vestsida av Bømlo.

Denne gongen gjekk kursen lenger mot vest og inn i Nyleia der dei større båtane finn raskaste vegen sørover. Deretter gjekk me i sakte fart mellom holmane og glei nedover (på kartet) på vestsida. Ytra leiå som dei sa. I denne ruta var det Haugesund Damp sine båtar, "Stolmen" og "Tonjer" som gjekk i alle år i allslags vêr mellom Haugesund og Bergen. Dei tok heile vestsida for seg: Brandasund, Urrangsvåg, Øklandsvåg, Melingsvåg, Hiskjo, Mælandsvåg, Alsvåg, Finnås,  Lykling, Grutle og Espevær til slutt.

Når ein svingar rundt holmar og skjer med berre plottaren til hjelp, er det alltid ein viss fare for å enda i ein blindtarm i labyrinten. Det sundet du går i, har ikkje noko utløp. Du må tilbake same vegen som du kom. Slike tabbar har eg gjort mange gonger. For å unngå dette, hadde eg plukka fram eit gammalt, stort papirkart slik at eg hadde heile oversikten.

På den spesielt fine seinsommardagen vinka me til solslikkande seilbåt-entusiastar og tyske fisketuristar, ein og annan hytteeigar og lakseoppdrettarar i full fart med sine raske arbeidsbåtar.

Me gleid inn mot Kulleseidkanalen. Om den står det følgjande på Wikipedia:  Kulleseidkanalen ligger ved tettstedet Finnås  øya Bømlo i Bømlo kommune i Hordaland. Kanalen ble ferdigstilt i 1856 for å lette båtene sin ferd mellom østsiden og vestsiden av Bømlo. Kanalen ble utvidet og gjort dypere og breiere i perioden 1927-1935 og består av tre kanaler (Austre, midtre og vestre kanal). Total lengde for kanalanlegget er 1,7 kilometer.[1]
I dag er kanalen et lite handelssted og turiststed, med blant annet dagligvareforretning, bensinstasjon og en populær gjestehamn. Det er planer om å lage et badeland ved Kulleseidkanalen.

Kartet er henta frå Google.


 På nettsidene til Bømlo kommune står det ein  lang artikkel om heile historien til Kulleseidkanalen. Hadde me hatt lenger ferie og meir sol i vente skulle me overnatta i gjestehavna midt inn i  kanalen.Typisk at ein rek forbi og tenkjer neste gong, neste år og så vidare.

Klart for neste kanal: Røyksund-kanalen. Om denne står det følgjande i Wikipedia: Røyksundkanalen er en kanal ved Røyksund i Bømlo kommune i Sunnhordland. Kanalen ligger nord for Mosterhamn i Vestre Spissøysundet og skiller Moster fra det øvrige Bømlo. Her ligger Skogbu asylmotta og en populær småbåthavn og badeland. 

Badelandet i Røyksund-kanalen var flott og populært då det var nytt for snart 30 år sidan. Ungane våre kosa seg der i si tid. Det virka ikkje som om gjestehavna og badelandet greidde å halda seg heilt på topp i popularitet, men kanalen i seg sjølv er stadig ein idyll.

Men au au. - Kanalen er stengt på grunn av mudringsarbeid, sto det på eit svært skilt då me styrte inn i kanalen. OK. Då går me så langt me kjem, tenkte eg. Folk smilte då dei såg me rek forbi. Ingen som ropte og sa at me måtte snu. Kanskje arbeidet ikkje er starta ennå? Det såg lovande ut. Men plutseleg låg den svære blå lekteren midt i leia. Me må visst snu og gå tilbake?

Arbeidsfolka hjelpte oss forbi lekteren. Du ser at det er smalt for
gummibåten også. Den kom rett bak oss. 


Men nei. Plutseleg sto det to arbeidskledde mannfolk på lekteren og vinka på oss. Dei hjelpte oss forbi. Det var smalt, men alt gjekk fint. Me slapp gjennom og ferda gjekk vidare sørover.  

Nå har eg vore inne på nettet og lese at mudringsarbeidet i Røyksundkanalen for to år sidan. Planen er at arbeidet skal vera ferdig i 2017, fann eg også ut. Får håpa at småbåttrafikken slepp gjennom i sommarferien neste år. Viss ikkje, må me kanskje utsetja kanalferien på Bømlo eit år.

Kim veit? Den som lever, får sjå. 















tirsdag 6. september 2016

Flybensin-drama i Åmøyfjorden!



Aftenbladet lørdag 26. oktober 1957.

- Alarm i Åmøyfjorden, melder Aftenbladet med store bokstavar på fyrstesida lørdag 26. oktober 1957. Flybensinen flyt i fjorden etter at den britiske tankbåten "British Drummer" har gått på Klovningen i Åmøyfjorden ved midnattstider. Det er forbud mot bruk av åpen eld på Åmøy og Rennesøy.

"British Drummer", tilhøyrande British Petroleum, kom frå Grangemouth i Skottland  og var lasta med 5000 tonn bensin som skulle lossast ved tankanlegget til Norsk Brændselsolje på Lurahammaren. Skipet med ein besetning på 35 - 40 mann hadde vore på Lurahammaren mange gonger før. Skipet tok norsk los ved Feistein seint på fredagskvelden. Han var på brua då skipet grunnstøytte i regntjukne.

Grunnstøytinga var så kraftig at braket kunne høyrast på Åmøy. "British Drummer" blei ståande med baugen oppå holmen i kurs mot fyrlykta.

Årsaka til at eg bloggar om dette: Det finst folk på Strandalandet som trur at dei berre kan ta ein telefon til meg viss dei lurer på noko med ein gammal båt. - Eg hugsar ein svær båt som sto på land ved Klovningane. Me såg den frå Tau då me gjekk heim frå skulen. Trur det var ein Stavangerske-båt. Finn det ut for meg, kommanderte den pensjonerte skipperen. Etter å ha snakk med ein del folk som veit meir enn meg om ulike dramastiske hendingar i fjordane vår, fann eg fram til denne hendinga i Aftenblad-arkivet som er ei gullgruve for alle som er interesserte i gamle dar. Det var Per Heng frå Tau som hugsa navnet på "British Drummer"  og dermed var det berre å søka i veg.

Det var nok "British Drummer"  fyrsteklassingane på Tau, Helge Strand, Hogne Fjellanger og dei andre småungane såg då dei gjekk heim frå skulen i oktober 1957.

Dei britiske sjøfolka blei om bord i det grunnstøytte tankskipet heile tida. Heile området blei sperra av politi og brannvesenet på grunn av eksplosjonsfaren. Folk var varsla over NRK om den dramatiske situasjonen.


Aftenbladet 28-10-1957.

Slepebåten "Rosenberg V" låg saman med andra båtar klar på god avstand for å trekkja havaristen av grunnen når det blei gitt klarsignal.

- Det er stritt ikkje å få seg ein røyk, sa ein Åmøy-mann som Aftenbladet sin utsende møtte laurdag formiddag. Men Åmøy-mannen håpa at alle tok forbodet mot åpen eld alvorleg så lenge det var eksplosjonsfare. Og tenk så godt det blir med ein røyk når faren er over, sa mannen. Forbodet blei ståande over helga. Om Åmøy-mannen greidde å avstå for røyking så lenge, veit eg ingenting om.

"British Drummer" sto godt på Klovningen. Det blei gjort fleire forsøk på å dra havaristen av på lørdagen. Men fyrste etter at 300 tonn med bensin var lasta over i tankskipet "Banco", greidde "Rosenberg V" å trekkja tankskipet av grunnen natt til søndag.

"British Drummer" blei ankra opp i Åmøyfjorden. Etter kort tid kom tankskipet "British Bugler" til Åmøyfjorden og henta 4200 tonn bensin som blei ført til Trondheim. "British Drummer" blei liggjande ei tid ved BP-anlegget på Lurahammaren for å lufta ut tankane. Deretter gjekk skipet til Rosenberg for å bli reparert.

Då tankskipet gjekk ut av dokka på Rosenberg var det blitt norsk. Oslo-rederiet Ruud Pedersen var ny eigar. "Anella" blei det nye navnet. Året etterpå overtok Butcha Godager og nå blei navnet "Norse Commander". Tankskipet var i drift fram til 1966.

28. november 1957 melde Aftenbladet at det hadde vore nye sjøforklaring etter "British Drummer".
Det var Rosenberg Mek. Verksted som hadde begjært sjøforklaring. Dei ville ha avklart om "Rosenberg V" hadde berga "British Drummer" eller berre gitt assistanse. Spørsmålet var nok om kor stort beløp Rosenberg hadde krav på etter dramaet på Åmøyfjorden. Svaret har eg ikkje funne i avisa.
















fredag 2. september 2016

Frå Tasta til Bryne for 17 kroner!

For 17 kroner kan du reisa heilt frå Tasta til Bryne viss du er gammal nok.


Er du ein av dei som var med på å byggja landet? Då er du minst like gammal som meg og har rett på honnør-billett på bussen. Sjølv er eg ein forferdeleg klossmajor som aldri har bygd ein skit. Men reiser likevel for barnepris både på bussar og ferjer.

Sist fredag hadde kånå reist frå meg. Dette skulle eg feira dagen etterpå med å ta ein tur til Bryne. Det skulle vera Kalle Fjogstad-konsert på Thime Station, puben til Magnus.

Å reisa med tog til Jæren er ganske kjekt. Blir alltid i godt humør av det. For 50 år sidan begynte eg på gymnaset der ute og kan mimra mykje om skuletida på ein halvtimes togtur. Men uff og fy! Det var jo buss for tog. Gidde eg det?

Nei. Derfor tok eg den heilt ut. Kaffor ikkje prøva å ta Kolumbus-buss frå Tasta til Bryne?  Over Grønland på ski har eg aldri gått. Men i mi tid som bladfyk i Aftenbla reiste eg Rogaland rundt med buss ein sommar og haika frå Ålgård til Mjøsa  for å reisa med Skibladner eit anna år. La meg prøva eit nytt buss-eventyr.

Då eg¨hadde fylt 67 år tidlegare i år, var eg inne på Byterminalen i Stavanger og kjøpte meg eit Kolumbus-kort som gir meg honnørpris på båt og buss. Så nå tek eg dei grønne bussane både nå og då. Og eg likar det.

Rett før klokka 12 sto eg nybarbert og klar på busstoppet ved Tasta sykehjem på Randabergveien. Kolumbus-kortet mitt blei tappa for 17 kroner då eg steig på buss nr. 1. 10 minutt seinare var eg i byen.

Eg stilte meg opp på Byterminalen på den plassen der Sandnes-bussane har stått heilt sidan den tida då dei blå NSB-bussane gjekk til sykkelbyen. Der kom buss nr. 2. Der steig eg om bord. - Overgang. God tur! sto det på kortlesaren i bussen. Denne bussen gjekk til Sandnes, men ikkje heilt strake vegen. Eg fekk med både Larsamyrå og andre halvekstotiske stopp før bussen enda opp på Ruten i 10 på ett-tida.

På Ruten på Sandnes er det mange busstopp. Eg såg for meg ein heil jobb for å finna rette stoppet for ein buss vidare sørover. Det blei grusomt enkelt. Buss nr. 52 sto klar eit par meter unna. Den gjekk til Bryne og Lyefjell klokka ett.

- Overgang. God tur, forkynte kortlesaren på denne bussen også.

Stemninga på bussen var utruleg fin. Den vennlige sjåføren var verken norsk eller polsk. Han var fødd mykje lenger sør enn både Norge og Polen og kjørt mjukt og fint og behandla alle dei reisande, både nye og gamle landsmenn med respekt.

Det sto jo både Lyefjell og Bryne på bussen. Som honnørturist hadde eg ikkje hatt noko mot ein tur om den nye høgfjellsbyen på Jæren før eg kom til Bryne, men bussen gjekk den gammeldagse veien forbi Gandal og Kleppekrossen til Bryne.

I halv to-tida steig eg av på Bryne stasjon. Der skifta bussen nummer. Nå blei den nr. 50 og skulle til Lyefjell.

Halvannan time tok det frå Tasta til Bryne for 17 kroner.

På returen til Stavanger nytta eg meg av buss for tog-tilbudet. Det kosta 83 kroner.

Ein spennande buss-dag. Pluss Kalle Fjogstad-konsert. Den og var kjekke.