onsdag 17. februar 2016

Min barndoms melkebil-sjåfør er død



Arne Hetland med den siste melkebilen han kjørte mellom
 Vormedalen og Årdal.

Du høyrte at han kom ved middagstider. Litt during av ein dieselbil, skranglande melkespann, eit par ord til ein avstigande passasjer og ein hjarteleg lått før han fôr vidare. Heim til Meland der 'u Lilly venta med middagsmaten. Han etterlet seg ei røys med tomme spann og ei pappøskja med kolonialvarer på melkerampen. Du trong ikkje klokka, du kunne sjå det på melkerampen at det var langt på dag. 'An Arne Hetland var hima i Vormedalen igjen.

Nå er vår barndoms melkebilsjåfør over alle himlaleite. Det er til å få klump i halsen av.

 Den godslege mannen som  i åravis kjørte melkespann til meieriet i Årdal, døydde på sjukeheimen i Årdal i sist veke. Han blei 86 år gammal. Nå skal han begravast på kyrkjegarden som ligg rett over steingjerdet frå heimen der han budde heile sitt liv. Få fekk så kort veg frå vogge til grav som Arne Hetland.

Han var berre guttungen då faren døydde. Men mora Anna sørgde for at både han og søstera Marie fekk ein god og trygg oppvekst på gardalappen på Meland. Så snart han var ferdig med folkeskule og konfirmasjon, var han klar for arbeidslivet.

Du kjenner sikkert typen mann du også. Ein stor og kraftig kar med grov mannsrøyst, men blid og lettleg med eit handlag som får ting til å falla lett på plass. Somme er slik. Arne var ein av dei.

På Laugaland gjekk bøndene saman rett etter krigen og kjøpte ein Ferguson traktor, ekta gråtass, til å pløya åkrane med. Unge Arne blei hyra inn som traktorkjørar. Han fôr rundt på pløying i heila Hjelmeland, ja til og med på Finnøy var han og pløydde med gråtassen.

Etterpå drog han i militæret. Han var ein av dei mange etterkrigsungdommane som var i Tysklandsbrigaden. Det må ha vore litt av ein overgang å komma frå den fredelege Vormedalen til eit krigsherja Tyskland.

Vel heime igjen var han med på å byggja Kjerrlibrua og forlengja Fundingslandsvegen. Han var arbeidskamerat med Ingvald Mæland, Per Moen, Olav Fossane og fleire som eg ikkje kjem på i farten.

Men det var som melkebilsjåfør at Arne Hetland blei bygdakjendis.

Denne bilen fekk Arne Hetland då den var ny i 1961.
 Her er det kollega Jens Sie som har arva den.

Ryfylkeveiens billag var det flotte firmanavnet på det lokale busselskapet. Den kombinerte melkebilen, halvt buss, halvt lastebil, hadde endestasjon i Vormedalen. På denne bilen fekk Arne Hetland sjåførjobben. Det vil seia at han var sjåfør frå Vormedalen til Hjelmeland og spannalempar resten av vegen til Årdal. Frå Hjelmeland var det Ragnar Larsen som var sjåfør. Dette var ein Dodge med dieselmotor som ikkje fekk noko langvarig liv på ruta.

Etter nokre år blei det så mykje melk at Arne Hetland blei utstyrt med ein flunkande ny Mercedes melkebil bygd hjå Brødrene Repstad i Søgne. Med denne kjørte han ruta sjøl heilt til meieriet i Årdal. Frå Hjelmeland kjørte Ragnar Larsen melk med lastebil til Årdal.

Melkebilen frå Vormedalen tok med alle spann frå Vormedalen og Fjellet utover til dei siste blei sette på planen ved Husstølveien. Deretter gjekk ruta til kaien i Hjelmelandsvågen. Der kom melkespanna frå Jøsneset og Jøsenfjorden med rutebåten. Dei skulle også til Årdal med bilen frå Vormedalen.

Melkebilen var jo rutebil også. Folk som skulle til byen, måtte opp sju økter før dag. Klokka halv sju kjørte Arne Hetland frå Vormedalen og halv åtte gjekk rutebåten frå Hjelmeland. Kvar einaste dag var det folk som skulle reisa. Sjølv om det offisielt berre var plass til ni passasjerar, var det aldri ein som sto igjen på vegen. Og var det fint vêr var det god plass på lasteplanet. Og sjåføren snakka med alle om vind og vêr. - Det rigna godt i nått. Det var hølar i lokka på melkespanna, hugsar eg Arne sa meir enn ein gong.

Fullasta med melkespann kjørte Arne vidare frå Hjelmeland til Årdal. På denne strekninga samla han opp nye passasajerar som skulle til Tau og med ferja til byen. Melkebilen korresponderte med Tau-bussen i Årdal. Den som var med i den gamle melkebilen, fullstappa med folk og overlessa med spann, opp Mjølhushagane på fyrste gir og med ein fart på 25 kilometer i timen, sikra seg eit minne for livet.

Når spanna var tømde og vaska, var det ikkje berre til å kjøra fort og gale him til Vormedalen igjen. Fyrst skulle han ha med smør, ost og returmjølk frå meieriet til melkeleverandørane. Så skulle sjåføren innom på krambuer, postkontor, lensmannskontor og utføra store og små ærend. Det var aldri nei i Arne Hetland sin munn når det var spørsmål om ei beina.

Då Arne Hetland måtte slutta som sjåfør,
 begynte å fletta sete på jærstolar.



Ikkje rart at han kjende alle og alle kjende han.

Då mjølketankbilen skviste ut melkespanna og den geniale, kombinerte melkebilen, kjørte Arne Hetland vanleg buss i ein del år. Han kjørte skuleruter og ruta til Sand og til Tau.

Sjåførkarrieren fekk ein litt uventa stopp då Arne Hetland fekk litt hjertetrøbbel. Men han sette seg ikkje ned av den grunn. Han fletta sete i jærstolar, han malte og tapetserte for folk.

Han var gift med nabojenta Lilly og dei fekk to døtrer. Lilly, Anne Lise og Aud hadde ein kjærleg ektemann og far.

Arne Hetland heldt hus og heim i god stand. Der var aldri noko rot rundt han. Ein vinter klaga Lilly til søstera Gjertrud over all snøen som var kommen. - Du kan ikkje klaga på snøen du. 'An Arne tar jo snøen mens den er i lufta, svara søstera.

Det er ein gild mann som er død. Han blei 86 år.


















søndag 14. februar 2016

Mor mi hadde alibi

Mor mi i sin ungdom.


- Alibi, kva er det?

Rektor Øyvind Grotmol heva blikket frå læreboka og såg spørjande ut over latinklassen på Bryne Gymnas. 12 elevar som brukte tre år av sitt unge liv til å prøva å læra eit språk, latin, som ingen snakka lenger, men som alle slags framandord kom i frå.

Ingen av dei flinke jentene som kunne latinleksa framlengs og baklengs kvar dag, visste kva alibi var.
Ingen av dei meir alminnelege guttane heller. Eg så meg rundt i klassen. Nølande retta eg handa i vêret.

Rektor Grotmol såg på meg.

- Laugaland. Kva er alibi?

- Du har alibi når du kan føra bevis for at du ikkje var på ein stad der det har skjedd ein forbrytelse, svar eg.

Rektor Grotmol nikka tilfreds og skrytte hemningslaust av meg.



- Laugaland les mykje utanom. Det bør alle gymnasiastar gjera, sa han og såg på jentene som kunne leksa på rams kvar dag og på dei andre elevane som var variantar av typen middelhavsfarar. Eg høyrte definitivt til den siste gruppa.

Det høyrer med til historia at Grotmol gjennomskua meg etter kvar og kalla meg både slubbert og lathans.

Men det meste av dei to åra me hadde rektor Grotmol i latin på gymnaset, slapp eg lett unna. Eg kunne ikkje leksene spesielt godt, men kunne av og til eit framandord som dukka opp når Grotmol hadde ein av sine mange digresjonar. Han spora totalt av frå leksa vår når han begynte å vri og vrengja på eit eller anna latinsk ord som var høgst levande på 1960-talet. Å elska heiter amare på latin. Så amatør det er ein som elskar sin sport eller kva det måtte vera. Fyrst når det ringde ut til friminutt, vakna Grotmol og begynte å herja med latinpensum. Me slapp omtrent aldri ut frå latintimane før det ringde inn til neste time.

At eg les mykje utanom, var berre tull. Det var mor mi som hadde lese mykje utanom. Ho og hennar fem sysken hadde berre sju års folkeskule. Men det mangla ikkje på evner.

Frå eg var åtte-ni år gammal og fram til alle hormonene begynte å herja rundt i kroppen, sat eg mykje og les i det som måtte finnast av aviser, bøker og kulørt vekepresse. Når eg møtte på ord og problemstillingar som eg ikkje fann ut av, ropte eg på mor.

Mor, kva er alibi? Ho visste sjølvsagt det. Eg fann det heilt naturleg at mor mi visste det. Det var vel heller sjelden med mødre som kunne gjera greie for den slags ord.

Alibi-episoden frå Bryne fekk aldri mor mi høyra om. Ganske flaut at eg ikkje takka mor mi meir for at ho lærte meg å bli glad i ord og lesing og slekters gang og Hjelmeland før i tida.

I dag er det morsdag. Til sommaren er det ti år sidan mor mi døde stilt og roleg, 82 år gammal.  


tirsdag 9. februar 2016

Politikarane tullar med trolleybussen!

I Aftenbladet fann eg bildet av denne trolleybussen frå Sveits. 


Trolleybussen kom plutseleg seilande inn i den stadig pågåande kollektiv-debatten på Nord-Jæren i haust. Det skulle gå trolley i Stavanger igjen etter over 50 års pause. For meg står det for lengst klart: Bussar og bybane er altfor vanskeleg for dei stakkars politikarane vår. Plutseleg står ikkje trolleybussen så sterkt politisk lenger. Nå vil dei folkevalde ta ein batterirunde.

Her kjem litt rein innsikt:

Eg er verken for eller mot trolleybuss. Men eg har faktisk jobba på trolleybuss. Trur du at eg lyg? Nei du. Som samfunnsansvarleg student i Bergen frå 1970 til 1975, gjorde eg ein formidabel innsats gjennom studietida med å halda den kommunale etaten Bergen Sporvei i gang. På den tida hadde Sporveien to trolleybuss-linjer. Linje 2, sjølve hovedpulsåra i det bergenske bussliv, gjekk i den tida frå Bolstad ved Mannsverk forbi Haukeland sykehus til sentrum og endestasjon under Smørs bro.  Den andre trolleyruta var linje 5 som gjekk Mulen - Møhlenpris.

Som student uten uniform, men med skjegg, halvlangt hår, strikkegenser og fløyelsbukse blei du ikkje akkurat teken mot med stor jubel i det etablerte bussførar-miljøet i Sporveien. Men det var sjåførmangel. Studentar med buss-kompetanse hadde dei bruk for. Me fekk kjøra gamle dieselbussar, og ein og annan ny, til me såg mannen med ljåen. Men det å kjøra trolley-buss, var uaktuelt for tilfeldige student-noviser. Kravet var fast tilsetting og ansiennitet for å bli opplært i å tråkla ein gul buss med kjælenavnet Spurtning med stenger på taket. Stengene skulle ha kontakt med luftledningane slik at bussen fekk straum. I nokon kryss skulle bussen renna gjennom slik at luftledningane valde rette ledningar på vegen vidare. Viss sjåføren brukte "gasspedalen" skifta stengene over til ledningane til den andre busslinja. Litt opplæring måtte til. Studentane blei ikkje påkosta den slags kurs.

Inngangen var bak på Sputniken. Det sat konduktøren og selde billettar.


Men det var fleire jobbar på trolleybussen. På linje 2 var det konduktør. Dei gamle trikkekonduktørane var omskolerte til busskonduktørar og sat bak i bussen og selde billettar. Alle som skulle kjøra buss, blei opplærte i billettsalg på trolleybussen. Studentane fekk i tillegg ofte jobben med å vikariera bak i "bingen" som konduktørplassen blei kalla. Passasjerane gjekk inn bak på desse bussane og kjøpte billettar medan bussen var i fart. Raskt og effektivt.

I 1971 eller 1972 ville sporveisleiinga kvitta seg med trolleybussane. Då starta trolleybuss-marakkelet i Bergen. Det gjekk jo 15-20 bussar drivne med rein elektrisitet i bytrafikken. Tenk for ein miljøkatastrofe viss dei blei skifta ut med dieselbussar. Politikarane gjekk bananas. Bergen Sporvei
blei pålagde å driva vidare med trolley slik at miljøet blei berga. Det har vore trolleybussar i alle år i Bergen. Heilt fram til i dag.

Bergen Sporvei reiste til det kommunist-styrte Tsjekkoslovakia og kjøpte Skoda trolleybussar. Dei var omtrent ubrukelege. Det gjorde spesielt inntrykk på meg at Skoda-bussane ikkje hadde plass til kjettingar i hjulkassane. Når snøen la seg i Hansa-byen, blei trolleybussane erstatta med durande diesel.

Skoda-fiaskoen førte heller ikkje til noko trolley-punktum. Den eine trolley-generasjonen etter den andre har trilla rundt i Bergen. Min yngste son slapp inn i trolley-paradiset. Kry som ein hane kjørte han linje 2 på Natlandsveien som vikar. Han fekk aldri fast plass, men likevel.

At Stavanger-politikarane ikkje var særleg begeistra for nye trolleybussar, var ikkje overraskande. Men at dei klaga på desse straumlinjene i bygatene, var uventa. Bybanen som dei same politikarane var så begeistra for, hadde også hatt bruk for straumledningar i lause lufta.

Og bybanefantasten Per A. Thorbjørnsen frå Venstre uttalte at trolleybussen var utgått på dato alt i 1969 då han reiste frå Bergen. Av alle burde han visst at i Bergen blei trikken utrangert alt i 1965.

Nå har dei fått Bybane i Bergen. Den har sett mange slags hår i hovudet på politikarane i Bergen. Då banen skulle byggjast nordover frå sentrum stoppa alt opp i ein politisk labyrint som ingen ser ut til å kunna klara opp i.

Og ein ting må du vita: Om ikkje lenge kan du reisa med Bybanen frå sentrum til flyplassen på Flesland. Men då må du ha god tid. Turen til flyplassen vil ta ein time. Dei som driv flybussen i Bergen, ser framtida lyst i møte.

Slik eg ser det må jo trolleybuss vera betra enn bybane. Det må vera betre å reisa med ein farkost med gummihjul enn ein som går med jernhjul på skinner.

Batteribussar er ikkje ferdig utvikla ennå. Dei må ladast og ladast. Eg trur ikkje at dei kvite elbussane som har gått i Stavanger den siste tida, har vore nokon stor suksess.

Kollektivtrafikk er for innfløkt for politikarar.

La oss få dieselbussar med turbo. Brumm. Brumm.




















søndag 31. januar 2016

Flyktning med ryggsekken full av sølvtøy



Fluktplanane tok form under påsketuren i Sylene i 1941.
 Bilde frå Bjørn Mihles fotoalbum.

De to unge flyktningane hadde planane klar. Når dei var trygt over grensa, skulle dei selja sølvtøyet for best mulig pris. Salgssummen skulle dei bruka til å finansiera ferda vidare mot målet: Å bli soldatar og slåss med våpen mot fiendtlege okkupantar.

Men svensk politi var slett ingen hyggeleg velkomstkomité. Dei ville jaga flyktningane tilbake over grensa. Rett i fanget på tyskarane.

Kameratane Bjørn Mihle (20) og Odd Husby (19) frå Byåsen i Trondheim hadde sine grunnar for å stikka av. Bjørn jobba ved NSB-verkstedet i byen. Der hadde han vore med når lokomotiv blei "reparert" på ein måte som førte til godstog fullasta med forsyningar til dei tyske okkupantane. Dei blei ståande fast i dalane mellom Trøndelag og Austlandet. Faren for at sabotasjen skulle bli avslørt, var overhengande.

Kameratane hadde begynt å planleggja flukta til Sverige på påsketuren til Sylane i grensetraktene i 1941.

Fyrst i 1944 kom Bjørn Mihle over til dei frie norske styrkane i Storbritannia.

I november 1941 drog dei to spreke ungdommane til fjells. På ski kryssa dei grensa mellom Norge og Sverige. Tanken var at dei skulle ta seg vidare frå Sverige på den transsibirske jernbanen gjennom Sovjetunionen. Målet var dei frie norske styrkane i Canada eller England.

Foreldra til dei to unge mennene må ha kjent til fluktplanane. Det må ha vore ganske spesielt å overlata sølvtøyet, som sikkert utgjorde det meste av familieformua, til sin einaste son som ville ut i krigen. Kva mor, far og tre systre fekk vita om unge Bjørn si ferd ut i krigen, veit eg ikkje. Dei hadde nok mange lange urolege netter resten av krigen. Men den bortreiste sonen dukka opp på spektakulært vis i norsk uniform hjå familien i Trondheim på sjølvaste 17. mai 1945, i god behold.

Fluktplanane var greie nok. Men svenske styresmakter var ikkje så enkle å samarbeida med for dei to unge krigarane. Dei blei ikkje jaga over grensa til Norge igjen, men måtte slå seg til ro i Dalarne i Sverige i første omgang. Mekanikerlærling Bjørn Mihle frå Norge blei sagbruksarbeidar i Sverige i første omgang vinteren 1942.

Det tok si tid å komma ut i krigen. Frå hausten 1942 til våren 1944 er Bjørn Mihle elev ved Katrineholm tekniske skole. I 1944 er han ferdig utdanna og kan kalla seg ingeniør. Kameraten Odd var ikkje her. Han var ein flink idrettsmann og blei idrettsinstruktør og frå 1.juli 1944 var han sersjant i reservepolitiet som det blei kalla i det nøytrale Sverige.

Etter avslutta skulegang møtte den nå 23 år gamle ingeniøren opp på Bromma flyplass ved Stocholm ein kveld i 1944. Saman med ein del andre norske flyktningar skulle han endeleg få komma seg over til Storbritannia. På kafeteriaen på flyplassen sat to norske pilotar med eit stort kart framfor seg og planla turen over Nordsjøen til Skottland. Dei brydde seg ikkje om at det sat tyske offiserar ved andre bord i det same lokalet.

Nordmennene gjekk om bord i eit sivilt norsk fly som sto klar til avgang. Reiseplanen og ruta var grei. Flyet letta og gjekk så høgt som forsvarleg med sløkte lanterner over det okkuperte Norge med kurs mot vest. Plutseleg blei det ei grusom knitring mot flyet. Var det tyske kuler? Panikken begynte å breia seg mellom flyktningane. Heldigvis var det berre ei haglbyge. Det norske flyet landa trygt i Skottland.

Kort tid etterpå var Bjørn Mihle på plass i den norske 330-skvadronen på Sullom Voe på Shetland. 330-skvadronen opererte her  13 fly av typen Short Sunderland.  Der tjenestegjorde han som flymekaniker.

 Då han kom til Shetland var ei av dei fyrste oppgavene å ta i bruk ei brakke som var blitt ledig. Dei måtte rydda opp etter mannskapet som hadde budd der. Dei kom aldri tilbake frå eit tokt over Norge.

Eit lystigare minne: Eit av flya deira kom haltande tilbake frå tokt. Minst to av motorane var kaputt. Dei fleste på den norske basen var på beina og følgde med då flyet landa på sjøen på eit vis. Dei hadde fått tyske fly etter seg og det norske flyet hadde fått mange treff. Mannskapet var sjeleglade for å ha klart å klora seg tilbake til Shetland.  Haleskyttaren sa det på sin måte: Eg dreit i buksa då det kom eit tysk fly mot meg og skaut, sa han.

Endeleg på Shetland. Bjørn Mihle laga album etter krigen.
 Han kunne både teikna og fotografera.

Den unge flyktningen kom aldri i aktiv kamp. Han mekka på flya. Flyturane begrensa seg til testflyging etter avslutta reparasjonar. Mekanikarane må bevisa at dei våga seg opp i lufta med maskinane dei hadde sett i stand.

Stor jubel i Norge då krigen var slutt 8. mai 1945. Bjørn Mihle var på Shetland.  Han fekk ikkje vera med på festen heime i Trondheim.

Men han hadde flaks. På 16. mai fekk han ordre om å vera med eit fly som skulle til Trondheim med medisiner til sykehuset. Natt til 17. mai letta Sunderland-flyet frå Sullom Voe. Før flyet landa på Trondheimsfjorden om morgonen, hadde unge Mihle  kasta ein pakke med sjokolade og sigarettar over Haugesund til slektningane sine der.

Ganske raskt kom Bjørn Mihle seg i land og inn til Trondheim til familien som budde i ein leilighet midt i byen. Tyskarane hadde kasta dei ut av huset på Byåsen. Gjensynsgleda var stor. I 17. mai-toget var den heimkomne sonen fanebærar for Jernbanemusikken som han hadde vore med i før flukta til Sverige.

Det var på denne jubeldagen at det blei klart at kamerat Odd ikkje var der i den jublande folkemengda. Han hadde falle i ein trefning med tyske soldatar i Singsås i januar 1945.

Dei to kameratane flykta saman i 1945. Berre Bjørn overlevde krigen.


I dag er ei gate på Byåsen i Trondheim oppkalla etter fluktkameraten: Odd Husbys veg.

Bjørn Mihle enda opp som ingeniør på Stålverket på Jørpeland. Han blei svigerfaren min. Heile denne bloggen er basert på det som han fortalde meg. Eg skreiv ikkje noko referat av samtalane våre.

Det var aldri planen min å skriva denne historien, men debatten om den danske smykkeloven sette meg på tanken. Flyktningar kunne ha verdier med seg til Danmark.

Då tenkte eg på svigerfar som drog til Sverige med ryggsekken full av sølvtøy. Kor det blei av dette sølvtøyet, kom eg ikkje på å spørja han om.

Bjørn Mihle døde i januar 2011. Han blei nesten 90 år.























onsdag 27. januar 2016

Kutt ut tullet i Forsand, Hjelmeland og Strand!

Denne artikkelen i Aftenbladet i dag gjorde meg sterkt irritert
 over lokalpolitikarane i sentrale deler av Ryfylke.

Viss Forsand-folk i framtida ikkje kan reisa til legevakt på Jørpeland men må dra til legevakt i Sandnes, fortel vel dette mest om kommunepolitikarane i Forsand og Strand. Politikarane i Forsand skubbar småbarnsforeldre, kronisk sjuke og eldre føre seg i ein pengekrangel med sine kolleger i Strand.

Dei blir ikkje enige om koss mykje Forsand skal betala for å ha legevaktsamarbeid lenger med Strand. Dermed risikerer forsandbuar som treng legehjelp både ein ferjetur og ein lengre biltur for å få legehjelp. Nå greier dei seg med ein kortare kjøretur til legevakt på Jørpeland. Er det rart at det er mykje elendighet i verda når ein klarer å laga slike rare problem i lokalpolitikken?

Kommunane Forsand, Hjelmeland og Strand burde lett kunna gå saman til ein kommune.  Viss jærkommunane greier å få til Jæren kommune, burde det vera rein plankekjøring å slå saman desse tre Ryfylke-kommunane til ein. Men slik det ser ut nå, arbeider dei folkevalde i alle dei tre kommunane systematisk mot dette.

Når hjelmelandsbuar snakkar om å gå saman med Suldal og forsandbuar trur at Høgsfjord-ferja kan overleva Ryfast-åpninga, drøymer dei med åpne auer. Ingen som bur sør for Jøsenfjorden, ser på Sand som eit aktuelt senter. Dei færraste har sett sin fot der dei siste ti åra. Og Høgsfjord-ferja er fortapt i 2019 når Ryfast gjer dei tre kommunane landfaste med bylandet. Fortsatt ferjedrift etter 2019 vil ikkje vera økonomisk berekraftig, som det heiter i dag.

I praksis er Jørpeland blitt sentrum for dei tre kommunane. Når folk skal handla noko meir enn det daglege, er dei ofte nøydd til å reisa til byen. Både i Hjelmeland og Forsand brukar dei i stor grad Jørpeland som "by". Alle slags statlege etatar ser nå dei tre kommuane som eit distrikt. På politisektoren er vel dette alt gjennomført. Denne utviklinga kjem til å bli forsterka.

Ei slik kommunesamanslåing vil sjølvsagt vera aller mest gunstig for Strand. Difor hadde det tjent saka at Stranda-politikarane der hadde vist seg litt meir romslege og rause. Det har eg ikkje sett noko til ennå.

På tide at dei ansvarleg i Strand ryddar opp i legevakt-problematikken med ein gong!






tirsdag 19. januar 2016

Då "Hjelmeland" dampa rundt i fjordane

"Hjelmeland" ved kaien på Idse. Bildet er truleg frå 1950-talet.
 Henta frå Aftenbladet sitt arkiv.


I 23 år har ferja "Hjelmeland" somla rundt på Hjelmelandsfjorden mellom Sande, Nesvik på Jøsneset og Skipavik på Ombo. Mange av oss har hatt denne ferja med seg i heile sitt liv. Folk under 30 år har ikkje fornaring om at det var ein dampande rutebåt som hadde same navnet. I 48 år, frå 1910 til 1958, gjekk "Hjelmeland" for Stavangerske.

I september 1910 overtok Stavangerske den nybygde rutebåten "Hjelmeland". Den var bygd ved Stavanger Støberi & Dok. Du lurer kanskje på navnet. Kvifor "Hjelmeland"?  Mange er ikkje klar over at før første verdenskrig var det berre to strandstader som var av ei viss økonomisk interesse for dei som styrte ruteselskapet i byen. Det var Sand og Hjelmeland. Industriutbygginga på Jørpeland og i Sauda hadde ikkje starta på denne tida.

"Hjelmeland" fotografert i Årdal før ombygginga i 1926. Styrehuset
 blei då løfta opp på båtdekket.


"Hjelmeland" var den fyrste nybygde båten til Stavangerske sidan "Rogaland" (seinare "Kvitsøy") i 1878. Det gjekk 27 år til det neste nybygget i 1937. Då kom motorskipet "Express" som innvarsla ei ny tid.

Som ny gjekk dampbåten "Hjelmeland" inn i Skjolda-ruta. Klokka 5 om morgonen gjekk båten frå Stavanger og returnerte til byen ved 16-tida om ettermiddagen. Var det ein ting som irriterte folk innante, var det denne ruteordninga til Stavangerske. Hadde folk eit viktig ærend og måtte reisa til byen med rutebåten, var dei nøydde til å overnatta i Stavanger. Dei kunne ikkje reisa fram og tilbake på dagen.

På "Hjelmeland" som på dei andre gamle rutebåtane var det klasseskilje om bord. Fyrste plass med plysjbenker var plassert akter. Andre plass med harde trebenker var framme. Folk innante reiste sjølvsagt på andre plass. Ofte opplevde folka inne i fjordane  med eller utan grunn at offiserar og mannskap på dampbåtane behandla dei nedlatane og arrogant.

Både dei umulige rutetidene, klasseskiljet og haldningane til dei om bord var viktige argument då folk i fjordane gjekk saman og starta sine eigne ruteselskap i åra etter 1900. Dei fleste fekk eit relativt kortvarig liv og blei som regel oppkjøpte av Stavangerske. Seinare kom også Stavangerske til å endra rutene slik at båtane deira overnatta inne i fjordane. Då blei det også bygdafolk som overtok dei fleste jobbane om bord i båtane.

Som isbåt var "Hjelmeland" legendarisk. Den nye og fantastiske fjordbussen "Fjorddrott" kom i 1939 og gjekk inn i Saudaruta. Men den kunne ikkje gå i isen i Saudafjorden. "Hjelmeland" blei send til Sand. Der overtok den last og passasjerar til Sauda.

Det var sett inn ekstra ballasttankar i akterskipet på "Hjelmeland" slik at baugen kunne løfta seg mot iskanten. Dei harde isvintrane under krigen gjekk rutebåten ofte ekstraturar om nettene for å halda råka i fjorden åpen mellom Sand og Sauda.

Enok Dalaker frå Rennesøy fekk seg jobb på Stavangerske-båtane etter at han var ferdig i militæret i 1951. Han var både matros og seinare styrmann om bord i Hjelmeland.

- I mi tid gjekk "Hjelmeland" mest i rute frå Stavanger til Austre Åmøy, Brimse, Østhusvik, Steinnesvåg, Vik, Liarvåg, Kårstø, Susort, Slåttevik, Hervik, Borgøy, Skjoldastraumen, Sagi, Isvik og Skjoldavik. Det var mykje last på denne ruta, men dei fleste passasjerane var gått i land då me gjekk frå Steinnesvåg. I helgene låg me for det meste i Muslandsvåg eller Hervik. fortalde Enok Dalaker til meg i 2006.

Det var ikkje mykje fri å få for folka om bord i båtane på 1950-talet. Enok Dalaker var sju månader om bord i "Hjelmeland" utan å ha fri ein dag.


Mandius Nesvik var 70 år i 1956.


Auguste Wennersten var fast kaptein på "Hjelmeland" frå 1949. Men han blei pensjonert før båten blei teken ut av ruta. Ole Førsvoll var den siste kapteinen om bord i den gamle dampen. Johannes Yrke og Faltin Nising var styrmenn. M. Nessa var rormann, Laurits Stople og Severin Marvik var matrosar. Siste maskinsjefen heitte Eriksen.

Skipperen budde i bestikklugaren bak styrehuset. Styrmannen hadde lugar akter. Matrosar og maskinfolk hadde sine plassar forut.

- Hjelmeland var den siste fjordabåten til Stavangerske som hadde stuert som ordna med maten til folka om bord. Hans navn var Utbjoa, fortalde Enok Dalaker.

Mandius T. Nesvik frå Hjelmeland var kaptein på "Hjelmeland" i 25 år frå 1924. Han tykte dette var ein grei båt som var lett å stella med, står det i boka "Fjordabådane" som Magnus Torgersen laga i 1981.

HISTORIKK:
"Hjelmeland" blei bygd ved Stavanger Støberi  & Dok i 1920 for Stavangerske. Påbygd i 1926 på Klasaskjæret. Gjekk i rutefart i Ryfylke fram til 1. desember 1958. I januar 1959 kjøpte Brødrene Anda "Hjelmeland" for opphogging.

MASKINERI:
Dampmaskin 150 HK. Rutefart: Ti knop. Blei ombygd frå kolfyring til oljefyring etter andre verdenskrig.

MÅL:
Lengde: 33,96 meter. Bredde: 6 meter. Tonnasje 197,52 bruttotonn.


Viss nokon føler dei har lese dette før, er det heilt rett. Det meste er henta frå ein artikkel eg hadde i Aftenbladet laurdag 8. april 2006.



















fredag 15. januar 2016

Koss dumme har norske bønder lov å vera?

Dei kloke bøndene får dei beste potetene, seier eg. 

Norske bønder produserer dyr og dårleg mat. Beskytta av høge tollmurar driv dei på med sitt og har sørga for at me forbrukarar ikkje får kjøpa utanlandsk mat som både er betre og billegare.

 I tillegg har bøndene tuta feige politikarar fulle av jordvern-hensyn. Derfor driv altfor mange bønder gardsbruk på flotte plasser i  bygd og by der det kunne vore flotte bustadstomter med mykje sol og flott utsyn. Men nei.

På desse plassene kjører bøndene rundt med dyre traktorar finansiert med jordbrukssubsidier. Og kor kjem subsidiane frå. Jo det er våre skattapengar som blir nytta til det. Utan bønder hadde me sikkert betalt halv skatt.

Forresten har eg aldri sett mine bein på ein gard. Det er eg glad for!

Omtrent slik ville Kalle Nilsen snakka om norske bønder viss han hadde vore buss-sjåfør eller busspassasjer og ikkje bonde på Ullandhaug i Stavanger.  I dag var han med i programposten "Laust og fast" på NRK Rogaland. Der snakka han om bussar og kollektivtrafikk.

- Eg tar aldri buss, starta han med. Bussane kjem aldri når dei skal. Og viss det endeleg kjem ein, er den full. Viss det er eit ledig sete, er det øydelagt. Derfor tek eg heldigvis ikkje buss.

I den stilen dura han på. Men han var glad for at det er andre som er så enkle at dei tek buss. Dermed er det betre plass i bygatene og på parkeringsplassene for Kalle Nilsen og bilen hans når han skal til byen ein sjeldan gong.

Eg er son av ein bussjåfør. Kona mi var i si tid Stavangers første kvinnelege bussjåfør.Begge brørne mine kjørte buss ei tid i ungdommen. Yngste sonen min har kjørt buss i fleire periodar. Sjølv kjørte eg buss i mi studietid i Bergen og eg har begynt å kjøra buss igjen etter at eg blei førtidspensjonert i Aftenbladet. Eg er stolt av av min buss-bakgrunn og eg møter mange flotte passasjerar kvar dag.

Som son av ein bonde, barnebarn av ein bonde og så vidare, burde Kalle Nilsen passa munnen sin. Det er ikkje alltid lurt å berre snakka i veg. Av og til kan det svara seg å tenka litt også.

Eg er av bondeslekt og kjem frå bondelandet. Fleire av kameratane mine er bønder. I mi journalist-tid skreiv eg ein god del både om bønder og jordbrukspolitikk. Mange gonger har eg vore nøydd til å bruka mykje tid på å høyra på bondelagsbønder som har snakka langt og innfløkt om korleis og kvifor jordbrukspolitikken er slik som den er. Med den største respekt har eg møtt bøndene og skrive om dei.

Goodwill er viktig for bøndene. Derfor skal dei møta andre samfunnsgrupper og andre yrkeutøvarar med same respekten som dei ynskjer sjølv.

Kalle Nilsen bur på Ullandhaug. 100 meter frå steingjerdet hans passerer det hundrevis av bussar kvar dag. Der finst ikkje betre bussdekning i Rogaland.  Bussane er i god stand og det er nesten alltid ledige sete. Frå 1. juli overtek eit nytt busselskap alle rutene til Kolumbus. Alle bussane blir flettande nye.

Ei kvinne som var med i same programposten sa også ein del ting som fekk nakkehåra til å reisa seg hjå meg. Mellom anna at når mannen hennar var med henne på bussen, var han nesten alltid den einaste kvite mannen om bord i bussen.

Av og til er eg nesten flau av å komma frå bondelandet, vera kvite mann og forstå norsk!