tirsdag 9. juli 2019

Stammens hyl på Telemarkskanalen



Lillian Gundersen er kombinert restaurant-sjef og lettmatros om
bord i «Henrik Ibsen».

Har du møtt ein kombinert restaurantsjef og lettmatros i di tid? Kanskje ikkje. Då må du ta deg ein tur med «Henrik Ibsen» på Telemarkskanalen. Der jobbar Lillian Gundersen som er frå Stavanger, men har budd dei siste åtte åra i Skien.

Når du høyrer uforfalska rogalandsdialekt langt oppi Telemark, må du reagera. Her kan det vera noko å skriva om. Og det var det jo.

Her ligg «Henrik Ibsen» klar til avgang frå Dalen i Telemark.


Den smilande 43-åringen har nå to somrars fartstid på kanalbåten som går mellom Skien og Dalen kvar dag. Ein dag opp og den neste ned. Sesongen varer frå 19 mai til 15 september.

- Men kva jobbar du med resten av året?
«Henrik Ibsen» møter kollegabåten «Victoria». Passasjerane
vinkar med flagg dei har fått av lettmatrosen.

- Då er eg kokk for eit cateringfirma i Skien, fortel Lillian som søkte jobb om bord i kanalbåten i fjor vår. Ho likar seg svært godt, men har også lyst på jobb i Nordsjøen viss det blir ein sjanse.



«Henrik Ibsen» hadde totalt 128 passasjerer om bord i dag på den ni timar lange turen. Folk steig på og av på vegen. Mellom Lunde og Ulefoss var det 98 passasjerar. Ein mindre enn båten har lov å ha om bord. 
Strålande førnøyde kåna på kanaltur.

Me som er på landet rundt-ekspedisjon var sjølvsagt med på heile strekninga og tykte det var ein flott tur. For eg som er interessert i gamle rutebåtar og kanalar var det mykje å studera. Og kånå kunne ikkje skrøyta nok over forslaget om denne reisa som ho hadde trua meg med på. 

Einaste feilen me gjorde i går var at me godt kunne hatt litt fleire lag med klesplagg på lur. Det var litt kaldt på dekk i starten. Etterpå blei det finare og finare med littegrann regn utpå ettermiddagen. Dagen går fort når ein skal glana, fotografera, eta og drikka.
Isvatn får kanalvaktarane på varme dagar.

Mannskapet på kanalbåten passar også på at dei unge slusevoktarane har det bra. Eg la merke til at ungdommane som sørga for å åpna og lukka slusedørene slik at båten kom seg gjennom, gjekk rundt med store Pepsi-beger i hendene. Dette la eg fram for den kombinerte Stavanger-dama.

- Det er så varmt for dei når sola skin. Derfor får dei Pepsi-beger med isvatn av oss. Når det er kaldt, er vatnet utskifta med varm sjokolade, opplyste Lillian. 

Standarden var imponerande om bord på «Henrik Ibsen». Fin restaurant, reine og fine toalett, og det virka som om alt var godt ettersett.

Dette er ingen ny båt. Den blei bygd i Gøteborg i 1907 og fekk då navnet «Styrsø». Under dette navnet gjekk båten i mange år på den svenske vestkysten. I 1992 kom båten til Norge og Telemarkskanalen. Nå fekk den navnet «Henrik Ibsen».

Den er blitt pussa opp fleire gonger etter at den blei norsk og på meg virka den tipp-topp for denne trafikken. I den tidlegare svenske dampbåten står det i dag ein dansk Alpha dieselmotor frå 1952.

Presia klokka halv ni gjekk «Henrik Ibsen» frå Dalen og var i Skien i rute klokka 17.30.

Alle passasjerane fekk klem av Lillian ved landgangen då dei gjekk i land. Om ho då var restaurantsjef eller lettmatros, kom eg ikkje på å spørja om.

I morgon går turen vidare med tog. Etter planen skal den enda i Flåm i Sogn og Fjordane. Viss Vy vil.

Alle passasjerane fekk klem av Lillan Gundersen ved landgangen då «Henrik Ibsen» var framme i Skien.






mandag 8. juli 2019

Med båt, buss og Røldal-taxi!


Kirsten Lien frå Røldal Taxi var "bestillingsbuss" frå
Nesflaten til Røldal.


Alle min Kolumbus-skepsis blei gjort til skamme på Nesflaten klokka kvart på 11 mandag føremiddag. Der sto Kirsten Lien frå Røldal Taxi klar for å kjøra oss som kom med bussen frå Sand vidare til Røldal. Dette var den såkalte bestillingsbussen som det sto om i ruta.

Folk som kjem så langt innante som eg gjer, reknar med at alt går gale til slutt. Derfor var eg bortimot sikker på denne turen som er planlagt å gå over fem dagar, ville enda med total fiasko ein stad i Suldal. Heldigvis er kånå mi utstyrt med eit lyst sinn. Det har hjelpt meg mange gonger.

På Jelsa var det overgang frå hurtigbåt til buss. Bussen tok oss heilt til Nesflaten. 


Kånå trudde at dette skulle gå knirkefritt. Viss Kolumbus lovar at det skal gå bestillingsbuss frå Suldal til Røldal, så gjer det det viss bestillingen er sendt av garde til rette vedkommande, meinte kånå.

Kirsten taxi-sjåfør hadde god tid. Haukeli-ekspressen skulle ikkje passera Røldal før fem over 12. Ikkje noko problem for henne å stoppa på rasteplassen på fylkesgrensa mellom Rogaland og Hordaland slik at det kunne dokumenterast at turen har gått gjennom Brattlandsdalen som har tapt seg reint spektakulært. Ingen karjolar og null budeier i bunad. Sjåføren kunne ikkje visa meg så mykje som ein stubbe av den gamle turistvegen. Alt var sprengt vekk eller overgrodd!

Bratlandsdalen var vel ikkje noko sjokk, men Kirsten Lien knuste også ein Røldalsmyte for oss tre som var med på turen til Røldal. I dag er det ikkje ei geit igjen i Røldal. Berre sauer. Eg som trudde røldølingar var oppfostra på geitemelk og tilhøyrande ost. Det er derfor alle frå den bygda har så fin handskrift, har eg høyrt.

Kjøreturen med Kirsten Lien blei høgdepunktet på turen, men det blei ein lang dag frå med tok buss nummer fem frå Tasta klokka halv sju. Bak rattet sat min facebook-venn Rune Rydberg. Han kjørte femmen som blei til Hundvåg-buss på Byterminalen. Me sat på med Rune til Fiskepiren for å ta hurtigbåten til Jelsa.

Landhandlar Inger Auestad Havn tok seg personleg av avisen til Nesheim på Sjernarøy.


Hurtigbåten «Fjordglimt» tok oss fyrst til Tau og Judaberg. Uansett kor i verda du vil ta hurtigbåt, går den fyrst til Tau og Judaberg, viser det seg. Men denne båten svinta også innom både her og der. Alle plasser var det folk som skulle av og på. Unntaket var Nesheim på Sjernarøy. Der var det berre dagens aviser som skulle på land. Og der var kolonialhandlar Inger Auestad Havn personleg på kaien og tok mot avisene.

Presis etter ruta var me på Jelsa klokka 8.35. Der venta bussen til Sand. Den skulle også kjøra vidare til Nesflaten etter ein halv times stopp på Sand, fortalte sjåføren.

Alt var flott. Fin tur, flink sjåfør og vêret var meir enn godt nok. Men det let seg ikkje nekta for at det blir mykje tunnelar frå Suldalsosen til Nesflaten.

Brutal overgang frå romsleg ekspressbuss til fullstappa rutebuss i Åmot.


I Røldal var det sol og godt uteverande. Haukeli-ekspressen kom omtrent 10 over 12 og tok oss med gjennom fleire fjell og forbi Haukeliseter og så vidare. Eg meiner at me såg ei geit ein plass, men det var nok i Telemark fylke.

Vel framme i Dalen i Telemark klokka 15.
I Åmot steig me ut av ekspressbussen og stappa oss inn i ein liten, gul buss som gjekk til Dalen. Den var full av folk og altfor sein på grunn av asfaltarbeid. Klokka 15 var me framme i Dalen i Telemark. Då hadde me reist med ein hurtigbåt, fire bussar og ein taxi.

I morgon skal kånå og meg reisa med rutebåt gjennom heile Telemarkskanalen til Skien. Det kan vel ikkje gå gale. Ingen kan bli sjøsjuke i ferskvatn. Kan dei vel?

Skru på datamaskinen i morgon kveld. Då har eg truleg blogga vidare. Viss me kjem fram.



søndag 7. juli 2019

Med rutebuss inn i bygda-jungelen!


Før i tida blei turistar frakta med karjol gjennom Brattlandsdalen. Me tek buss.
Postkort frå 1907 henta frå boka "Helsing frå Suldal" utgjeven av
Suldal sogelag.



Før andre ferierande har fått auer i morgon, sit me og gyngar i ein buss på veg inn i det innerste Ryfylke der folk gjekk i bunad og kjørte karjol til kvardags for over 100 år sidan. Brattlandsdalen! Here we come!

Fleire dagar har gått med til å hamra på PC'en og knotta på mobilen før me la ut på ekspedisjonen som har fått det krevande navnet "Southern Norway in a nutshell". Dette siste er engelsk og betyr skistav, som dei fleste veit.

Bunadsjenter og utanlandske turistar i Bratlandsdalen. Ventar ikkje å sjå slike jenter nå.
 Postkort frå M. M. Lohne, Christiansand.


Døme på Kolumbus-buss.
Viss ikkje kånå presterer å forsova oss i morgon tidleg, skal me vera om bord på hurtigbåten som går frå Stavanger i morgon kvart over sju. Der skal me eta frokost-nista og drikka lunka termos-kaffi før båten er framme på Jelsa sånn sirka halv ni.

Der opplyser internett at det skal stå ein grøn rutebuss frå Kolumbus og venta på båten. Denne bussen skal ta oss over Sandsfjorden til Sand og vidare til Suldalsosen.

Den første store testen på reiseførebuingane våre ventar på Osen. Herfrå går det ein bestillingsbuss langs Suldalsvatnet, forbi alle bunadsjentene i Bratlandsdalen, til Røldal. Eg har personleg ringt til eit busskontor i Suldal og snakka med ein mann som forsikra meg om at denne bussen går så sant dei har fått bestilling. I tillegg har eg sendt ein mail, eller e-brev som naboen min seier, til Kolumbus og bestilt bussen. Kolumbus har svara meg og lova at det blir skyss.

Men du veit jo aldri. Eg trur ingenting før bussen er på veg mot Røldal.

I Røldal går det andre bussar. Har du høyrt om Haukeli-ekspressen? Det har me og, men aldri reist med den.

Den ambisiøse planen omfattar fleire bussar og rutegåande kollektivmidler. Eg vil ikkje røpa meir. For alt kan gå gale før me kjem til Bratlandsdalen. Bunadsjenter har me ikkje bestilt.

Men viss alt funkar, blir det ikkje lenge til neste blogg. Hald ut!

mandag 1. juli 2019

På langfart med Leo

Sjøsterke Leo på veg frå Tau til Sand. 


Med ein stor hund i ein liten båt gjekk turen over det ville Hidlehavet mellom Tau og Finnøy. Det var på nippet til at sjøen gjekk kvit av og til. Slik var det, men lånehunden Leo såg ikkje til å bry seg om kor båten gjekk.

Overgangen frå ein stor båt på 34 fot til ein liten på 27, er ikkje enkel. Betre er det ikkje når du i tillegg har fått ein svær hund om bord. Du må trø lett. Før du veit ordet av det, har du trødd på dyret. Eg følte meg litt som denne kelneren som hoppar rundt og av og til snoflar i isbjørnskinnet når han skal servera grevinna på TV på litle julafta.

Trur du ikkje hunden slikka meg på tærne då eg skulle lista meg forbi den og ut på toalettet ei mørk natt. Eg fekk sjokk, som ventande var. Då eg kraup til køys etterpå, stakk Leo håvet inn til meg. Han kunne tenkja seg å låna dyna mi. Men då fekk vauen klar melding. Her er det adgang forbudt for dyr.


Godt å kvila middag i gjestehavna på Nedstrand. 


Båtlivet 2019 har ikkje tatt heilt av ennå. For vår del har det blitt ein middagskvil på Nedstrand og tre overnattingar rundt om kring i fjordane. På Jørpeland, Tau og Sand har me sove i båten.

På Jørpeland har dei innvia heilt ny gjestehavn i år. Veldig flott. Viss du er ute etter ei fredeleg havn tett opp til butikkar og serveringsstader, er Ryfylkebyen heilt i toppskiktet. Til og med pol har dei fått her.

Forresten er det mange fine ankerplasser ved holmane rett utfor sjølve havna på Jørpeland. Fantastisk her på fine kveldar.


God plass til fleire båtturistar i gjestehavna på Tau. 


På Tau er det også ei fin gjestehavn. Men for å vera heilt ærleg. Dei heng ikkje heilt med i utviklinga. Viss ein ærleg stakkar vil betala havneavgift her, må du ha kontantar. På Tau veit dei om vaps, men Vipps er ukjent, Me måtte slita oss heilt opp på Rema 1000 for å handla litt slik at vi kunne leggja 150 kroner i konvolutten og betala for oss. Då me sto opp og kom ut neste morgon, låg det ein konvolutt med blankett for havneavgift i båten. Ganske dumt! Me hadde jo betalt!!! Rett før eg blei sure.


Kort veg til meste i båthavna på Sand. Men polet ligg i Sauda.


Taurarane burde ta seg ein tur til Sand. Der er det ein heilt annan stil. Der får du betalt med Vipps og det er alltid folk frå båtforeninga på plass og kan hjelpa deg viss du lurer på eit eller anna. På Sand finst alt du treng på turen aldri meir enn eit steinkast unna. Apotek, kolonialbutikk, bakeri, klesbutikkar, men ikkje pol! Då må du til Sauda.


På Sand veit dei forskjell på Vipps og vaps.


Men koss går det med båtlivet i Ryfylke? Feriebåtane er blitt større og større i dei snart 40 åra eg har vore på rek i fjordane. Talet på båtturistar trur eg ikkje har auka. Tvertimot. Tidlegare var det barnefamiliar som var ute i båtane. Nå er det eldre folk som dominerer. Gjennomsnittsalderen har gått opp på folka i båtane.


Båtane er blitt større, men  er det blitt fleire båtturistar?  Trangt om plassen i Rossøysundet i pinsa i år.


Dessutan har mange båtfolk kvitta seg med farkosten og kjøpt bubil. Ved mange gjestehavner er det også laga oppstillingsplasser for bubilar. Mange av bil-gjestene er utanlandske, men det er vel på grunn av at dei norske bubilturistane satsar på meir eksostiske reisemål enn Jørpeland, Tau og Sand, trur eg.


Eg blir båtmann. Bubilar er dårlege å fiska med!



søndag 30. juni 2019

Livet med lånehunden Leo


Leo lengta vel litt etter eigarane sine. Sjølv om han
blei påpassa etter beste evne. 


I morgon skal me gå på biblioteket og levera Leo tilbake. Det var kjekt med hund så lenge det varte, men utlånstida var snart slutt og me vil unngå purrebrev og denslags.

- Låna hund på biblioteket? Går det an?

I dag går alt an. For nokre år sidan drog me til Nord-Norge på båttur. På øya Myken på Helgelandskysten traff me ein mann som hadde lånt telt på biblioteket. Det var nytt for oss då, men i dag. Ingenting forbausar oss lenger.

- Ikkje skriv slikt tull, seier ho som eg har med meg. Det er ei bok du skal levera på biblioteket. Hunden skal tilbake til familien vår på Byhaugen

OK. Slik er det. Først får du ungar. Dei har du til låns, blir det sagt. Så får du barnebarn. Dei får du også låna av og til. Til slutt endar du opp med å låna kjæledyret til barnebarna som ferierar langt sør for folkaskikken i 50 varmegrader. Der kunne dei ikkje ha med hunden sin. Då var det godt å ha gamle besteforeldre på lur for Leo.

For oss gamle var det uvant å dra på ein hund. Sjølv om me i yngre dagar hadde ein Golden Retriver med navnet Singha. Den kom frå Foreningen for omplassering av dyr til oss i byen. Dette var ein damehund. Ikkje så svær og kraftig som denne tre år gamle hannhunden som er nesten like sterk som kånå og meg til saman. Den drog meg opp mange bakkar, men det var ein kamp å ha den med på turen når den ville snu og gå heim igjen.

Uvant med hund i huset igjen etter mange års pause, men det gjekk godt.

Unghunden heiter Leo. Det betyr løva på latin. Den gamle hunden vår hadde fått navnet Singha av sin tidlegare eigar. Dette betyr også løva, men på det framande språket sanskrit. Dette løve-navnet finn du også igjen i ølet Singha beer og byen Singapore også. Bare så du vett det!

Ein golden retriver-hund gjer det lett å få nye kjenningar. Jenter i alle aldrar er svake for slike hundar. Dei vil klappa dyret. Og hannhunden likar godt å bli klappa. Hadde halen vore vindmølla, ville det blitt mange kilowatt av logringa.

Leo har vore snill. Heilt stille om natta. Tålmodig ventande på lufteturen når me har stått opp. Ikkje grining eller bjeffing. Han har vore bortimot lydlaus. Eit enkelt voff var alt når han var lei av å vera åleine på terrassen og ville inn. Men då har me jo også henta vauen på minuttet.

Frå og med mandag er Leo ferdig med det døsige hyttelivet på Hjelmeland. Nå skal han heim til ungar og vaksne i sin beste alder. Då blir det hopp og sprett og tjo og hei igjen for han.

Men me hadde det løye med Leo-lånet, me gamle også. Drog på båttur og greier. Eg arbeider nå med ein blogg om turen. Den har fått tittelen: På langtur med Leo.

tirsdag 25. juni 2019

«Sjernarøy»-skipper vitne til Nordsjø-drama


Passasjerbåten  «Venus» redda heile mannskapet på lastebåten «Trym»
i januar 1937. Ein redningsaksjon det gjekk gjetord om. Dette kjende
maleriet blei laga etter hendinga som Tormod Gjøse var vitne til.


Den ville orkanen og det dramatiske forliset i Nordsjøen i januar 1937 har dei aller fleste sjøfartsinteresserte fått med seg. Men forsandbuen Tormod Gjøse opplevde dramaet som passasjer om bord i englandsbåten «Venus». Dette har eg funne ut ved å lesa gamle aviser. Eg skal kåsera om gamle fjordabåtar på Sjernarøydagen 26. juli. Då begynte eg å leita etter stoff om fjordabåten «Sjernarøy» som kom flunkande ny til Ryfylke i april 1959. 

Kapteinane på fjordabåtane var viktige folk både i byen og i bygdene for 60 år sidan. Derfor er det ikkje så rart at før sommarferien i 1960 hadde Rogalands Avis ein serie under vignetten «Skipperne på fjordebåtene». Her er også kaptein Gjøse på «Sjernarøy» med.
I Stavanger var det ikkje lett å skriva «Sjernarøy» rett. Frå RA 1960.

Då nybygde «Sjernarøy» blei sett inn i Ryfylke-trafikken sto Tormod Gjøse på brua. Eg møtte aldri han, men har funne spor etter han både i Rogalands Avis og i Aftenbladet.

 I 1937 fekk han hyre i utenriksfart på Sigvald Bergesens «Krossfonn» av Stavanger og skulle mønstra på i England. Gjøse reiste i januar 1937 som passasjer til Newcastle med «Venus» tilhøyrande Bergenske Dampskibsselskab, ein overfart i storm og orkan. 

Lastebåten «Trym» kom i havsnød i det forrykande uværet i Nordsjøen. Om bord i «Venus» fanga dei opp naudsignala frå «Trym». Heile mannskapet frå «Trym» blei redda i ein dramatisk redningsaksjon som det seinare gjekk gjetord om.

Tilbake til Rogalands Avis frå 1960:


- Jeg kunne nevne mange grunner til at jeg trives best på fjorderutene, sier Tormod Gjøse, skipper på «Sjernarøy» siden båten ble levert ny i april i fjor.    

- For det første byr denne trafikken på mange personlige fordeler arbeidsmessig sett. Det blir mindre slitsomt nattarbeid, og når en er glad i hjemmet sitt, så er det veldig hyggelig å kunne dra hjem til Madla så å si nesten hver eneste dag.

Gjøse vet hva han snakker om. Han har prøvet annet enn fjordetrafikken i Ryfylke. Før krigen var han i tankfart på Bergesens båter, siden har han vært styrmann på Nattruten i fire av de 12 årene han har vært i Det Stavangerske Dampskibsselskab.

«Sjernarøy» var den siste nybygde fjordabåbåten til Stavangerske. Den  kom i 1959.

- Dessuten liker jeg lynnet i fjordene, jeg er født på Forsand, og i denne jobben kommer en i nærkontakt med passasjerene. Det vil jo for en stor del bli de samme som reiser. De fastboende innover blir en jo også godt kjent med etter hvert.

- Blir det ikke lite avveksling, den samme ruten dag etter dag, år ut og år inn?

- Jeg synes ikke det: Vi står på god fot med kundene våre, og det skjer noe nytt til stadighet.

- Mye hyttefolk?

- Det er en del hytter på Finnøy, ja, og det er fest og glede når skipet er proppfullt med passasjerer som skal ut og nyte fridagene i naturen.

- Ikke noe vondt å si om hyttefolk altså?

- Slett ikke. Passasjerene er det svært lite bry med, enten det er hyttefolk eller andre slag. Og oppstår det kluss en gang i blant, så gjelder det å være diplomatisk, smiler skipperen. Alt ordner seg. (Avskrift slutt)

Kaptein Gjøse fekk blomar av ungane på Sjernarøyane i april 1959.


Eg har funne ut meir om kaptein Gjøse. Då han runda 85 år i 1990 sto det ein omtale i Aftenbladet 7 juli 1990 som eg har skrive av ord for ord.

Tidligere sjøkaptein Tormod Gjøse, Mariero, Stavanger, er 85 år søndag 8. juli.

Tormod Gjøse er fra Forsand, født og oppvokst på Gjøse. Hans foreldre var Karen og Edvard Gjøse, de var tre søsken. Gjøse ligger fint til ved sjøen, og sjøen ble hans virkeplass. Fra tidligste ungdomsår var han på sommer- og vinterfiske.

Han kom så om bord i Høgsfjord Rutelags båter noen år. I 1938 fikk han hyre i utenriksfart på Sigvald Bergesens «Krossfonn» av Stavanger. Gjøse skulle mønstre på i England, og reiste i januar i 1938 til Newcastle , en overfart i storm og orkan. Båtene «Trym» og «Karmt» forliste i det forrykende uværet i Nordsjøen.

Smedviks «Veni» kom også i havsnød og ble hjulpet inn til Stavanger av passasjerbåten «Jupiter», som igjen satte kursen mot Newcastle, der Gjøse og de andre passasjerene kom velberget fram. 

(Det er noko som ikkje stemmer i denne omtalen av dramaet i Nordsjøen. «Trym» forliste i januar 1937, har eg funnet ut. Av skipstelegramma i Aftenbladet i 1938 står det at «Krossfonn» er i Stillehavet i 1938. Dermed har eg tatt sjansen på at Tormod Gjøse reiste over Nordsjøen i januar 1937. Viss nokon er betre informert, tek eg med glede mot opplysningar og korreksjonar.)

Tormod Gjøse ble om bord i «Krossfonn» en tid i fart mellom Japan og Amerika. Han ble så ansatt i Det Stavangerske Dampskibsselskab, og førte blant annet «Sjernarøy» i fart i Ryfylkefjordene.

Gjøse var usedvanlig godt likt av alle han kom i kontakt med i sin lange fartstid. Med sitt lune og vinnende vesen fikk han mange venner.

Han er i god form og bor i sin smakfulle leilighet på Mariero. (Avskrift slutt)

Vidare fann eg ut ved å søka i det digitale Aftenblad-arkivet at Tormod Gjøse blei enkemann i 1965. Sjølv døde han i oktober 1993, 88 år gammal.

«Sjernarøy» blei seldt til Nederland i 2000. Dei nye eigarane bygde fjordabåten om til eit slags skuleskip for ungdom som har problem med å tilpassa seg. Eg fann dette bilde på Facebook for ei månads tid sidan. Det ser ut til å vera forholdsvis ferskt:




mandag 17. juni 2019

Sjøl me som gjekk i småskulen blei store!

Småskulen i Vormedalen skuleåret 1958 - 1959 med lærar Åse Nøkling. Fyrste
 rekke frå venstre: Dag Laugaland, Jan Laugaland, Hans Ove Mæland, Andre
rekke: Helga Tytlandsvik med kusina med same navn, Anne Brit Laugaland, Siri
Mæland, Marit Mæland og John Laugaland. Bak: Brita Tytlandsvik,
 Astrid Vormeland, Jone Laugaland og Ingvar Helland (Bjørnhus). 


Småskulen. Det fyrste trinnet på stigen opp til vaksenlivet. Me måtte læra å lesa og skriva. Rekna og, forresten. Det var ingen spøk. Livsens alvor, skulle me heller ikkje gløyma. Det fekk me inn med teskeier i kristendomstimen som var starten på kvar einaste skuledag.

Likevel smilte me til fotografen som hadde stilt oss opp utanfor Vormedalen skule ein solskinsdag hausten 1958 eller våren 1959. Dette veit eg fordi det var Åse Nøkling som var lærar eller skulte - som dei sa - i heimbygda mi den vinteren då eg gjekk i tredje klasse.

Åse Nøkling frå Hjelmelandsvågen var ikkje utdanna lærar i 1958. Ho hadde gått ut av gymnaset eit par år tidlegare og hadde litt lærarpraksis då ho overtok ansvaret for skulen i Vormedalen. Seinare tok ho lærarutdanning og var lærar på Hjelmeland i aldri så mange år.

Vormedalen skule slik den såg ut i mi tid. Lærar Muri og kona budde i den eine enden av skulehuset. Muri var
lærar her på 1930-talet. Foto: Digitalt Museum.


Annankvar dag gjekk me på skulen. Småskulen - fyrste, andre og tredje klasse,  gjekk på tysdag, torsdag og laurdag. Storskulen, fjerde, femte, sjette og sjuande klasse, hadde måndag, onsdag og fredag. Sjøl om me hadde ein del heimelekser, var det mykje tid til andre ting. Dei som kom frå gardane, fekk tidleg vera med i arbeidet heime. Me som ikkje kom frå gard, hadde vel betre tid til å farta rundt og sjå på kva som føregjekk i bygda.

Eg hugsar med glede tilbake på dette skuleåret med Åse Nøkling som lærar. Ho var smilande og glad. Dei to fyrste åra hadde eg streva med å læra med å lesa. Eg følte meg utrygg. Alt i andre klasse måtte med læra avsnitt av bibelsoga utanåt. Desse kunne eg på rams før eg gjekk på skulen, men alt gjekk i svart då eg skulle framføra desse setningane. Uff og atter uff!

Men med Åse Nøkling bak kateteret gjekk det betre. Eg tok meg igjen og greidde meg betre. Det var både ups and downs i dei skuleåra som kom, men eg kom meg gjennom på eit vis.

Utsyn over Vormedalen i april 2019.


Statistikken hadde me mot oss, fann eg ut då eg gjekk på pedagogisk seminar for å kvalifisera meg til å bli adjunkt med opprykk, som det blei kalla.

I ei av lærebøkene på seminaret kom det fram at elevar som hadde foreldre med låg inntekt, lite utdanning og i tillegg budde langt borte frå utdanningsinstitusjonane, var underrepresenterte mellom elevane som tok vidaregåande utdanning. I denne småskule-klassen frå Vormedalen, nesten to mil frå kommune-hovudstaden i Hjelmelandsvågen, var det ingen av ungane som kunne skilta med foreldre med utdanning av betydning. Pengar var det heller ikkje all verden av. Ingen rike, men heller ingen som kunne kallast fattige. Av dei 12 elevane var det likevel minst fire som tok artium.

 I 1959 hadde ikkje Hjelmeland kommune råd til å halda elevane med lærebøker. Dette måtte foreldra syta for. Dei eldste i familien fekk nye bøker som så gjekk i arv i familien. Berre nokon ganske få år seinare blei denne ordninga avskaffa. Etter den tid fekk elevane utdelt lærebøker på skulen.

Men me i småskulen smilte til verda og fotografen. Det gjekk jo ganske godt.

Bildet er tatt av ein sønnene til lærar Olav Østerhus som var læraren min i fyrste klasse. Han døydde sommaren 1957, men familien blei buande nokre år i lærarbustaden som låg i ein enden av skulebygninga. På bildet er det ein gjeste-elev med. Helga Tytlandsvik hadde med seg kusina med same navn! på skulen denne dagen. Bildet fekk eg frå Helga.