søndag 16. september 2018

Den stødige skipperen på «Solbakk»


Kaptein Knut Skipanes på veg til Tau med den nye ferja fotografert av
 Harald E. Einarsen.  Bildet tilhøyrer Stavanger Byarkiv.

- Vi på brua er mer enn fornøyd med den nye ferja.

Kaptein Knut Skipanes var klar i talen då han uttalte seg til Rogalands Avis eit par dagar etter at den flunkande nye «Solbakk» blei sett inn i Tau-ruta 28. juli 1978.

Den då 50 år gamle mosterøybuen var administrerande kaptein om bord.

Skipanes påpeikte at det var lite støy om bord. Trappene var heller ikkje så bratte som på eldre ferjer. Og vinduspussarane var forbetra. Dessutan var det plassert ein radarskjerm i manøvreringspulten i kvar ende av styrehuset. Dermed slapp ferjeføraren å gå til ein skjerm plassert midt i styrehuset når han skulle sjekka kva som rørte seg i leia.

«Solbakk» ved Fiskepiren. Foto: Kåre Haga.
Det virkar som om det er ferja «Tau» kapteinen har i tankane når han reknar opp forbetringane om bord i «Solbakk». Ankepunkta mot «Tau» som kom året før, var at det var mykje støy, spesielt i nedre salong, bratte trapper og tungvint tillaga for dei som skulle jobba i styrehuset.

Knut Skipanes var ein av mange øybuar som gjekk om bord i Stavangerske-båtane i 1950- og 1960-åra. Då sildefisket svikta, var det mange mannfolk i Rennesøy kommune som måtte sjå seg om etter nytt arbeid. Stavangerske blei eit alternativ for mange. Dette er forklaringa på at øybuane blei påfallande mange om bord i fjordabåtar og ferjer.

Før Knut Skipanes gjekk om bord i Stavangerske-båtane, hadde han seilt til sjøs. Han gjekk på styrmannsskule og skipperskule. Broren, Sverre, var også sjømann. Mange hugsar han som matros og rormann på ferja «Rennesøy».

I 1961 kom Knut Skipanes om bord i flaggskipet til Stavangerske: «Haugesund». Denne rutebåten er den flottaste som gjekk i rutefart på norskekysten i etterkrigstida. Det veit alle som har sett seg inn i 
dette spørsmålet.


Kapteinane på «Haugesund» då den gjekk siste tur over Boknafjorden i februar 1973. Georg Nesvik, til venstre, og
Knut Skipanes. Dette bildet sto i Rogalands Avis i 1973. Fotograf: Thor Bjarne Bringeland.


På «Haugesund» blei Skipanes verande heilt til båten gjekk sin siste tur over Boknafjorden i februar 1973. Han hadde mange år som overstyrmann og andreførar her. Kapteinen og overstyrmann gjekk skift to dagar på og to dagar fri.

Knut Skipanes var ein dyktig sjømann, stillfarande og gild, godt likt av alle som møtte han.

Då «Haugesund» forsvann, var Knut Skipanes på Skudenes-ferjene fram til han fekk jobben som administrerande kaptein på «Solbakk». Her blei han verande fram til han overtok den nye Tau-ferja «Strand» som han tok ut frå Sterkoder Mek. Verksted i Kristiansund som ny i april 1982.

Knut Skipanes seilte på Hidlefjorden med «Strand» til han pensjonerte seg i1988. Han døde i 1992, 64 år gammal.

lørdag 15. september 2018

«Solbakk» - ferja med svær skog i salongen



Endeleg i byen. «Solbakk» legg til på  Fiskepiren
i august 1978. Bildet tilhøyrer Stavanger
byarkiv.


Ein frodig, fargerik skog åpna seg for passasjerane som steig ned i salongen under bildekket på «Solbakk». Ungane sperra auene opp. Dei ville springa inn og gøyma seg mellom trea. Så ekta virka skogen. Det påstås at enkelte omtåka strandbuar på seine kveldsturar ville ta seg inn mellom trea og slå lens, men blei slått hardt tilbake av salongveggen.

Skogstapeten skulle gi folk noko fint å sjå på når dei måtte tilbringa ferjeturen under dekk. Den øvre utsiktssalongen hadde ikkje plass til alle på dagar med mange reisande.

Forresten kunne du ha andre gleder enn å sjå på den fine tapet-naturen. Du kunne ta deg ein røyk i nedre salong. Heilt sjølvsagt på den tida.

Skogstapeten pryda endeveggen eller skottet i nedre salong. Ungane gjorde store auer då dei såg den flotte skogen.
Bildet tilhøyrer Stavanger byarkiv.


Malvin Langvik fekk høyra mange
kommentarer om skogstapten då
han var styrmann på «Solbakk».
Men det var denne skogen. Ganske rart for oss som var godt vaksne alt i 1978 at dette var så sterkt, men for dei som var ungar gjorde dette inntrykk. Dei færraste hadde slik veggdekorasjon heime.

Folk la merke til tapetskogen. Me fekk mange kommentarar av passasjerane, seier Malvin Langvik som var styrmann på «Solbakk» då den var ny. Historien om mannen som ville inn i skogen og slå lens, har han høyrt mange gonger.

Til alt hell finst det bilder av skogstapeten.

Eit par dagar etter at «Solbakk» var sett i fart 28. juli 1978, gjekk eit reportasje-team frå Rogalands Avis om bord og var med på ein tur over Hidlefjorden til Tau. Journalist Kjell Oddvar Lien og fotograf Harald E. Einarsen laga ein reportasje som sto på trykk i avisa lørdag 8. august 1978. Her er det bilder av ein stolt kaptein og glade passasjerar. Ikkje eit bilde eller eit einaste ord om skogstapeten.

Men fotografen hadde fotografert nedre salong der tapeten er med i bakgrunnen. Alle bilda som fotograf Einarsen tok ligg nå trygt plassert og digitalisert på Stavanger byarkiv. Der fant eg bildet.

Slike tapet-skogar var kanskje vanlegare på denne tida enn eg var klar over. Det var kanskje slike innslag på andre ferjer også. Kan det vera nokon som har eit fargebilde av ferjeskogen? Viss eg får eit slikt, skal eg straks lima det inn her i bloggen.

Som kjent blei «Solbakk» seldt til Nord-Norge i 2000 og omdøypt til «Stallovarre». Blei den flotte skogen med til Troms? Den eksisterer vel ikkje i dag?

Dette er andre blogg om «Solbakk». Den neste kjem om eit par dagar. 


Kommentarer  på Facebook:

Gøran Barka Husker det var ei av ferjene som hadde skog i svart hvit i salongen nede, om det var Tau av 77 tør jeg ikke si. Den hadde mørke brune vegger av noe slag og. Jeg ble født i august 78, så det er bare så vidt jeg husker det, siden de gikk ut av rute i 82 fra Tau-sambandet.


Bjørn Egil Gard Og nå er nedre salong avlåst for passasjerer !

Gøran Barka Skogen forsvant i 1990 da hengedekket ble montert. Og da fikk nedre salong en veldig renovering der veggplater ble skiftet og fikk nye seter.

Odd Helge Larsen Tungenes hadde ein vegg i nedre salong som en skog

Richard Heng Den historien husker jeg. Senere ble sittegruppene foran «skogen» glasset inn med plexiglass for å begrense/ konsentrere tobakksrøyk ihht den gangs krav.

Hei.

Eg las dei to fyrste Solbakk-bloggane dine med stor interessa. Morfar min, Anders Tindeland, var kaptein på ferga då eg var liten, på slutten av 80-tallet.
Eg hugsar den gjekk i Tau-sambandet ei stund, og nokre gonger me var på veg til hytta i Suldal, var morfar på jobb. Om han såg me køyrde ombord, kom han gjerna og henta meg, så eg fekk vera me opp på brua. Det var sjølsagt stort for ein liten pjokk.
Til dags dato har eg alltid trudd at alle fergene på Tau-sambandet hadde den skogen i nedre salong, så det var interessant å lesa at dette kun var på Solbakk. Uansett, etter ei stund blei morfar (og kanskje også Solbakk) flytta, og begynte å gå til Nedstrand, men minnene om ferga har alltid betydd litt for meg - slik små detaljar frå barndommen gjer.
For nokre år siden var eg på veg til hytta - igjen. Denne gang med mine eigne ungar. Me kom inn på denne Stallovare, og eg med ein gong me kom inn på bildekket sa eg til kona mi: «Her er det noko kjent.» Så eg googla, og ganske rektigt; det var ferga frå mine barndomsminner.
Ganske rart korleis underbevisstheiten spela inn, og ei god nostalgisk kjensle å vera tilbake. Eg fortalte ungane mine om oldefar som pleide å styra denne båten. Og no, når eg las bloggen din, kom minnene att - nok ein gong. Takk for fin tekst.

Beste helsing Lars Fisketjøn


Andreas Askildsen Mener å huske at Tau (1982) hadde skog i nedre salong. Da er det vel nærliggende å tro at også Strand hadde det?

Gøran Barka Tau og Strand var bygd identiske, men det var noen små detaljer som var litt vanskelige å se. Og de ble renovert ulikt.  Skogen var ombord i begge i enden på røykesalong ja på maskinskottet. Skogen på Tau og Strand hadde veldig høstpreg husker jeg svarte trær med oransj skogbunn og bakgrunn.

Arne Søllesvik Tau hadde og skog. Tungenes hadde og fine lysrammer i nedre salong

torsdag 13. september 2018

«Solbakk» til Sameland. Tilbake som «Stallovarre»!



«Stallovarre» fotografert utanfor Oljemuseet i Stavanger i april 2018.


- Sjå den litla, løgna ferjå med det merkeliga navnet! «Stallovarre»!

Den gråmalte ferja dukka plutseleg opp her i fjordane for eit par års tid sidan. Den gjekk som reserveferja både her og der når dei faste ferjene rente på land eller fekk motorstopp eller fekk andre problem.

Sjølv om den var heller liten etter dagens krav, spesielt i Tau-sambandet, gjekk denne ferja som ei kula. Ikkje tvil om det. Og folk og bilar blei som oftast leverte på rett plass i rett rutetid.

«Stallovarre» er det samiske navnet på eit fjell i Lyngen i Troms. Trollfjellet betyr det på norsk.

-
Men er det ikkje noko kjent med denne farkosten? Har den vore her før?

Heilt rett! Dette er gamle «Solbakk». Eit av dei siste skipa som blei bygd på Rosenberg Verft på Buøy i Stavanger.

«Solbakk» med to ringar i skorsteinen. Bildet er teke etter 1990 då Stavangerske opererte med dotterselskapet Rogaland
Trafikkselskap som hadde ansvaret for ferjer og hurtigbåtar i Rogaland. Foto: Johannes Østvold.


Søndag 30. juli 1978 blei pendelferja «Solbakk» sett inn i Tau-sambandet. Det var ikkje mykje oppstuss og feiring då den nye ferja begynte å gå. Den var eit slags systerskip av den forakta og utskjelte «Tau» som hadde gått i Tau-ruta sidan januar 1977.

Ei rekkje skandalar var knytta til denne fyrste pendelferja i det viktigaste ferjesambandet i Ryfylke. Stappfull av folk og bilar hadde «Tau» fått motorstopp midt på Hidlefjorden berre eit par veker før «Solbakk» blei sett i drift. Ein søndagskveld i mars 1977 havna ferja på land på Sagholmen rett utanfor ferjekaien på Tau i tjukk skodde.

Ikkje nok med det: Dei alle fleste passasjerane var nøydde til å tilbringa ferjeturen i den store salongen under bildekkket. Der var det ikkje dagslys, men mykje støy. Slaveskipet blei «Tau» kalla av ein del passasjerar.

«Solbakk» var vidareutvikla på mange måtar: Øvre salong var ein god del større. Støyen i nedre salong var kraftig redusert. Alle svakheter på elektronisk utstyr og automasjon var også fjerna.

I 12 år gjekk «Solbakk» i Ryfylke utan uhell av betydning. Ferja fekk berre fire år i Tau-sambandet. I 1982 kom det nye større, pendelferjer på Tau. Dei fekk navna «Tau» og «Strand». «Solbakk» blei flytta over i Midtsambandet der den gjekk i åtte år. Så denne ferja skulle vera ein gammal kjenning for folk som har reist til Talgje, Fogn, Finnøy, Halsnøy, Ombo, Sjernarøy og Nedstrand.
I 2000 blei Solbakk» seldt til Bjørklids ferjerederi på Lyngseidet i Troms og sett inn i sambandet Lyngseidet – Olderdalen. Nå blei navnet «Stallovarre». Normo-motoren på 1300 HK blei skifta ut med ein Deutz på 2400 hk i 2004. Nå fekk ferja ein toppfart på 16 knop.


«Tau» som gjekk i Tau-sambandet frå 1982, heiter nå «Goalsevarre» og går
i ferjeruter i Troms. (Foto: Aftenbladet)


Planen var at ferja skulle forlengast, men så kjøpte rederiet den tidlegare «Tau» frå 1982. Den blei oppkalla etter ein annan fjelltopp med samisk navn: Goalsevarre.

I 2010 tapte Bjørklids ferjerederi anbudskonkurransen om ferjerutene rederiet hadde drive i årevis. Vinnaren var Tide Sjø eller Norled som det heiter i dag. Men Bjørklids blei ikkje utradert. Norled og Bjørklid inngjekk ein avtale som medfører at Bjørklid driv desse dei to ferjesambanda i Troms for Norled.


Men «Stallovarre» var det ikkje bruk for lenger i Nord-Norge. Den blei utleigd til Norled og blir nå brukt som reserveferje både her og der. Når den ikkje er i bruk, er «Stallovarre» ofte å sjå i havnebassenget i Stavanger. Enten på Skjæret, på Kålatomtå eller ved kaien utanfor Oljemuseet.


Eg har samla saman ein del «Solbakk»-stoff og kjem tilbake med meir i løpet av kort tid. Tek gjerne mot innspel frå dei måtte sitja på viktig dokumentasjon om den nå over 40 år gamle ferja. 


«Stallovarre» ved Fiskepiren.


Kommentarer til bloggen som eg har henta frå Facebook:

Andreas Askildsen 
På redningsbøyene kan Solbakk - Stavanger fortsatt skimtes under Stallovarre - Tromsø

Bernt Torstrup Flott blogg, men en feil finner jeg. Feilen er den utbredte misforståelsen om at Solbakk var siste skipet som ble bygd på Rosenberg. Solbakk var byggenummer 208, levert i juli 78, Bastø II ble levert i juni 79 og siste skipet var Berge Fister levert i 82. Har stor glede av bloggene din Jone, må bare pirke litt.

Helge Brown Eg var med på kjølstrekking på beddingå på Rosenberg med denne.Var med til den blei overlevert. Gode minner fra ei kjekke tid. Fekk ein tur med den Nesvik Hjelmeland for et år siden.




mandag 27. august 2018

«Fjorddrott» sin sørgelege slutt

Her blir «Fjorddrott» senka i Nedstrandsfjorden Foto: Johs. Østvold.


4. oktober 1985 blei den ein gong så elegante fjordbussen «Fjorddrott» senka i det djupaste hålet  i Nedstrandsfjorden. Nokon entusiastar tykte det var sørgeleg at denne båten skulle få ein så ærelaus ende. Andre var på dette tidspunktet glade for å få den skabbete rustholken vekk.

Det var stor fest, mange talar og salutt då Stavangerske sette den gulmalte «Fjorddrott» inn i rutefart i juni 1939. Den nye fjordbussen snudde opp ned på alle oppfatningar om kva ein rutebåt kunne vinna over på ein dag.


                    «Fjorddrott» i Haugesund før krigen. Her er båten gulmalt og har svart skorstein.


Klokka 7 om morgonen gjekk «Fjorddrott» frå Sauda til Stavanger. Etter ei kort stopp gjekk båten vidare til Haugesund. Samme ettermiddag returnerte den til Stavanger og enda opp i Sauda på kvelden. 164 nautiske mil gjekk «Fjorddrott» på ein dag. Dette tilsvarar avstanden mellom Tungenes og Arendal.

Ikkje løye at «Fjorddrott» vekte oppsikt i inn- og utland. All verdas aviser skreiv om den nye fjordbussen. Konstruktøren, Ludvig Thorsen, hausta stor fagning for  dette. Han blei seinare teknisk direktør i Stavangerske.

«Fjorddrott» slik folk hugsar den i dag Foto: Stavanger
maritime museum. 


Etter krigen gjekk «Fjorddrott» i mange år til Finnøy, Nedstrand og Vindafjorden. Sjølv i dag er det vaksne mannfolk i desse bygdene som blir skjelvande i røysta når dei snakkar om denne båten.

18. februar 1972 kom «Fjorddrott»  for siste gong i rute frå Ryfylke til Stavanger. Dette gjekk relativt roleg for seg, men blei omtalt både i Aftenbladet og Rogalands Avis. Prominensane var ikkje på kaien og tok mot fjordbussen, men den tidlegare kapteinen gjennom åtte år, Anders Elfarvik, var på kaien og tok farvel med båten og siste kaptein Karsten Gilberg og siste chief Magnus K. Strøm.


Siste arbeidsdag på «Fjorddrott». Her er mannskapet avbilda i Rogalands avis. 19. februar 1972. 

Nå blei fjordbussen seldt til Lars Hovland & Co på Jørpeland, «Fjordsveis» blei nytt navn på båten som blei brukt som flytande verkstad og kai. Båten forfall etterkvart som tida gjekk. Hovland bygde nye kai og dermed hadde han ikkje bruk for båten lenger.

Veteranbåt-entusiastar frå Stavanger fekk kjøpa gamle «Fjorddrott» for ei krone. Tanken var å restaurera båten og bruka den som flytande museum og turbåt. Men akk. Det blei ikkje nokon sving på prosjektet.

Den ein gong så flotte båten blei liggjande og forfalla i Hillevåg. Den var ikkje noko vakkert syn. Då den sleit seg i ein storm og kom på rek i Gandsfjorden, fekk havnestyresmaktene nok.  Den gamle holken måtte vekk.

        Den ein gong så flotte salongen på «Fjorddrott»  fotografert i 1985 av Johannes Østvold.


«Fjorddrott» blei taua av ein slepebåt då den kryssa Hidlefjorden for siste gong 4. oktober 1985. Dei siste bilda av båten er eit trist syn.  Fjordbussen legg seg over på sida og søkk i Nedstrandsfjorden. Baugen er det siste som stikk opp over vatnet. Desse bilda har eg fått av Johannes Østvold frå Sandnes. Eg reknar med at han var fotografen.  Han hadde ei svær samling med bilder av gamle fjordabåtar.

Lat oss hugsa både «Fjorddrott»  og Johannes Østvold med glede!

«Fjorddrott» gjekk til bånns i Nedstrandsfjorden i 1985.



søndag 19. august 2018

«Hylsfjord» - frå Vanvik til Drammen

«Hylsfjord» på veg til kai på Suldalseid. Foto: Odd Martin Lundbø.


«Hylsfjord» blei sett inn i  rutefart i juni 1959.  Dette var den siste konvensjonelle rutebåten som blei spesialbygd for å gå i Ryfylke, frå Hylsfjorden til Sand og Sauda. 

20. mai 1959 blei båten døypt i Mandal av Astrid Underbakke frå Sand. Ho var kona til forretningsførar Sverre Underbakke i Hylsfjord Rutelag. Styreformann i rutelaget var direktør Erling Aanensen i Stavangerske. Han var også til stades på dåpen saman med overingeniør Jonas W. Endresen frå same rederiet. Den siste hadde hatt tilsynet med bygginga av det nye skipet ved Westermoen Båtbyggeri. Dette verftet er mest kjend for westamarane som dei begynte å byggja på 1970-talet.



Aftenbladet 21. mai1959
I reportasjen frå dåpen i Aftenbladet 21. mai 1959 står det at «Hylsfjord» var om lag 50 bruttotonn med ein motor på 100 hestekrefter som gav ein fart på ni knop. Skipet var sertifisert for 85 passasjerar. Det var 35 sitjeplassar fordelt på to salongar, ein mindre forut og ein litt større akter. I følge avisa var båten utstyrt på den mest moderne måte og var eit stort framskritt for ruteferdsla mellom Sand og Hylsfjorden.

Hylsfjord Rutelag var eit underbruk av Stavangerske. Båten hadde gul skorstein med tre blå ringar. 

Fjordbuane  kunne reisa med  «Hylsfjord» til Sand og vidare til Stavanger med «Fjordsol». Den gjekk fem dagar til Sand om vinteren og seks om sommaren. Kvar laurdag gjekk båten til Sauda. Dei siste åra blei denne turen flytta til fredag.

«Hylsfjord» hadde mange kaiar på ruta si. Den fyrste tida gjekk den frå Sand til Røyrvik på andre sida av Sandsfjorden, så til Tangen, Drarvik, Vanvik, Suldalseid, Li, Valskår, Øro, Tengesdal, Lingvong og Hylen.

I Aftenbladet sto det at «Hylsfjord» hadde ein maskin på 100 hestekrefter. Den var ikkje meir enn 60 hk. Det var altfor lite i dei hardaste isvintrane. For å halda råka åpen, måtte båten gå omtrent døgnet rundt. 
Aftenbladet 15. mars 1962.



Vintrane på 1960-talet var tøffe i indre deler av Ryfylke. Saudafjorden blei full av is. Snøen sperra Dollarvegen mellom Sauda og Ropeid. Ikkje lett å reisa til og frå.
Fyrstesida på Aftenbladet 15. mars 1962 viser koss det låg an i Sauda. Under bildet står det følgjande tekst: Dette er ikke et bilde fra den siste russiske ekspedisjonen til Antarktis. Det er et morgenbilde fra Sauda havn. Lasteruta «Sauda» ligger klar til å dra til Stavanger, mens «Hylsfjord» kommer baskende inn i isen med passasjerene som i grunnen skulle kommet med bussen hvis det hadde vært åpen vei. «Hylsfjord» gjorde også et forgjeves forsøk på å forsere isen inn til Molla i Saudafjorden. - Nå er det ikke løye lenger, sier folk i Sauda.

Så langt tilbake som i 1956 var det 6024 passasjerar på Sandsruta og 1342 på Saudaruta. I 1980 var det 1715 passasjerar til Sand og 93 til Sauda.

I 1970-åra kom vegane som tok passasjerane frå fjordabåten. Fyrst kom det veg frå Steine i Suldal til Suldalseid og Valskår. Hylen blei knytta til vegnettet i samband med Ulla-Førre-utbygginga. Vegen frå Sauda til Vanvik var ferdig i 1978 og i 1983 kom det veg til Tengesdal. Då var det ikkje bruk for «Hylsfjord» lenger.

Ola Løland var den siste skipperen på «Hylsfjord». Han hadde 15 års fartstid om bord. Seinare seilte han på Ropeid-ferja, men enda opp som bussjåfør mellom Sauda og Vanvik. 


Heilsides laurdagsreportasje i Aftenbladet 26. mars 1983.

Ein heilsides reportasje  i Aftenbladet 26.mars 1983 måtte til for å markera at nå var det klart for bilalderen langs fjorden innanom Sand. Det gjekk veg til kvart einaste fjordahål. Ingen trong båt for å komma seg av stad til Sauda eller Sand. Hadde ein bil og førarkort kunne ein ta av stad. Kjøra ferjefritt til Oslo om ein ville.

«Hylsfjord» forsvann frå Ryfylke for 35 år sidan. 30. juni 1983 meldte Aftenbladet at «Hylsfjord» var seldt til Sigurd Hillestad frå Høylandsbygd. I 1986 kjøpte Sverre Hundsnes båten. Han sette nytt styrehus på båten. Bloms oppmåling kjøpte seinare båten. Då blei det sett inn ny motor: Ein Volvo på 300 hestekrefter. 
«Hylsfjord» i Drammenselva. Manglar navn på fotografen. Kan nokon  hjelpa?

I 1999 blei «Hylsfjord» lystbåt.  Den er stadig fin i pussen og var på tokt langs kysten sør for Drammen så seint som nå i sommar. Den har fast liggeplass i Drammenselva. Viss du har auene med deg kan du sjå den både frå toget eller bilen når du passerer. 

- Neste år har eg hatt «Hylsfjord» i 20 år. Eg har ingen planar om å kvitta meg med båten, seier eigaren, Jan Halle, frå Drammen.




tirsdag 31. juli 2018

«Stordøy» forsvinn frå Erfjord til Irland

I 30 år gjekk «Stordøy» med panner frå Årdal. Nå
forsvinn den til irsk kystfart. 


Lastebåten «Stordøy» er ute av Erfjord-soga. Bøen-brørne Edvard og Kjell har seldt båten til irske eigarar som skal setja inn båten i lasterute på vestkysten av Irland. Nå ligg båten på verkstad i Egersund der den skal skifta navn og flagg før den forlet gamlelandet.

«Stordøy» har vore eit fast innslag i dagleglivet i Erfjord i 70 år. I 1948 kom den 52 år gamle fiskebåten «Stordøy» dampande inn fjorden og klappa til kai på Erøy. Den fjerde «Stordøy» gjekk sin siste tur med betongpanner frå Årdal til Sandnes, Haugesund og Bergen i begynnelsen av juli.


Brørne Kjell og Edvard Bøen i styrehuset på «Stordøy» i 2011. 

- Me har hatt kontakt med dei irske kjøparane sidan november i fjor, fortel Kjell Bøen som saman med broren Edvard og Joar Skjerahaug har vore fast inventar på «Stordøy» i alle år.

Heile besetninga har alderen inne for å kunna heva pensjon. Skipper Edvard er 71 år, maskinist Kjell er 67 år og den kokekyndige matrosen Joar Skjerahaug er 60 år.

I nesten 30 år har dei tre karane farta med denne båten langs Vestlandskysten med base på Erøy i Erfjord. Omtrent kvar einaste helg har båten vore på sin faste plass. Dei seinare åra har helgene til dels blitt ganske lange. Onsdag eller torsdag har dei teke helg. 


Joar Skjerahaug, i trucken, har seilt med Bøarane i heile sitt vaksne liv. 

«Stordøy» har henta betongpannene like ved fabrikkveggen i Årdal og frakta dei vidare til byggefirma med lager ved sjøkanten i Sandnes, Haugesund og Bergen. Tidlegare gjekk dei ein rundtur på vinterstid og to i sommarhalvåret når byggjeaktiviteten tok seg opp. I den seinare tid har det ikkje vore like travelt. 

- Trailerane klarte ikkje å konkurrera oss ut. 450 tonn eller 15 trailerlass kunne me ta med oss. Dermed var det plass til oss. Men det virka ikkje som om det er andre båtar som er klar til å overta denne farten. Nå går pannene frå Årdal på trailer. 

Sjølv om «Stordøy» er 38 år gammal, er den i god stand. Bøarane er kjende for å sjå godt etter båtane dei har hatt. Dei har ikkje hatt alvorlege uhell på dei åra dei har slingra seg langs kysten. 

«Stordøy» den fjerde blei bygd som «Fagerfjord» i Rognan ved Bodø. 

Bøen-familien eller Bøarane som dei sa i Ryfylke, har vore kjende fiskarar i fleire generasjonar. Gamle Edvard Bøen, bestefar til Edvard og Kjell, hadde skøyta «Forglemigei» og hadde med seg sønnene Ola, Erling, Bjørn (Bjødne) og Magnus på fiskeria. Seinare kjøpte dei dampsnurparen «Stordøy» og bygde også «Bøen senior».


Mange hugsar den fyrste «Stordøy» som lastebåt i
Sauda-ruta fram til 1978. 


Den fyrste «Stordøy» som fekk dieselmotor i 1951, gjekk over i lastefart då islandsfisket og storsildfisket svikta på slutten av 1950-talet. Den gjekk i mange år som lastebåt for Stavangerske mellom Stavanger og Sauda. 

Fiskeritradisjonane til Bøarane blir i dag ført vidare av Einar Bøen, sonen til Bjørn. Han er stadig aktiv med kystfiske båten «Bøen». 

Sonen til Edvard, Erling, er overstyrmann i eit havfiske-rederi frå Austevoll.

(Bilda til denne bloggen tok eg i 2011 då eg laga ein reportasje om «Stordøy». Den sto på trykk i Aftenbladet 1. mars 2011.)




  







søndag 1. juli 2018

Falma flagg og ei full do-bøtta!


Falma flagg på seilbåt i Tananger.


Med den fulle do-bøtta i handa sto familiefaren klar til å tømme innholdet over båtrekka og ut i sjøen i den danske gjestehavna utan at nokon såg det. Båttoalettet hadde svikta. Familien på seks måtte bruka ei bøtte som reserve-løysing. Lite kjekk situasjon, forstår du.

Båteigaren gjorde ein tabbe. Han sto klar og skulle tømma bøtta akkurat klokka ni då alle tyskarane sprang opp or kahytta og skulle ta ned flagget sitt.

Du ser det for deg: Den stakkars nordmannen ved rekka med dobøtta og alle dei tyske båteigarane som står og tek ned sitt dyrebare, tyske flagg. - Ordnung muss sein, seier tyskarane og dermed trur me enkle nordmenn at slik er det. Du ser aldri ein tysk seilbåt der flagget heng ute og dinglar heile natta.

Slik var det kanskje før. Men sjøl tyskarane har blitt slurvete med båtflagga sine. Det finst ikkje greia med dei heller i dag!

Postflagget skulle ein ikkje tulla med. Slik er det vel ennå?


Eg er verken pedant eller flagg-fanatiker. Men eg sommarjobba som matros i min ungdom. Då var dette med å få opp postflagget om morgonen klokka åtte og ned om kvelden til rett tid klokka ni ein del av den daglege rutinen. Viss du såg eit flagg som hang ute midt på natta, var dette eit bevis på at dette var ein båt totalt utan style eller stail som me sa i den tida.

Kjeft av skipperen for å ha gløymt flagget, har eg også fått.

Å ha flagg oppe og lanterner tente, var også feil, blei det sagt om bord. Og så hadde du desse festdagane då alle signalflagga skulle heisast opp i alle master. Ei sann plaga. Dei gamle matrosane banna stygt viss det kom regn og flagga var klissblaute når dei blei dregne inn. Flagga måtte hengjast opp og tørkast rundt forbi i gangane om bord.

Det er lenge sidan min ungdom. Sonja Haraldsen var verken blitt kronprinsesse eller dronning då eg
begynte på båtane. Trur du ikkje at ho påførte oss om bord ein flaggdag til i juli. Der hadde jo Kong Olav i frå før, 2. juli. Trur du ikkje ho hadde 4. juli. Nei og nei.

På grunn av mi fortid på ferjer og fjordabåter har eg passa på at flagget er blitt sett på plass når det skulle.

Eit falma flagg som eg oppdag på ein seilbåt i Tananger for ein månads tid sidan, fekk meg til å sjå meg rundt.

Midnattsflagging i Motala.


I gjestehavnene i Gøta Kanal heng åtte-ti flagg, det norske inklusive, oppe døgnet rundt. Eit svært svensk flagg på hekken på kanabåten «Wasa Lejon» hang oppe døgnet rundt. Berre eit fåtal av lystbåtane tek inn flagga om kveldane. Slik er det blitt.

"Wasa Lejon" har det svenske flagget oppe døgnet rundt. 


Me som var på båtane i den tida då den legendariske Rasmus Kyvik var mannskapssjef  i Stavangerske, tykker dette er eit forfall.

Kor skal dette enda henne?

Internett var også bedre før. Det høyrte eg mann som sa på svensk radio her ein dag.