tirsdag 20. januar 2026

Anna Sandvik tok Johan Veka-rollen

 


Anna Sandvik i Aftenbladet 31-10-1978.



- Johan Veka sit sikkert heime i Bråtveit og vrir seg over at et nytt byggjefelt på Sand skal kallast Sand Terasse, sa Anna Sandvik i Suldal kommunestyre den 30. oktober i 1978.


Ho sa dette då kommunestyret drøfta reguleringsplanen for dette området som skulle bli bustadsområde. Dette var etter hennar meining ikkje eit navn som passa på landsbygda og oppfordra utbyggjaren, Melings høvleri, om å finna eit betre navn.


Anna Sandvik, var lærar frå Erfjord og representerte Kristeleg folkeparti.


Levaråsen blei navnet og Johan Veka var fornøgd. Fystesida i Aftenbladet 22-11-1978.



Det blei ikkje debatt om navnet, men eg som ganske fersk journalist i Aftenbladet hadde lært at "navn var godt stoff". Difor hekla eg saman ein kort epistel om navnet og sende inn til Aftenbladet etter møtet om kvelden. Dette var ei av fleire saker som eg sende inn frå dette møtet slik det var venta på den tida.


Navnesaka kom på trykk og sjefane i redaksjonen hadde sett på eit bilde av Anna Sandvik. Dermed viste dette "åndsverket" godt igjen.


Sjefredaktør Jon Arnøy.



Eg hadde knapt fått avisa der eg sat på Ryfylkekontoret i Sauda, då det kom telefon frå sjølvaste sjefen, redaktør Jon Arnøy.


- Me må laga ein navnekonkurranse, sa Arnøy.


Dermed blei Aftenblad-lesarane inviterte til konkurranse for å finna eit betre navn. Medlemmer i navnekomiteen blei Johan Veka, ordførar Odd Bråtveit, ingeniør Odd Harry Nygård frå Melings høvleri og meg frå Aftenbladet. Anna Sandvik var det visst ingen som tenkte på.


- Eg er iallfall glad for at dei ikkje ville kalla feltet Uranienborg, sa Johan Veka då eg ringde og spurte om han ville vera med på å velja ut det rette navnet.



Saka blei også omtalt i Suldalsposten.



Det kom inn 160 forslag til navn på byggjefeltet. Levaråsen blei vinnaren. Dermed blei feltet oppkalla etter gamle Levar Sand som hadde vore eigar av denne eigedommen nesten 100 år tidlegare. Vinnarane blei Olga Sand og barnebarna Oddbjørg og Ragna Sand. Dei hadde sendt inn same forslaget. Alfhild Bårdsen blei også premiert for navnet Brakaåsen.


Austmannaåsen, Thomasåsen, Austvik, Brattås, Sandsåsen og Sandsåsfeltet var andre forslag som kom inn.


Avisomtalen hadde ført til at utbyggjaren, Melings Høvleri hadde fått ein god del pågang frå interesserte huskjøparar. Feltet ville få om lag 50 hus etter planane.


PS. Anna Sandvik er forresten mor til Hilde Sandvik som er kjend som programleiar for radioprogrammet "Norsken, svensken og dansken" i NRK. DS.


mandag 12. januar 2026

Då Olav Lien kom heim til Sauda frå krigen med «Bergen»

 


Olav Lien blei kjørt i åpen bil frå kaien i Sauda. Fotograf ukjent.

Heile bygda var på kaien då Olav Lien kom heim til Sauda med rutebåten «Bergen» etter over to år i konsentrasjonsleir i Tyskland, laurdag 14. juli 1945. Musikk-korps og Røde Kors var på plass med ein mengde blomster, og det blei sendt opp rakettar.



Heile bygda var på kaien då Olav Lien kom heim.



Bilda frå denne storhendinga fekk eg tilsendt for nokre dagar sidan. Deretter leita eg i avisene frå den tida for å finna ut kva som sto der om gjensynsfesten. Det var ikkje all verda.


Eg fann ei melding i «Stavangeren» det var det einaste:


Stavangeren mandag 16. juli 1945.




Men det som var artig var at Olav Lien sjølv rykka inn takke-annonse i fleire aviser, mellom anna denne i Aftenbladet:






Gjekk verkeleg rutebåten «Bergen» ekstratur til Sauda med Olav Lien? Då var jo dette ei skikkeleg storhending. «Bergen» gjekk for det meste i nattruta mellom Stavanger og Bergen.


Men eg fann ut at i juli 1945 gjekk denne rutebåten i Sauda-ruta. Så Olav Lien kom heim på ein laurdagskveld i juli. Ikkje rart at det var så mykje glade folk på kaien som tok mot motstandshelten. Eg har ikkje navn på fotografen som tok bilda frå folkefesten. Kan nokon hjelpa med navnet?





«Bergen» blei bygd som nattruteskip og sjøsett frå Stavanger Støberi og Dok i januar 1909. Men dette skipet kom tidleg i skuggen av den nye og legedariske «Stavanger 1» som gjekk i nattruta frå 1914 til 1950. Mange av oss gamlingar hugsar dette skipet som «Kong Sverre». «Bergen» blei reserveskip både i nattruta og i kystruta Bergen – Oslo. Den blei opphogd i 1954.


fredag 9. januar 2026

Då politikarane i Suldal sov i timen

 


Else Ingebrigtsen og Torger Hauge sov i formannskapet. Foto: Roy Høibo.




Dei himla med auene i Suldal kommunestyre då to av representantane opplyste på møtet tysdag 27 februar 1979 at dei hadde sove under eit formannskapsmøtet eit par veker tidlegare. Ikkje rart at det blei fyrstesidestoff i Aftenbla.


Eg sat på tilhøyrarbenken med notatblokk og nyspissa kulepenn og skulle referera frå møtet til Aftenbladet neste dag. Dette var ganske spesielt: Else Ingebrigtsen (a) var den fyrste som kom med sitt skriftemål. Formannskapet hadde drøfta drift og utbygging av barnehagar i kommunen. Der hadde ho sove og røysta feil. Heilt i strid med det som var hennar eige parti og SV sin politikk.


Litt seinare då kommunestyret drøfta eit byggefelt på Suldalsosen, kom den neste synda for dagen. Torger Hauge (sp) hadde også sove i formannskapet og røysta mot si eiga overtyding.


Fyrstesida på Aftenbladet 28. februar 1979.



Desse to representantane, Else Ingebrigtsen og Torger Hauge virka aldri som dei var spesielt begeistra for kvarandre. Viss dei var i debatt i kommestyret pleide ertekroken Torger Hauge å omtala Else Ingebrigtsen som sin "ærede motpart". Dette gjorde ikkje tonen betre.


Som Aftenbladet sin mann i Ryfylke var det venta at eg skulle senda inn diverse saker frå slike møte  til avisa neste dag. Det var ikkje alltid at sensasjonane sto i kø. Difor heiv eg meg på "soveskandalen".


Skreiv referat, ringde til redaksjonen i Aftenbladet tidleg neste morgon og dikterte inn denne og andre saker til ei av dei kvikke skrivedamene i Aftenbladet. Telefaks og e-mail var ukjente fenomen i dei dagar.


Sovinga i Suldal var fyrsteside-stoff i avisa neste dag. Det var litt i meste laget etter min smak. Men ligavel. Mange tykte nok det var litt løye. Eg fekk aldri kjeft av dei to som var omtala heller.


Som det framgår av bildet, var det travelt å vera Aftenblad-
journalist i Ryfylke. Foto: Sigvart Løland.




Litt utpå våren hadde NRK Rogaland ein patrulje i Suldal og dei laga stoff om likt og ulikt. Då intervjua dei Else Ingebrigtsen om sovinga.


- Det var nok ganske kjedelig for journalistane på vanlege kommunestyremøte. Då greip dei nok fatt i det som det kunne bli litt lått og løye av, sa ho.


Ho hadde sjølvsagt rett.