mandag 15. september 2025

Havna «Tre Måker» på Madagaskar?

 


"Tre Måker" på Bokn i 1968. Foto: Stavanger Aftenblad".


Stor stas i Haugesund laurdag 3. mai 1964 då den flunkande nye bilferja «Tre Måker» blei overlevert til Jøsenfjord Rutelag. Ferja var bygd ved Brødrene Lothe, Flytedokken og Haugesund Slip. Sjølv om Jøsenfjord Rutelag i Stavanger sto som eigar var den frå fyrste dag utleigd til Haugesund Dampskipsselskap. Den blei sett inn i dagruta mellom Haugesund og Stavanger to dagar seinare. I 1968 blei Haugesund Damp eigar.


Dette bildet av "Alize", ex "Tre Måker" fann eg på nettet. Fotograf ukjent.



Då ferja blei bestilt, var det planen å setja den inn i fart på Jøsenfjorden. På den tida verserte det planar om å byggja ut kraft-anlegget Ulla-Førre med tilhøyrande vegbygging mellom Jøsenfjorden og Setesdalen. Leiinga i Jøsenfjord Rutelag såg føre seg at dette ville føra med seg stor turisttrafikk mellom Ryfylke og Setesdalen. Dermed blei ferja med plass til 30 bilar og 462 passasjera bestilt.


Etter ei tid blei desse utbyggingsplanane skrinlagde og dermed ville det ikkje bli bruk for den store ferja innerst i Ryfylke.


Haugesunds Dagblad 4. mai 1964.



«Tre Måker» gjekk trufast mellom Haugesund og Stavanger fram til 1972 då dette sambandet blei nedlagt. Trafikken gjekk nå over til riksvegsambandet over Skudeneshavn.


«Tre Måker» fekk ord på seg for å slingra mye i høg sjø, men den hadde ikkje problem med å gå ruta i all slags vêr og bilane på dekket blei surra godt og kom uskada fram. Då Stavangerske fekk si nye ferje «Tungenes» i 1966, slingra den like mykje og fekk tilnavnet «Gyngenes» mellom dei faste brukarane.


Nå blei ferja seldt til Åland. Dei nye eigarane gjorde navneskiftet enkelt for seg sjøl. Nå blei navnet  «Tre Måsar».


I 2005 noterte eg at ferja då tilhøyrde eit rederi i Kingstown på St. Vincent i Karibia og hadde fått navnet «Viking Alize».


Slik såg det ut på nettet i dag.



I dag søkte eg på nettet og der ser det ut til at den nå 60 år gamle ferja stadig er i drift. Nå under navnet «Alize» og med flagg frå Madagaskar.


Eg tek gjerne mot opplysningar og kommentarar frå dei som har noko på hjerta i denne saka.