![]() |
Asbjørn Tytlandsvik plukkar ut daud yngel frå klekkekara. Reportasjebilde frå Aftenbladet i 1976. |
I 100 år har dei jobba med laks i alle fasongar i Tytlandsvik. På 1920-talet starta dei lakseklekkeri på garden. Rogna fekk dei frå sjølfanga laks om haustane og hadde den i eigne kar fram til neste sommar. Dei plukka vekk daud yngel og sette ut den friske yngelen i elva. Frå Tytlandsvik leverte dei også yngel til andre elvar i distriktet.
I 1920-åra starta dei med klekking av lakseyngel fleire stader i Rogaland. Så dette er ikkje noko heilt spesielt for Tytlandsvik. Det spesielle er at laksen stadig er "big business" her. Tytlandsvik Aqua fôrar opp laksesmolt som så blir seldt vidare til sjøbaserte oppdrett der laksen blir fôra vidare til den er stor nok til å bli slakta. Bedrifta i Tytlandsvik omsette for 506 millionar kroner fjor.
![]() |
Laksaklekkeriet frå 1926. |
Grunnen til at skriv dette? For eit par dagar sidan var eg på omvisning på Tytlandsvik Aqua. Bygdefolket var invitert på åpen dag og omvisning på bedrifta. Der blei også eg med. Spennande for ein utflytta hjelmelandsbu som vaks opp berre tre-fire kilometer frå Tytlandsvik.
I 1976 var eg sommarvikar i redaksjonen i Aftenbladet og blei sendt ut for å laga sommarstoff saman med fotograf Stein Erik Gilje. Då passa det jo godt å setja kursen mot himslige trakter. Eg visste jo at dei dreiv med lakseyngel på garden i Tytlandsvik og hadde som guttunge vore nede og sett på det som føregjekk der.
![]() |
Tytlandsvik Aqua fotografert i 2025. |
Det store poenget i den reportasjen som me laga for 49 år sidan: I Tytlandsvik hadde dei slutta med å setja ut yngelen på elva i juni som før. Nå hadde dei begynt å fôra yngelen for så å setja den ut på elva til hausten. Dermed var yngelen blitt dobbel så stor og betre rusta for å greia seg sjøl i den store Vormedalselva.
Dei hadde 90 000 yngel i kara. Av dette blei tredjeparten sett ut i elva i Tytlandsvik. Resten gjekk til Ulla-elva og Hålandselva i Erfjord. Klekkinga i Tytlandsvik skjedde i samarbeid med Rogaland Jeger og Fiskerforening.
Laksefisket starta dårleg i 1976. I Tytlandsvik hadde dei ikkje fått meir enn tjue laksar og svidder i nøtene sine i sjøen. Snakkisen mellom sportsfiskarane i Vormedalselva var Jan Espeland frå Hjelmeland som hadde fått tre laksar og tre svidder på ei natt. Han brukte makk til agn. Den heldige fiskaren fekk bilde i avisa.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar